Fritid har det truleg vore lite av i bygda vår, om ein ser vekk frå dei siste tiåra.
Folk flest dreiv både gard og fiske for å livberge seg. Før 1900 kunne gardsarbeidet vere både tungdreve og langdrygt. Borna måtte ta del i arbeidsoppgåvene så raskt som mogeleg. Arbeidsmengda voks jamnt med auka alder. Skule var det ikkje så mykje av på den tida. Ein trong heller ikke så mykje teoretiske grunnkunnskapar slik som no. På mange måtar var delaktigheit i det daglege arbeidet den viktigaste læringsarenaen for borna, for det var her dei fekk lære det dei trong til å forsørge seg og sine i framtida.
Med hamskifte i landbruket, overgongen til pengehushaldning, der ein kunne produsere det ein var best på, eller det kundane i nærleiken ville kjøpe, så kunne ein alltids bruke pengane ein fekk på resten av det ein trong. Utover 1900-talet flytte stadig fleire til sentrale strok og byane. familiefelleskapet vart bytt ut med arbeid i industrien. Etterkvart fekk me også arbeidstidsbestemmingar som gav oss både kviletid og fritid, utanom søndagspreike og stilesitting innandørs på søndagen.
Det harde fysiske arbeidet vart etter kvart bytta ut med stillesittande kontorarbeid for stadig fleire arbeidstakarar og overskuddet til å drive eigne aktivitetar på fritida
vart stadig større fram mot vår eiga tid.
På 1930-talet var det vanskelege tider. Ettervirkningar av både verdskrig og børskrakk fekk følgjer sjølv i Emblemsbygda. Det var stadig fleire ungdomar som fall utanfor arbeidslivet, og det var ikkje eingong nok arbeidsplassar med fiske for alle som ynskte det. Ungdomane vart gåande heime å "sparke i grusen", men på
den same tida såg også viktige fritidsinstitusjonar dagens lys på Emblem. Thomas Kristoffersen på Aksla-Buda (seinare "Ths. Kristoffersen Landhandleri") åpna lagerdørene for ungdomar som hadde interesse for boksing. På omtrent same tid
vart Idrettslaget (1932) danna og det flotte ungdomshuset (1934) bygd. Ein skulle tru at å ta opp gjeld ville vere risikablet på denne tida, men innsatsen var upåklageleg. Fotballbane vart bygd og skiløyper trakka. Nedgangstida påverka ikkje det veksande fritidstilbodet. Vi har mykje å takke desse pionerane for. Fleire av desse har også vorte nemnd under både næringsliv og lagsliv her på www.emblemsbygda.com.
Målet med denne undersida er å syne bilete frå dei uorganiserte fritidsaktivitetane. Har du biletet du ynskjer å dela med sambygdingane dine, så er det berre å seie frå på følgande e-post: sveostrem@hotmail.com
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com