Store delar av markene på Østrem har vorte vendt om opp
gjennom åra og det har vore sandtak på fleire av dei mest trulege
stadane, har sagnet har nokon truverde, så er den siste plassen ein
kan leite under husa i Steinsgarden. Desse tomtene har vore urørte
det meste av tida sidan garden vart utskild frå Abrahamsgarden i
1712. No er eg ikkje den som set særleg lit til nok eit Olavsegn,
men det er no ein gong faktum at hovudgarden på Østrem låg der på
den tida Olav rømde inn fjorden og den er truleg enda eldre også,
for Østremsnamnet kjem av det enno eldre namnet Austrheimr, og slike
heim-namn er av dei eldste ein kjenner til i Norge. Ein har funne
fleire arkeologiske spor og gravrøyser frå tida kring vikingtida på
garden som vitnar om at det har vore folk på garden temmeleg lenge.
Ole
Andersen (ca 1665-1733) var den første brukaren og opphaveleg brukar
i Abrahamsgarden også. I 1712 fekk nevøen hans, Anders Hansen (ca
1675-1749) og truleg son av ein Hans Andersen, bygsla
Abrahamsgard-delen. Anders var ikkje oppvaksen på Østrem, men det
var faren og onkelen Ole, som altså sat att med Steinsgarden.
Tidlegare hadde desse gardane vore ein del av Larsgarden og Østrem
hadde då vore delt i kun to delar. Men etter 1712 var det altså 4
gardar på staden. Ole dreiv Steinsgarden heile si levetid, og det er
mogeleg at denne delinga kan ha vore ei hjelpande hand til Anders. I
skiftet etter Ole Andersen finn ein mellom anna ein hest, 2 kyr, 1
kalv, 3 geiter, 2 sauer, naust, sel og eldhus. Dei tre bygga er då
truleg sett opp av Ole sjølv, og difor i hans eige. Det som er
merkeleg er at det ikkje er nemnd stove eller andre driftsbyggningar
på garden. Truleg beheldt han dermed gardshusa han hadde hatt
tidlegare, medan Anders måtte skaffe seg hus sjølv.
Kanskje
kan staden der Steinsgarden har tuna sine i dag vera den opphavelege
plassen for det samla tunet Steinsgarden/Abrahamsgarden frå kring
1606 til 1712. Kanskje vart tunet i Abrahamsgarden flytt dit dei i
dag star allereie på den tida.
Den
neste bygselsmannen i Steinsgarden var Steinar Olsen Straume
(1700-49), som kom til bygda frå Sykkylven. Steinar var brukar i
berre 16 år til han døydde 49 år gamal. Han var gift med Brite
Akselsdotter Nedregota (1705-67). Skiftet etter Steinar synte at han
hadde klart å skaffe seg eit overskudd på den vesle garden. Han
hadde 62 rdl. i verdiar og 30 rdl. i gjeld. Eit anna symbol på at
han hadde gjort det bra, var at han hadde eigen hest, ved sidan av 5
kyr, ei kvige, 4 geiter og 4 sauer.
Sonen
Ole Steinarsen (1730-98) tok over som brukar 2 år etter at faren var
død, og han var då 21 år gamal. Ole gifte seg med Kari Eriksdotter
Hesseberg (1725-1806) Dei fekk kår på garden mot 3 vekers
arbeidsplikt hos svigersonen Abraham.
Abraham
Nilsen Holstad (1740-96) frå Hareid var brukar frå 1773 til han
døydde. Han hadde gifta seg med jordajenta Ingeborg Olsdotter
(1751-1822). Abraham hadde ikkje makta å gjere det like godt som
svigerfaren sin. Han hadde riktig nok ein hest, han óg, men elles
hadde han berre eit par kyr, og husa hadde ha ikkje halde i stand. På
den andre sidan kan ein merka seg at det var mest fiskereiskap i boet
og Abraham var truleg også mest interessert i fiske. Derfor er
truleg kårkrava såpass omfattande, reint tidsmessig, slik at han
kunne drive fiske også i dei travlegaste onnene på garden. Abraham
kom frå kysten, så det er ikkje så rart at han valde sjøen
framfor garden, men problemet var at det ikkje gav noko økonomisk
gevinst. Gjelda tok heile buet og etterlet Ingeborg på bar bakke.
Ingeborg
gifta seg oppatt med Lars Nielsen Røyset (1770-1822) som var brukar
frå 1798-1818. Ingeborg hadde med andre ord klart seg på eiga hand
i to år og det var truleg ikkje så lett å gifte seg om att når
ein var meir eller mindre fallitt. Lars var 21 år yngre enn Ingeborg
om ein nyttar 1801-tellinga som kjelde. Lars fekk nok av gardsfolk å
ta seg av. Svigermora Kari var blind på dette tidspunktet og
svigerinna Margrethe Olesdotter på 35 år var framleis gift og
heimebuande. I tillegg budde niesa Petrine Olesdatter på 14 der og
var tjenar på garden. Stemmer opplysningane så hadde Ingeborg
minst ein bror som heitte Ole Oleson. Han tok ikkje over garden etter
faren sin.
Ingeborg
og Lars fekk kår hos Rasmus Pedersen Spjelkavikgjerde (1792- ca.
1845). Han var brukar frå 1818-1845, men eg er usikker på om han
hadde nokon slektsforbindelse med Ingeborg eller ei. Borgundboka er
den einaste kjelda her, og den fortel at han vart gift i 1817 med
Olave Olsdotter (f. Ca 1773) Det står skrive at ho var enka til
Salomond Knutsen Austrem, men eg finn han ikkje i 1801-tellinga eller
i Borgundboka, som brukar på nokon av gardane. Kyrkjebøkene er
heller ikkje til nokon hjelp for ei oversikt over gifte i 1817 og
døydde i 1815-17 manglar i digitalarkivet og fødselsåret til Olave
er heller ikkje stadfesta nokon stad. I 1835 vart det halde
takstforretning i Steinsgarden. Rasmus hadde drive garden godt. Der
var ei røykstove med innreidd kammers og på sørsida stod det nok
eit stovehus som var nytt og ikkje ferdig innreidd enno. Garden hadde
kombinert tømmerfjøs for både kyr og småfe, i motsetning til to
skilte fjøsar, som var vanleg på den tida. Løa inneheldt også
stall, elles var det stabbur og naust. Alle byggningane tilhøyrde
truleg Rasmus sidan dei vart nemnd i taksten. Garden, husa og
buskapen vart taksert til ein samla sum på 180 spd. Rasmus dyrka
potet, men nesten like mykje på havre, bygg og blandkorn. Det var
registrert hest, 6-7 kyr og 13-14 sauer på garden.
Frå
1839-1845 var det av ein eller annan grunn to bygselsmenn i
Steinsgarden. Martinus Nilsen Flydal (f. 1810) var «medbygslar»
desse åra. Kona til Martinus var Petrine Halsteinsdotter Hauge (f.
1813) frå Sunnylven, og det verkar ikkje som om dei var i slekt.
Petrine gifta seg opp att med Rasmus Larsen Frøysa (1812-1885) som
var den einaste brukaren frå 1845. Rasmus dreiv garden til 1883 og
han finn ein att i 1865-tellinga. Om tala i folketellinga stemmer så
var han 54 år i 1865 og då stemmer ikkje fødselstalet 1810.
Samstundes skal ein merka seg at folk ikkje var like opptatt av
årstal og fødselstal den gong som det er no, så eit år eller to i
avvik er ikkje unormalt. Petrine er registrert som 53 år i tellinga
og i såfall født i 1812, og ikkje i 1813, men her er det ingen 100
prosent sikre kilder i hverken folketelling eller bygdebok. Det er i
1865 3 born på garden. Kornelius G. Rasmussøn er 16 år, Hans
Petter er 12, medan Berte er yngst, på 8 år. Det er mogeleg at
Petrine også hadde eldre born som hadde flytta heimefrå på dette
tidspunktet. Buskapen var litt mindre enn i 1835, med 6 stort kveg, 8
får, 1 svin og hest. Korndyrkinga heldt seg meir jamn med over 3 1/2
tønne såkorn av ulikt slag og 2 tønner såpotet. Kornelius
rapporterte seinare inn gravfunn oppe i røysane til museet og er
nemnd i den arkeologiske skriftserien til Per Fett frå universitetet
i Bergen.
Rasmus
hadde bygsel hos Kristian Sorte og skulle skulle betale årleg leige
med to vågar bygg, 3 vågar havre og 6 døgns arbeidsplikt hjå
eigaren.Rasmus skulle i tillegg finne beite til 2 hestar utenom sin
eigen. Det gjekk ikkje så bra med Rasmus til slutt. Han døde som
spedalsk.
Det
vart ingen born av Rasmus overtok garden. Det var Martinus dotter,
Ingeborg (1840-93) som fekk ta over, saman med ektemannen Knut Larsen
Østrem (1856-1947). Knut var frå nabogarden Larsgarden, som hadde
vorte kjøpt opp av Ole i Sjursgarden og gjeve i gåve til sonen
hans, Lars Olsen Emblem. Lar flytte til Larsgarden etter kvart og
endra etternamnet sitt til Austrem. Det var då ingen moglegheit for
Knut å få bygsle eller kjøpa garden som han hadde vokse opp på.
Ingeborg Martinusdotter var 16 år eldre enn Knut og døydde 53 år
gamal, medan Knut var berre 37 år.
Han
gifta seg difor eit år etter, i 1894, med Berte Knutsdotter Standal
(1855-1934). Knut vart første sjølveigar på garden i 1884, for
1560,-.
Knut
fekk derimot ikkje kjøpe heile Steinsgarden. Det var opphaveleg
Peder Rasmussen og broren Ragnvald frå Abrahamsgarden som hadde
kjøpt Steinsgarden to år tidlegare frå Kristian Sorte. I 1883
selde dei så garden vidare til Iver Karlson Furseth. Iver delte frå
ein gardpart som fekk namnet Ytrebø, bruksnummer 5, og i 1892 vart
denne delen skyldsatt til 0,77 skyldmark. Ytrebø vart seld vidare i
1909 til svigersonen, lærar Lars Petersen Flydal (1883-1938). Dette
er garden som Asgeir Flydal eig og driv i dag. Resten av Steinsgarden
selde han som kjent til Knut. Eg er ikkje sikker på kor mange born
Knut og Ingeborg fekk, men i 1900-tellinga er det i alle fall
registrert ei dotter som heitte Inga knudsdotter på 5 år. Eit søk
i fødselsregistera gjev ingen resultat mellom 1900-1920 og
dødsregistera i samme periode er like blanke. Truleg var Inga den
einaste dottera til Knut.
I 1918
vart sonen til Inga født i Steinsgarden. Han heitte Konrad Ingvald
og var son av fiskar Karl Thomassen Stave (f. 1890) frå Sykkylven.
Inga og Karl tok ikkje over garden, men det gjorde derimot Konrad i
1934, når morfaren Knut gav seg. Konrad (1918-1979) gifta seg med
Petra Aam (1911-1990) frå Ørsta. Sonen Kåre Østrem tok over
garden, men busette seg ikkje der. Han leigde ut
bruket
ei tid til Kåre Moen, før Oddmund Akslen tok over som drivar av
garden og driv den fortsatt.