 |
 |
|
 |
 |
Dette er truleg (Emte) Marie Ellingsdotter Humblem(1) (1866-1940). Ho gifte seg med Ole Elias Lauritz Knuts. Emblem(6) (1866-1958) i Steffågarden på Emblem. Han var mange gongar på arbeidsturar til Amerika medan Marie tok seg av garden og dei etterkvart 8 borna. Orginalen tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal. Arkivnummeret er AM-95003.001235
Borna i Steffågarden på Emblem kring 1916. Kristian Olsen Emblem var nest eldst i ungeflokken og du kan sjå han stående bakerst. Karl Olsen Finn du lengst til venstre på biletet, medan Amalia Olsdotter sit lengst til høgre. Margit Olsdotter sit fremst. Dei var born av Ole Elias Knutsen Emlem (1866-1858) og Marie Ellingsdotter Humblen (1866-1940) I følge digitalarkivet vart kristian født i 1902,
Amalia i 1904, Karl O. i 1907 og Margit i 1909. Det er Karl O. som er forfattar av teksten om Steffågarden.
Frå KArl O. Emblem sine eigne handskrivne notatar om den gamle stova i Steffågarden
Ella Emblem, eller eigentleg Ellevine Emblem, vart født 8.6.1900 og var dotter til Ole Elias Knudsen Emblem (1866-1958) og Marie Ellingsdatter Humlen, g. Emblem (1866-1940). Det er truleg henne mora skriv kort til i 1913 medan ho besøker tanta si ved Krøderen. Nevøen hennar, Inge Emblem
fortel at ho arbeidde ei tid på Emblem Skule då han gjekk på skulen. Inge er fødd i 1919 så det må ha vore etter 1926 for ho var ikkje der då han tok til i første klasse.
Etter ei utskifting måtte dei fleste husa flyttast
til den staden eigaren hadde fått sitt gardsbruk. Dette gjorde at det
vart ei radikal endring av hus og husskipnadar. Som før nemnt var det
frå gammalt mange hus på kvar gard, opp til 5 - 6 hus på kvart bruk.
Steffågarden på Emblem hadde i 1825 desse husa:
Stova med fordør
og blyvindaugo, stabbur, fjøs med grisehus, løe med stall, smalefjøs,
sel med part fjøs på setra, og halvdelen av kvern og naust.
Bruket
fødde då 1 hest, 6 kyr, 8 geiter, 4 sauer og gris. Ein må rekne med at
dei andre gardane i bygda hadde nokonlunde den same husskipnad. Som før
nemnt vart Steffåtunet ikkje utflytt. Vånehuset stend på dei gamle
murane, men det vart bygd ny løe i 1890-åra. Alle uthusa utanom
stabburet vart då samla under eit tak. Stabburet Steffågarden har nå,
vart også bygt i 1890-åra.
Stabburet var ein viktig funksjon på
ein gard. Det hadde som regel si lengderetning nord-sud. Alle vindaugo,
fortsett frå utstabbursloftet, vende mot sud. Stabburet stend på stolpar
av stein og tre. Over stabburstolpane ligg der ei steinhelle.
Trestolpane er uthogde slik at der er ein krans øvst på stolpen. Denne
kransen og steinhellene skulle hindre uty (mus) å kome inn i stabburet.
Stabburet har to dører som vende mot nord. Stabburstroppene måtte ikkje
ligge så nær døra at utyet kunne kome inn den vegen. Den eiene av dei
to drene frte inn i utstabburet, den andre inn i stabbursgonga.
Frå
utstabburet er der dør inn til innstabburet og tropp opp på loftet. I
utstabburet var der tunner for oppbevaring av mjøl. Der var også
sildetunner med saltsild, kjøt og fleskestampar - og lefsekorger oppe
under taket. innstabburet var av tømmer. Der var det knaggar langs
veggene som dei hengde opp kyrkjeklæde og andre stasplagg. Her var det
også oppbevart pengar og andre verdisaker so som sylvty og anna. Grunnen
til at dei brukte stabburet som oppbevaringsstad for verdisaker trur eg
hadde si årsak i at der i stabburet ikkje var eldstader slik at fåren
for lauseld var liten. Skulle hovedhuset brenne, ville dei lett kunne
redde stabburet eller det som var inne i det.
På loftet var der
på framloftet opphengd ei brei fjøl festa til taksperrene med streng. På
denne fjøla låg flatbrødet i setnad etter setnad. ein setnad var der
omlag 200 flatbrødleivar. På dette loftet hang spekekjøtet,
fleskeskinkene, møren, boknasilda m.m. som til dømes netkjer av slakta
dyr og griseister. Brya som dei hang kjøtet i, sto også her, like eins
smørkinna. På innstabbursloftet låg kornbingane, ein for bygg og ein for
havre. Innstabbursloftet var også av tømmer. På dette loftet sto pallar
for oppbevaring av sengklede. Der var som regel kårfolk på kvar gard.
Dei hadde rådevelde over stabbursgonga. Her hadde dei sine gang- og
sengklæde, her hadde dei også kåret sitt og elles det dei kunne ha av
lausøyre som dei ikkje brukte til kvardags.
Stovehusa:
Etter utskiftingane vart husa flytte til dei nye tuftene, - det vart nok i sume høve bygt heilt nye hus.
Dette
galt både stovehusa og andre hus på garden. På Emblem er det berre
stovehuset i Steffågarden som stend på dei gamle murane. Vi veit då både
grunnvidde på huset, korleis det var oppdelt, og høgde på både murane
og huset elles. - Huset vart ein del ombygt i 1890-åra. den gamle
røykstova vart riva, huset vart påbygt på høgda og innreidd på ein annan
måte. Huset har elles vorte påbygt to gongar seinare.
Dette huset
hadde ikkje "gong" som elles var vanleg den tida. Gonga var eit tilbygg
på nordsida av huset med inngang til kjøkenet. Gonga vart bygt i flukt
både med huset og taket av vanlege bord og hadde jord eller steingolv.
Gonga vart brukt som vedrom, rom for kvardagsklede m.m. Fleire av husa
hadde sengkammers til endes med stova. Då alle hus var tekte med næver
og torv, var lofta lune og varme sjølv om vinteren. Lofta vart brukte
som soverom for born og tenarar. Sjølvefolket låg som oftast i stova.
kårfolka hadde tilhald i eit av kamersa, der laga dei maten sin og der
låg dei.
Løhusa:
Stovehusa hadde si lengderetning aust - vest
medan løhusa hadde lengderetning nord - sud. Der det var hallande
terreng, og det var det som oftast, vart kufjøsen oppbygt i søre enden
av gråstein. Der var ikkje gjødselkjellar. Gjødsla vart kasta ut gjennom
ei glugge i søre veggen og ut på gjødseldungen. Løene hadde ikkje
djupebryt, men dei hadde "skot" på båe sidene. Stavane på både sider
stod eit stykkje frå ytterveggane og det var desse roma mellom stavane
og ytterveggane som vart kalla skota. Når det gjeld dei andre husa på
garden syner eg til det eg har skrive om tunskipnaden.
Næringsvegar og dagleg liv.
den dominerande
næringsveg var jordbruk. Men då bruka var heller små og barneflokkane
som regel store, måtte forsyterane sjå seg om etter attåtinntekter. Det
vart då sjøen som vart den næraste å ty til både når det gjldt
matbyrgsle og kontantinntekter, men meir om fiske seinare.
dei
gardane som var store nok til å fø hest, vart vanleg kalla gardsbruk.
dei fødde gjerne hest, 4 eller 5 kyr og nokre sauer. På småbruka hadde
dei ikkje hest og fødde til vanleg 2-3 kyr og nokre sauer. I fyrre
hundradåret fødde dei også geiter, men dette vart slutt med i slutten av
hundradåret. Fram til 1835, då Emblem hadde jordskifte, låg alle
gardane i bygda i teigar eller sokalla teigeblanding, bortsett frå
Austrem der dei hadde prøvt ei slags utskifting tidlegare slik at bruka
låg i ein eller to teigar. Men offentleg utskifting vart det heller
ikkje her før 1904. Røssevollen vart utskift i 1837, Nergota i 1890 og
Aksla i tida 1890 - 1894. alle desse gardane hadde før utskiftinga
fellestun for kvar gard. fellestunet på Emblem låg der Steffågarden nå
ligg. Røssevollen hadde truleg det mest særmerkte tunet for der stod
løhusa ende i ende frå nord til sud. På Nergota låg fellestunet der
Steffågarden (på Nedregotten) nå ligg.
Etterat gardane var
utskifta må ein rekne med at det vart ein giv i jordbruksdrifta. Bruk
var no samla i ein eller to teigar, dette gjorde drita mykje lettare.
Reidskapen vart også betre. Den fyrste høyvogna kom ikring 1850. Før den
tid og lenge etter brukte dei sledar både ved utkøyring av gjødsel og
til å køyre inn avlinga på. Det var far til bestemor, Elling Steffensen
Emblem, som laga den fyrste høyvogna her i bygda. dette gjekk slik til:
Han var så uheldig at han vart spilte (spedalsk) av ein legdekall under
arbeid framme på låven. Han hadde høyrt at det skulle vere von om å
verte frisk dersom han kom seg ned til Christiania. Han reiste nedover
med ei jakt, men heimatt måtte han gå. Då han gjekk oppover austlandet
såg han at bøndene der brukte køyrereiskap med hjul under. Då han kom
heim, tok han til å lage ei slik vogn. Ho vart så vidt ferdig då han
døydde.
Det vart etter kvart betre med både vogn og reiskap. Dei
gamle heimesmidde eiskjeftes plogane vart utskifta med innkjøpte
Oliverplogar frå Amerika. Desse vart seinare, i 15-20-åra utskifte med
plogar frå Jæren, kalla Jærplogar. Slåmaskina var ikkje vanleg før etter
hundreårsskiftet - her på garden kjøpte dei slåmaskine for kr. 1.905.
Alt under fyrste verdskrigen kom det i bruk både hesterive og såmaskine.
Handreiskapen vart også mykje betre. Tregreipa vart erstatta med
greipar av jarn og stål. i staden for trereker med jarnskonning framme,
kom det i bruk reker av jern o.s.b.
Hestereiskapen var som regel
heimelaga eller laga av ein nekker i bygda, ofte med vyrkke frå eigen
skog. Dei såg seg vel fyre når dei høgde og saga opp ved at dei ikkje
øydelagde det som kunne nyttast til det dei kalla gagnbein. Gagnbein var
det som hadde slikt skap at det kunne brukast til megar under sledar,
hynningar eller meier, 2 par styttingar, 2 par hynningar, 2 langreimer
og eit veiend som batt saman meiane, langreimane og skjækene. Mold og
gjødselsleder måtte dessutan klædast med bord i botnen og oppetter
hynningane, dessutan måtte dei ha gavlar framme og bak.
Som regel var
det også ei skyssvogn og ein skyss-slede eller langslede på kvar gard
eller rettare bruk. Desse sledane var skodde med jarn og hadde
skvettbrett framme. Med til ein stasslede høyrde sjølvsagt dombjølla.
Bestefar og bestemor si skysskjerre hadde ikkje stålfjører. Der låg to
seige og sterke reimer av tre langs sidene og oppå disse låg setet. Det
var mest utruleg kor godt det fjøra.
Vårarbeidet tok som regel til i siste halvdel av
april, i tidlege vårar noko før. Fyrste arbeidet var utkjøring av
markata. Ofte var denne gjødsla utkøyrd på vinterføre og lagd i store
dungar. eit anna arbeid som tok til tidleg var å ry bøen. All slåttemark
rydda for kvister og anna rusk. Dette arbeidet vart rekna å vere
kvinnfolkarbeid.
Ein av dei fyrste dagane i mai tok så arbeidet
med åkrane til. Dette var den verkelege våronna også kalla plogen, dei
sa før og etter plogen som ei tidfesting. før plogen vart sett i åkeren
måtte det køyrast reine eller åkerreine. Særleg der det var brattlendt
fylgde det mold både med plog, horv og grev. Av denne molda laga det seg
reine i nedre kanten av åkeren. Då plogane som regel var
høgrehandsplogar, d.v.s. dei velte molda til høgre kvart år, måtte dette
rettast oppatt med reinekøyring. Plogane var samansett av desse delene:
Haråsen som enda i plogfestet, veltefjøla, skjeret, plogkjølen og
styrehandtak som kunne vere eit eller to. Some pløgde gjødsla ned i
åkeren,men som regel vart gjødsla spreidd etter at åkeren var pløgd og
horva ned. Å gjødsla rett var eit viktig arbeid og kunne vere avgjerande
både for avlingsmengde og for kvaliteten av grøden. Der hest- og
kugjødsel gjekk i same gjødselkjellar vart denne gjødsla brukt til haver
og bygg. Sauegjødsla skulle brukast til potetgjødsel. Det var vi ungane
som måtte stå i sauefjøset og hakka saumelen og den skulle finhakkast,
det var eit hardt arbeid og lite ettertrakta.
Når åkeren var
pløgd, gjødsla og horva, skulle kornet såast og potetene setjast i
jorda. Alt skulle helst vere kome i jorda før 17. mai. Dei vanlege
kornslaga var havre og bygg. Under siste verdskrigen vart det med godt
hell dyrka ikkje så lite kveite. Havrn var det viktigaste kornslaget.
Det var den som vart til havremjøl og flatbrød. Bygget eller byggmjølet
vart brukt til graut, og kveita til brødbaking eller kakemjøl. Det var
"gamlehavren" som rådde grunnen heilt fram til 1920-åra. Då kom det nye
kornsortar som Gullhavre, Perlehavre og Torshavre. desse sortane hadde
stuttare halm og større fold enn gamlehavra.Kveite og havre vart sådd
tidlegast av di dei hadde den lengste vokstertida. bygget som var meir
snarvokst vart sådd sist av kornslaga. det var som regel kona på garden
som sådde kornet. Ho gjekk bakover når ho sådde. såinga var eit
ansvarsfult arbeid. Det gjaldt å så høveleg mengd, tre korn skulle dekke
ein hestehov. Dei dreiv hardt på for å få alt i jorda til rett tid. Dei
sa at ein helgamon om våren gjorde ein vekemon om hausten.
Poteten
var mindre akta enn kornet. Ho vart i mi fyrste ungdomstid for ein sto
del sett i "sengjer" med to-tre fører i kvar seng. store mengder kunne
sjølvsagt ikkje dyrkast med ein så lite rasjonell dyrkingsmåte.Under
første vedskrigen vart bøndene pålagt tvangsdyrking. Åkerviddene vart då
munaleg større. Gamle bruksmåtar vart meir avlegs. Det vart innkjøpt
moderne maskiner som radsåmaskiner, slik at konene då slapp både
arbeidet og ansvaret med kornsåinga. Det vart også kjøpt betre plogar og
det vart kjøpt hestehakker eller redreinskarar til erstatning for dei
gamle hyppeplogane slik at potetdyrkinga kunne rasjonaliserast. Kona på
garden slapp då å vere hest og dra hyppeplogen.
Etter våronna var
det også mykje å gjere. Hus skulle vølast, gjerder og vegar - også
kommunevegar -skulle istandsetjast. Husdyra skulle på beite, føst på
heimebøen og seinare ovanfor bøgarden der dei gjekk nokre veker før dei
flytte på sætra. Mange hadde sumarfjøsa ovanfor utmarksgarden eller på
legene som desse sumarfjøsstadene vart kalla. Ikkje alle hadde sæterhus.
For dei som ikkje hadde, vart sumarfjøset brukt heile sommaren.
Alle
som hadde matrikulert jord som eige eller tilleige hadde
vedlikehaldsplikt på dei offentelge vegane. Dette vedlikehaldet måtte
gjerast kvar vår. Lensmannen hadde plikt på seg til å kontrollere at
dette vart gjord på ein tilfredstillande måte.
På forsommaren var det
også rette tida til å taka bjørkenever og bork. Nevera vart brukt til
føling av torvtak som det var mange av i tidlegare dagar, og borken vart
brukt til barking av fiskevegn.
Kring jonsok var det torvspaing.
Torva ar ein viktig del av brenselet. Eit torvtak vart rekna for å vere
eit verfullt lunnende på ein gard. Ved jordskifte vart det alltid passa
på at bruka etter jorddelinga hadde nok mold og brensel, torv og ved
til gardsbruket sitt. Emblem og Røssevollen hadde mold- og torvtak i
Flisnesutmarka. Røssevollen hadde også torvtak oppe på Årenakken
(Røssevollnakken) Dit opp hadde dei løypestrenger som dei frakta ned
torva på. Oppe på Austremsbruna var det torvtak for Austremsreiten og
Nedregotten. på Emblem var alle i torvmyra på same tid. vi ungane måtte
trilla og leggja utover til turking. Det var tungt arbeid, men så hadde
vi herlege stunder når sjølve folket kvilde middag. Berre det å få ete
middag ut i det fri og saman med dei andre gardsungane var ein fest. Det
tok som regel fleire dagar før bellane vart fulle. så snart torva hadde
turka så mykje at ho tolde det, vart ho "husa" eller reist i små hus.
ut på ettersommaren var ho som oftast turr nok til å køyrast heim.
eit
anna arbeid som var årevisst for mange var fisketurkinga. dette
arbeidet tok til tidleg om våren med ilandføring og vasking. Den vaska
fisken vart lagt i la oppe på berga der han skulle turkast. Det var
omlag 1000 fisk i ladet. så vart han lagt utover berga til turking på
godversdagar. Det kunne gå langt utover sommaren før han var turr. det
kom så mykje an på veret. Fisketørkinga gav ei god og sikker
attåtinntekt. Betalinga for å vaske og turke eit tusen torsk skulle vere
omlag det som ein kveitemjølsekk kosta.
elles var det mangt å ta
seg til ellom våronna og slåtten. Bestefar fortalde at då han var
gardbrukar, frå 1863 til 1898, var det vanleg at dei tok seg det dei
kalla ein utror mellom onnene og sommaren.
dei rusta ut otringane med mannskap, vegn og mat og rodde og sigla langt ut på storhavet og fiska lange, brosme og kveite.
Slåttonna:
Slåttonna
tok som regel til i fyrstinga av juli månad. I år med dårleg ver var
noko seinare. Føre hundredårskiftet vart alt graset slege med ljå,
langhorv og stutthorv eller småljå. I byrjinga av dette hundreåret vart
det fleire og fleire som kjøpte seg slåmaskin, då var det hesten som
måte taka tungetaket med slåtten. dei som ikkje hadde hest måtte bruka
ljåen som før, elleer dei lånte eller leigde seg hest og maskin. I mi
fyrste ungdomstid var det vanleg å turke høyet på marka, vollturking.
Det måtte nokre våtår (våtsomrar) til før gardbrukarane her i bygda
måtte lære seg til å turke høyet i hesjar. Dette var ein mykje sikrare
bergingsmåte. Nå er det forhaustaren som gjer mesteparten av
forberginga. Men attende til vollturkinga: Dei breidde råhøyet med
handrive. Var det mykje gras var det vanleg å køyre noko av rågraset til
ein annan turkeplass, slik at graset låg tunnare og turka fortare.
Kring middagsleite vart høyet snudd. før høyvendarene kom i bruk, måtte
dette arbeide gjerast med handrive. Ungane var ikkje gamle før dei måtte
lære seg kunsten å snu høy. Om kvelden måte høyet rakast saman i
skårar. før hesterivene kom i bruk under og etter fyrste verdskrigen,
måtte også dette arbeidet gjerast med handrive. Av skårene vart det laga
såter. Dersom det var høyterre dagen etter, vart desse kasta og breidde
utover marka på nytt, men då hadde dei fått seg ein ny råhøyflekk å
arbeide med, så dei hadde båte råhøy og turrhøy å arbeide med kvar dag
så lenge det varde. elles var det høytrakking og høykøyring kvar
godversdag. Slåtten varde som regel 4 - 5 veker etter som veret var. for
dei som hadde mykje småhøyslått kunne slåtten vare både 7 og 8 veker.
Om Forfattaren
Karl O Emblem var fødd i 1907 bruksnr. 6,
Steffågarden på Emblem. Han overtok garden i 1942, Både Karl O og kona
Sanna Kvassnes (1905) var særs intresserte i bokleg lærdom og nytta det
meste av fritida til nettopp lesing. Karl skreiv også ein heil del og
var særlig interessert i historie. Han har skrive ein rekkje av tekstane
som du finn på denne websida. Desse bidraga er ei uvurderleg kilde til
kunnskap for dei av oss som kjem etter.
Dette er truleg (Emte) Marie Ellingsdotter Humblem(1) (1866-1940). Ho gifte seg med Ole Elias Lauritz Knuts. Emblem(6) (1866-1958) i Steffågarden på Emblem. Han var mange gongar på arbeidsturar til Amerika medan Marie tok seg av garden og dei etterkvart 8 borna. Orginalen tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal. Arkivnummeret er AM-95003.001235
Borna i Steffågarden på Emblem kring 1916. Kristian Olsen Emblem var nest eldst i ungeflokken og du kan sjå han stående bakerst. Karl Olsen Finn du lengst til venstre på biletet, medan Amalia Olsdotter sit lengst til høgre. Margit Olsdotter sit fremst. Dei var born av Ole Elias Knutsen Emlem (1866-1858) og Marie Ellingsdotter Humblen (1866-1940) I følge digitalarkivet vart kristian født i 1902,
Amalia i 1904, Karl O. i 1907 og Margit i 1909. Det er Karl O. som er forfattar av teksten om Steffågarden.
Frå KArl O. Emblem sine eigne handskrivne notatar om den gamle stova i Steffågarden
Ella Emblem, eller eigentleg Ellevine Emblem, vart født 8.6.1900 og var dotter til Ole Elias Knudsen Emblem (1866-1958) og Marie Ellingsdatter Humlen, g. Emblem (1866-1940). Det er truleg henne mora skriv kort til i 1913 medan ho besøker tanta si ved Krøderen. Nevøen hennar, Inge Emblem
fortel at ho arbeidde ei tid på Emblem Skule då han gjekk på skulen. Inge er fødd i 1919 så det må ha vore etter 1926 for ho var ikkje der då han tok til i første klasse.
Mer infoLiker
| |
 |
|
|
|