Tida før Borgheim
Emblem
Frilynde Ungdomslag vart stifta i 1904. Lagsbladet, «Innaumnesingen»
vart ført til pennen for første gong i november det same året. Dei
fyrste åra held ungdomane møta sine på «Fossestuen». Laget samla
seg der omlag annan kvar sundagskveld frå august og fram til og med
mai. Når onnene pågjekk om sommaren, så var det pause i
lagsarbeidet. Dei seinare åra før ungdomshuset «Borgheim» stod
klart i 1934, vart skulekjellaren på Skaret mest nytta.
I
Inaumnesingen kan ein finna fleire spor etter både ynske om å få
seg eige hus. Hussaka har vore tatt opp ei rekke gongar og kring 1923
kom ein så langt at byggekomitéen var på plass, men det var t
ikkje noko bygging likevel. Det vert hevda i ei seinare utgåve av
Innaumnesingen, at dei gongane saka har vore oppe, så stod også
lagsarbeidet i bygda sterkt, men det har vore rolegare periodar i
mellomtida. Det kan verka som om motet minka desto nærare ein kom
alvoret og realiseringa. Den 2. november 1930 kan me finna eit anna
innlegg om denne hussaka i Innaumnesingen. Bladstyrar Margit Emblem
skriv at temaet snart var like gamalt som laget sjølv, noko som
innebar at dei på den tida hadde diskutert og samla inn pengar på
lagsmøter i nesten 26 år allereie. I januarutgåva av lagsbladet i
1931 tek også bladstyrar Karl O. Emblem i bruk humor for å få fram
den same bodskapen. Han hadde sett føre seg korleis lagsbladet ville
dekkje innvielsesfesten for eit eige ungdomshus i 2031:
«Laurdag
den fyrste oktober 2031, vart ein merkjesdag i Emblemsbygda
ungdomslag si historie. For då skal ungdomshuset innviast. Tanken om
ungdomshus er no 125 år gamal so arbeidet må segjast å vera godt
fyrebutt. Men endeleg er den draumen som vore Tippoldeforeldre,
Oldeforeldre, Besteforeldre og foreldre drøymde, gått i oppfylling.
Som ein kuriositet kan nemnast at det har vore valt 57
byggjekomitéer. Bilæta av desse kan ein sjå i ungdomhuset sit
bilætgalleri. Der heng det óg ei teikning som viser korleis dei var
tenkt å byggja i 1931. Det huset hadde vorte akkurat so stort som
sena og orkesterplassen i det ungdomshuset som no er bygt. Væl møtt
då på festen som skal opnast med denne songen: At far min kunde
gjera det som me no har gjort. Ja det skal sikkert vera; men han kom
til kort. Det vart med berre pratet og drøymeri og pjatt. Han hugsa
matafatet, og let so pungen att».
Det nærmar seg bygging
Sundagskvelden
den 19 mars 1933 var det halde ungdomslagsmøte i skulekjellaren på
Skaret. Møtet starta i halv ni-tida og vart styrt av formannen Karl
O. Emblem, som kunne opplyse at det skulle veljast ein byggekomité
som skulle ha ansvar for bygginga av ungdomshus. Karl var nyvald
formann dette året, og sjølv om det i følge skrivarboka, verka som
om bygging ikkje hadde vore noko offisiellt tema halvåret i
forvegen, så hadde det nok vore diskutert og alt tyder på at han
hadde mål om å få på plass eit hus, som dei hadde snakka om i
årevis. Han vart sjøl vald inn i byggje-komitéen saman med Georg
Emblemsvåg, Alfred Østrem, Sevrin Emblem og Knut S.Nedregotten
Byggjekomitéen
hadde sitt første møte 26. mars. Valet av formann vart utsatt, då
ikkje alle møtte. Dei vedtok å sende henvendelsar til nokre av dei
andre ungdomslaga på Sunnmøre som nyleg hadde bygd seg eigne hus,
for å få sjå teikningar av desse. På neste komitémøte 5. april
kunne Sevrin Emblem «fortelje at han hadde sendt skriv til 21
ungdomslag med bøn om å få låne teikningane». Det
var berre Engeset og Fylling ungdomslag som hadde svart på
henvendelsen. Dei sendte både teikning og invitasjon til å vitje
dei i Engesetdalen. Byggekomitéen valde difor å reise inn
for å sjå på huset ein sundag. Alfred Østrem var sjåfør, for
han hadde drosjebil, og Sevrin Emblem hadde ringt for å fortelle at
dei kom. Formannen i ungdomslaget i Engesetdalen fortalde korleis dei
hadde løyst det. Husteikninga passa ikkje heilt og det var særleg
løysinga med scene og inngang som var problemet.
I eit
møte heime hjå Sevrin den 6. juli vart det vedteke å lage ei eiga
teikning og senda denne til eit byggeselskap for å få overslag på
kva det kom til å koste. Knut teikna om og fekk samtykke av dei
andre på det neste møtet den 16. juli. Dei valde også å nytte 1
1/2 meters høgd med kryssfinér på veggane i salen og malt papp
høgast oppe på veggen. Anbod frå Tennø og Skar vart motteke 15.
september og drøfta same kveld. Det vart vedteke å kalla saman
heile ungdomslaget 17. september. Samstundes vart det vedteke å
senda 3 medlemmar frå komitéen til Borgund Sparebank for å
forhøyra seg om moglegheita til å få lån. Ungdomslagsmøtet vart
det første som kun handla om bygging dette året. 25 lagsmedlemmar
møtte fram i skulekjellaren, og formannen greidde ut om kva som
hadde skjedd sidan sist. Dei frammøtte fekk vite meir om tilbodet
frå Tennøe og Skar på kr. 5200,-. Firmaet ynskte også å levera
sementen til murane for kr. 9,50,- per tønne. Dei kunne også
levera forskalingsmaterial og benkar, medan ungdomslaget skulle
sleppe å betale «før dei økonomiske høve var laglege til
det». Innbakt i prisen var eit
tilbod der ungdomslaget fekk avslag, mot at firmaet fekk nytte
Borgheim som «reklamehus», og at laget deltok i dette
reklamearbeidet. Medlemmane tykte likevel at prisen var for høg og
ynskte seg fleire anbod før dei bestemte seg.
Den 8. oktober vart det halde eit nytt lagsmøte med hussaka som
tema. Komitéen fekk fullmakt til å velja det beste anbodet og å ta
opp lån. Etter dette vart det mest vanlege ungdomslagsmøter igjen,
med unntak av eit møte like før jul, der ein bestemte seg for å
kalla ungdomshuset for «Borgheim» etter ei avstemming. Men sjølv
om det verka tilsynelatande stille ifølge møtereferata i
skrivarboka, så var det noko heilt anna i praksis. Allereie dagen
etter vedtaket om bygging og låneopptak, vart tomta staka ut av
byggekomitéen, og i grålysinga den 10. oktober kom det førtste
arbeidslaget til tomta.
Bygginga tek til
Ein
starta med å reinske berget for einer og krattskog. Av dei i bygda
som gjekk forbi dei fyrste dagane, så var ikkje alle like
optimistiske, men berget vart raskt klargjort for boring. Det var
allereie beslutta at steinen som vart utskoten, skulle brukast i
murane på huset, men ungdomane hadde ikkje råd til borar, så det
fekk dei låna av Marka-Hans på Vestrem. Borehola vart laga med
handbor og slegge. Vegvesenet dreiv tilfeldigvis med vegarbeid
samstundes i bygda, så då fekk ungdomane hjelp av deira smed til å
kvesse borane gratis. Det var ikkje alle ungdomane som var vande med
slikt arbeid, og det vart nok eit og anna feilslag der den som heldt
boren fekk seg nokre treff frå slegga over fingrane, men arbeidet
gjekk jamnt og trutt framover utan veldig alvorlege skader. Ein
oppstart på byggearbeid i oktober var heller ingen spøk, med lange
arbeidsdagar når regnet ausa ned, og nord-austen reiv tak i trea
ikring. Etterkvart som det vart lenger ut på hausten, så vart véret
værre og værre. Karl O. Emblem skriv at hua låg «som ein
grautklut på hovudet. Heilt igjenomvåt. Vatnet seg i jamne straumar
og laga små «Niagara» frå ryggraden og herifrå».
Etterkvart
var tomta klar for muringsarbeidet. Laget fekk tilbod om tilkøyrd
sand, men ein meinte at dette vart for dyrt, og valde å ta seg av
transporten sjølve. Det var ikkje den lettaste manøveren å få
sanden fram heilt frå Emblemsanden på denne tida av året. Vegen
var meir som eit elvafar enn veg, men etter berre nokre få dagar var
sanden likevel på plass på tomta.
Det var
Fredrik Emblem som hadde hovudansvaret for muringa, og snart kunne
ein høyre komandoropa hans. «Kom med stein», eller «kom med
material». Resten av arbeidslaget var kun ungdommar og amatørar, so
arbeidet krevde ein fullbefaren murar. Knut Nedregotten fortalde at
det var ein murar til, men eg veit ikkje kven dette var. Kanskje var
det ein arbeidskamerat av Fredrik?. Eg trur i alle fall at dersom det
hadde vore Marka-Hans, så hadde namnet vore nemnd i inaumnesingen i
alle fall. Det vart sett opp forskaling på begge sider av muren,
Den utskotne steinen frå tomta vart så fylld oppi og blanda med
sement. Armeringsjern vart ikkje nytta, for det var ikkje vanleg på
den tida. Fredrik tok 80 kroner totalt for jobben med murane. Både
utskyting av tomta og muringsarbeidet gjekk svært raskt unna. Karl
Nedregotten fortalde at det var enno oktober, når dei starta på
tømringsarbeidet oppå murane.
Dei
hovudansvarlege snekkarane var Per og Knut Nedregotten, i lag med
Bjarne Ramsvik. Det var opptil 20 ungdomar som deltok på
snekkerarbeidet kvar einaste dag, og dei gav seg ikkje før klokka
var mellom ni og ti om kveldane. Det var også fleire av
dugnadsmedlemmane som var snekkarar, så dei var til god hjelp. To av
desse var Karl i Jakobgarden og Johan i Ebbegarden. Materialleveringa
var det Tennøe og Skar som hadde fått tilslaget på. Problemet var
at dei heldt til i Brattvågen og dit inn var det ikkje veg enno. Alt
saman måtte fraktast med båt og fraktast vidare frå Eikenåskaia
med bil.
Karl O.
Emblem fortel om ein laurdagskveld, etter at dugnadsarbeidet var over
og gutane hadde fått raka skjegget, pynta seg og «tekje seg ein
tur på vegen. Pikejakt var ikkje å tenkje på no, det var noko
mektigare som stod på. Då kunne ein høyra långe ul utanfrå
Emblemsvågen. Det var materialskuta som kom, og i en to tri, vart 30
overhalla henta, og like mange mann var um eit augneblik komne på
kaia». Årsaka til at ikkje Emblemskaia vart vald, er eg ikkje
sikker på, men det kan ha vore prisen som var avgjerande. Alfred
Østrem hadde lastebil med kjennemerket T-1723 på denne tida, og han
tok på seg arbeidet med å køyre alt saman for kun 60 kroner, og då
køyrde han taksteinen også. golvet vart isolert med slagg frå
gasskraftverket i Ålesund, og nok ein gong var det Alfred som stod
for frakta. Med så mange dyktige snekkerar i arbeid, så gjekk det
raskt å få på plass reisverk, panel og tak. Huset var konstruert
av vanleg bindingsverk, med Alta-skifer på taket.Det vart fortalt at
ein «iakttakar» sto med klokke å fylde med ein dag på
dugnadsarbeidet. Han fann ut at ikkje eit einaste sekund var stilt
for hammerslag eller øksehogg i to samanhengande timar.
Jentene
tok seg av handarbeid og sceneteppe. Stoffet vart kjøpt av ein som
heitte Mikalsen og som stod på ei forretning hos Devold. Knut hadde
vore med å bygge hus for han tidlegare. Knut fekk både
tekstilprøver og ein særs god pris. Sevrin Emblem var både
handelsmann og kasserar under bygginga. Han tok seg av finansane og
lånte også ut pengar til bygginga ved slike utlegg. Når Sevrin
betalte for teppet, trekte han 10% i kontantrabatt, men det hadde
ikkje vore forutsetninga, så teppet vart svært så billig til
slutt. Eg er ikkje heilt sikker på totalsummen på teppet, men eg
meinar å ha sett ei kvittering på 100 kr. ein gong tidlegare.
Det
elektriske anlegget var det Johan Aasestrand som stod for. Han var
elektriker og i slekt med Karl O. Emblem. Han fekk bo gratis i
Steffågarden og då tok han ikkje så mykje i betaling. Lampettar og
lysekruna vart truleg hengd opp samstundes. Den
14. januar 1934 byrja ein å diskutera innvielsesfesten på
lagsmøtet. Mauritz akslen, Alfred Østrem, Harald Øyen, Mons
Kaldhusseter, Elida Nedregotten, Anna Hundeide, Agnes Emblem og
Margit Kaldhusseter.
Branntaksten i Norges Brannkasse vart den 17. februar 1934 sett til
51000 kroner og dagen etter,
på lagsmøtet den 18.februar fekk Karl O. Emblem og Knut Steffensen
Nedregotten mynde til å ordne pantobligasjon på 3000,- i
ungdomshuset og tomta til fordel for Borgund sparebank.
Pantobligasjonen på huset vart tinglyst 19. mars 1934. På det
samme møtet vart ei eiga huslov opplesen, diskutert og vedteke. I
denne lova stend det blant anna at husstyret skulle vera på tre
medlemmar og at formannen var sjølvskriven medlem. Dei første som
vart valde var Knut S Nedregotten, Lars E. Nedregotten og Sevrin
Emblem som vara.
Solveig Garshol, Solveig Emblemsvåg, Anne Emblem, Hjørdis Akslen,
Knut Nedregotten, Peder Magerholm, Karl K. Emblem og Lars L. Akslen
vart vald til å stå for innviingsdansen 14 dagar seinare. Dette
vart også den aller siste ungdomskvelden i skulekjellaren.
Åpninga
Søndag
25. februar 1934 vart Borgheim vigsla. Festen skulle starte klokka
seks, men allereie i fire-fem tida «var det stor folkevandring
til huset og når kl. var 6 var alle plassar optekne, og ein heil del
måtte stå». Det vart rekna
opp omlag 300 frammøtte denne dagen. Festen vart opna ved at alle
reiste seg og song «Gud signe Noregs land». Deretter vart alle
ynskt hjerteleg velkomne av formannen i festkomitéen, Mauritz
Akslen. Formannen i ungdomslaget, Karl O. Emblem gav ei kort oversikt
over historia til huset.
Kveldens foredrag var det ein N. E. Ringseth som stod for, og temaet
var om den frilynde ungdomsrørsla. Referenten skriv at det vart godt
motteke av både dei eldre og ungdomane sjølve. Dette var truleg
Nils E. Ringseth som hadde vore sunnmøre sin fylkesformann i Norsk
frillyndt Ungdomsforbund kring 1920. Mannskoret Varde heldt konsert,
og deretter var det på tide med litt lettare underhaldning. Sevrin
Emblem las opp frå «Innaumnesingen», der det mellom anna var eit
eige dikt til huset. Reidar Bork Valderhaug avslutta så første
programykt, før maten med «eit par humoristiske stubbar».
I
matpausen vart det taffelmusikk. Fridtjof Emblem vart akkopagnert av
ei
«frk. Sunde og herr Aasebø».
Fleire
av medlemmane i mannskoret Varde var også framme og deltok i songen.
I den andre programykta var det tid for takketalar, både frå
formannen i laget og Ringseth. Mannskoret fekk ei avdeling til, før
ein avslutta det offisielle programmet med skodespelet «No brenn
det» med mellom anna Mauritz Akslen og Agnes Emblem (g. Flø) i
hovudrollene. Etter festen vart det songleikar.
Det nærmar seg slutten
Det
første ordinære ungdomslagsmøtet på Borgheim vart halde søndagen
den 11. mars, med 60 frammøtte ungdommar. Ein herr Storeide synte
fram filmen «Intet nytt fra festfronten». Seinare på kvelden vart
det vald festkomité for påskefesten. Lars Nedregotten, Kåre
Hansen, Harald Øyen, Georg Emblemsvåg, Kasbara Nedregotten, Margit
Nedregotten, Elida Nedregotten og Tora Magerholm vart valde. Frå no
av tok den daglege drifta av huset til.
Huset
vart sjølvsagt nytta til ungdomslaget sine faste møter og
lagsfestar, men huset vart og til nytte for andre i bygda.
Idrettslaget leigde huset til mellom anna møter og skifterom ved
skirenn. Skulen nytta storsalen som gymsal og Gjallarhorn hadde
øvingar der fra 1953-1970. Borgheim var sjølvskriven ved 17. mai
feiringa i bygda, fram til Blåskulen stod klar. Skuleplassen hadde
vore nytta til samme formål før 1934 også, men oppsluttninga skaut
for alvor fart etter 2. verdskrigen og då var ei slik storstove
kjekk å ha. Husmorlaget nytta også huset før Husmortun stod klart.
Etter kvart vart det også skipa til dansetilstelningar frå omlag
1950-åra, men det var ikkje alle i bygda som likte dette like godt.
Fleire ungdomar kom no utanbygds frå, og då kunne det verte ein og
annan konfrontasjon også. Olav Nedregotten fortalde at ein gong, når
Lensmann Bolteskar var til stades på ungdomslagsfest i bygda, så
var det ein som hadde tissa han i hovudet frå galleriet så det
rende ned etter sixpensen. Etter dette vart det ikkje tillatt å
arrangere dans på Borgheim på omlag tre månader. Slike hendingar
var det sjølvsagt særs få av i ungdomslagets lange historie, men
ei og anna uheldig episode kunne ein no finne utover 1960-talet. Frå
midten av 1960-talet vart det mindre aktivitet i ungdomslaget.
Tekstinnhaldet i Innaumnesingen tapte seg etter kvart i kvalitet, og
frå søndag 14. mars 1965 vart det ikkje skrive noko før 18.
september 1970. Dette vart det siste innlegget i lagsbladet som eg
har funne, men det står ikkje noko der som tyda på at det skulle
verte den siste gongen ein skreiv noko der.
Kassaboka
for hausten 1964, fortel at det har vore 2 dansetilstelningar som kan
ha vore i lagets eige regi. I tillegg har bygdekinoen betalt to
gongar for lån av lokalet. Emblems bondelag leigde huset til fest,
medan Redningsforeningen hadde hatt basar. Idrettslaget hadde også
arrangert dans på Borgheim. Inntekta frå desse festane hadde auka
kassabehaldninga frå 4529 til heile 7656,- på berre to månader frå
oktober til 1. desember. På den andre sida skulle straum, orkester,
tonoavgifter, vasking og andre utgifter på kring 1500,- dekkast inn.
Det verkar som om drivkrefter i laget ynskte å satse meir på slike
inntekter, for våren 1965 vert det kjøpt inn lydanlegg og
mikrofonar. Laget hadde riktig nok faste inntekter på utleige av hus
til møter og andre arrangement, men inntektene på ein dans var
likevel høgare. Men det vart ikkje så mange dansetilstelingar dei
neste åra. Laget fekk eter kvart problem med å finne nok vakter og
i 1967 finn eg berre 9 betalande medlemmar i kassaboka til
ungdomslaget. Stadig fleire av arrangementa og dansetilstelningar var
det no andre som stod for. Idrettslaget var eit av desse. Huset byrja
å merke alderen, og ein måtte forsterke golvet for å takle nye
moderne dansar som jenka. I 1968 var innkomsten på skuddårsfesten
berre 50 kroner, og det er ikkje spor av fleire dansar i
ungdomslagets regi etter dette. I 1971 vart det berre betalt
forsikring og straumrekning, samt eit eksemplar av «Bondens Jul» på
23 kroner og 50 øre, inkludert porto. Kassa med tilhøyrande
kvitteringar, medlemskort og kassabok er framleis teke vare på av
lagets siste kasserar Per Kåre Østrem.
I 1977
var Ungdomslaget allereie avvikla, og Borgheim overteke av Emblem
Idrettslag. Dei hadde behov for klubbhus og nytta mellom anna
spisesalen til møter, slik dei hadde gjort i ungdomslagets levetid
også. I 1985 fatta Årsmøtet i EIL vedtak om å pusse opp og
modernisere huset. Laget skulle forhandle med Inge Emblem om å få
kjøpe eit tilleggsareal på baksida av huset på omlag 700
kvadratmeter. Her skulle ein bygga ny fløy med garderober og
toalett. Den øvre ramma for arbeidet vart sett til 300 000,-
Styret
i idrettslaget sette i mars 1986 ned ei byggenemnd, med Helge
Ramsvik som formann, og han fekk med seg Svein Nedregotten, Arvid
Brevik osamt fungerande formann for hovudstyret i laget. Skissa for
tilbygget vart lagt fram til godkjenning i september det samme året
og dei fekk tilskot frå fylket til arbeidet. Kostnadsoverslaget på
ombygginga forutsatte dugnadsarbeid, og ein tenkte seg oppstart våren
1987, men det var ikkje enkelt å få tak i folk til dugnaden. Det
vart særleg vanskeleg å få fatt i folk til arbeidet på det bratte
taket, så det heile stoppa dermed opp. I 1988 vedtok dermed årsmøte
å oppheve vedtaket om ombygging og opprette ein ny komité som
skulle sjå nærmare på planar for eit nybygg i staden.
På
slutten av 1990-talet vart huset og tomta seld til eit byggefirma,
som ynskte å rive ungdomshuset og gamleskulen for å byggje nye hus
i staden. Idrettslaget fekk overta skiferen, mot å ta den ned
sjølve. I juni 2003 vart skiferhellene tatt ned på dugnad. Etter ei
veke var all steinen komen ned og seld for 45 000,-. Resten av huset
endte som St. Hansbål på Sula.
Kjelder:
Skrivarbok
Emblemsbygda ungdomslag 17.5.1932-4.1.1941
Innaumnesingen
den 25.2.1934
Innaumnesingen
1929-1934
Tilbod
frå Norges Brannkasse 9. januar 1948
Dokument
med taksering av Borgheim våren 1934.
Skriftleg
dokument med underskrifter som bevitnar vedtak om å opprette
pantobligasjon til fordel for Borgund Sparebank den 18. februar 1934
Skrifteleg
dokument med gjenpart av underskriftene til dei 22 lånegarantistane
for lånet
i
Borgund Soparebank, signert 12. februar 1934.
Tekstutdrag
frå Sigurd Langleite sitt intervju med Knut Nedregotten på
1980-talet.
Video-intervju
med Olav Nedregotten på Borgheim i 1999.
Diverse
kvitteringar og kassaboka til ungdomslaget 1964-1971
Jubileumshefte
for Emblem idrettslag frå 2007