 |
 |
|
 |
 |
BIlete av Berntsenhuset på Magerholm. Det er kanskje frå flyfotograferinga av bygda på 1950-talet. Papirkopiane i svart/kvitt vart gjerne handkolorerte før dei vart levert til kjøparane i kring på gardane i Emblemsbygda. Biletet tilhøyrer Birgitte Ulstein
Ludvig Berntsen hos fotograf Stamsvig, Eckroll i Ålesund 1905. Orginalen tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal, arkivref.: AM-95003.001852
Ludvig Adolf Lillevold kalla seg Berntsen til etternamn i vaksen alder. Her er han fotografert med kona Olivie Regine Lovise Hesseberg frå Bryggå på Hesseberg i 1908 av fotograf Johannes Sponland i Ålesund. Biletet er i Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal sitt eige. Arkivreferanse er markert på biletet.
F.v.: Olivie Hesseberg og ektemannen Luvig Adolf Lillevold, som kalla seg sjølv Berntsen i vaksen alder. Dei andre er enno ikkje bekrefta, men det kan vere svogeren Lars Blindheim og kona Ane Hesseberg (begge sittande) med svogeren Ole Hesseberg ståande bak. Fotografen er Johannes Sponland i 1911. Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal. Arkivref.: AM-95003.016135
Besøk i hagen. F.v.: Marie Olsen, Ludvig Berntsen og ein førebels ukjend på same benk.Resten er stort sett ukjende. Lærar Bernhard Olsen i svart dress sit med dottera Frøydis (g. Olsvik) på fanget. Det er mogeleg at dama med utslått hår og kvit kjole bak skuldra hans er Jofrid Akslen (g. Emblem). BIletet tilhøyrer Frøydis Olsvik.
Vestenden på den vesle låven blei garasje. Det var ikkje lett i snørike vintrar med harde vinterdekk og av og på med kjetting. For å sleppe dette vart det grave ut tomt til garasje lenger oppe, på motsett side av hovudvegen, Magne Ulstein hugsar at han vart overraska av mykje skjell i leira. Ragnar Ulstein og familien flytte frå Magerholm i 1964 og det blei ingen garasje der, men ein ser tomta.Biletet tilhøyrer Magne Ulstein
Søndagsbilete av Ragnar Ulstein på landgansvóren. nybåten i framgrunnen og trelastlageret til P & K Nedregotten i mellomgrunnen. Den gamle fergekaia i tre lengst bak. Biletet tilhøyrer Magne Ulstein
då Ragnar Ulstein kom til Magerholm frå Fana 1960 vart sommaren nytta til krattrydding. Der var då ei stund sidan uteområda hadde vore halde i hevd. Resultatet vart flott. Båten til Ludvig var no tjørebreidd men lekk. Ragnar bestilde resolutt ny båt i Tresfjorden. Gamlebåten bytte han mot eit kjærrelass med gjødsel frå Olav Engeset. nybåten held heilt til nyttårsorkanen i 1991. Foto: Magne Ulstein
Uvér ved Gasseneset nedanfor huset. Normalt kunne ein gå ut på svaberga. Foto: Magne Ulstein
Magne Ulstein ute med båten. det vart mange fiskemiddagar etter kvart. og den friluftsinteressa har han fortsett med. Biletet tilhøyrer Magne Ulstein
Uvérsbilete. Ein ser frå Berntsenstøa innover mot trelastlageret og den gamle fergekaia Biletet tilhøyrer Magne Ulstein
springflo med Magerholmen omlag midt på biletet og Aursneset i bakgrunnen. Normalt kunne ein gå ut på svaberga. Biletet tilhøyrer Magne Ulstein
Typisk søndagsbilete av Magne Ulstein med hunden og nybåten frå Tresfjorden i bakgrunnen. kontrastane til byggefeltet i Fana der familien kom frå i 1960 var store. Magne fekk særleg smaken på friluftslivet. Biletet tilhøyrer Magne Ulstein
ruskevér på fjorden kunne merkast ved Gasseneset sjølv om Magerholmvika og området elles var lunt og godt egna til fruktdyrking. Biletet tilhøyrer Magne Ulstein
Der er ein mann som verkeleg fortener ein liten tekst, og det er han Ludvig inne på
Magerholm. Eg har aldri høyrt noko anna enn godord frå dei som møtte han på sin veg.
Derfor vart også eg freista til å samle litt av det eg har lest og høyrt. Ludvig var ikkje
den som gjorde noko ut av den han var, og følgeleg er der difor lite å finne om han i
offentlege dokument og bøker. Mykje av det eg skriv her er difor tufta på livsminne.
Ludvig vart fødd den 15. februar 1880 på Myklebust i Sande kommune på Søre Sunnmøre,
og vart i likheit med mange av jamnaldringane heimedøypt. Han vaks opp på garden
Lillevold som har gardsnummer 12 og bruksnummer 7. Far til Ludvig heitte Bent Sevrin
Torbjørnsen Lillevold (f. 1851). Det er frå han etternamnet «Berntsen» kjem ifrå. Opphaveleg
vart Ludvig døypt Ludvig Adolf Bentsen Myklebust, men då familien vart brukarar på garden
Lillevold i nærleiken, endra dei også etternamnet. Det var med andre ord ikkje så lett å finne
at Ludvig i dei historiske kjeldene. Myklebust-namnet har truleg forbindelse med mor til
Ludvig, Anna Elisa Ingebrigtsdotter Myklebust (1858-1925). Mormora Anna Olsdotter
Myklebust (1816-1858) kom også frå Myklebust. Ved konfirmasjonen den 29. september
1895 hadde han derimot fått etternamnet Lillevold.
Far til Ludvig vart i 1900-tellinga registrert som «havnarbeider Gårdbr. og fisker», medan
mora vert omtala som «Havnarbeiderkone». Bent og Anna fekk mange born. I 1900-telinga
er det registrert 8 heimebuande, der den eldste var 18 og den yngste 1 år. I tillegg finn eg tre
born til, men Signe som vart fødd i 1890, er ikkje registrert i 1900-tellinga, så det er mogeleg
at ikkje alle dei ti søskena til Ludvig vaks opp. I 1910-tellinga finn eg ikkje fleire søsken, så
det er grunn til å tru at dei var opphaveleg 11 born, der 10 vaks opp. Ludvig var nummer to i
borneflokken og hadde flytta heimanfrå før folketellinga i 1900.
Amerikafararen
Det er grunn til å tru at foreldra til Ludvig ikkje sat så godt i det reint økonomisk når so
mange barnemunnar skulle mettast kvar dag. 1900-tellinga gjev ikkje så mange svar på dette,
men potet, fisk og litt krøtter hadde dei i alle fall. Eg veit ikkje kvar det vart av Ludvig dei
første åra etter at han vart konfirmert. Han trong truleg å kome seg i arbeid temmeleg raskt,
og då vart det gjerne fiske, hyre på båt, kanskje utanriksfart, eller å ta seg arbeid som dreng
for andre. Eg har ein teori om at han kan ha vore i utanriksfart på eit eller anna tidspunkt, for
det vert fortalt at han skal ha vore ei tid i Amerika også, men eg finn han ikkje registrert
under nokon av dei tre etternamna han nytta i løpet av livet. Eg har merka meg at andre
emigrantar frå Sunnmøre også har vald å gå i land og avsluttet arbeidet som matros på den
båten dei kom over atlanteren med. Slik vart også turen billeg og overkomeleg for den som
ikkje hadde pengar eller slektningar som kunne hjelpe. Ludvig vart ikkje verande lenge nok i
Amerika til å verte folketelt eller registrert under sitt eige namn.
Ekteskap
I 1905 vert Ludvig fotografert i Ålesund av fotograf Eckroll Stamsvig. Han kallar seg no
Ludvig Berntsen med ein r. Etternamnet var ein tilpassning av «Bentson», og truleg lettare å
bruke i byen.Eg har ikkje funne prov for at han reiste til Amerika før 1905, men det er
mogeleg å finne han i Ålesund etter bybrannen i 1904. Det var også vanleg at ein kunne endre
etternamn når ein tok til å drive med handel eller anna verksemd på ein stad der ein ikkje
budde frå før. Begge sønene til Iver Karlson "Kjøt-Iver" Furset på Eikenosa tok soleis
etternamnet "Iversen" når dei flytte frå bygda for å drive butikk. Kanskje kunne det tidvis
løne seg å ha eit meir anonymt etternamn. Andre nytta motsett strategi for å få flest mogeleg
handlande frå heimdistriktet innanfor dørene. Desse samla seg gjerne på omtrent same stad
som heimbygdingane brukte å legge til båtane på byhandel.
Det er mogeleg at biletet frå 1905 kan ha vore teke i forbindelse med forlovelsen, for den 14.
November det samme året gifta han seg med Olivia Regine Lovise Hesseberg (1876-1924)
Ho kom frå garden «Bryggja», bruk nummer 3 på Hesseberg, som var ein del av Skodje
Kommune. Det var også i Skodje kyrkje dei gifte seg. Ludvig vert på dette tidspunktet
registrert som «snekkersvend» i Ålesund. Dette var under 2 år etter bybrannen, og det var
kanskje gjenreisinga som fekk han til å flytte dit. Når den nye byen skulle reisast var det eit
stort behov for arbeidsfolk. Det er interessant å merke seg at Ludvig ikkje var nokon
handtverkar på førehand, men at han truleg såg ei mogelegheit til å få seg arbeid, og kanskje
eit fagbrev som snekkar attpå.
I 1910 er den vesle familien på to vaksne framleis busatt i Ålesund. Dei var då leigetakarar i
hjørnehuset Borgundveien 29, saman med 17 andre. Dette betalte dei 200,- per år for. Huset
hadde bakeri med utsal i kjellaren og 2 "kvist"-rom i tredje etasje. Det var kanskje ein av
desse kvistane dei to leigde. Taket var skrått og gjekk så lågt at den øverste etasja berre kunne
nyttast delvis til buformål. Det er difor ikkje så lett å forstå at dei fekk plass til så mange den
gongen. Den største byggeboomen var over på denne tida, så medan Olivia var heimeverande
hustru arbeidde Ludvig som «Kassearbeider». Det var truleg produksjon av fiskekasser han
dreiv på med. Det var kanskje årsaka til at dei flytta til dette trehuset like innanfor enden på
Røysegata. Der var både lager og god plass på vestsida og baksida av huset. Bakarverksemda
krevde nok plass den óg, men der var heilt sikker litt att til Ludvig. I Addresseboka for 1911-
13 finn eg at dei likevel hadde dei flytta til nabohuset, Borgundveien 30 på andre sida av
gata. No var det hovudsakleg som «Bygningsnekker» han livberga seg. Det kan forklare
kvifor han flytte til eit hus med mindre plass til snekkerverksemd. Det var kanskje billegare
leige også. Begge desse husa ligg berre nokre få meter frå austgrensa der bybrannen vart
stogga. Borgundvegen 29 og 30 var dermed som nye hus å rekne.
Frå byen til landet
I 1921 flytte Ludvig og Olivia frå Borgundvegen og Ålesund. Årsaka til at dei valde å flytte
heilt inn på Magerholm veit eg ikkje eksakt, men Olivia kom frå nabobruket på Hesseberg, så
kanskje det var heimlengselen til Olivia som dreiv dei? I alle fall så skreiv Ludvig kontrakt på
eit stykke av garden til Lars Danielsen Magerholm for kr. 1000,- 29 mai. Kort tid etterpå vart
det halde skylddeling. Gamlelæraren Knut Furset og Lars Olsen Austrem var to av dei
utpeika skylddelingsmennene. Saman med selgar Lars Danielsen Magerholm, den næraste
naboen Peter P. Magerholm i Magerholmvika og Ludvig gjekk dei opp og markerte grensene
til den nye «parcellen», som fekk namnet "Skogly". I 1924 vart tomta utvida med parsellen
«Skogly II» til ei samanhengande tomt.
Huset til Ludvig og Olivia var det truleg Ludvig sjølv som bygde. Han var tross alt registrert
som bygningsnekker i 1911. Husforma har klare likheitstrekk med Borgundvegen 29. Han
innreidde ein eigen verkstad i kjellaren. I Kåre Magerholm sine nedskrivne minne frå
barneåra i Magerholmdalen, tek han seg også tid til å fortelle litt om dei som budde i
nærleiken. Ludvig var ein av desse:
«Der budde han Ludvik Bærtnsen i eige hus. Kona hans var syster til Rasmus Hesseberg,
men ho var død. Ludvik dreiv med diskfabrikk i kjellaren sin. Han hadde vore i Amerika og
lært å lime glas. Ludvik var ein snild mann. Eg syntest det var svært å få trø på dreiebenken
hans og det store hjulet gjekk rundt.»
Kåre huska nok litt feil, når det gjeld slektsforholda til Olivia, men beskrivelsen av kjellaren
stemmer godt overeins med det eg har høyrt frå andre som opplevde den i Ludvig sine dagar.
Om han bygde disken når «Aksla-buda» på Magnusbakken skulle byggast oppatt etter
brannen i 1934, kan eg ikkje seie med sikkerheit, men eg veit i alle fall at han bygde disken
på den første kafeen ved fergekaia inne på Magerholm for den nye eigaren på hovudbruket,
Karl Engseth frå Dalsbygda i Norddal.
Trua
Eg veit enno ikkje so veldig mykje om kvardagen inne på Magerholm på 1920-talet, men
folket der var kjende for godt samhald og dei tok vare på kvarandre. Folket på Magerholm og
Hesseberg markerte seg også på det religiøse planet, særleg på Hesseberg der Ludvig hadde
svigerfamilien sin. Jakob Straume har mellom anna skrive om ein Ludvik på Hesseberg med
opphav på Kjemphol i Sykkylven. Foreldra var aktive i misjonsaka, og Ludvik var ikkje
ringare. Han var så ivrig etter å vitna om Gud på to manns hand at det hende han leita opp
folk ved kyrkja på Aure tok dei med bak ein vegg for å snakka med dei om Gud. Den same
tru og iver gjekk over til dottera Olivia. Denne Ludvik er mest truleg (Johan) Ludvig Larsen
Kjemphol (1850-1890), og dermed svigerfaren til Ludvig Berntsen. I so fall så høver det godt
med ektemaken Olivia som også var eit verkeleg truande menneske. Ho engaserte seg i
misjonsaka og ein skal ikkje sjå burt frå at det vart halde strikketreff mellom kvinnene der
inne for å lage gevinstar til dei svært populære basarane på Bedehuset i bygda. Nokre år vart
det til og med gjeve fri frå skulen til slikt. Bedehusbasaren vart nemleg halden på kvardagar
frå klokka 11 og utover. Det var ein skikkeleg festdag for heile bygda. Naboen "Vika-Petter"
i Magerholmvika var ein trufast slitar som, til trass for at han hadde ein av dei lengste vegane
til bedehuset, var den første som møtte minst ein time før alle andre for å fyre opp. Då hadde
han i tillegg bore med seg ei "kase" på ryggen med fyringsved og opptenningsved heilt
heimanfrå uansett vér. Ludvig kom som kjent frå Søre Sunnmøre der også kristentrua var
sterkt samanvevd med kvardagen på havet i både uvér og stille. Han var truleg religiøs alt då
han møtte Olivia, og var han det ikkje før så vart han det i alle fall no.
Enkemann
I 1924, etter 19 års ekteskap døydde Olivia den 28. august av kreft. Dette vart eit hardt slag
for Ludvig, men han fann nok ekstra trøyst i trua på at dei skulle møtast igjen. Ludvig vart
verande enkemann, og fortsette framleis å bu på Magerholmen i huset sitt ovanfor
Gasseneset. Han fortsette også med snekkerverkstaden sin, men det vart no meir og meir
finarbeid han interesserte seg for. Materialrestar som eikelister, og anna, etter glasdisk-
produksjonen vart tatt vare på og nytta til innreiing i «Berntsenhuset» Jenny Mine Ulstein
har framleis ei fin biletramme som han har laga. Han gifte seg aldri om att, og dei fekk heller
ingen born.
I 1948 var Ludvig Berntzen leiar for "Emlem Kinalag". Kinamisjonen var berre eit av fleire
kristne lag i bygda som hadde bedehuset som base. Mauritz Akslen fortel at forløparen til
"Det Norske Misjonselskap" var eldst i bygda og skipa allereie i vekkelsesmøta i den nye
Mattisløa på Østrem i tiåret før 1900. Der fanst ikkje bedehus, skule eller andre lokale som
var store nok i bygda på den tida. Dette laget fekk seinare namnet "gamlemisjonen" når dei
nyare og meir avgrensa foreiningane "Kinamisjonen", "Santalmisjonen" og "Indremisjonen"
kom til. Kinamisjonen hadde også eige barnelag i 1948 som vart leia av lærarinne Signe
Vigestad under namnet "Vårbude barnelag", og indremisjonen dreiv søndagskule. I tillegg
kom der til ei rekke songgrupper i periodar der særleg ungdommane tok del, og eit frilyndt
ungdomslag som ikkje heldt til på bedehuset, men som fram mot 1920-åra hadde ein klart
kristen profil.
Nokre av dei som har leigd rom hjå Ludvig
Ludvig engasjerte seg ikkje berre som formann. Han leigde også ut husrom til dei som stod i
misjonens tjeneste. Ei av desse var Inga Damskov Pedersen (1910-1998) frå Danmark. Ho
var mellom anna barne og ungdomsarbeidar i Sunnmøre og Romsdal krets av Norsk Luthersk
Misjonsselskap frå 1957-1977. Inga budde i bygda før 1956 også, og starta truleg arbeidet ei
god stund før ho fekk fast ansettelse. Der er fleire som huskar henne frå tida då ho budde inne
på Magerholm. Ho sydde mellom anna bunaden til Solveig Johanne Hjelme frå nabobruket.
På den tida var det ikkje lett å få tak på brodergarn i Norge, så Inga fekk visst tak i rette
sorten heime i Danmark. Slike stasplagg kunne ein så visst ikkje jukse med. Alt skulle vere
skikkeleg. Frøydis Olsvik minnes at ho stadig var på besøk for å lære seg å brodere. Inga var
særs god i det faget. I tillegg var ho veldig omtenksom. Då Randi og Harald Andreassen
skulle gifte seg kom Inga på besøk med eit smykke med kors som Randi fekk låne på
bryllupsdagen. Når Ludvig gjekk bort fekk ho leige husrom i Syvergarden (Elvemyr 8) ved
bedehuset lenger ute i bygda på slutten av 1950-talet. Dei siste åra var ho busett på Molde.
På samme tid som Inga leigde også ei som heitte Ruth Vidnes rom på loftet i Berntsenhuset.
Ho kom frå Søre Sunnmøre, kanskje frå Vanylven, og eg undrar meg på om ho kan ha
fungert som ei slags hushjelp hjå Ludvig dei siste åra han levde. Han hadde sikkert hatt fleire
slike etter at han vart enkemann. Jenny Mine Ulstein har fått seg fortalt av fleire at Ludvig
hadde ei særs dyktig hushalderske. Ho var så flink at folk var imponerte over det hushaldet
ho fekk til. Dei hadde også eit så tynt og fint kaffiservise at dei besøkande knapt turte å ta i
det. Han sette seg på ingen måte ned og isolerte seg i tida etter at Oliva var borte. Der var
mange som vart inviterte til kaffi i Berntsenhuset eller anna selskapligheit. Han var ein snill
mann, uklanderleg kledd og likt av alle.
Venskapet
Randi Andreassen fortel at Ludvig var god ven med lærar Bernhard Olsen i bygda. Til
konfirmasjonen til Randi fekk Bernhard og kona Marie låne båten hans når dei skulle til
Sykkylven for å kjøpe stoff til kåpe. På heimveg bles det opp til storm og det vart ein særs
strevsom tur heim att saman med sonen Odd Per, men det gjekk heldigvis bra den gongen
med. Lærarfamilen Olsen var meir enn ein gong på besøk inne på Magerholm og dette var
ikkje den einaste gongen han kunne vere til hjelp for dei ikring seg. Solveig Johanne Hjelme
fekk fleire gongar hjelp med gyngehesten som stadig gjekk sund. Då var ein finsnekkar i
nærleiken god å ha.
Då Ludvig døydde i 1955 vart det meste auksjonert bort til
til Norsk Luthersk Kinamisjon det
same året. NLK eigde mellom anna Vestborg på stranda. Dit hamna den sjølvlaga spisestua
til Ludvig. Berntsen. Huset var visst tiltenkt forskjellige formål. Mellom anna har det vore
nemnd at det vart forsøkt nytta som ferieheim for misjonærar, men det gjekk ikkje slik som
tenkt. Truleg skuldast det at foreininga ikkje var heilt førebudd på gåva dei fekk. I januar
1960 selde Norsk Luthersk Misjonsamband tomta og hovudhuset til Lina (f.1888) og Ludvik
Bjørndal (f.1883) for 34 000,- som den gong var 12 000,- under verdien. Dei eigde Skogly
berre nokre få månader før dei selde vidare til Ragnar Ulstein i august via meklar Paulsen.
Det kan verke som om dei ikkje budde der sjølve.
Tida etter Ludvig
Då familen Ulstein kom flyttande frå byggefelt-liv i Fana i 1960 var der få spor att etter insatsen til Ruth. Hagen bar preg av
å ha vore ustellt ei tid. Det første dei tok fatt på var rydding av kratt den sommaren. Sidan misjonsambandet hadde nytta huset om somrane
så
var der litt
møbler også. Det stod att eit heilt soveromsmøblement etter Ludvig, som dei blei spurt om
dei ville kjøpe. Det hadde dei ikkje bruk for, men kjøpte derimot kommoden. Dette var ein
flott stor kommode med små og store skuffar og speil. Der var også bilde av ekteparet
Berntsen, som dei enno har, og eit fint bilde tatt mot Sykkylven med eit dampskip på fjorden.
Der fanst også ein flott svart veggtelefon Den blei straks skrudd ned og borna fekk kose seg
med å demontere, studere den, og leika mykje med ein
diger magnet som var inni. Den gamle tjørebreidde båten til Ludvig var no eit heller trist syn. den var i tillegg lekk. I kjent stil bestemte Ulstein seg resolutt for å bestille ny båt i Tresfjorden. den gamle vart bytta mot eit lass gjødsel hjå Olav Engeset. Magne Ulstein minnes overgangen frå Fana til Magerholm som stor, men i klart positiv lei. Den vart med på å forme han til den friluftsglade mannen han framleis er den dag i dag. Fiskeinteressa som starta med gode fiskemiddagar frå ny-båten er der framleis. Tresfjord-båten enda sine dagar i nyttårorkanen i 1991som så mange andre båtar og naust i bygda. I den tida Ulstein-familien eigde Berntsenhuset vart den vesle løa dels ombygd til bilgarasje i vestre enden. Det var ikkje lett å kome seg opp i snørike vintrar med harde vinterdekk og ein måtte ta på og av kjettingar i tillegg. for å sleppe dette styret vart det grave ut garasjetomt lenger oppe på motsett side av hovudvegen. Magne minnes at dei vart overraska av mykje skjel i leira. Garasja vart aldri fulført og den synes framleis.
R
agnar
Ulstein selde Berntsenhuset i 1964 til P & K Nedregotten som endra ein god del. Mellom anna bygde dei ei
vegfylling over markene mellom huset og trelastlageret som vart bygd nede ved sjøen litt
lenger aust. P & K står for Per og Knut Nedregotten. Dei hadde tidlegare kjøpt ein del av
strandsona til kai og trelastlager. No åtte dei heile eigedommen i tillegg til eit stykke frå
hovudbruket på Magerholm og Bøen. Ulstein-familien kjøpte seg tomt og bygde eige hus på Nedregotten mot grensa til Vedhaugen.
Einar Nedregotten, sonen til Per, tok over
Berntsenhuset. Han gifta seg med Gerd Indreseter, som vaks opp på Bøen, lenger oppe i
bakkane på Magerholm. Han var den siste som budde i Berntsenhuset før det vart rive, etter
ei kort tid som «mannskapsbrakke» for dei som opparbeidde den nye fergekaia kring 1997.
No er huset og heilet tomta til Ludvig fjerna og sprengd bort, men minnet om han lev
framleis vidare i tekst og bilete.
Kjelder:
Addressebog for Aalesund 1911-13
Akslen, Mauritz: Sjølvskriven tekst om barndomsminne tilknytt Emblemsbygda
Andreassen, Randi og Harald: Livsminne om Inga Damskov Pedersen via Heidi Lillevold
Andreassen,
Randi: Livsminner delt i gruppa "Gamle bilder fra Emblem" på Facebook.
Flydal, Ivar: Ein liten tekst om bedehusa på Emblem
Google maps og Gule sider
Kirkebøkene og folketellingar er henta på nett frå
www.digitalarkivet.no
Lillevold, Heidi: Livsminner delt i gruppa "Gamle bilder fra Emblem" på Facebook
Magerholm, Kåre: "Om folket på Magerholm" kort upublisert tekst
Rabbevåg, Egil: slektsopplysningar frå Hesseberg og Magerholm
Straume, Jakob: "Kristenliv på Sunnmøre". Lunde forlag, Bergen 1950
Ulstein, Ragnar: Muntleg informasjon om tida på Magerholm via Birgitte Ulstein
Ulstein Jenny Mine: Muntleg informasjon om då dei kom til Magerholm
Ulstein Birgitte: Livsminne frå barndommen på Magerholm via Facebook
Østrem, Svein Ove: "Bedehuset"
http://www.emblemsbygda.com/34569322
Olsvik, Frøydis: Livsminner delt i gruppa "Gamle bilder fra Emblem" på Facebook
BIlete av Berntsenhuset på Magerholm. Det er kanskje frå flyfotograferinga av bygda på 1950-talet. Papirkopiane i svart/kvitt vart gjerne handkolorerte før dei vart levert til kjøparane i kring på gardane i Emblemsbygda. Biletet tilhøyrer Birgitte Ulstein
Ludvig Berntsen hos fotograf Stamsvig, Eckroll i Ålesund 1905. Orginalen tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal, arkivref.: AM-95003.001852
Ludvig Adolf Lillevold kalla seg Berntsen til etternamn i vaksen alder. Her er han fotografert med kona Olivie Regine Lovise Hesseberg frå Bryggå på Hesseberg i 1908 av fotograf Johannes Sponland i Ålesund. Biletet er i Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal sitt eige. Arkivreferanse er markert på biletet.
F.v.: Olivie Hesseberg og ektemannen Luvig Adolf Lillevold, som kalla seg sjølv Berntsen i vaksen alder. Dei andre er enno ikkje bekrefta, men det kan vere svogeren Lars Blindheim og kona Ane Hesseberg (begge sittande) med svogeren Ole Hesseberg ståande bak. Fotografen er Johannes Sponland i 1911. Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal. Arkivref.: AM-95003.016135
Besøk i hagen. F.v.: Marie Olsen, Ludvig Berntsen og ein førebels ukjend på same benk.Resten er stort sett ukjende. Lærar Bernhard Olsen i svart dress sit med dottera Frøydis (g. Olsvik) på fanget. Det er mogeleg at dama med utslått hår og kvit kjole bak skuldra hans er Jofrid Akslen (g. Emblem). BIletet tilhøyrer Frøydis Olsvik.
Vestenden på den vesle låven blei garasje. Det var ikkje lett i snørike vintrar med harde vinterdekk og av og på med kjetting. For å sleppe dette vart det grave ut tomt til garasje lenger oppe, på motsett side av hovudvegen, Magne Ulstein hugsar at han vart overraska av mykje skjell i leira. Ragnar Ulstein og familien flytte frå Magerholm i 1964 og det blei ingen garasje der, men ein ser tomta.Biletet tilhøyrer Magne Ulstein
Søndagsbilete av Ragnar Ulstein på landgansvóren. nybåten i framgrunnen og trelastlageret til P & K Nedregotten i mellomgrunnen. Den gamle fergekaia i tre lengst bak. Biletet tilhøyrer Magne Ulstein
då Ragnar Ulstein kom til Magerholm frå Fana 1960 vart sommaren nytta til krattrydding. Der var då ei stund sidan uteområda hadde vore halde i hevd. Resultatet vart flott. Båten til Ludvig var no tjørebreidd men lekk. Ragnar bestilde resolutt ny båt i Tresfjorden. Gamlebåten bytte han mot eit kjærrelass med gjødsel frå Olav Engeset. nybåten held heilt til nyttårsorkanen i 1991. Foto: Magne Ulstein
Uvér ved Gasseneset nedanfor huset. Normalt kunne ein gå ut på svaberga. Foto: Magne Ulstein
Magne Ulstein ute med båten. det vart mange fiskemiddagar etter kvart. og den friluftsinteressa har han fortsett med. Biletet tilhøyrer Magne Ulstein
Uvérsbilete. Ein ser frå Berntsenstøa innover mot trelastlageret og den gamle fergekaia Biletet tilhøyrer Magne Ulstein
springflo med Magerholmen omlag midt på biletet og Aursneset i bakgrunnen. Normalt kunne ein gå ut på svaberga. Biletet tilhøyrer Magne Ulstein
Typisk søndagsbilete av Magne Ulstein med hunden og nybåten frå Tresfjorden i bakgrunnen. kontrastane til byggefeltet i Fana der familien kom frå i 1960 var store. Magne fekk særleg smaken på friluftslivet. Biletet tilhøyrer Magne Ulstein
ruskevér på fjorden kunne merkast ved Gasseneset sjølv om Magerholmvika og området elles var lunt og godt egna til fruktdyrking. Biletet tilhøyrer Magne Ulstein
Mer infoLiker
| |
 |
|
|
|