I ein
tekst om dei eldste arkeologiske funna frå bygda kjem ein ikkje
utanom førstekonservator Per Fett ved historisk museum i Bergen. Han
var arkeolog og ansatt ved museet i heile si yrkeskarriere. For
ettertida er han mest kjend for det imponerande stykke arbeid han la
ned i registreringa av dei vestnorske fornminna. Det resulterte i 80
hefter på 1950-talet, eit for kvart prestegjeld. Det har ikkje vore
nokon som har kunne visa til noko liknande etter han. Difor er det
framleis Fett sine registreringar, i form av eit søkbart arkiv, som
eg har vald som hovudkjelde. Eg har også vald tidvis å presentere
funna med registreringsnummer. I tillegg har eg lagt til nokre funn
som aldri vart registrerte eller meld til styresmaktene. Andre funn
er ikkje tilstrekkeleg granska, men kan likevel ha verdi når ein
skal forsøke å danna seg eit totalbilete. Vidare bør eg nemne at
dei andre hovudkjeldene mine er det første bandet av bygdebøkene
for Borgund og Giske frå 1957 og boka «Fra de første fotefar» frå
1984. Den siste er heilt eller delvis basert på Per Fett sin
orginaltekst frå bygdeboka, men oppdatert med ny forskning og ny
kunnskap. Desse kjeldene er hovudsakleg dei kjeldene som har tatt for
seg fornfunna i nyare tid. Etter Per Fett sitt registreringsarbeid
som endte på 1950-talet har det rett og slett ikkje vore arbeidd
like grundig og omfattande med fornminna frå bygda vår. Årsaka til
dette er kanskje at det ikkje har vorte arbeid med å revidere
bygdeboka før no.
I denne
samanfattinga har eg fokusert på Emblemsbygda frå Magerholm til
Puskhøla. Det vil seie at andre samtidige funn frå nabogardane
(mellom anna Blindheim og Vegsund) som regel ikkje er omtala. Berre
unntaksvis har opplysningar frå andre stadar vorte tekne med. Det er
der dei er nytta som tilleggsargument som anten støttar eller kan
dels avkrefte påstandar og hypoteser som måtte komme.
Kor lenge har Det vore
menneske på Emblem
Dette
er kanskje det store spørsmålet som ingen kan svare heilt konkret
på enno. Me har for vane å syna til veidefolk som kom sør frå og
utnytta ressursane langs brekantane på mellom anna Sunnmøre, omlag
slik som ein lenge har nytta hava og iskantane i dagens arktiske
strok til fiske og fangst. I boka «fra de første fotefar» om
Sunnmøres forhistorie vert det også drøfta om det har vore bofaste
menneske før og under istida frå omlag 80 000 år sidan. Det vert
hevda at det i so fall kun kan ha vore i vestvendte hellarar langs
kysten der isen var tynnast, og at det på den tida var bunde opp so
mykje vatn at der var tørrt land ute i nordsjøen. Der har ein funne
restar etter reinsdyrbein saman med fiskefangsten. No vert dette
truleg berre vage spekulasjonar, for ein har ikkje funne klare spor
etter denne fangstkulturen, lik det dei har funne kring Hamburg.Ved
sidan av buplassar ved kysten kan det også ha vore berre stadar i
høgfjellet lenger aust. Her driv mellom anna skredeksperten og
lokalhistorikaren Astor Furseth med eit viktig registreringsarbeid
etter bogestillingar og fangst. Om dette vil gje svar på spørsmål
om denne gamle fangstkulturen har flytt etter reinsdyra inn mot land
etter kvart som varmen smelta istids-trundraen lenger sør i Europa,
ja der må vi berre vente å sjå. Mest sannsynleg er eventuelle spor
utraderte av ismassane for lenge sidan.
Mot
slutten av istida finn me derimot ei rekkje spor etter menneske. Dei
mest kjende var «Fosnafolket». Namnet kjem frå det gamle namnet på
Kristiansund, av di det var i dette området dei første funna
tilhøyrande Fosnakulturen vart gjort i si tid. Eg meiner at ein skal
vere litt forsiktig med å ha bastante meiningar om kven som var
først ute, for dette vert først og framst rekna ut frå kva ein til
no har funne. Andre funn har ikkje vorte nøyare granska på nær 100
år, og med ein langt meir primitiv kunnskap og teknologi enn det
arkeologane kan nytte i våre dagar. Soleis måtte ein mellom anna
seie seg nøgd med at Skylehammaren, mot grensa til Flisnes, hadde
eit tjukt kulturlag frå folkevandringstida (ca. 400- omlag 570 e.
kr.) og baketter utan att ein kunne stadfeste kor lenge det hadde
vore folk der. Skylehammaren er per i dag det viktigaste funnet og
vitnar om at det har bodd folk i bygda vår temmelg lenge.
Petter
Kaldhussæter (1907-198 ) frå Kaldhusgarden (Hatlebakken) synte meg
ein gong ein underleg stein, som kunne ha vorte nytta som eit slags
søkkje eller liknande. Han fortalde at den vart funne like ved
Trollfossen, rett aust for tunet, og framvist på Sunnmøre Museum.
Han hadde vorte fortald at den kunne vere så gamal som 7000 år. Eg
hugsar at eg vart svært fascinert over denne steinen, sjølv om eg
berre var ein gutonge på den tida. Me funderte over at kanskje den
hadde falle overbord frå ein eller annan primitiv farkost, eller
kanskje den vart sittande fast? Eg veit ikkje kvar den vart av etter
dette, og kan difor heller ikkje gå god for dateringa, men det er
likevel på sin plass å stadfeste at det fanst folk lenge før
400-talet på Emblem. På Magerholm vart det funne ei flintflekke.
Denne flintflekka vart i si tid raskt tilverka med tre korte slag.
Den er vanskeleg å datere, men ein veit at der er funne finare
utgåver i steinalderfunn ved Borgundgavlen. Desse funna er frå ein
av dei lunaste stadane på Emblem. Det er også andre funn kring
Flisneset og i resten av Ålesund kommune som vitnar om at det har
vore busetnad, heilt eller periodevis i lang tid. Havnevika på
Flisneset er kanskje det beste dømet. Her fann Anth. Lerheim ei
samling avkapp av flint ved ein hellar. Denne hellaren har aldri
vorte utgraven, men funna er likevel daterte til steinalderen. Det er
dermed på sin plass å påstå at det har vore steinalderbusettingar
på Emblem, men det er ikkje sikre prov på stadfast busetting enno.
Det er også grunn til å tru at der har vore menneske på Emblem i
eldre steinalder. I den tidlegare nemnde boka om sunnmøres
forhistorie s. 22 er i alle fall ei trinnøks frå tida 7000-3000 år
f. Kr. registrert på Emblem. Det er funn merka B 9724 frå Ramsvika
der 4 steinøkser vart funne. Dei var av ulike slag og låg ikkje
saman, så funnet kan soleis kanskje vitna om lengre busetting også.
I tillegg til trinnøksa var det ei som var heilt rundslipt med egg i
båe endar. Den eine egga var tvert på den andre. Den var lita med
breie eggar, so den såg temmeleg underleg ut.
Frå veidemenn til bønder
- Bronsealderen
Det
meste av det som er skrive ovanfor har handla om veidemenn utan
særleg fast tilknytning til stadane der dei opphelt seg. Kanskje var
det snakk om sesongar og jaktturar nordover lik det ein kjenner frå
ishavsfiske og fangst på mellom anna Svalbard i moderne tid. Kanskje
tek me også feil. Uansett så vil me finne bustadar med kulturlag
som kan gje rom for å tolke det dit hen at nokon kan ha vore meir
bufaste langs kysten vår. Om det var slik på Emblem også skal eg
ikkje påstå for det har eg ikkje kompetanse til å vurdera.
Forskning viser derimot at det kring 2000 år f. Kr. kom eit nytt
folkeslag til våre trakter. Dei kjende til hesten, dreiv litt
jordbruk, men kunne også følge krøterflokkane av garde på jakt
etter dei beste beitemarkene Det kan verke som dei kom frå aust og
kanskje Russland ein stad. Dei reiste vidare gjennom både Polen og
Sverige før dei kom til Sunnmørskysten via Trøndelag. Ein tenkjer
seg at dette folkeslaget tok med seg eit språk som seinare skulle
utvikle seg til mellom anna norsk. Dei er elles kjende for å nytta
båtforma stridsøkser av stein.
I løpet
av dei neste 1500 åra vert desse to folkeslaga til eitt. Per Fett
våga påstanden om at nykomarane kan ha vore ei slags overklasse
også. Truleg finst der stadnamn som har sitt opphav frå både
veidarane og dei nye «bøndene», men veide-namna er mest
uforståelege for ettertida. Etterkvart kom der kanskje hus og
spreidde gardsbruk, men veidefolket fekk også med seg delar av sin
fangstkultur inn i den «nye» tida. Det var ikkje mykje til
bronsealder på våre trakter, men nykommarane kan ha vore
handelsmenn også. Kanskje fortsette dei å ha tilknytting til landa
der dei opphaveleg kom frå og førte inn litt bronse denne vegen.
Likevel fortsette nok dei fleste på Sunnmøre å nytte tre- og
steinredskapar. Nokre av desse våpena vart laga slik at dei hadde
etterligning av støypekantar også. Det er mogeleg at dette folket
med seg ny gudetru også. Det er mogeleg at gudar knytt til sola som
livgjevande kraft allereie fanst mellom veidarane, men no vart også
«hjelp» frå gudeverda viktig for å få gode avlingar.
Nok ein
gong er det på Magerholm ein finn spor etter menneske. Der vart det
funne ein flintdolk. Frå katalogen til historisk museum i Bergen
kan me lesa følgande om gjendstanden merka B3259: «En smuk Dolk
af lys, graablaa Flint, 0,223 m. lang med firesidet Haandtag, der er
bredest ved den ovenpaa flade Knap. Bladet viser paa flere Steder
Spor af Slibning og er meget regelmæssigt, ligesom Haandtaget viser
forsirede Rænder, f. paa Magerholmen ved Aalesund.».Det
var også noko anna interessant ved denne dolken. Per Fett fortel at
han hadde «Støypesaum». Slike dolkar var veldig populære mot
slutten av steinalderen. Dei var rett og slett så mykje nytta at ein
kan kalle perioden for dolketida. Våpenet frå Magerholm vart laga
på ei tid der ein kjende til støypeteknikken for bronse med to
halve former som vart lagd ihop.
Frå
denne perioden har ein også funn lengst vest i bygda. Fleire av
desse er frå lune viker og utsiktstadar. Det er kun registrert eit
arkeologisk funn i Eikenosvågen, men det er til gjengjeld nettopp
frå denne perioden. På hovudbruket vart det funne ein pilodd av
kvarts. (B7426) Mykje av bearbeidinga minnar om den som ein nytta til
flintarbeid, men dette var meir krevande arbeid. Den vart tilhogd frå
alle sider av ein lien stein. Det kan tyde at det ikkje var veidarar
som hadde laga den. På Øygarden i Puskhola vart det også funne ei
«skaftholøks» (B7426) av stein ved elva på bruk nr. 1, på ein
stad som vart kalla «Nova» på nordsida av låven. Dette var også
av ein heilt annant type enn veidarande nytta. Holet i steinen til
skaftet var bora ut anten med ein spissa pinne eller ein røyr-knokkel
ved hjelp av sand og vatn. Problemet med denne teknikken var at øksa
vart svakare ved skaftholet. Brukaren hadde også vore uheldig, slik
at han måtte bore nytt hol etter at øksa hadde brotna ved det
opphavelege skaftholet.
Dei
meir særmerkte funna på Emblem frå denne tida var røysene på
Flisneset og Flisholmen. Det er registrert heile 5 stykker som eg
kjenner til. Tre av desse låg på sørstranda frå Verpet og vidare
utover. Dei to største hadde eit tverrmål på 16 meter og var
mellom 1,5 og 2 meter høge, medan den minste var på 3,9 og 12 meter
i tverrmål.. Dei to mest markante røysane låg på Neshaugen på
Flisneset med vidt utsyn over fjorden i himmelretningane nord, vest
og aust, og ved eit stup mot vest på Flisholmen. Neshaugrøysa var
på 12 meter medan Flisholmrøysa var størst med sine 17 meter i
tverrmål. Bronsealderrøysene hadde som regel berre eit gravkammer
og vart gjerne mura opp av steinheller.
Der er
også ei anna opplysning som kan verke interessant. Det er ikkje
langt frå bronsealder-røysene på Flisneset til sjøkanten ved det
som ein gong var Østrem og i seinare tid Nedregotten. Her finn ein
Kleberghammaren med, i si tid, gode emner til gryter og ikkje minst
former til smelting av bronsegjenstandar. Det er umogeleg å seie,
men allereie på 1760-talet har me sikre kjelder som fortel at denne
steinsorten mest var uthoggen i dette steinbrotet. Sjølv om me ikkje
veit, så kan det likevel vere spanande å tenkje seg at det har vore
laga bronsearbeid på Emblem, dei hadde i alle fall emner til
støypeformene lokalt. Uansett vart ikkje slike arbeid allemannseige,
men kven veit om der ikkje var ein lokal hovding eller stormann ein
stad i det som i våre dagar heiter Emblemsbygda og at han hadde ein
bronsedolk. Nokre av røysene frå denne tida kan i alle fall bidra
til å styrke påstanden ytterlegare.
Jarnalderen
Ein
reknar jarnalderen frå omlag 500 år før Kristus i Norge. Namnet
tek utgangspunkt i at ein tok til å nytta jarn. Etterkvart lærte
ein seg å utvinna jarnmalm frå myrene, som det framleis er so mange
av på Emblem. Kring 200 e. Kr. byrja ein også å herde jernet til
stål. På denne tida vart materialet for alvor ein konkurrent til
bronse og stein, sjølv om dei truleg vart nytta side om side lenge
enno. Problemet med denne perioden er at gravskikken var likbrenning.
No var dette ikkje berre for dei rikaste, men truleg vanleg skikk for
folk flest også. Dermed vart det mest ingen ting att av gravgods for
ettertida. I Emblemsbygda har ein heller ikkje funne noko som ein med
sikkerheit kan konstatere at det var frå denne tida. Derimot kan ein
med sikkerheit slå fast at det budde folk der. I mangel på funn kan
ein legge til grunn påstanden om at heim-namna truleg kan stamme frå
eldre jarnalder. Dei hadde ei heilt anna form og uttale enn i våre
dagar, men gardane Emblem og Østrem er omskrivingar av slike namn,
der «Blindheim»-namnet truleg er det som liknar mest på den
opphavelege forma. Det kan bety at desse to gardane eksisterte som
gardar med eit liknande namn i alle fall på denne tida. Dei andre
gardane i bygda fanst truleg ikkje som eigne bruk enno. Desse skal me
kome attende til seinare. Arkeologen og namnegranskaren Oluf Rygh
arbeidde mykje med korleis namna kan ha endra seg baketter i tida og
fann fram til dei ulike måtane gardsnamna vart skrivne på i
dansketida. Han la særleg vekt på tidsrommet der me har moderne
skriftlege dokument frå omtrent 1500-talet, etter reformasjonen, og
vidare fram til omlag 1900. Han sette fram ei rekkje påstandar som
er omtala i gardsoga for Borgund og Giske, men når det gjeld
Emblem-namnet så konkluderar Per Fett truleg rett når han skriv i
1957 at namnet ikkje utan vidare let seg tyda lengre. Eg vågar difor
påstanden at det kanskje også har ein samanheng med eit eldre namn
frå anten bronsealder eller veidetida. Det har vore busetting der
tidlegare, og kanskje også bufaste bønder, så det er ikkje heilt
usansynleg at det fanst namn på staden før Emblems-namnet fekk si
heim-ending. Kanskje er dette grunnen til at det er så vanskeleg å
tyde den opphavelege meininga. Elles var det mellom anna Oluf Rygh
som hevda at namnet kunne ha vore noko slikt som «Imileimar», der
Imil kunne ha vore eit elvanamn, eller «Imlar» som kunne vore ei
avledning av støv eller damp, men så vidt meg bekjent så har det
aldri vore noko damp knytt til evane som renn forbi emblemsgardane.
Den einaste elva som det dampa av var den som gjekk frå det
opphavelege Strokevatnet og ned mot Gamle Emblemseter, rett vest for
langevatnet. Andre har nytta tydinga «våre heimar», men det
einaste som truleg er rett, er at Østrem (aust) kan ha vore skilld
ut frå hovudgarden Emblem etter rimeleg kort tid.
Folkevandringstida
På eit
tidspunkt omlag 400 e. Kr. vart me stadig meir påverka av Romersk
kultur. Dette veldige riket var ikkje det første som Emblemarane lot
seg påverke av. Heile kulturen og folket hadde rett nok kome aust
frå, og truleg også i epokar fra sør. Keltarane var ei anna
folkegruppe som påverka oss. No kom nye bygdelag til og folketalet
vaks. Ein finn etterkvart flotte gullsmedarbeid og eksempel på ein
framveksande norrøn kultur. Tidsrommet frå omlag 400-550 e. Kr.
vert i ettertida også kalla «Folkevandringstida» i Norge. Dette
har eigentleg samanheng med dei store folkevandringane på det
europeiske kontinentet etter at nomadefolket hunerane frå
Sentral-Asia tok til okkuperte austlege delar av Europa på
300-talet. I våre dagar er truleg hunarkongen Atila den mest kjende.
For
Emblemsbygda sin del så vart det omtrent på denne tida avlegs å
brenne dei døde. Dermed har vi funne fleire flotte gravminne frå
nettopp folkevandringstida. Det var ikkje noko skarpt skillje, for
begge skikkane levde side om side framleis, men det var kanskje dei
frå dei øvste sosiale laga som slutta med brenninga først. Det var
ikkje lenger like vanleg å legge dei døde i haugar langs sjøleia,
men oftare ved gardstunet. Grava var som regel kantsett av
steinheller og ofte med dekkheller oppå.
Gravgodset
var i tillegg til klede, våpen og smykker også mat og drikke. Ein
kan tenkje seg at det var slik at den døydde skulle anten ha med seg
mat på reisa til dødsriket, eller at dette var offergåver til
gudane. Leirkrukker var ein annan ting som ein ofte kunne finne i
desse gravene. Mykje tydar på at ein på Emblem fortsatt heldt fast
ved gravlegging på utsynstadar i denne perioden.
Ystebø-røysa
Det
er frå denne tida me finn den særmerkte Ystebø-røysa og dei
nyaste funna i Skylehammaren. Du finn også ei eiga underside her på
Emblemsbygda.com med avskrift frå P. Stensager sin rapport frå
oppdaginga og utgravinga av nettopp Ystebø-røysa. Det var i
forbindelse med forarbeidet til ei eiga gardsoge for Borgund og Giske
at mellom anna Anthon Lerheim og Peter Stensager arbeidde med å
registrere fornminner i dei ulike bygdelaga i desse kommunane.
Stensager reiste også ikring for å intervjue dei eldste i mellom
anna Emblemsbygda. Det er mogeleg at det var i forbindelse med dette
intervjuet at han tok seg tid til å granske ei steinhelle den 14.
september 1922, omlag 100 meter vest for tunet. Det synte seg å vere
ei grav. Dermed vart konservator Johs. Bøe frå Bergen museum
kontakta. Berre 7 dagar seinare starta utgravinga av det som skulle
syne seg å vere ei gravrøys på 12 meter i tverrmål med heile tre
hellekister som låg ved sidan av kvarandre i retninga aust-vest. Den
eine hadde vorte plyndra, men i dei to andre fann ein menneskerestar.
I
den sørlegaste steinkista fann ein ei mannsgrav med sverd, spyd med
mothakar, kniv, saks , belte med spenne og «beltestein», samt eit
bryne av kvarts. Oppå dette låg det eit lag med matjord og deretter
levningane av ein mann med leirkrukke og spyd med to eggar. Begge låg
med hovudet mot vest. Kanskje var det slik at grava hadde vorte nytta
om att når restane av den som først vart begravd var borte? Om det
kan ha vore ei familiegrav er nok vansklegare å seie med sikkerheit.
Den
midterste grava var bygd mot ein stein og den var plyndra tidlegare.
Dette var truleg ei kvinnegrav, for her fann ein restar av ei
krossforma spenne, leirkrukke, saks og nokre småting. Den siste
grava var nedskoren i auren. Der fann dei ei kvinne med tre
krossforma spenner, to snellehjul, kniv og leirkrukke.
Per
Fett fortel vidare om desse funna at sverdet først og framst var eit
frimannsvåpen. Gravene låg høgt og fritt, så ein kan tenkje seg
at det kan ha vore velhaldne folk på Ystebøen. Det er interessant å
merke seg at dei to spyda, eit med mothakar og eit med to eggar,
normalt vart nytta som eit par av samme person. Slike var som regel
like lange og like tunge, men i dette tilfellet vart dei lagde i kvar
si grav. Det er dette som får ein til å tenkje at det var ein
forbindelse mellom dei to som vart lagt i den same steinkista. Saksa
liknar på meir moderne sauesakser og beltet høyrde til ei
mannsdrakt.På ryggen sat ein beltestein som ein kunne nytte til å
slå eld mot eit jarnstykke. Det var vanleg at bryna var av kvarts på
denne tida. Leirkrukkene i gravfunnet frå Ystebøen var spannforma,
for dei var først og fremst kokekar, der ein hadde spedd leira med
asbest for at karet skulle verte eldfast.
Ein
kan undre seg på kvifor der fanst krossforma spenner frå
førkristeleg tid. Slike var nok først og framst kalla «korsforma»
på grunn av utforminga si. Dei var svært vanlege kring Nordsjøen
på den tida og skulle truleg ikkje symbolisere eit kross i kristeleg
meining av ordet. Spenna hadde tre knoppar på ei plate med eit
dyrehovud nederst. Dette var ei særs vanleg spenne i den tidlegaste
folkevandringstida mellom omlag 400 og 475 e. Kr. Snellehjulet var
det gamle spinnereiskapen før rokken kom. Den vart nytta til å
lage tråd av ull. Det var dermed truleg snakk om vaksne kvinner som
vart gravlagde. Truleg var dei også gardskoner og ikkje kven som
helst. I so fall kan det vere snakk om anten to ulike generasjonar, i
direkte slektsforbindelse eller i alle fall brukarar på den same
garden. Ystebøen var nok ingen eigen gard på den tida, så det kan
anten bety at det gamle tunet kan ha lege der oppe, eller så var det
utsikta ein tenkte på. Kanskje var dei særs akta og difor lagt til
kvile på ein sopass synleg stad ovanfor garden? Eg vil i alle fall
tru at det ikkje låg ein gard der oppe. Det er nemleg fleire funn
frå Emblem som slår foten under ein slik påstand om at gravene
vart bygd rett ved tunet. Seinare forskning har synt at det truleg er
berre 50 år mellom bygginga av den eldste og dei to ynsgte kistene.
Matjordlaget vart truleg lagt på for ikkje å forstyrre den som vart
gravlagd først. Granskingane syner også at det er snakk om
velståande bønder som er gravlagde.
I
Emblemsvågen fanst det gravrøyser fram mot 1900-talet som også er
frå folkevandringstida. Det er sjølvsagt mogeleg at Emblem bestod
av fleire tun slik som i dag, men det er nok først og fremst den
særmerkte plasseringa som er den åpenbare forklaringa på kvifor
gravhaugane vart lagde på Ystebøen og nede ved sjøen. Me veit at
der har vore velhaldne folk av fin ætt på Emblem. Desse gravene kan
tyde på det same. Kanskje kan der ha vore småhovdingar og i alle
fall sjølveigde bønder på Emblem. Problemet er at dette berre kan
verte spekulasjonar, for me kjenner ikkje til klare prov på
namngjevne personar av høg byrd før 1200-talet. Samstundes veit me
at der har vore mektige folk på Sunnmørskysten langt tidlegare enn
dette og Emblem må ha vore ein god og lun stad for eit lite
herskapssete.
Gravrøysene i
Emblemsvågen
Kjeldene
er ikkje heilt eintydige når det kjem til kor mange gravhaugar og
røyser som i si tid låg i Emblemsvågen. Per Fett har klart å
beskrive 4 av desse for ettertida, men det er ikkje umoglega at der
var fleire som var opna og burte i løpet av 1800-talet ein gong. Per
Fett nemner i alle fall «en
stor mengde smaa rundhauger....som i 1874 blev udgravne, uden at
noget fund blev gjort». Han
nemner også Nicolaysen (1875) s. 241 som kjelde. Det er vanskeleg å
vite om dette er dei same 4 haugane som seinare vart registrerte, men
påstanden om at der ikkje vart funne noko kan tyde på at det ikkje
var dei same. Det kan altså ha vore mange fleire enn 4 graver i
emblemsvågen. Her er utdrag frå Per Fett sin seinare omtale av
desse gravhaugane som vart daterte til tida 300-600 e. Kr.
To
av av desse vart omtala som ein «gravflokk» på ei terasse 75 meter
nordvest for vågsbotnen. Den eine vart utgraven kring 1870 og låg
tett aust for naustvegen. Der fann dei ei steinkiste med våpen og
bein. Haugen var vekke i 1950. Tett sørvest for den første låg det
ein identisk haug med tverrmål på 2, 9 meter og 1,5 meter i høgda.
Denne var urøyvd og begrodd med bjørk. Haug nummer 4 låg 3,3 meter
nord for det inste naustet. Det var berre tufta att kring 1900 og
tverrmålet langt større med omlag 10 meter. Det er mogeleg at det
var kring denne største haugen at dei små haugane vart observert i
si tid. Frå funnkatalogen til Historisk museum (UNIMUS) kan me lesa
ytterlegare informasjon om desse funna. Her er Per Fett si
registrering i heftet «Førhistoriske minne på Sunnmøre. 13:
Borgund Prestegjeld» frå 1950 utheva, medan teksten frå
funnkatalogen er skråstilt.
B7449 I – Fvt.
mannsgrav frå fk. nr. 1, grav 2. Bilete: tilv. Fig. 15. Tilv. i B.
M. Årbok 1922-23.
Spandformet
lerkar, sml. Ab. 04, fig.31, av ganske godt, tyndt mørkegraat gods.
Orneringen meget enkel og utført med et kamlignende instrument med
tre ganske brede tænder, hvorav den midterste har hat et litet hak
som har efterlatt en svakt ophøiet list i bunden av furen. Med denne
kam er trukket et baand rundt karret omtrent en tomme under randen og
herfra vertikalt ned til ca. 1 cm. over bunden, slik at de stripete
felter veksler med noget smalere glatte. Det vel 1 cm. brede felt
ovenfor bunden er orneret med et belte paa 6 tynde linjer, ogsaa
trukket med kamlignende redskap. Bunden er knust, men foreligger
næsten komplet. Væggen er et sted sprukket fra øverst til nederst.
Ellers er karret helt og vel bevaret. Høide 13,1, bredde over randen
15,9 cmb.
Spydspiss av formen Nye Jernaldersfund, fig. 73, 77 men
forholdsvis slankere. Forrustet, men formen tydelig. Spor av træ i
falen. Længde 20,4 cm. Avb. fig. 15c.
Deler av skelet av
fuldvoksent individ, særlig av hjerneskallen og rygsøilen
B7449 II – Fvt.
mannsgrav frå fk. nr. 1, grav 1. Bilete: tilv. Fig. 14, 16. Tilv. I
B. M. Årbok 1922-23
Tveegget
sverd nedlagt i træslire med halvrund dopsko av jern, nær
Evebøsverdets V. J. G., fig. 253, men som det synes, uten knap.
Ogsaa haandtaket har været belagt med træ og knappen har rimeligvis
været av samme materiale. Sverdet forelaa komplet i 2 stykker i
graven. Længde tilsammen vel 90 cm. Avb. fig. 14b. Slank liten
spydspiss med mothaker, R 212. Den ene agnor knækket, men tilstede.
Falen ubetydelig defekt, ellers godt bevaret. Længde 22,8 cm. Avb.
fig. 16c.
Odden og et stykke av bladet av en kniv, sterkt
rustetd. Saks av almindelig ældre jernaldersform, meget rustætt og
knækket i fire stykkere. Simpel beltespænde av jern av form som et
cirkelsegment. Tornen tilstede fastrustet. Bredde 4,5 cmf. Slank
beltesten av hvit kvartsit, R. 154-155, med indfatningsfure og
ubetydelige slagmerker paa den øvre hvælvede side. Længde 10,6
cmg. Et 7,9 cm. langt stykke av et kvartsbryne med ovalt tversnit,
slitt helt rundth. 2 ubestemmelige jernstykkeri. Stykker av
menneskelig skelet, nemlig av hodeskalle og laarben.
B7450 – Beltestein,
skal vere frå fk. nr. 1, grav 4. Tilv. I B. M. Årbok 1922-23.
En
beltesten av rødbrun kvartsit, temmelig slank form, med
indfatningsfure og tydelige slagmerker øe besøkte stedet i septbr.
Skaarene laa i en fordypning, som kunde være rester av et muret
gravkammer, høit og noget ekscentrisk i en stor, tør stenrøis.
Beretning i arkivet. Gave fra Skak Johannesen Lomelde. (7549).paa
begge sider. Længde 9,7 cm. Fundet for flere aar siden av P. Emlems
far i en hellekiste i nordøstre side av samme haug paa Emlem,
Borgund s. og p., Møre, g.-nr. 6, br.-nr. 5. Intet andet fandtes.
Kisten blev kastet igjen uten nærmere undersøkelse.
B7548 I – Brot av
spannforma krukke frå fk. nr. 1. Tilv. I B. M. Årbok 1923-24
Spandformet
lerkar, sml. Ab. 04, fig.31, av ganske godt, tyndt mørkegraat gods.
Orneringen meget enkel og utført med et kamlignende instrument med
tre ganske brede tænder, hvorav den midterste har hat et litet hak
som har efterlatt en svakt ophøiet list i bunden av furen. Med denne
kam er trukket et baand rundt karret omtrent en tomme under randen og
herfra vertikalt ned til ca. 1 cm. over bunden, slik at de stripete
felter veksler med noget smalere glatte. Det vel 1 cm. brede felt
ovenfor bunden er orneret med et belte paa 6 tynde linjer, ogsaa
trukket med kamlignende redskap. Bunden er knust, men foreligger
næsten komplet. Væggen er et sted sprukket fra øverst til nederst.
Ellers er karret helt og vel bevaret. Høide 13,1, bredde over randen
15,9 cmb.
Spydspiss av formen Nye Jernaldersfund, fig. 73, 77 men
forholdsvis slankere. Forrustet, men formen tydelig. Spor av træ i
falen. Længde 20,4 cm. Avb. fig. 15c.
Deler av skelet av
fuldvoksent individ, særlig av hjerneskallen og rygsøilen
B7548 II – Fvt.
kvinnegrav frå fk. nr. 1. Grav 3. Tilv. i B. M. Årbok 1923-1924.
Knop
av korsformet bronsespænde, støpt med fuld runding. Har været
fæstet paa egen akseb.
Mange skaar av spandformet lerkar,
utgjørende tilsammen det meste av karret. Buken er ved vertikale
linjegrupper inddelt i felter som er dækket med horisontale linjer
med skraalinjer over, til et snorlignende ornament. Godset
forholdsvis tyndt. Karret har rester av jernbaand om randen, og er
indrettet for det. Formen tør ha været omtrent som Spandformede
Lerkar, fig. 27c. Forrustede jern stykker, deriblandt et stykke av
bøilen av saks som R. 272, en tynd jernspiss, mulig en syl, en
rund liten jernklump som kanske kan ha været et snellehjuld. Smaa
træstykker, ett har kjerne av rust og skriver sig sandsynligvis fra
et skaft til jernredskape. Kulprøver
B7548 III – Fvt.
kvinnegrav frå fk. nr. 1. Grav 4. Bilete: tilv. Fig. 11-12. Tilv. i
B. M. Årbok 1923-1924.
Korsformet
bronsespænde, tidlig form med trinde knopper paa egen akse og indhak
til fæste for platen. Under bøilen er en forholdsvis lang ikke
facettert plate som skilles fra det slanke dyrehode ved tre
profilerte ribber. Lang naaleholder, naal av jern. Længde 11,4 cm.
Avb. fig. 11b.
Korsformet bronsespænde av typen Crusiform.
Brooches fig. 35, platen under bøilen dog facettert helt op til
bøilen. Knoppene sitter paa egen akse og har hak til platen. Lang
naaleholder. Længde
9,1 cm. Avb. fig. 12c. Korsformet
bronsespænde, parstykke til foregaaende. I stykker, men næsten
komplet tilsteded. Snellehjul av bronse, kugleformet som R. 166, men
forholdsvis høiere. Orneret paa sedvanlig maate med en omløpende
linje paa midten og 2 X 4 grupper tredobbelte linjer radiært ut fra
hullet. Disse grupper møtes ikke ved midtlinjen. Et stykke av tenen
sitter igjen, den er gjennemtrængt av rust og har sandsynligvis hat
en holk av jerne. Flatt snellehjul av graalig sten. De avrundede
kanter orneret med dobbelte tverstrekerf. Stor kniv med træskaft og
holk av jern, sterkt forrustet og brukket. Samlet længde 15 cm. Et
3,7 cm. langt flatt jernstykke, vistnok stykke av en liten knivg.
Spandformet lerkar av forholdsvis tyndt, asbestblandet gods. Under
randen et ca. 2 cm. bredt felt med ophøiede ribber og linjer. Buken
orneret med smale ribber hvori der er indtrykket skraastreker
sammenstillet i felter, avvekslende horisontalt og vertikalt. Karret
er knust, men foreligger komplet. Høide 12,5, bredde over randen ca.
14,5 cmh. Et stykke Marienglas.
Som
me kan sjå så er funna i Emblemsvågen mykje dei same som på
Ystebøen. Der er sverd, spyd, snellehjul, beltesteinar, leirkar med
asbest og korsforma spenner av bronse. Ein haug utmerkar seg i
størrelse, medan dei andre er mindre. Kan det vere slik at den som
vart gravlagd i den største haugen var mektigare enn dei andre? Kan
det ha vore slik at Ystebø-røysene vart bygd der oppe av di det
vart for liten plass i Emblemsvågen? Ein kan berre spekulere i veg,
men klare svar finn ein neppe. Det hadde likevel vore artig å teste
forbindelsen mellom desse funna nærare. Var der foreksempel ei
slektsforbindelse mellom dei som vart hauglagde? Det ein veit frå
tida kring 400 e. Kr. er i alle fall at det stort sett berre var dei
viktigaste i kvart slektsledd som vart gravlagd i haugar. Dette kan
tyde på at det er snakk om to generasjonar på Ystebøen og minst to
generasjonar i Emblemsvågen. Utfordringa blir om det er slik at dei
som vart lagd i dei små haugane også var familieoverhovud, slik at
der kanskje var enno fleire generasjonar hauglagde kring ein felles
forfar eller hovding. Alt dette kan kanskje framtidig forskning gi
nokre svar på om me er heldige. Snorre fortalde i alle fall at ein
før vikingtida berre valde ut ein og annan som vart lagd i haug,
medan resten vart brende og oska hivd på sjøen.
Skylehammaren
Det
siste store funnet frå folkevandringstida er frå «Skylehammaren»
lengst vest i den gamle utmarka til Emblemsvågen. Denne ligg midt
mellom gravrøyser frå Bronsealderen på Flisneset og gravrøysene
ved vågsbotnen i Emblemsvågen. Var dette tilfeldig? Det er merkeleg
å sjå for seg hellarfunn so seint. På denne tida bygde ein langhus
med omtrent ein meter høge murar og grindkonstruksjonar oppå der
takbjelkane kvilte ned på den tjukke steinmuren. Bustad i ein hellar
får oss til å tenkje lenger attende i tid mot steinalderen og
veidefolk. Kan det ha vore noko særmerkt med dei som eventuelt har
hat tilhaldstad her?
Hellaren
vart utgraven i 1929 av Anthon Lerheim, Konservator Johs. Bøe og
Rasmus Buset. Bøe var den same som grov ut Ystebø-røysa nokre år
tidlegare. Lerheim hadde også funne ein eldre hellar like ved og
hadde si eiga samling av gjenstndar som han overlet til museet. I
Skylehammaren fann dei mellom anna brot av leirkrukker, del av ei
klebergryte, flintstykker, smeltedigel av leire, skjell og bein. Per
Fett påpeikar at det ikkje er heilt uvanleg å finne ting frå
jarnalderen i slike hellarar. Dei same stadane kan ha vore nytta
heilt tilbake til steinalderen, og det var nettopp eit slikt tjukt
kulturlag som vart funne der. Dei yngste funna var frå
folkevandringstida, medan resten var vanskeleg å tidfeste den
gongen.
Det
er også verd å merke seg at der finst eit eige klebersteinsbrot
litt lenger aust for Emblemsvågen. Det er ikkje heilt utenkjeleg at
gryta kom derifrå dersom det var snakk om bufaste folk. Det som
derimot manglar i Skylehammaren er våpen og frimannsvåpenet over
alle andre, sverdet. Kanskje er det ikje så rart. Det kan ha vore
fattige eller kanskje fredlause som budde der. Frå andre tidsepokar
har me høyrt om dei som gjøymde seg vekk i skogane på Yksenøya og
stal for å greie seg. Skylehammaren har ein bratt veg frå sjøsida,
men den ligg likevel temmeleg nært hovudbruket, Emblem, så dei kan
ikkje ha skjult seg særleg godt i so fall. Det er også mogeleg at
der ikkje har vore nokon fast busetting, for der er ikkje tydelege
spor av menneskebein. Har desse derimot vorte brende og nedsett i
foreksempel kar av never og tre, så vil det ikkje vere mogeleg å
finne dei att. Eg vil nok gisse på at det her er snakk om
fattigslege folk, som budde der i den aller siste perioden kring
folkevandringstida. Her hadde dei rik tilgong på fisk og kjøt om
dei jakta i tillegg.
Du
kan lesa meir om funna frå Skylehammaren i eit eige vedlegg som vert
publisert på Emblemsbygda.com under arkeologiske funn.
Vikingtida
Ein
reknar vikingtida i norge frå omlag 800 e. Kr. til omlag 1050.
Perioden har nær tilknytning til vikingeferdene, der angrepet på
klosteret Lindisfarne i 793 er det første me kjenner til. Frå denne
tida har me sagn, namngjevne personar og ei rekkje skriftlege
kjelder, der nokon er baserte på muntlege overleveringar. Ved
byrjinga av vikingetida reknar ein Emblemsbygda som ein gard, men
truleg med to brukarar. (jamfør dei to heim-namna). No endrar også
husholdninga seg frå tre generasjonar, med den eldste mannen som
leiar i kraft av sin visdom, der bruket høyrde til heile familien.
No var det meir og meir snakk om einskilde personar og berre to
generasjonar på gardane. familieoverhovuda vart både yngre og
meir arbeidsføre. Desse kunne no gjeve garden sitt eige namn, slik
som Gudmund på Gudmundset, like aust for Heggebakk, og kanskje ein
annan på Glomset. I denne perioden vart det også slik at mest alle
og einkvar ville gravleggast i si eiga grav. Likevel er det ikkje så
mange gravfunna me he frå denne tida. Kva er årsaka til dette?
Først vil eg sjå litt nærare på kva som ein har funne og
registrert.
På
denne tida er der visseleg eigen gard på Østrem. I ei røys merka
B3179, fortalde den 92-årige Knut Østrem (frå Larsgarden, men
brukar i Steinsgarden) i 1946 at ein slektning av kona hans,
Kornelius Østrem (busett i Ålesund) , fann eit spyd med stykke av
eit treskaft oppe ved dei gamle tuna. Eg vågar å hevde at det er
snakk om staden som for ettertida heiter «Røysane» og ligg like
vest for tunet i Abrahamsgarden. Kornelius var nok berre gutongen då
han fann røysa. Difor er det grunn til å tru at han leika seg på
markane til Steinsgarden, der faren opphaveleg kom frå. Grensene frå
før 1904 og utskiftingane er desverre uklare i våre dagar. Det kan
vere dette funnet som var registrert som ei mannsgrav frå Yngre
Jarnalder i 1877. Per Fett fortel at røysa seinare vart datert til
omlag 800 e. Kr. Ein skal ikkje sjå burt frå at det også kan ha
vore to ulike røyser frå same område.
Frå
funnkatalogen til Bergen museum kan me lesa følgande:
Gravfund
fra en Røs paa Østrem i Borgund Pgd., Romsdals Amt:
a)
Grebet, Odden og to Stykker af Klingen til et tvæegget Sværd. Det
indre Hjalt er ret, fladt firsidet og 0,096 m. langt. Mellemkavlen er
0,08 lang og bredest ved Indrehjaltet. Knappen er stor, flad og
tresidet med skraa afskaarne Hjørner.
b) Et ualmindelig
stort Spydblad, 0,54 langt, uagtet Odden mangler. Skaftholderens
Aabning er 0,025 i Tværmaal. Den har havt to fremstaaende Hager og
er stærkt riflet langsefter - især paa den ene Side. Fra
Skaftholderen, der er 0,16 lang, udvider Bladet sig til en Bredde af
0,055; men derefter aftager Bredden, idet begge Egge danner
langstrakte Buer frem mod Odden.
c) Et 0,14 langt Stykke
af en firsidet Fil.
d) Et lidet Stykke af den ene Arm af
en Jernsax.
e) En liden Ambolt med til den ene Side spidst
udløbende Overflade og firkantet Tap. Høiden er 0,11, Overfladens
Længde 0,11 og Bredde 0,055.
f) En firsidet meget slidt
Hvæssesten, 0,26 lang, men afbrudt i den ene Ende. Bredden er paa
Midten 0,02 og Tykkelsen 0,01.
g) En liden Messingring,
0,028 i indvendigt Tværmaal, med flade Sider men tunget
Yderkant
Fundet er Gave fra Hr. Rektor V. Voss i Aalesund, men
nærmere Fundoplysninger savnes (3179
a-g).
Saks, spyd og spyd kjenner me til frå folkevandringstida og funna på
nabogarden Emblem/Emblemsvåg, som var ein gard på en tida. Det nye
i Østrems-røysa var utstyr knytt til tilverking av smiarbeid Det er
også seinare funne slagg på garden, som låg lageleg til på
markane nedanfor Larsgardstunet. Dette kan ha vore ein ideell stad då
der var både sand, vasskjelde og myr like ved. Garden hadde på
denne tida truleg også eigen utvinningstad for kleberstein og
brynestein ved Kleberhammaren nede ved sjøen. Østremsgardane har
ikkje dei same særmerkte gravhaugane som Emblem, noko som også kan
vera med på å fastsette at Emblem var den første garden i bygda.
På den andre sida så var smisteinen sopass liten at den kan ha vore
nytta til finarbeid, og dermed kanskje smykker eller slikt. Sverdet
var heilt frå Frankrike og av «Karolingisk» type. Det kan tyde på
anten handel over landegrensene eller at den gravlagde kan ha vore på
vikingferd av anten fredeleg eller mindre fredeleg art. Ein del kan
difor tyde på at brukarane på Emblem hadde eit rimeleg godt utkome
på denne tida. Eg vil også tru at det skal ha vore fleire graver
som anten ikkje er funne enno, eller kanskje helst vorte dels
øydelagde utan at dei fagkunnige har fått beskjed.
Ved dei same røysane vart det også observert nokre underlege
steinar. Dagens brukar, Olav Østrem, kontakta for ein del år
tilbake Sunnmøre museum i håp om å få meir kunnskap om kva dette
kunne vere. Steinane låg slik at dei kunne minne om ein slags
offerstad eller kanskje eit gamalt gardshov? Steinane vart granska
utan å gje heilt eintydige svar den gongen.
Der er også andre uregistrerte funn i området. Far min, Olav Østrem
(f. 1942) fortel at då han var gut, så fann dei ei grav der ein
kunne sjå det som truleg var ein mannsperson med spyd og restar av
klede. Det var brukaren i Mattisgarden (br. nr. 1), Fredrik Østrem,
som hadde leigd naboen, Konrad Østrem, i Steinsgarden (br. nr. 4)
til å grave ei grøft. Funnstaden var omlag der dagens nye fjellveg
byrjar. Då Fredrik vart tilkalla gav han beskjed om å dekke til att
grava. Elles vart det ikkje potet der det året. Funnet vart ikkje
meld til styresmaktene. I nyare tid har eg funne ein stein som likna
på ei slags flat steinøks. Den vart sendt inn til Sunnmøre og
vidresendt til Bergen, men me fekk ikkje noko referat eller
konklusjon på om funne var ein slags reiskap eller ikkje.
Det siste registrerte fornminnet frå Vikingtida på Emblem er eit
sverd som skal ha vorte funne i ei røys på gard nummer 5, Emblem.
Både sverdet og røysa er kome burt etter dette. Ein veit rett og
slett ikkje kvar dette kan ha vore funne i si tid.
Med vikingtida er det på sin plass å avslutte det stutte oversynet
over dei eldste fornfunna frå Emblem. Desse funna vitnar om ein høg
alder på busettinga i bygda vår. I tidlegare granskingar har ein
trudd at der kan ha vore ei eller anna form for fråflytting i løpet
av jarnalderen, medan seinare forskning har synt at dette truleg
ikkje har vore tilfelle. Det er dermed mogeleg at der har vore folk
på Emblem heilt frå steinalderen. Truleg har der vore tidleg
busetting av menneske med dyreehald og spreidd dyrking av mat som
leveveg også. Eg vil tru at mykje av fornminna og gravene har vorte
øydelagde opp gjennom generasjonane. Det har lenge gåt gjetord om
at slike røyser kan ha romma skattar og i periodar har det vore
vanskeleg å berga seg. Der er fleire fortellingar om dei som har
levd i stor armod før dei med ett har fått heilt andre levekår.
Problemet er at det er vanskeleg å tidfeste, for ikkje å snakke om
å kvalitetsikre desse opplysningan. Difor er dei ikkje tatt med her.
Målet har vore å skape rom for interesse, litt undring og kanskje
lyst til å grave vidare i funna frå dei eldste tider i
Emblemsbygda.
Kjelder:
Fett,
Per: «Førhistoriske minne på Sunnmøre. 13: Borgund Prestegjeld»
Universitetet i Bergen, Historisk museum 1950, a/s John Griegs
Boktrykkeri, Bergen
Fett,
Per: «Landnåmet i Borgund og Giske», Borgund og Giske, Band I,
Borgund og Giske bygdeboknemnd, Boktrykk – Bergen 1957
Larsen,
Stein Ugelvik et.al.: «Fra de første fotefar» Sunnmøres
forhistorie. Sunnmørsposten Forlag i samarbeid med studiegruppa for
Sunnmøre, Universitetet i Bergen. 1984
Rygh,
Oluf: «Norske Gaardsnavne: Opplysninger samlede til brug ved
Matrikelens Revision. 13: Romsdals Amt». Faksimileutgave (gjentrykk)
børsums Forlag og Antikvariat, Oslo 1969
https://www.facebook.com/AAksIKS/photos/a.421441637911406.103309.420265761362327/490042734384629/?type=1&fref=nf
https://snl.no/hunner
https://snl.no/Jernalderen
https://snl.no/Jernalderen_i_Norge
https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Folkevandringstida
https://snl.no/vikingtiden
http://no.wikipedia.org/wiki/Folkevandringstiden
http://no.wikipedia.org/wiki/Per_Fett