Anton Ragnvald Peder Emblemsvåg vart
fødd den 12. juli 1890 og vaks opp i «Antonesgarden» i det gamle
klengetunet i Emblemsvågen. Han var nest eldst i ein borneflokk på
fire. Mora heitte (Maren) Karen Johanne Karoline Antoniusdotter
Emblemsvåg (1859-1897) og var jordajenta på garden.
Besteforeldra
på morsida kom opphaveleg frå Spjelkavikneset og Nedregård i
Spjelkavik. Det var morfaren, Antonius Britanus Johanson
Spjelkaviknes(3) (1825-1920) som hadde gjeve namn til Antonesgarden.
Soleis kunne ein skilje denne frå «Knutgarden», sjølv om husa
stod tett i tett oppå den gamle marebakken der vegen ned mot
Emblemsanden svingar frå austleg retning og går nedoverbakke mot
småbruket og badeplassen på Sandane. Antonius vart ein svært gamal
mann og Anton lærte nok mykje frå bestefaren sin. Han var den
einaste guten i borneflokken og fekk nok soleis litt ekstra merksemd.
Antonius hadde vore enkemann før Anton vart fødd og Anton sjølv
miste mor si då han var berre 7 år gamal. Dette var berre vel ei
veke etter at søstera Karn Lovise Josefine vart fødd den hausten i
1897. Ei slik hending knytta nok familien enno tettare saman. Ein
manglande vaksen var alt anna en enkelt i dei dagar med den
tradisjonelle arbeidsdelinga mellom gardmann og gardskone. Dette
kunne ikkje bestefaren bøte så mykje på og der var heller inga
kårkone til å hjelpast åt. No trong dei grannane meir enn nokon
gong.
Far til Anton heitte Severin
Kornelius Martinus Rasmussen Kvalen (1856-1952). Han kom frå Sande
og hadde gifta seg til gard og grunn den 12. juli i 1885 på det som
etter kvart skulle verte bursdagen til Anton. Foreldra fekk i alt 4
born før Karen døydde av barselfeber. No hadde Severin tre
mindreårige born og ein nyfødd baby å ta seg av i tillegg til ein
aldrande svigerfar på kår. Eg vil tru at Antonius kunne vere til
brukbar hjelp med dei eldste borna, men både gard og fisket måtte
haldast i hevd om dei skulle ha mat på bordet, og dette var midt i
slaktetida med dei tidkrevande juleforberedelsane for tur. Korleis
Rasmus klarte seg, veit eg lite om, men han var einsleg enkemann i
heile to år. Kanskje var det på denne tida han tok til å spa ut
sand for sal for å spe på inntekta og samstundes vere meir heime
med borna? Det er i alle fall sikkert at dei hadde eit nært og godt
samkvem mellom gardane i Emblemsvågen og dei hjalp kvarandre så
mykje dei greidde. Seinare skulle også Severin vere til god hjelp
for naboen Karen i Knutgarden då ho vart sittande att som enke så
alt for tidleg, med 10 born å forsørge. Severin gifte seg om att
med Anne Eline Johansdotter Emblem (1865-1943) frå Garsendhaugen.
Det må ha vore eit noko spesielt bryllaup det året, for berre nokre
dagar i forvegen hadde svigerinna til Severin, Anna Karoline
Antoniusdotter Emblemsvåg vorte mor for første gong. Problemet var
at ho ikkje var gift og barnefaren var den komande svogeren på
Garsendhaugen. Den vesle guten fekk også namnet Anton Emblemsvåg.
Slikt vart sjølvsagt omsnakka i bygda, men med tid og stunder så
roa det seg truleg igjen. Korleis dette prega Anton er uvisst, men
det er lite som tydar på at forholdet mellom borna og gardsfolket i
Antonesgarden eller på Garsendhaugen let seg prege av dette.
Av søskena til Anton var
det Marie Anna Sofie (1887-1983) som var eldst. Ho hadde tent litt
pengar som budeie då ho valde å emigrerte til USA i 1904, 17 år
gamal. Ho reiste saman med tanta si, Eline Marie Johansdotter Emblem
(f.1874) frå Garsendhaugen. I skipspapira vart ho derimot kalla
Helene Johansd. Emblem ved ein feil. Eline hadde også arbeidd ei tid
som meierske på smørmeieriet på Emblem. Det låg rett aust for
Garsendhaugen, bygd midt i Røssevollelva mot grensa til Ebbegarden .
Dei to drog først til Marie Anna Sofie si tante i Clarkfield,
Minnesota med «White Star Line» over Atlanterhavet. Dette kan vere
kona til Siverin Julius Martinus Johanson Emblem (f.1867) frå
Garsendhaugen som emigrerte i 1893 til Minnesota. I so fall er det
underleg at dei ikkje oppgav han i staden. Det er enno usikkert kvar
han busette seg, men der finst ein høveleg kandidat like ved
Clarkfield som kalla seg Sam Emblem og dreiv gardsbruk ved Tyro.
Kanskje var det dit Lars Karl Knudsen Emblemsvåg(1) frå Knutgarden
hadde dratt i 1895 også, før han tok over farsgarden og gifte seg i
Emblemsbygda med tidlegare nemnde Karen. I det heile så var det
mange frå bygda som etter kvart tok turen til Minnesota og fleire av
dei nemnde også Clarkfield som reisemål til godt ut på 1920-talet.
Det kan nesten verke som om dette landbruksområdet kring Yellow
Medicine midt ute på prærien vart eit slags «mini-Emblem» i
Amerika ei tid. Dei heldt dessutan kontakten med heimbygda i lag tid.
Allereie i 1880-åra hadde dei første reist over og ein finn etter
kvart reisande frå dei fleste bruka i Emblemsbygda. Men for ein del
av desse vart dette berre den første stoppestaden på vegen. Marie
flytta etter kvart til St. Paul og deretter til Minneapolis, før ho
i oktober 1905 gifte seg med læraren og gardbrukaren Hellick J.
Glaim frå Swede Prairie Township i Minnesota. Han var frå ei av dei
eldste nybyggarslektene der og arva bruket etter far sin. Dei fekk 7
eigne born og eit fosterborn.
Den tredje i borneflokken
var søstera, Sofie Karoline Emilie (1894-1963) ho drog ikkje til
Amerika, men heldt seg på heimlege trakter og i Emblemsvågen, der
hjalp ho foreldra sine med gardsdrifta så lenge ho var i stand til
det. Det var eigentleg Anton som skulle ta over og han fekk også
skøytet på garden i 1939, men han kom ikkje heim att. Sofie gifta
seg aldri. I 1943 vart Severin på ny enkemann. Fram til 1950
fortsette han likevel med gardsdrifta saman med Sofie, men då makta
dei det ikkje meir. Dette skal eg kome attende til.
I det meste av oppveksten,
som Anton kunne huske, var det stemora, Anne, som dreiv bruket saman
med morfaren mellom onnene. Severin var som dei fleste andre
mannfolka vekke på fiske fleire gongar i året. Med born på 3, 6 og
13 år kan ein nok rekne med at ho fekk hjelp av eldstedottera Marie
også. I tillegg var Anne si søster, Scharlotte Johansdotter Emblem,
frå Garsendhaugen registrert som tenar og «sysselsat dels med
Kreaturstel, dels med Husgjerning» i 1900. Scharlotte var berre 37
år, men allereie enke på dette tidspunktet.
I 1907 vart det halde
innmarkutskifting i Emblemsvågen. Til den tid hadde matrikkelbruket
vore teigbytt med 10-15 teigar på kvar av dei to hovudgardane.
Resten var tidlegare plassebruk som gradvis fekk sjølveige. Dei
fleste åkrane låg oppe under hamrane mot grensa til Emblem. Grensa
mellom Knutgarden og Antonesgarden vart sett midt gjennom dette
klengetunet,. Antonesgarden fekk den austlege halvdelen der husa på
denne garden allereie stod. Soleis sparte ein kostbar husflytting
også. Løysinga vart likeeins for nabogarden. Dei fleste gamleåkrane
vart dermed liggande på Antonesgarden sin eigedom, men det vart også
ein god del av myrene, så dei vart nok vel forlikte likevel. Dei
hadde rås til fjellutmarka vestanfor innmarksgrensa til Emblem og
Røssevollen og inngjerda heimeutmark på Emblemsanden, mot
Lisje-Helvete og vestanfor Plassevågen der den vestlegaste delen av
byggefeltet på Flisneset ligg i våre dagar.
I 1910-tellinga hadde Marie
reist til Amerika, medan dei andre borna framleis var heimeverande.
Anton dreiv som tenar med forskjellig arbeid på garden, medan Sofie
tok seg av husarbeid på bruket. På den tida var det ikkje vanleg at
eldre born gjekk heime, så dei vart som regel registrerte som
tenarar i staden. Anton hadde einno ikkje byrja som tømrar, men det
var ei vanskeleg tid for unge å få seg arbeid på. Han hadde nok
ein god fagleg ballast i trearbeidsfaget og gardsdrifta, etter å ha
traska saman med bestefaren sin frå han var liten. På denne tida
tok ungdommar i bygda til med å reise heilt til Amerika for å få
arbeid i tømmerindustrien på vestkysten, eller satsa på hjelp frå
slektningar som hadde reist i førevegen. Frå Amerikabreva til
mellom anna Knutgarden og Antonesgarden, Garsendhaugen Steffågarden,
Guttormgarden og Ebbegarden kunne ein høyre at det gjekk godt med
mange av dei som hadde reist. Lars Emblemsvåg var ein av dei som
hadde hatt arbeid der borte for så å kome heim att. Nokre fekk
kanskje hjelp til å kjøpe billetten medan andre fekk gratis reise.
Det var nemleg mogeleg å få fri tur-retur dersom ein klarte å
verve fleire dugelege til tømmerindustrien frå heimbygda. Ein av
dei store i denne bransjen kom frå Sykkylven og betalte gjerne for
transport av fleire sunnmøringar med god arbeidslyst. Anton var ein
av dei som ikkje fekk seg arbeid her heime til trass for erfaring med
både fiske, tømring og gardsdrift. Etter kvart vart også han biten
av amerikabasillen og reiste den 25. januar 1911med amerikabåten
«Hvide» til slekta i Clarkville, Minnesota. Clarkfield vart til
midt ute på prærien i 1884, og fekk namn etter en jernbaneagent med
etternamnet Clark. Staden ligg i Yellow Medicine County i Minnesota,
der det bor omlag 831 innbyggarar i følge tal frå 2014, og mange av
dei er tilknytt norske etternamn og opphav
I Minnesota endra han
etternamnet til Emblem og fekk seg raskt arbeid som snikkar. Då var
litt profesjonell erfaring med husbygging i Spjelkavika før han
drog, godt å ha med. Om det var planen at han skulle kome heim att
veit eg ikkje sikkert. Han fortel sjølv at USA den gongen var eit
betre land å bu i og arbeidet var mykje betre betalt. Han gifte seg
etterkvart også der borte, og då var kanskje avgjerdsla tatt. Først
gifte han seg med svenske Mathilda Klingsberg i Lake County i 1929.
Familien flytta i 1943 til Portland i Oregon der han slo seg ned
saman med familien. Etter ei tid som enkemann gifte han seg om att
med Viola Myrtle Conger (1903-1999) i 1973.
1 1920 tellinga var han
ugift og budde framleis hos søstera Marie og ektemannen Helick Glaim
med familie i Yellow Medicine i Minnesota. Dei livnærte seg av
gardsbruk og hadde 6 born frå 4 månader til 13 år. Anton vart
registrert som «hired man» hjå dei.
I 1930-tellinga finn eg han
att i landsbyen Sacred Heart i Renville, Minnesota. Der budde han
saman med si første kone, Mathilda og livnærte seg som snekkar. Med
unntak av nokre få svenske etternamn var alle dei omlag 40
registerte på samme skjemaet anten norske, var fødde i Norge eller
hadde norske foreldre og vart fødd i Minnesota. Etternamnet
Sundsvold dominerte, så har var det truleg ei større slekt, men der
var også amerikaniserte etternamn som «Yerde» og kan ha hatt
opprinneleg skrivemåte som Gjerde. Dei kan ha vore frå Møre og
Romsdal. Dei tilstøtande 14 folketellingsdokumenta syner mykje av
det same. Nordmenn var i klart fleirtal, sjølv om der totalt sett
var nokre med både svensk og dansk opphav også. Dei fortsette å bu
i Renville til 1940-tellinga i alle fall, men born finn eg ikkje at
dei hadde.
Det er vanskeleg å vite
heilt sikkert om Anton hadde tenkt å bli verande i Amerika, eller om
han byrja å tenke på å reise heim for å ta over farsgarden.
1930-talet var inga enkel tid i USA heller. Den 12. september 1939
fekk han i alle fall skøytet på Antonesgarden frå faren. Samme dag
skreiv han under på eit obligasjonslån på kr. 5500,- frå faren og
erkjende kår-ansvar for far og stemora si. Han var då heime i bygda
ein tur. Kårkrava frå foreldra var temmeleg konkrete. Dei omfatta 4
liter nysila mjølk per dag, 6 tønner med potet, 50 kg. Havremjøl,
2 «sauefor» med lam, med tilsyn, ein spedkalv per år, nødvendig
mengde ferdig hogd og heimkjørt ved, fri bruk av omlag 1/2 mål åker
med nok gjødsling så lenge dei makta det og rett til å bruke
blomsterhagen på vestsida av hovudhuset. Dei krevde også å få bo
i vestre ende av huset med tre rom og «skråværelsene», truleg to
stykk, tilgang til kjøkken og vestre del av stabburet. Fall ein av
dei frå vart kåret redusert noko. Kårkrava kan tyde på at det var
meininga å fortsette med gardsdrifta. Ein kan berre undre seg på om
det kanskje var krigen som førte til at Anton likevel valde å bli
verande i Amerika. Severin fortsette då å drive bruket saman med
dottera Sofie så lenge dei makta det.
I 1946 skjer det noko
underleg. Anton bur framleis i USA og er gardeigar i Emblemsvågen.
Korleis han har klart å handtere kårkrava er eg usikker på. Det er
kanskje noko av årsaka til at søstera krev tvangsauksjon i 1946?
lånet til faren var då heller ikkje betalt attende, så det kan ha
samanheng med at Sofie krevde sin del av arva. Det var på den tida
ikkje heilt uvanleg å kjøpa ut søsken med tomter eller pengar og n
trongde kanskje Sofie sin del som ho hadde venta på sidan 1939. Ho
hadde også drive garden og teke seg av foreldra utan at eg kan sjå
at Anton betalte noko for det. Kanskje var dette kimen til at Sofie
gjekk lei? Ho krevde i alle fall tvangsauksjon og fekk namsrettens
medhald. Ho kunne difor kjøpe bruket for kr. 3180,- og vart brukets
nye eigar. Anton sin reaksjon eller tankar kring dette er ikkje
registrert.
Sofie selde so bruket vidare
til nevøen Odd Ørbech i 1950. Han flytta frå Oslo for å ta over
garden. Han var sonen til yngstesøstera, Karn Lovise Emblemsvåg.
Ho kalla seg sjølv Karen, og hadde flytta til Oslo etter 1910 der ho
gifte seg med Harald Leonard Ørbeck, opphaveleg fødd på garden
Ørbeck på Eidsvold. I 1910 budde han i ei bakbygning i
Bjerregaardsgata 13 i Oslo saman med mor si, enka Petra Hansdotter
Ørbeck (f.1865) og ei ugift syjente frå Nord Odalen som heitte
Olina Thorgersen. Petra var 45 år gamal på dette tidspunktet ansatt
ved «automat». Ho vart tidleg enke, for ho var enno ugift i 1900.
Harald Leonard kalla seg sjølv for Leon og livnærte seg som
«malersvend». Dei gifte seg truleg i 1919, men det er vanskeleg å
finne bryllaupsregistreringa. Det kan også tyde på at dei vart gift
utanfor statskyrkja, og til dømes var metodistar eller i frikyrkja,
men det er ikkje funne prov på akurat det enno. Dei fekk gutane Odd
(1920-1985) og Arvid (1922-1988). Familien kom til Emblemsvågen og
hjelpte tanta og bestefaren med gardsdrifta om sommaren. Arvid
emigrerte til Amerika, medan Odd skulle få overta Antonesgarden
etter onkelen og tanta si.
Han var fleire gongar
attende til gamlelandet på besøk, og fekk besøk den andre vegen
óg. Han var ven med sambygdingen Karl Johan Iversson Furset frå
Skorene/Eikenosa, som var handelsmann på Høybråten i Oslo. Der var
han fleire gonger innom på sine vel seks besøk i heimlandet. I sitt
92. år vart han intervjua av Ålesund Arbeideravis i forbindelse med
turen heim for å feire søskenbornet Gunnvald Myren i Spjelkavika.
Det var det første besøket på vinterstid. Han gleda seg til å
prøve eg på torskefangst i Borgundfjorden og dreiv då framleis
litt som snekkar i pensjonistbyen Kings City, sør for Portland.
Anton og Viola flytte i 1982
inn i pensjonistbyen Kings City like utanfor Portland. Her var det
godt med folk som hadde norsk ætt og norsk bakgrunn. Seattle var ein
populær stad for den som ynskte å satse på fiske eller
snekkarverksemd knytt til verftsindustrien. Anton rakk kanskje å
møte Olaf Emblem (1898-1970) frå Sjursgarden, som tidvis var busett
i Kings i forbindelse med fiske, og vart registrert der i både
1930-tellinga og 1940-tellinga, til trass for at han hovudsakleg
budde i varmare strok i California. Kristian Emblem (f.1882) frå
Fursetgarden var også handelsmann i nærleiken. Vidare veit ein at
Ludvig Olaf Johans. Akslen (1891-1969) frå Høla var busett i
Seattle livet ut og at han livnærte seg i fiskenæringa kring
Seattle, men eg veit enno ikkje om nokon kjelde som kan dokumentere
kontakt mellom sambygdingane. Likevel så veit ein med rimeleg stor
sikkerheit at dei visste om kvarandre. Spørsmålet er berre kva
årstal Anton kom til Seattle. Der var også ein god del krigseglarar
frå andre verdskrigen med erfaring frå Stillehavet. Dei fekk tilbod
om å busette seg i USA som takk for innsatsen.
Anton vart ikkje verande
livet ut i Kings County. Han døydde i Portland, Oregon, i 1992
ifølge death index for Oregon. Eg har ikkje funne nokon born etter
han.
Kjelder:
https://media.digitalarkivet.no/view/32516/391
Fakta om Clarkfield:
http://www.city-data.com/city/Clarkfield-Minnesota.html
http://genealogytrails.com/minn/yellowmedicine/history_townclarkfield.html
https://familysearch.org/search/collection/results?count=20&query=%2Bsurname%3Aemblem~&collection_id=1727033
http://www.emblemsbygda.com/309020352
http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000585460
https://media.digitalarkivet.no/view/2678/17264/98
Rabbevåg, Egil: Slektsregister
Emblemsvågen
Vågnes, Asbjørn: info om bilete av Anton Emblemsvåg i Fylkesfotoarkivet Møre og Romsdal