Eg
kan nok seiast å vere ikkje så reint lite subjektiv når det kjem
til stadnamna på Emblemsfjellet.
Når
ein er oppvaksen i Emblemsbygda og fora med stadnamn frå ein var
gammal nok til å fote seg dit dels på eiga hand – ja då vert
ein også prega av det ein sjølv har lært. Soleis har ein i min
familie alltid tala om Blåfjellet. Det er snakk om ein av desse
fjelltoppane som så vidt smyg seg utanfor kommunegrensa til Skodje
før dei når sitt aller høgste. Frå Østremsetra har ein godt
utsyn til dette fjellet som speglar seg i Svartevatnet. Søker ein
derimot på dei offisielle Noregskarta i basen åt Kartverket så
finn ein ikkje noko Blåfjell på denne staden. Då er det
«Meraftafjellet» ein finn som namn på dette høgaste fjellet på
Yksenøya, ei øy som strekkjer seg heilt frå Solnør gard og til
Nørvasundet.
No
har det synt seg tidlegare at Kartverket ikkje er nokon fasit i slike
namnespørsmål. Det er ikkje lenge sidan du kunne finne namnet
Akslanakken på Stornakken og namnet på vatna ovanfor Røssevollen
har vorte heilt blanda saman. Problemet er at det som stend på slike
offentlege kart verte ei varig referanse, og oftast ei vedteke
sanning, for dei kommande generasjonane. I denne teksten vil eg sjå
litt nærare på dette Blåfjellet med fleire namn.
Ordet
Merafta stammar truleg frå det gamalnorske namnet «miðr
aptann», med ei tyding som «midt på ettermiddagen». Kjeldene er
dels motstridande når det gjeld tidspunktet i klokketimar. Nokon
nemnar tida kring kl.18:00, medan andre nemner tida kring 15:30. For
Skodje sin del skal visst kl. 18:00 høve best ifølge
stadnamngranskar Johan Krogsæter i boka «Stadnamn på Sunnmøre»
(1995). Eg undrar meg difor på om det kan vera slik at tidspunktet
vart endra etter årstidene. På sommaren var det lenge lyst og ein
arbeidde mykje lenger i onnene når maten skulle bringast i hus. Der
det var særleg gode forhold kunne ein visst mjølke heile tre gongar
om dagen også. Eg vel difor å halde meg til kl. 18:00 som ei vidare
referanseramme.
Eit
søk hjå Kartverket på nett gjev per dags dato 22 treff på ordet
«Merafta». Av desse er 7 av treffa i Møre og Romsdal Fylke, to i
nordlegaste del av Sogn og Fjordane, 4 i trøndelagsfylka og nokre i
nordnorge, med Lofoten som nordlegaste treff. Skrivemåten har dermed
ei naturleg utfalding i vårt område. Der finst dessutan ei rekkje
lignande namne-variantar på geografiske stadar som har vorte nytta
som tidsreferanse over heile landet vårt.
Av
dei tidlegare nemnde treffa i databasen til Kartverket er dei fleste
kalla «Meraftahaugen», medan andre stort sett er nytta til å sette
namn på fjell. Vidare finn ein det også som namn på ein dal, eit
skar og ein ås. På Skodje finn me både ein Meraftanakk og altså
eit Meraftafjell. Meraftanakken ligg mellom Brusdalen og Innvika vest
for Digernesskiftet, Ute av syne for Meraftafjellet ved Storfjorden.
Johan
Krogsæter peika i si tid på at namnet vart skrive «Me-rafta» i
reisehandboka til Kristoffer Randers. Han hella også til å tru at
namnet kunne tyde Mid-aftan, eller eit merke for kvar sola stod omlag
kl 18:00. I den forbindelsen vil ein tru at fjellet er namnsett frå
ein stad der ein kunne sjå både fjellet og sola samstundes, så det
er soleis ikkje snakk om namngjeving frå sørsida av fjorden. Det
kan ikkje vere snakk om eit slik merkefjell sett frå setrane på
Emblem heller, så ein skal nok lenger aust mot Skodje for å finne
svar på kvar namnet opphaveleg kjem frå.
På
Løytnant Solem sitt handteikna kart for Kartverket i 1872 finn ein
derimot ikkje noko Merafta-namn i det heile. Då har Yksenøya sitt
aller høgaste punkt namnet «Blaafjeld». Blåfjellet er også eit
namn som vert nytta på folkemunne den dag i dag, jamnsides med det
offisielle namnet på dagens kart. Dette namnet får ein til å sjå
for seg eit blånande fjell, altså eit fjell som vert sett på
avstand. Nok ein gong lyt ein kanskje mot nabokommuna Skodje, eller
ein annan stad utanfor Emblemsbygda for å finne opphavet. Det er
også mogeleg å tenke seg at det har noko med kulde å gjere, slik
elva Eiteråna i Magerholmdalen ved foten av fjellet kan ha ein
samanheng med kuldegufs og «eitrande kaldt». Spørsmålet vert
difor kva namn Emblemsbygdarane sjølve har nytta i eldre tid. Der må
eg seie at det er umogeleg å seie for sikkert. Ein finn
Blåfjell-namn over mest heile landet og kan spore nokre attende til
hekseprosessar kring 1600-talet. Det er også vel verdt å merke seg
at nabotoppen er namnlaus på karta. Den andre høge toppen på
kommunegrensa har fått namnet «Vasstrandsfjellet». Dette namnet er
også utanbygds frå. Før omlag 1980 skal ein ha nytta namnet
«Gråsteinsegga», eller berre «Eggane» frå emblemsida av
fjellet. «Vasstrandsegga» kan ha vorte nytta på Brusdalssida, og
er i alle fall nytta på det same rektangelkartet som Løytnant Solem
teikna i 1872. Om han har henta inn namnet sjølv, er dessverre
uklart for ettertida, men denne egga er synleg langt av garde, sjølv
på Åse og heilt ut i havgapet ved Ålesund, så her kan det ha vore
mange lokale namngjevingar. Det har også vorte meg fortalt at ein på
Glomsetsida nyttar namnet «Hundsfjellet» i staden. Kjært born har
altså fleire namn.
Tek
ein vegen frå Sjøholt kring klokka 18 i retning Magerholm ein
solrik sommardag, så kan ein få nokre idéar om kva stadar
«Merafta» kan ha vorte nytta. Ein må heilt ut i svingen mot Solnør
gard før sola stend i best posisjon kring toppen. Vidare kan ein sjå
sola i omtrent same posisjon lengst aust i Glomsetbygda, medan
fjellet er ut av syne ei stund før ein får eit siste glimt av
toppen og sola kring Honningdalsneset. No har eg berre sett meg lett
ikring langs bilvegen vestover, men det gjev likevel ein peikepinn.
Kanskje var det brukarane på Solnør gard som nytta namnet? Denne
storgarden husa nemeleg ein ruvande kar i juristen, fogden,
sorenskrivar og stortingsmannen Ludvig Daae (1829-1893). Han kunne
ikkje berre skryte av at han hadde hatt sjølvaste Ivar Aasen til
huslærar, han var i slekt med Henrik Ibsen óg. Det vert sagt at
garden inspirerte Ibsen si dikting også. Når kartografen Solem kom
forbi, er det ikkje usansynleg at han kom i kontakt med Daae også.
Vidare var folkeminnegranskaren Peder Fylling ofte innom garden. Han
hadde tidligare vorte bodsendt nå Henrik Ibsen trong hjelp, så at
han kan hatt ein finger med i spelet er ikkje heilt utenkjeleg, men
ikkje bekrefta på noko vis. På befaringa mi vestover frå Sjøholt
fann eg ingen tydelege spor etter eit blånande fjell i alle fall,
men eg har ikkje vore i området kring Fylling, Solnørdalen eller
Skodje sentrum for å sjekke utsynet enno.
Det
har også vorte meg fortalt at det er nokon på Glomset som tidlegare
har nytta namnet Merafta kun om sjølve fjellryggen, og deretter
Blåfjellet om toppen, tidlegare. Kan det vera slik at det er snakk
om to namn side om side? Det forklarar i så fall kvifor Blaafjeld
har vorte nytta allereie i 1872. Løytnant Solem var heller ingen
kven som helst. Han arbeidde i minst 20 år med kart fleire stadar i
landet. I 1890 var han foreksempel i Asker på oppdrag for «Norges
Geografiske Oppmåling» (NGO) Han teikna dessutan hemmelege
militære kart, og var såleis ein tiltrudd medarbeidar. Han var
offiser i det millitæret og tjenestegjorde truleg ved NGO. Andre
opplysningar tyder på at ein i nyare tid har nytta berre namnet
Merafta om heile fjellet inne på Glomset.
Blåfjellet
er det altså fleire av i landet vårt. Mange av desse ser ut til å
vere gjevne til eit av dei høgste fjella i nærleiken. Soleis finst
det fleire Blåfjell i Møre og Romsdal med betydeleg høgde. Dette
Blåfjellet er det høgste på Yksenøya, som omfattar store delar av
Ålesund og delar av Skodje Kommune, så det høver godt. Det er kun
på naboøya Sula at denne «regelen» ikkje stemmer like godt, medan
Blåfjellet i Stranda er det høgste i si kommune. Kanskje er det ein
samanheng mellom anten høgd og synlegheit på lang avstand, slik at
fjellet kan verke blåleg. Ei tredje forklaring kan vere at fjellet
er høgt og held på snøen og ein meir gråblå farge lenger enn dei
ikring. Det er nok også ei rekka andre tydingar av ordet, men det
kan verke som om eit slikt namn er yngre enn «Merafta». Det kan
verke som om ein kan konkludera med at namnet anten kan stamme få
Skodjesida eller frå andre sida av fjorden. Vestanfrå er det i alle
fall lite blåleg farge å skimte på sommarstid. Sykkylvsfjella,
nokre kilometer unna kan derimot passe betre. Eg vil derfor påstå
at namnet kan kome frå ein annan stad enn dei næraste bygdelaga,
dersom namnet kan knytast til fjell i «blåninga».
Det
er vidare interessant å merka seg at bygdehistorikaren Karl O.
Emblem (f. 1907) nytta namnet «Meraftafjellet» i si oversikt over
dei geografiske høva i Emblemsbygda. Han var elles særs nøyaktig
når han rydda opp i feil namngjeving på kart frå området. Kan det
vere soleis at han var van med å nytte dette namnet frå barndommen
av? I so fall er det ikkje snakk im ei nyare endring. Dei tidlegare
nemnde Vasstrandsfjellet skal nemleg, ifølge mine opplysningar,
stamme frå ein av Peter Hesseberg og Sunnmørsposten sine «Til
topps med Sunnmørsposten» turar frå 1980-talet. Eg vil tru at dei
måtte nytte same namn som kartverket i rebusoppgåva si. Elles ville
ikkje deltakarane ha funne fram til rett topp og premiar i det heile.
Kartverket måtte i si tid også gjere eit val, og då laut truleg
bygda sine eigne lokale namn vike. Det er i både høve snakk om
toppar i Skodje Kommune, så då er det vel på sin plass at dei får
nytte sine namn på kartet. Utfordringa er likevel at lokale namn
kjem burt. Slikt er i ferd med å skje med namnet Gråsteinsegga,
eller Eggane på folkemunne, og slik kan det også verte med
Blåfjellet. Vasstrandsegga-namnet vart i alle fall for alvor teke i
bruk etter 1980.
Kva
som er rettast å gjere i Blåfjellet sitt tilfelle, er eg usikker
på. I mitt haud vil der alltid ligge eit fjell med dette namnet
ovanfor Svartevatnet. I mine øyrer kan det verke fornuftig at
Merafta kan vera eit mykje eldre namn, og såleis det rette. Likevel
er det ikkje heilt utenkjeleg at det er kun fjellfoten dette namnet
viser til. I so fall før Blåfjell-namnet få gjenoppstå som namnt
på sjølve toppen på dei offisielle karta også. Her er eg stadig
på jakt etter fleire opplysningar.
Kjelder:
Bull,
Jacob B.: "Blaafjeld Et folkelivsbillede fra hekseprocessenes
tid», Kristiania og København Gyldendalske Boghandel Nordisk forlag
1914:
http://www.nb.no/nbsok/nb/85878af45b01e613529371db199af0e8?index=1#7
Emblem,
Karl O.: «Geografiske tilhøve»:
http://www.emblemsbygda.com/34569325
Gamle
kart:
http://kartverket.no/Kart/Historiske-kart/Historiske-kart-galleri/#15/28
Honningdal,
Harald: informasjon via facebooksida i gruppa «Gamle bilder fra
Skodje» 25.6.2015
http://faktaark.statkart.no/SSRFakta/faktaarkfraobjektid?enhet=73181
https://nn.wikipedia.org/wiki/Blåfjellet
http://www.emblemsbygda.com/34569325
http://www.norgeskart.no/?_ga=1.258609292.707167313.1406590733#5/101303/6982133
http://www.skiforeningen.no/marka/steder/?id=376
https://snl.no/Blåfjell
Kolsrud,
Sigurd: «Rasmus, Jonas ordsamling, Norderhov 1698» Skrifter fraa
Norsk Maalførearkiv VI, Oslo 1956:
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2009022604015
Krogsæter,
Johan: «Stadnamn frå Sunnmøre ei artikkelsammling» Nytt i Uka
Forlag, Ålesund 1995
Randers,
Kristoffer: «Sunnmøre: Reisehåndbok», Ålesund: Ålesund –
Sunnmøre turistforening 4. revisjon 1962:
http://www.nb.no/nbsok/nb/d4e6669e7035672267fbadfaa43411f3?index=16#217
Sandnes,
Jørn et. Al: «Norsk Stadnamn Leksikon», Det Norske Samlaget, Oslo
1976:
http://www.nb.no/nbsok/nb/ee1fe828a968afe200cc4c0acf252739?index=10#6
Sandnes,
Jørn et. Al: «Namn i fjellet». Det Norske Samlaget, Oslo 1968
Østrem
Olav: muntlege opplysningar om Merafta og Blåfjell-namnet frå
Glomset
Aasen,
Ivar: «Ordbog over det norske Folkesprog», Det Norske Samlaget, 2.
utgåve, Oslo 2000