NÅR EIKENOSSLEKTA KJØPTE EIKENOSA I 1922, VART DEN DELT I TO. DETTE ER DEN VESTELGASTE HALVDELEN
Lars Peter Olsson Lundanes (1893-1978) kom frå garden Lundanes i Sunnylven. Han kjøpte Eikenosa saman med faren i 1922. Dei delte så garden i bruk 1 og bruk 2. Lars hadde gifta seg med Inger Martha Olsdotter Ljøen (Ø,1) (1889-1973) i 1921. Dei dreiv sin del til 1955. Han tok over gamleløa på Eikenosa og bygde seg nytt hus.
a) Kjellfrid Otilde (1923-2002) gifta seg i 1961 med
organist Per Karsten Olavs. Roald(47), busett Roald(219).
b) Olav (1924-2007) tok over bruket.
c) Ingrid (1927-2010) gifta seg i 1951 med Knut Ødegård,
frå Framigard, Eikenosøydegard(3). Dei busette seg i
Trondheim.
d) Odd Ivar (1929-2017) gifta seg i 1955 med Kjellaug
Andora Østrem. Dei budde tidlegare i Hjellhaugvegen
112, på Aksla. Ho er no busett i eldrebustad på Emblem.
Kjellaug er dotter Sevrin Østrem(3), som bygde mellom
anna Hjellhaugvegen 112.
e) Leiv (f.1935) gifta seg i 1957 med Eli Karin Wennersberg, Emblem(7). Dei busette seg i Eikenosbakkane, Eikenos(11).
Ho er dotter til Louis Wennersberg. Leiv er tidlegare
verksmeister, og aktiv i det lokale veteranbilmiljøet saman
med sønene. Lidvar og Egil
Sonen Olav Lundanes (1924-2007), Eikenos(1), tok over bruket ikring 1955, men fekk først skøytet i 1973, for ein kjøpesum på 25 000,-. Han gifta seg med Norveig Rasmusd. Ner-Ljøen(1) (1927-1998), frå Sunnylven, og bygde seg nytt hus rett vest for løa.
a) Ingebjørg (f.1953) gifta seg i 1979 med Jan Ove Bakke.
b) Astrid (f.1955) er ugift, busett på Hamar.
c) Lars Roger (f.1959) tok over bruket.
Sonen Lars Roger Lundanes (f.1959) gifta seg 1986 med Marit Sylte (f.1962) frå Skåla. Han tok over garden 1992. Begge har vore aktive i idretten og har stått på i mange år for orienteringsgruppa til Emblem Idrettslag. Dei bygde seg nytt hus på bruket. Gamlehuset er no skilt frå, og har fått bruksnummer 13.
a) Olav (f.1987) er verdsmeister i orientering. Sambuar
med Ida Bjørgul, busett i Halden.
b) Ivar (f.1991) er aktiv på høgt nivå i orientering,
busett i Oslo.
c) Bjørn (f.1993) er aktiv orienteringsløpar,
busett i Trondheim.
d) Ingrid (f.1997) er orienteringstalent i juniorklassa,
busett i Trondheim.
e) Kristin (f.2003)
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com