NÅR LUNDANES-SLEKTA KJØPTE GARDEN I 1922 VART DEN DELT I TO. DETTE ER DEN AUSTRE HALVDELEN
Ole Carl Pederson Lundanes (1865-1930), frå Lundaneset i Sunnylven, er far til 9 2 1 Lars Peter Olson Lundanes, som er den første brukaren på bruksnummer 1. Dei kjøpte heile Eikenosa saman i 1922, og flytte til Emblemsbygda, der dei delte garden i bruk nummer 1 og 2. Makeskiftebrevet vart tinglest 1930. Han gifta seg 1891 med Iverine Olava Larsdotter Fivelstad(1) (1869-1944), frå Sunnylven. Dei dreiv bruket til 1944. Ole tok over stova til «Kjøt-Iver» etter makeskiftet, og bygde seg ny løe.
a) Peder (1892-1962) vart fødd på Lundaneset. Han gifta
seg i 1920 med Inger Marie Eliasd. Åkernes(M). Dei
busette seg på Berge(148), på Stranda.
b) Lars Peter (1893-1978) gifta seg i 1921 med Inger
Martha Olsd. Ljøen (Ø,1). Han kjøpte Eikenosa saman
med faren.
c) Gustav Bernhard (1895-1896) døydde av bronkitt
på Lundaneset.
d) Gina (1897-1993) 1932 g.m. Elias Halvar Eliass.
Gjøsund(3), brukara på Gjøsund(8).
e) Anna (1899-1989) gifta seg i 1932 med Ludvig Olai
Johans. Bruen, frå Vanylven.
f) Nikoline (Nikka) ( 1900-1996) gifta seg i 1919 med
Rasmus Ingvald Jakobs. Åkernes(1). Dei var først brukara
på Opskar(8), Skodje. Flytta til Spjelkavika ca.1930.
g) Rasmus (1902-1973) gifta seg med Inga Nilsd. Stokke, Hellesylt(28). dei busette seg på Maråk(17), Geiranger.
Rasmus var lærar der frå 1923.
h) Inga Karoline (1905-1996) var Ugift. Ho vart også lærar
i Geiranger og så i Spjelkavik. Ho døydde på Borgundheimen.
i) Ingeborg (1907-1948) døydde på Eikenosa.
j) Ola (1910-2006) tok over bruket.
k) Sverre Louis (1913-1985) gifta seg i 1947 med Anna
Guri Sofie Heggebakk(1) frå Skodje.
Sonen Ola Lundanes (1910-2006) tok over bruket 1944, og fekk skøyte i 1945 for 5600 kroner. Av summen var 1600 kroner for «diverse løsøre». Ola gifta seg 1947 med Mary Judith Blindheim(14)
(1916-1999). Gamlehuset på bruket er no skild ut som bnr. 14. I 1953 fekk «Ungdomslaget Ivar Aasen» i Ålesund skøyte på parsellen «Høgda», med eit areal tilsvarende bruksnummer 8. Det stykket er der laget si hytte står i dag. I tillegg fekk søstera, Ingeborg, rett på å få bu på den eine kvisten på loftet, så lenge ho ønska det.
a) Kåre (f.1948) tok over bruket.
b) Elsa (f.1953) er sambuar med Torgeir Jonvik, busett Oslo. Dei kjøpte det gamle hovudhuset (bnr. 14) i 2011.
c) Sigmund (f.1955) gifta seg i 1978 med Ella Inger Engelberg Lundanes, busett Mjølkeråen, Bergen.
d) Ingunn (f.1958 1979) gifta seg med Ingvar Engdal,
frå Valsøybotn i Halsa.
Sonen Kåre Lundanes (f.1948) fekk skøyte på garden i 1976, og er dagens grunneigar på bruket. Han var tidlegare gift med Astrid Marie Sæter(3), frå Kristiansgarden, Ørskog, også kalla «Olesæter» på folkemunne. Foreldra fekk livsvarig burett på garden, og søskena fekk 25 års rett på kvar sitt rom. Dei fekk også rett på eigne tomter. Nokre av desse rettane vart oppheva i 1978, mot lån i landbruksbanken og Borgund Sparebank. Kåre dyrka opp og bygde ny driftsbygning på garden. Han har i ein rekke år engasjert seg i mellom anna orientering og bilsport.
a) Marianne (f.1975) gifta seg i 2002 med Johann Ringdal,
busett i Bergen.
b) Lillian (f.1978) er ugift, busett, busett i Oslo.
c) Hanne (f.1988) er ugift, busett i Ålesund.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com