Er
du ein av dei som trivst i skog og mark, då har du kanskje gått deg
på ein rest av ein steingard eller ei tuft og undra deg på kva det
kan ha vore. Eg er ein av desse som stoppar opp og som undrar.
I
arbeidet med å dokumentere historia til Emblemsbygda har eg vore så
heldig å få sjå mange slike byggverk frå fortida. Nokre av desse
ligg like ovanfor dyrkamarka i nærleiken av steingarden som skil
innmark frå heimeutmarka. Det er hovudsakleg desse tuftene eg skal
sjå litt nøyare på i denne teksten. Samstundes vil eg også skrive
litt om dei sommarfjøsane som eg kjenner til per dags dato. Dei
fleste av disse finn ein i heimeutmarka, anten ved sjøen eller like
ovanfor gardstuna i fjellsidene kring bygda.
Gardsinndelinga
Du
er kanskje ikkje så kjend med begrepet «heimeutmark». Kort sagt
kan ein dela arealet som tilhøyrer eit gardsbruk inn i fleire delar.
Byrjer ein nede ved fjorden så har dei aller fleste gardsbruka ei
eiga nausttomt som følger garden. Det spelar ingen rolle om bruka
ligg i nærleiken eller om dei har alle markane sine nede mot
fjorden. Kvar eldre gard har også ein naustrett. Gardane har difor
ein sjøvegsrett, slik at ein kan koma seg ned til naustet med enkel
fraktereiskap. Slåttemarka og åkrane kallar ein for «innmark»
etter siste utskiftingsøkta i 1907 ligg no dei fleste innmarkene i
bygda kring kvart sitt gardstun i eit samanhengande stykke. Desse
innmarkene grensar mot det ein kallar «heimeutmark» Dette var
hovudsakleg beitemark for dyra om våren før snøen hadde smelta på
setrane og på hausten . Før siloen og rundballane si tid var det få
som hadde nok for i hus til å vente til sommaren kom til fjells.
«Vårknipa» var difor eit kjend begrep, der ein vart tvungen til å
sveltefore dyra slik at ikkje alle makta å forlate fjøsen for eiga
maskin.
Det
var særs viktig å få dyra raskt på beite utan å bruke graset på
innmarka der vinterns dyrefor skulle dyrkast og haustast. Ein bygde
seg difor steingard og gjerde for å hindre dyra å ta seg ned på
dei freistande bømarkene på hi sida av grinda Sauene kunne nyte
graset i heimeutmarka allerie frå 1. mai og gardane kunne ha fleire
slike heimeutmarker mot både fjorden og fjellet. Dei siste dagane
før buføringsdagen kring jonsok vart dyra haldne litt høgare i
heimeutmarka og fleire mjølka difor dyra sine i «sommarfjøsar»,
som var enkle byggverk i naturstein og anten plank- eller «risveggar»
av fletta smågreiner og einekratt. Kring midten av september skulle
dyra heimatt frå setra og gje plass til huldreflokken. Sauane vart
sanka og skild per gardsbruk 20 september. Var veret godt kunne ein
fortsatt nytte heimeutmarka og spare på vinterforet. Då kunne ein
også nytte somarfjøsen eller bøgardsfjøsen som stod der likevel.
Andre kunne nytte fjøsen til å lagre høy frå utmarka og køyre
dette heim på skaresnøen med kjelke når det byrja å minke i
høystålet. Det har ikkje lukkast å finne noko informasjon om kor
utbreidd dette var i Emblemsbygda. Skillingen lagra til dømes gras
frå utmarkslåtten enno høgare til fjells, men der finst ikkje spor
etter eigne utmarksløer på dei gamle karta.
Det
siste gardstykket er «fjellutmarka» oppe på Emblemsfjellet. Her er
det også eigen steingard mellom heimeutmark og «fjellutmarka»,
samt gjerdeplikt på grensa mot dei andre bygdelaga frå gamalt av.
På Emblem var dette grensa mot dagens Glomset, Blindheim, Vasstranda
og Brusdalen. Grensa mot Spjelkavika og Brusdalen går på langs av
Emblemsfjellet, medan grensene i aust og vest gjekk heilt frå
fjorden. Steingardane her er ikkje av dei høgaste og held ikkje att
dyra, men er snarare ei markert grense som fortel om kven som har
rett til å hauste kvar. Dei er særleis lett å sjå like nedanfor
toppen av Vassrandsegga og Merafta. På Emblem vert desse fjella på
hi sida av kommunegrensa også kalla Eggane/Gråsteinseggane og
Blåfjellet.
Det
er eit viktig skille mellom innmarka og dei to typane med utmark.
Kring gardstunet vart gjerda sett opp som absolutte grenser for kvar
ein kunne slå graset, dyrke jorda eller ha beite for dyra sine i
nyare tid. Steinen ein rydda vekk vart anten nytta i steingarden
eller dreneringsgrøftene. Dette er ein nyare tankemåte som kom
etter innmarkutskiftingane på 1800-talet og byringa av 1900-talet.
Før den tid låg gardshusa på matrikkelbruka i eit fellestun.
Innmarka var då teigbytt. Det vil seie at den var delt inn i små
bøter etter kva kvalitet jorda hadde. Kvart bruk fekk ei blanding av
slike små teigar med litt god slåttemark, litt vassjuk jord, litt
myrlendt jord og litt god åkerjord. Desse lappane var så små og
innfløkt plasserte at ale brukarane i klengetunet måtte dele på
arbeidet og einast om når slåtten og gjødslinga skulle
gjennomførast. Fordelane med dette gamle systemet var at ingen kunne
sluntre unna eller la stykka forfalle for dei gjekk på omgang. Det
var eit godt system i ei tid der ein trong mykje manuel arbeidskraft
og innmarka bestod av naturleg eng og steinrik jord der berre ljåen
kom til. Frå 1800-talet byrja ein å stifte so kalla
landhusholdningselskap i regi av Amtsmenn, prestar og storbøndene.
Her diskuterte og testa ein seg fram til nye driftsmåtar og tankar
om meir utkome av jordbruket, noko som berre den som hadde fleire føt
å stå på kunne spekulere i.
Resten
hadde meir enn nok med å greie seg og var tru mot tradisjonane som
hadde skaffa dei sitt daglege brød i generasjonar. 1800-talet vart
eit hamskifte der ein starta å dyrke opp jorda og drenere den
dårlege. Etterkvart kom ein også på trua om å planere slåttemarka
slik at moderne hestereiskap kunne nyttast. Det medeførte innsparing
i tidsbruk og mindre behov for manuell arbeidskraft, men det kravde
òg ei anna form for organisering av landbruket. Svaret vart
utskiftingsprosessar i offentleg regi, der målet var at kvart bruk
skulle ha eit samanhengande innmarkstykke. Først då kunne ein
hauste gevinsten til fulle og forsvare utlegga til oppdyrking av den
gamle naturenga.
På
omlag same tid vart jakta på rovdyra meir intensiv. Ein fekk mellom
anna store bjønn- og ulvejag som omfatta heile Sunnmøre.
Fellingspremiar vart gjevne i samspel med dyrkingspremiar i regi av
stat og kommune. Det lokka stadig fleire til å prøva seg. Det gav
også ein annan gevinst. Buskapen stod ikkje lenger i fare for å
verte drepte i utmarka og ein trong heller ikkje vaksne gjetarar for
å passe på dei. Dermed kunne også desse områda utnyttast betre.
Auka buskapar sørga også for å halde skog og kratta i sjakk slik
at ein fekk meir utmarksbeite og slåttemark På 16- og 1700-talet
hadde dei fleste store skogane vorte snauhogde og seld til utlandet.
Mykje av utmarka hadde enno ikkje vakse opp att. I motsetning til den
klart avgrensa innmarka var utmarka eit friare område for
felleskapet av brukarar. Også dette området var regulert og fordelt
på eitt eller få matrikkelbruk. Der var faste plassar for kvar ein
kunne hogge skog eller spa torv. Kart frå utskiftinga av
fjellutmarka i 1880-åra syner eit intrikat system av parsellar på
Emblemsfjelle, men her fekk dyra likevel gå samman med buskapen til
dei andre gardane. Ein slapp med andre ord å pssse på like strengt
som nede i bygda. Saudene vart kun merka på våren og sorterte på
hausten. Frå 1800-talet byrjar ein også å høyre meir om mellom
anna «buleger» led dyra kunne legge seg ned for å kvile og dei
tidlegare nemnde bøgardsfjøsane og sommafjøsane .For Emblemsbygda
sin del kan ein finna dokumenterte spor etter sommerfjøsane til
matrikkelgarden Nedregotten på kart heilt attende til 1872. Det er
ikkje så lenge etter at rovdyrjakta vart intensivert. Ein veit ikkje
kor lenge dei har vore der.
Bøgardfjøsen
Nokre
gardar i bygda har ei enkel fjøstuft mura inn til steingarden som
skilde innmarka frå heimeutmarka. Sjursgarden er truleg ein av
desse. Dette kan vel knappast kallast fjøs for det var nok først og
fremst eit vern for vér og vind kring den som mjølka. Dei eg har
sett spor etter i Emblemsbygda har truleg berre hatt plass til ei
mjølkeku i gongen. Her fekk ein litt vern og dei stod truleg med
inngong mot utmarksida. Kanskje var det berre ein lav mur med eit
enkelt skråtak og nokre trefjøler her og der. Den er difor ikkje
noko «nattelege» for husdyra. Andre kan også ha hatt ei enkel
oppbygd plattform i hellinga slik at både mjølkekrakken og bytta
stod trygt. Det er nok ein fellesnemnar at bugardsfjøsar og
sommarfjøsar vart bygde av heller skral material til anten gjenbruk
eller det ein fann å bygge av i nærleiken. Det kan forklare kvifor
tak og veggar forsvann raskt og det kun er murane som stend igjen.
Desse bygga var heller ikkje så mykje å skryte av, så der finst
knapt eit bilete av dei i Emblemsbygda. Det gjer det vanskeleg å
finne fram til korleis dei ein gong såg ut.
Det
kan verke som bøgardsfjøsen, eller enkle byggverk i umiddelbar
nærleik av grinda i bøgarden kan ha vore dei eldste «sommarfjøsane»
i bygda. Det kan forklare kvifor for eksempel sommarfjøsane til
Nedregotten kanskje ikkje vart bygde før nærare 1870. Det er neppe
nokon tvil om at heimeutmarka har vorte utnytta til beiteformål om
vårane før den tid også. Følger ein vidare på denne vesle
hypotesa vil det peike seg ut nokre stader i bygda med ei samling av
slike småfjøsar med ukjend opphav i tid. Dei er så visst frå før
utmarksutskiftingane og kartet frå 1885. Dei heng også saman med
dei gamle klengetuna der alle gardsbruka på kvar matrikkelgard hadde
husa sine samla i eit felles tun. Dei eldste av desse var
matrikkelgardane Emblem og Østrem, men Aksla, Røssevollen, Eikenosa
og kanskje Magerholm kom nok ikkje så lenge etterpå. Sjøstykka
Emblemsvågen og Nedregotten vart truleg frådelt Emblem og Østrem
ein gong etter reformasjonen. Ein skal ikkje sjå bort ifrå at
fjøsane vart flytta fleire gonger. Kanskje var dei mest samla før
utskiftingsprosessane tok til? Spora frå matrikkelgarden Emblem kan
i alle fall tyde på det. Kanskje var det også slik at dei
husmennene som fekk beiterettar også fekk samla sine fjøsar ein
stad. Ein ser i alle fall at spora på det eldste utskiftingskartet
kan vere fleire en talet på bruk med beiterett enkelte stader. Andre
plassar er dei derimot heilt fråverande.
Kvar
bøgarden til Østrem kan ha lege, soleis usikkert. Det kan vere
grunn til å spørje seg om dei kan ha lagt oppe i Røysane nedanfor
brua og vegstubben til Nedregotten sine sommerfjøsar. Her finst det
ei rekke steingjerde som anten vitnar om dei gamle slåtteteigane frå
tida før innmarkutskiftingane, eller har vore del av leidegjerde frå
utmarka til mjølkeplassen der ein skilde dyra. I sinare tid nytta
Østrem seg av heimeutmarkstykka utanfor elva, og det er der dei
sikraste spora er å finne, så kanskje var det slik at også fjøsane
har lagt der hovudsakleg. På Emblem er ein derimot langt sikrare.
Den eldste staden heiter «Geila». Den låg tett inn til
klengetunet, der det var grind i bøgjerdet. Av praktiske årsakar
vart det truleg bygd ein kombinasjon av bøgardsfjøsar og meir
frittståande bygg, ettersom det vart mange brukarar på denne
matrikkelgarden etter kvart. Alderen på desse murane er usikkert,
men dei stod der i alle fall kring 1880
Nedregotten
og Emblemsvågen hadde lengst veg til fjellutmarka. Dei nytta nok
også heimeutmarka si ned mot sjøen mykje meir enn Emblem og Østrem.
Desse nyare gardane var også den utskilde heimeutmarka til Emblem og
Østrem mot sjøen, kalla sjøstykke. Det kan vera grunn til å tru
at dei vart fråskilde som ei følge av avskoginga på Sunnmøre på
16- og 1700-talet. På kort tid vart mest alt brukande tømmer hogd
ned og seld til utanlandske oppkjøparar frå mellom anna England,
Holland og Skottland. Med dette opna landskapet seg der det før
hadde vore storskog. Rovdyra fekk færre plassar å gøyme seg og
beitedyr som ku og geit kunne no nytte mest heile Emblemsfjellet.
Dermed vart det mindre behov for dei gamle sjøstykka. Gardane hadde
nok framleis nokre stykker att, men ein ser at kring 1800 så dukkar
det opp ein rekkje husmannsplassar og fjordstover på dei gamle
sjøbeiteplassane til gardane på Østrem. Det kan tyde på at
østremskarane ikkje hadde det same behovet for desse beiteplassane
lenger.
Etter
kvart som utmarka gjekk frå å vere felles for heile bygda og dei
gamle klengetuna vart fråflytta fekk kvar gard sitt eige avgrensa
område ved bøgarden. Det resulterte i fleire grindar og større
spredning av kvar fjøsane vart plasserte. Det er helst desse nyare
fjøsane me kan finna spor av i dag. Det er interssant å merke seg
at det var fleire matrikkelgardar i bygda som ikkje hadde slike
fjøsar på karta frå 1880-åra og tiåret etterpå. Soleis kan
fleire av tuftene vere berre omlag 100 år gamle. På Eikenosa har eg
enno ikkje funne spor etter nokon bøgardsfjøs. Garden låg truleg
så høgt til fjells at dei sleppte dyra nedover mot fjorden og
Eikenosvågen i staden. Magerholm er kjend for den lune vika og
tidleg bløming i Magerholmdalen, så dei hadde kanskje ikkje behov
for ikkje eigen bøgardsfjøs. Det kan difor verke som om slike
fjøsar i steingarden var nærmast noko særeige for garden Emblem i
andre helvta av 1800-talet.
Eg
har forsøkt å finne spor etter dei gamle bøgardsfjøsane på
utskiftingskarta frå emblemsbygda. Det
har synt seg å vere til god hjelp, men problem har der også vore
for desse karta spenner så vidt i tid frå 1880-åra og fram mot
1910. Det betyr at ein del nyare bruk som me veit har hatt bygg i
utmarka ikkje er tekne med. Vidare kan det vere slik at eldre bygg
var borte før dei nyare karta vart teikna. Soleis kan ein
foreksempel ikkje finna eit einaste spor etter slike bygg på
utskiftingskartet for heimeutmarka mot fjellet på Eikenosa,
Eikenosvågen og Indre-Hatlehol frå 1905. Der finst derimot andre
frittståande bygningar som eg skal kome attende til. For
Emblemsvågen sin del så har eg på utskiftingskartet for innmarka
frå 1907 spora tre bygg, men ingen av desse er i tilknytting til
bøgarden. Deter truleg snakk om eit kvernhus, og anten to
sommarfjøsar eller høyløe og torvløe Det eine ligg i ei kjend
torvmyr aust for tuna, der også dyra beita. Den andre låg like vest
for Kriken på Emblemsanden der Storelva renn ut i fjorden. Den kan
ha tillhøyrd Antonesgarden. Det er grunn til å tru at Emblemsvågen
ikkje hadde nokon bøgardsfjøs sidan dei ikkje hadde grense til
denne steingarden, for der kom Emblemsgardane si innmark i vegen og
Emblemsvåg har ikkje hat rett til å drive dyra si over denne
innmarka i nyare tid.
Det
er først og fremst på utmarkskartet frå utskiftinga av
heimeutmarka til garden Emblem i tidsrommet 1887-1889 at me finn ei
rekke småfjøsar innebygd i bøgarden. Berre i Geila ved det gamle
klengetunet til Emblem låg det 4 slike. I følge den nye fordelinga
kan det sjå ut som om dei tilhøyrde f.v.: bnr. 9 Auregarden, ein
umerka fjøs , bnr. 11 Sjursgarden og deretter bnr. 6 Steffågarden.
Videre austover er bnr. 12 Skillingen merka opp ved ein bøgard. Det
kan vere den tidlegare Ebbegardsfjøsen, som Skillingen var frådelt
frå. Videre finn ein 3 bøgardsfjøsar og to nærliggande
frittståande sommarfjøsar på området til bnr. 4, 14 og 19. alle
desse bruksnummera tilhøyrer Nybø, eller Fursetgarden, bnr. 4 og er
stort sett samla ved grinda ovanfor dette nye gardsbruket av
kjøpeparsellar frå dei tilstøtande gardane. Ein kan difor tenkje
seg at den eine bøgardsfjøsen rett vest for Røssevollelva kan ha
tilhøyrd bnr. 1, Negarden, i nyare tid medan to andre kan ha
tilhøyrd Ebbegarden og Jakobgarden, som alle selde jord til det nye
bruket. Ein skal heller ikkje sjå bort ifrå mogelegheita for at
Hatlebakken kan ha hatt bøgard omtrent her, men det er vanskeleg å
fastlå med sikkerheit for ettertida.
Frå
Fursetgarden kjem ein vidare til vestgrensa mot Østrem og
Nedregotten si heimeutmark. Der møter ein det som kan verke som ei
annerleis driftsform. I 1885 finn ein ingen bøgardsfjøs i det heile
tatt. Nedregotten hadde heller ingen innmarksgrense mot heimeutmarka
i fjellsida, så det er kanskje ikkje så rart. Bruka Steffågarden,
Guttormgarden og Sirigarden har nok også hatt beite nede ved sjøen.
Dei to sistnemnde hadde i alle fall stykker lengst aust mot
Akslen/Reiten og i nærleiken av Østremsvika. Kanskje kom det opp
ein enkel mjølkestad der når strandsittarplassane i dette området
vart nedlagde og plassehusa fjerna kring 1830?. I tidlegare tider
hadde dette vore sjøbeitet til gardane på Østrem og Nedregotten
del av denne gamle matrikkelgarden frå vikingtida.
Vidare
austover kan ein ikkje finne spo av bøgardar på Akslen eller
Reiten. Utskiftingskartet for Magerholm og Hesseberg manglar, så der
er det ikkje like lett å fastslå om dei hadde noko slikt eller ei,
men desse gardane ligg lunt der våren kjem tidlegast i heile bygda,
så det er ikkje utenkeleg at dei klarte seg brukbart utan.
Mellombels konklusjon kan difor vere at bøgardsfjøsen var først og
fremst noko ein hadde på Emblem. Det var også her at gardane hadde
vorte utskifta først, fleire tiår før dei andre. Ein kan difor
spørre seg om dette med bøgard har vore populært på eit tidlegare
tidspunkt, før dei andre bruka vart utskifta. Kanskje har det også
hatt ein praktisk funksjon om dyra vart vande med å samla seg til
mjølking på ulike stadar etter kva gardsbruk dei tilhøyrde. Dette
er ikkje så heilt ulikt geitehaldet i indre fjordstrok på Sunnmøre
i nyare tid. Praktisk er det óg, men det forklarar ikkje kvifor dei
andre gardsbruka kan ha latt vere. Ein må truleg slå seg til rom
med berre å konstatere at slik har det vore.
«Sommarfjøsane»
Desse
bygga var litt meir solide enn den enkle bøgardsfjøsen og spor
etter ein typisk fjøs i Emblemsbygda var på omlag 4 x 4,5 meter.
Dei bestod som regel av tørrmurar og vart gjerne bygd i ei helling
slik som sela på setra. Muren kunne vere frå omlag 2 meters høgde
i framkant til berre nokre centimeter på det lavaste i bakkant. Oppå
murane var der omlag ei halv etasjehøgd i treverk med enkel
grindkonstruksjon og torvtak. I motsetting til bøgardfjøsen kunne
denne nyttast både til mjølking og vern for dyra om natta. Kanskje
var denne varianten ein av dei eldste kjende typane, men der finst
fortellingar frå bygda om at bjørnen slo seg inn gjennom fjøsdøra
på gardane, så ein valde kanskje å heller halde dyra sine inne i
ein skikkeleg tømmerfjøs på heimgarden om natta før 1850-åra.
Mange av sommarfjøsane hadde ei døropning og ei smal vindusåpning
på 0,5 x 0,5 meter i den høgaste endeveggen Den kunne neppe nyttast
til å kaset ut møkra, så til det var nok døra ein nytta dei få
vekene der fjøsen var i bruk. Dette var det siste stoppet med
beiting i heimeutmarka før ein jaga dyra til setra kring jonsok.
Nokre av dei siste budeiene på Emblemsfjellet fortel at dyra nærmast
kunne kjenne det på kroppen når det var tida for å jage til
seters. Sommarfjøsen kunne likne litt på dei tradisjonelle sela på
setra, men hadde ikkje nokon opphaldsrom til brukarane i andre høgda.
I nokre få tilfelle kan der kanskje ha vore ein slags trelem med
overnattingsmogelegheit, eller litt plass for den som trong å lagre
turrhøy frå utmarka, men som regel vart det bygd eigne utmarksløer
til det formålet i nærleiken av slåttemarka, på samme måte som
ein bygde torvløene ved torvmyrane.
Det
er ikkje alle gardane, og såvisst ikkje alle husmannsplassane, som
hadde sommarfjøs. Dei mest kjende i dag tilhøyrer Nedregotten som
ikkje hadde nokon naturleg grense mot heimeutmarka og fjellet. På
utskiftingskartet til Emblem utmark i 1887-1889 finn ein knapt andre
typiske sommarfjøsar aust for Flisneset. På dei gamle
utskiftingskarta er det få stader det er markeringar som utmerkar
seg som typiske sommerfjøsar før 1891. Av desse er sommarfjøsane
til Nedregotten i ei særstilling. Dei finn me på kart heilt attende
til 1872 og dei er bygd kring ei lita slette omlag som ein seterstøl.
Eg skal kome attende til desse litt lenger ned i teksten. Av bilete
som eg har fått tak i så kan det også verke som om dei finaste
fjøsane kom til anten før 1872 eller i tidsrommet frå 1890 til
1920. Etter den tid nytta ein enklare trekonstruksjonar, skråtak i
bølgeblekk og mindre oppmuring. I dette kapittelet vil eg fortelle
meir om dei spora etter mogelege sommarfjøsar som er funne frå
Eikenosa i vest til Mageholm i aust.
På
Eikenosa er det vanskeleg å finne spor i det heile tatt. I
heimeutmarkskartet mot fjellet frå 1905 er det ingen spor å finne.
På Fjellumarkskartet datert 1887-1889 finn eg lite som tyder på
sommarfjøs, men so ligg også garden så høgt at dei truleg nytta
sjøutmarka si i staden. Nede på Flisneset finn ein fleire små bygg
som kan vitne om anten sommarfjøs, høyløer eller torvløer. På
ein stad nord for Flisnes si innmark, omtrent der Flisnes skule ligg
i dag, låg det då 4 små bygg inne på det som kan minne om ei
inngjerda slette med slåttemark. Eg vil tru at dette var høyløer.
Ellers ligg dei andre bygga stort sett austanfor dette punktet mot
Emblemsvågen og Brendhaugen. Her er det kanskje litt meir sannsynleg
at det er snakk om sommarfjøsar Kven dei tilhøyrde er usikkert. I
bygdeboka for Borgund vert det nemnd at Eikenosa ikkje hadde behov
for nokon seter og at det først var kring 1900 at eigaren, Iver
«Kjøt-Iver» Furset sette opp seterhus ved Skjellbruvatnet saman
med gardane Hatlehol Indre, Torevågen og Fureholmen nede ved sjøen.
Det kan også forklare kvifor ein finn sopass mange små bygg i
området der det i dag er byggefelt på Flisneset. Det er difor godt
mogeleg å tru at Eikenosa hadde mjølkestad nedanfor gardstuna om
våren, for ein finn spor etter bygg nærare Eikenosvågen også.
Dette forenkla dessutan transportvegen til smørmeieriet inne på
Emblem i tidrommet kring 1894-1906, og ikkje minst mjølketrannsporten
frå Emblemskaia eler Vågane til meieriet i Ålesund. Det var også
om våren og sommrane at dyra mjølka mest. Om mjølkedyra vart
verande nede i bygda medan berre dei tørre kyrne og kalvane fekk
fare til seters etter 1900 skal eg ikkje seie for sikkert. Frå omlag
1890 var nemleg Iver Furset stordrivar med mjølkekyr og sal av
livdyr og slakt. Han dyrka opp stort og kjøpte fleire gardpartar
attåt. Frå Steinsgarden på Østrem kjøpte han den vestligste
delen av garden og sette opp kun fjøs i tillegg til at han rydda
slåttemark. Denne parten vart seinare til det som i dag vert kalla
«Flydalsgarden», etter svigersonen som tok over i 1909. Det kan
dermed verke som om Iver såg nytte i å samle dyra nede i bygda.
Etter kvart bygde han seg køyreveg opp til Eikenosa også, slik at
mjølkevegen frå setra vart enklare.
I
Emblemsvågen er det, som tidlegare tidlegare nemnd, ikkje nokon
klåre spor etter sommerfjøsar på dei gamle utskiftingskarta. Ein
skulle tru at det her som på Nedregotten var behov for slike fjøsar
når dei ikkje hadde direkte grense mot fjellutmarka si. Begge
matrikkelbruka har ein god del heimeutmark mot sjøen som kunne
nyttast til beite vår og haust og me veit temmeleg nøyaktig kvar
dei førte dyra sine til fjells. Men der er truleg ein viktig
forskjell på Emblemsvågen og Nedregotten utover 1800-talet. På
Nedregotten vart det frådelt temmeleg mange husmannsplassar i
heimeutmarka, medan ein i Emblemsvågen begrensa seg meir, og drog
også inn at plassar under hovudbruka igjen. Sal av hyttetomter og
frådeling av område som Oshaugen kom anten på tidspunkt med
pengenaud eller ved redusert behov for beite etter att gardsdrifta
var lagd ned.. Det var soleis kanskje ikkje det same behovet for
sommarfjøsar, men ein skal ikkje sjå heilt burt ifrå mogelegheita
av at eit bygg ved Kriken på Emblemsanden og ein ved myra aust for
Antonesgarden kan ha vore nytta som sommarfjøs. Begge låg på
beitemarka, men den eine verkar litt for stor og den andre minner
litt meir om størrelsen på ei torvløe. Like vest for Vågeplassen
og Ludvikplassen finn ein derimot små bygg som kan ha tilhøyrt
Emblemsvågen. Like vest for staden der vegen frå Emblemsvågen
møter hovudvegen gjennom Emblemsbygda finst det eit bilete frå
1950-talet der Sandane hadde ein enkel sommarfjøs bygd inn til ein
større stein. Alderen på denne fjøsen er enno ikkje kjend, men den
var ikkje avmerka i 1907 i alle fall.
På
Emblem er det registrert ei rekkje sommarfjøsar på både kart og
bilete. Eg vel å presentere dei frå vest mot grensa til Østrem i
aust. Like ved innmarkgjerdet og leet på den gamle postvegen, i dag
kalla Hegrevegane mellom Eikenosa og Ystebøen, låg det inntil nyleg
ein fjøs som tilhøyrde Ystebøen. Den vart dei siste åra kun nytta
som lagringsplass før den fall ned. Den er ikkje teikna inn på
nokon av utskiftingskarta, så den er bygd etter 1894 som
grindkonstruksjon. Kanskje har den heile tida hatt bølgeblikktak
også. I so fall kan den vere bygd ein gong kring første
verdskrigen. På denne tida kom stadig fleire sommerfjøsar opp i
Emblemsbygda. Den neste fjøsen låg kun nokre få meter aust for
tunet i Auregarden og ovanfor Geila, som også vart kalla
«Nestelegene» i likheit med fjøsane ovanfor Fursetgarden. Eg vel
difor å halde meg til namnet «Geila» i dette tilfellet for ikkje å
skape forvirring. Den er innteikna på utskiftingskartet frå
1887-1889 og kan soleis vere ein av dei eldste sommarfjøsane i
bygda. Rett aust for Røssevollelva og like ved grinda i bøgjerdet
ovanfor tunet i Fursetgarden ligg 2-3 frittståande sommerfjøsar. To
av dei vart teikna inn på utskiftingskartet i 1887 i lag med nokre
bøgardar. Staden dei ligg på har fått namnet «Nestelegane» Kva
gard dei tilhøyrer er ikkje kjend enno. Det er mogeleg at ein kan ha
tilhøyrd Fursetgarden, men der er sopass mange fjøsar at det er
uråd å vite heilt sikkert. Det kan også vere Ebbegarden eller
Jakobgarden som kan ha hatt fjøs her. Kanskje let eigaren,
omgongskulelæraren Knud Furset gardar uten grense direkte til
bøgarden få lov til å bygge seg fjøs i hans heimeutmark. No er
dette berre ei hypotese, men det er ikkje så usannsynleg, for her
ligg ei av dei to største samlingane av fjøsar på garden Emblem. I
1887. Det er langt frå den gamle tunstaden, så det må vere snakk
om fjøsar bygd etter innmarksutskiftinga og etter 1845. Då er det
mest truleg at dei har tilhøyrd gardar med jord innanfor
Røssevollelva og då er det ikkje så mange å velge mellom i 1887.
Fursetgarden og det seinare nabobruket i aust, kalla Solvang ved
frådelinga i 1936, er skild ut frå mellom anna Negarden, Ebbegarden
og Jakobgarden, samt Skillingen som følge av et bytte av teigar. Av
desse gardane kjenner me til plasseringa av bøgardsfjøsen til
Negarden, så då vert det ikkje så mange alternativ att. Eg vil tru
at Skillingen hadde fjøsen sin lenger aust og at den står nærare
Geila. Skillingen var på denne tida enno ikkje fråskilld
Ebbegarden, så dei hadde nok ingen fjøs i 1887. På sett og vis kan
vi kalle Nestelegane ovanfor Fursetgarden for «Nygeila» også. Den
overtok ein god del av brukarane frå den gamle etter utskiftinga i
1840-åra. Begge stadene var også buleger om våren og hausten, i
likheit med dei som ligg høgare oppe i fjellsida.
Dei
einaste fjøsane som me har skikkelege bilete av frå tida dei var i
drift er dei fire bygningane oppe på Legane, ikkje så lang frå den
vestlige delen av Rotanakken. Her var det ei lita slette med ein
steinrabb i framkant. Det har truleg lenge vore «bulegar» der. Det
tyder at buskapen har lege der, eller hatt kvileplass med andre ord.
Truleg kan det vere snakk om tida midt på dagen. I 1887 finn ein
ikkje nokon spor av det som seinare skulle komme. Enkle fjøsar med
plass til litt mjølkestell kom på plass ein gong etter 1889, og før
midten av 1920-talet då ein har bilde av byfolk på tur nett der.
Fjøsane var truleg inntakte kring 1950, då Sunnmørsposten sin
redaktør, Magne Flem tok bilete av dei. Etter 1950 vart dette
området beplanta med gran til eit granfelt. Med det forsvann både
fjøsane og samlingsplassen for ungdommane på det åpne området på
Legane.
Nederst
i Magnusbakken like vest for Akslabuda, der ein i våre dagar bygg
rekkehus skal det ein gong ha stått ein fjøs på ein liten haug som
heitte «Kjehushæu`n». Opplysningane vart i si tid gjeve til
stadnamngranskaren Johan Krogsæter av Petrus Magerholm på
1980-talet. Den tilhøyrde truleg Steffågarden, og kan ha vore ein
sommarfjøs. Det er også mogeleg at den vart nytta til ungdyr og
kanskje nettopp kje. Det var dels ulendt terreng i dette området som
passa godt til beite.
På
Røssevollen var der truleg ikkje sommarfjøsar i det heile. I
likheit med Eikenosa kan også Røasevollen ha lege for høgt, og dei
hadde heller ikkje sjøbeite. I 1887 finn ein derimot tre
frittståande hus mellom innmarka og det som i våre dagar er
vestelegaste delen av det som no vert kalla Røssevollvatnet. Det vil
seie vest for Røssevollelva. På den tida er det ingen kartreferanse
til dagens Røssevollseter, rett aust for demninga. Det er difor
meir truleg at dette er gamlesetra med spreidde sel utan felles
setervoll. Dei høyrde truleg til Pe-garden, Tykjegarden og
Hansgarden, men ein veit ikkje sikkert kven som tilhøyrer kva gard.
Det kan vere god grunn til å tru at dei låg i nett denne
rekkefølga, slik som bruka låg i vest-aust retning. Då var det
også lettare å få dyra kortaste vegen til setra. Oppe i lia bak
Ivar Åsen hytta er det ein stad som heiter «Gajdd`n». Der skal det
ha vore ein mjølkplass frå gamalt av, men ein veit ikkje av nokon
fjøs der, eller om den tilhøyrde Røssevollen. Eg har derimot funne
ein stad som heiter «Røssevollegane» på austsida av Røssevollelva
og like nedanfor Bjønnanakken. Her har buskapen til Røssevollen
hatt kvileplass i eldre tid. Staden ligg litt høgare enn Legane på
Emblem og omtrent der elva byrjar å renne nedover fjellsida. Det
betyr at staden ligg høgare enn det som kan ha vore gamlesetra. Det
er godt mogeleg at dyra først beita autanfor elva, men det må ha
vore kostbart med nok eit gjerde, så det kan vere ein liggjeplass
der ein henta dyra til anten gamlestølen eller nystølen. Ein finn
ikkje spor etter sommarfjøsar der på karta. Det er kanskje ikkje så
rart, for det er kort veg til både seter og gardane. Når dyra slapp
ut om våren kunne dei kanskje flytte rett på setra.
Kva
som er årsaka til at brukarane på Østrem frå gamalt av
tilsynelatande var uten både bøfjøs og sommarfjøs, med unntak av
Mattisgarden, er ikkje like lett å finna ei forklaring på. Lidvar
Flydal fortel at dei to nyare småbruka Flydalsgarden og Vestrem,
«ute i marka» mot grensa til Emblem, hadde sommerfjøsar tett
ovanfor bøgarden då han vaks opp. Det er interessant informasjon.
Videre kan brukaren i Larsgarden på Østrem, Olav Østrem, fortelle
at dyra og hesten vart sleppt ute i marka vestanfor Storelva då han
var liten. Han fortsette sjølv med denne tradisjonen og der skal ha
stått ein liten frittståande fjøs på Larsgarden si heimeutmark
nær standplassen på skytebana til lysløypa nede i bygda. Den er
også teikna inn på kartet ved innmarksutskiftinga i 1904. På den
tida stod det kun ein stor fjøs i det som nokre år seinare skulle
verte gardstunet i Flydalsgarden. Opplysningane om beite i dette
heimeutmarksområdet fører oss litt nærare ei mogeleg forklaring.
Etter 1880 har det vorte frådelt tre plassebruk på delar av denne
heimeutmarka nede i bygda innanfor bøgjerdet. Der var det også
slåttemark og veaskog i eit belte som skilde Emblem innmark frå
Østrem innmark. Det siste plassebruket var Solvang som Alfred Østrem
skillde frå i 1936. Det kan verke som om brukarane hadde godt med
beite- og slåttemark nede i bygda. Difor kunne dei skillje seg med
sjøutmarka og Nedregotten. Dei eldste fjøsane kan soleis ha stått
innanfor bøgjerdet nærare klengetunet mot fjellsida og er difor
ikkje å finne på heimeutmarkskartet frå 1885.
Frå
nyare tid veit me at Arthur Østrem i Abrahamsgarden bygde seg eit
enkelt treskur som han flytte med traktoren sin like oppom
innmarksgjerdet til garden oppe i Abrahamsbakkane. Etter 1950 ein
gong. Bygget står der framleis. Den gamle sommarfjøsen til
Mattisgarden utanfor Storelva som ein finn spor etter på
utskiftingskarta vart også forbetra etter andre verdskrigen. Det var
mellom anna støypt møkrakjellar. Nærare kvelvingsbrua over elva
vart det også bygd eit redskapshus til hesjastaur og hestereiskap.
Den fall ned på byrjinga av 1980-talet. Det vart også bygd ein
sommarfjøs i tre med omlag 6 båsar i Røysane berre eit par hundre
meter frå gardstunet omtrent der dagens bilveg til emblemsfjellet
tar til i våre dagar. Eg kjenner ikkje til om Steinsgarden hadde
noko liknande etter 1900.
Nedregotten
fekk smale heimeutmarksbøter rett ovanfor dei opphavelege
østremsbruka, slik at brukarane på Østrem ikkje kunne sleppe dyra
sine direkte frå innmarka fram mot 1950 åra. Det har vorte meg
fortalt at Skaret, bruksnummer 1 på Nedregotten hadde ein sommarfjøs
nede ved Hammarsvika attåt. Den låg mot grensa til Emblemsanden og
var truleg også bygd etter 1900. Eg er ikkje sikker på om det var
fleire gardar der som hadde fjøsar mot sjøen, men truleg hadde alle
dei største bruka sin eigen sommarfjøs oppe i fjellsida ovanfor
bøgardsgrensa til Østrem allereie før 1870. Frå gamalt av vart
nok dette kalla «Nergotslegane». I likheit med dei andre stadene i
bygda der ein seinare bygde sommarfjøs eller bøgardsfjøs, så fekk
staden namn som anten legar eller geil.
Så
godt som hjå brukarane på Østrem stod det ikkje til med dei gamle
plassemennene på Nedregotten. På sjøbeita var det mykje ulendt
terreng og dels dårleg slåttemark, så det var ikkje akkurat
velstand som forårsaka denne løysinga. På det nyaste
fjellutmarkskartet for Østrem og Nedregotten frå 1931 er det berre
seks sommerfjøsar som er innteikna saman med den nye vegen til
Østremsetra. Andre hus er ikkje å sjå.
Det
same gjeld for Akslen og Reiten også. så fråver av sommarfjøs kan
ha vore ein slags tradisjon på bruka «innanfor elva». Dyra fekk
nok tidleg beitegras på heimeutmarka nede i bygda og kunne truleg
finne nok mat der heilt til jonsok. Heile poenget var nemmeleg å
skåne innmarka frå beite slik at ein kunne hauste mest mogeleg.
Likevel gjekk det truleg ei grense for kor mykje ein trong og eit
slik beite nede i bygda kan tyde på at dei hadde nok til å klare
seg godt. Likevel fekk også desse bruka eigen sommarfjøs og ei lei
mot utmarka. Den dag i dag kan ein framleis sjå murane etter
sommarfjøsane til Akslabruka ved tømmerløypa til Reiten like
ovanfor gardstunet og innmarka til dette gardsbruket. Reiten og
Akslen var tidlegare same gard. Dei hadde sams beiting austover mot
grensa til Magerholm. Her gjekk dyra tidvis saman med
Magerholmbrukarane sine dyr før nye plassebruk dukka opp på
1800-talet og stengde av den gamle pasasjen. På slutten var det slik
at dyra gjekk ei tid kring Brennhaugen før dei vart flytta til
heimeutmarka i den vestlendte ura nedanfor Stornakken og Akslanakken,
kalla Reiteløypa. Reiten kanskje hadde ei tid mjølking i ein slags
bøgardsfjøs eller oppmura steinplating på innmarksida, men på
utskiftingskartet for innmarka til Reiten og Akslen frå 1891 finn
ein ingen markeringar som kan tyde på nokon slikt, Dette må i so
fall ha kome til etter den tid. Det er ikkje så heilt usansynleg når
ein veit at dei nye brukarane på Østrem bygde seg fjøs så seint
som etter 1950, då sommarfjøsdrifta nærma seg slutten. Ei nærare
studie av karta over heimeutmarka til desse gardane syner heller
ikkje hus eller murar som kan tyde på at sommarfjøsane i Reiteløypa
er bygde før 1891. Der er heller ikkje funne restar etter
mjølkestader austover mot Brennhaugen, der ein veit at dyra gjekk
først på våren. Det kan tyde på at ein på dette tidspunktet
valde å anten mjølke i åpent lende eller drive dyra heim at til
gardstuna. I 1811 vart det halde forliksak der brukaren på Reiten
klaga over at dyr frå Aksla vart gåande lause gjennom tunet hans på
veg til Reiteløypa. Det vart då bestemt at dyra skulle følgast
morgon og kveld, så på den tida vart i alle fall dyra lokka heim
att kvar dag. Kanskje fortsette dei med det fram til 1890-talet, før
dei såg nokon nytte i sommarfjøs-drift. Det stod i alle fall ikkje
på mangel på egna stein og tømmer til å bygge av. Mykje tydar på
at Sommarfjøsane i Emblemsbygda fekk sin renessanse etter den tid.
Frå
Akslabruka stoggar spora etter sommarfjøsar og bøgardar nesten
heilt opp. Ikkje ein gong i stadnamnregisteret er slike nemnd og
utskiftingskarta manglar også. Men lokale brukarar kan framleis
fortelle om nokre av fjøsane som ein gong var. I området mellom
Aksla og Magerholm var der frå gamalt av eit større
heimeutmarksbeite og torvmyrar. Sidan området var so pass stort og
strekte seg frå Kristenplassen til Akslagjerdet så var der vel
truleg torvløe, og kanskje ein og anna mjølkeplass også. Om der
var sommarfjøs er usikkert. Vegen er ikkje så lang, men den er
lenger enn avstanden mellom tunet og dei andre bøgardsfjøsane
lenger ute i bygda. Målet var nok også å la heimemarkene vere
forskåna for dyra. Der skulle ein hauste mest mogeleg av graset til
vinteren, og ein slapp då å vedlikehalde leidegjerde for husdyra,
som ein trong dersom dei skulle følgast heim til mjølking kvar dag.
Det var nok meir vanleg i ei tid der det var mykje ulv og bjørn i
området. Ein kan soleis tenkje seg at Akslagjerdet vart stengselet
mot Aksla og gode steingardar med eine på toppen vart godt stengsel.
I dette området var der ogsåminst to tømmerløyper frå nakkane
med tinglest lagringsplass. Frå 1850-åra vart denne heimeutmarka
gradvis delt frå til nye plassar som vart til stengsel for
beitefelleskapet mellom Magerholm og Aksla. I mellomkrigstida kom der
gradvis hyttefelt kring Brendhaugen og i våre dagar er mykje utnytta
til boligformål i byggefelt. Spor etter fjøsar er difor vanskelege
å finne.
På
Magerholm kan ein derimot finne tuftene framleis. Den eine fjøsen
tilhøyrer hovudbruket og ligg oppe på slåttemarka mot bøgarden og
starten på gamleråsa til Magerholmdalen. Murane er i så godt hald
at den må ha vore i bruk då Karl Engeset kjøpte garden. Kanskje
var den i drift ei tid etter det også. Går ein den nye bilvegen frå
hovudtunet mot hyttene og Bøen på våren så ser ein tydeleg murar
av ein fjøs omlag 100-150 meter lenger vest for tufta til
hovudbruket.Den ligg ovanfor vegen like før dei nærmaste hyttene på
grensa til innmarka og den gamle frukthagen, omtrent der vegen
svingar inn mot gardstunet. Her har det grodd att med skog ikring
fjøsen og ein veit ikkje lenger kven den tilhøyrde. Bøen ligg
nærmast, men der kan også ha vore ei rås opp frå sjøen og
kanskje var det den nest største garden, Magerholmvika som nytta
den. I so fall må dei ha nytta Magerholmvegen innover, så det er no
heller lite truleg. Ei anna moglegheit kan vere at hovudbruket har
hatt to fjøsar. Bøen er nemleg det gamle kårbruket til bruksnummer
1 go det kan vere slik at den første brukaren, Parat-Ole fekk nytte
gamlefjøsen, medan hovudbruket bygde seg ny fjøs nærare tunet.
På
hesseberg skal der visst også finnes to tufter. Den eine skulle
ligge ovanfor Oppigar medan den andre låg aust for Nerigar i
nærleiken av løa på garden. Også bygdeboka for Borgund beskriv
sommarfjøsar oppe i lia over gardane, men seier ikkje noko om kor
mange der ein gong var. Me veit no i alle fall om to fjøsar, ein til
kvart hovudbruk, men eg vil tru at der kanskje var ein fjøs lenger
vest tilhøyrande Bryggå ei tid også.
Soleis
har me fått eit lite overblikk på dei fjøsane som me veit har vore
i bygda, og dei er ikkje så reint få. Ein skal heller ikkje avvise
at der har vore enno fleire. Det er litt underleg å merke seg at der
har vore fleire bygg i ei tid der fjellet har vore trygt for udyr,
enn tidlegare. Då tenkjer eg på at der finst ei rekke stadnamn som
vitnar om enno eldre liggeplassar og mjølkeplassar for dyra oppe i
fjellsidene. Dei mest kjende vert som regel kalla «Leger» eller
«legene». Ein skulle tru at det i eldre tid var viktigare å få
dyra i hus bak tjukke tømmerveggar før myrkret kom, for der finst
framleis historier om bjørn som slo seg inn i fjøsane i bygda.
Leger kan sjølvsagt ha vore nytta til kviletida midt på dagen,
eller så var det kanskje dei få tilfella om rovdyra som vart
fortalt gong på gong. Det kan ikkje forklare kvifor ein bygde veggar
og tak i nyare tid, men me kan likevel konstatere at dei gjorde seg
den umaka og bygde skikkeleg ly for dyr og mjølkebøtte mot slutten
av 1800-talet, etter dei siste store rovdyrjaga. Med denne teksten
kan ein framleis ta vare på litt av kunnskapen om dei.
Kjelder:
Avfotograferte
kopiar av alle dei orginale utskiftingskarta frå Emblemsbygda i
tidsrommet 1887 til 1931. Dette inkluderar innmarkskart,
heimeutmarkskart og utmarkskart. Her manglar innmarkskartet til
Eikenosa og smtlige kart for Magerholm og Hesseberg.
Akslen,
Mauritz: Tekst om gardsdrifta i Høla på 1920-talet
Befaringar
med oppmåling av sommarfjøsane til Nedregotten sommaren 2015
Befaring
med biletregistrering ovanfor Fursetgarden desember 20015
Befaring
på Magerholm og i Magerholmdalen februar 2017
Bilete
og opplysningar Per Almar og Gunvor (f. Flydal) Steinnes
Emblem,
Karl O.: Tekst om gardsdrifta i Steffågarden
Emblem
Skule: Historieprosjekt om den Gamle Emblemsetra 1998
Krogseter,
Johan: Innsamla kart og opplysningar frå lokale informantar om
lokale stadnamn for Ålesund Kommune frå 1980-talet
Opplysningar
frå Arthur Østrem
Opplysningar
frå Aslaug Østrem
Opplysningar
frå Harry Akslen
Opplysningar
frå Hjalmar Engeset
Opplysningar
frå Jon Blindheim
Opplysningar
frå Lidvar Flydal
Opplysningar
frå Olav Østrem
Solem,
Løytnant: Kart over Emblemsbygda i regi av kartverket frå 1872
Øverlid,
Ragnar: Bygdebok for Borgund og Giske Band II Gardsoge 1-51. Borgund
og Giske bygdeboknemnd 1961, Trykt i Bergen