Mathias Østrem frå Emblemsbygda kan
med fordel kallast ei "personifisering av hamskifteprosessane"
på bygdene kring slutten av 1800-talet. Få i Borgund kommune var
vel like framsynt som han i samtida. Mathias, eller "Mattis"
på folkemunne, vart eigentleg døypt (Niels) Matias Ole Andreas
Halvorsen Østrem(1). Han vart fødd på tampen av året den 29.
desember i 1852 og forlet denne verda først i 1936, 84 år gamal.
Mathias kunne fortsett i foreldra sine
fotspor og drive garden på tradisjonelt vis, men det gjorde han
ikkje. Det kan verke som om han hadde ei særeigen interesse for den
nye tid som skulle kome og han hadde også økonomiske ressursar til
å prøve ut dei nye idéane han fekk høyre om. Det vert fortalt at
hen var den første i bygda som dyrka opp markane på garden slik at
ein kunne nytte hestedriven reiskap, som slåmaskin, møkrakjerre,
høyvendar og kunstgjødselspreiar. Kan kunne for så vidt ha stoppa
der, for nydyrkninga må ha vore eit enormt prosjekt i seg sjølv.
Det var ikkje så reint lite stein som måtte flyttast med handemakt
og markar som skule drenerast og planerast, men resultatet vart ei
meir effektiv driftsform og dermed også tid til overs til andre
prosjekt. Med den nye kunstgjødselspreiaren vart han også ein
tidleg kunde for Norsk Hydro
Han gifte seg 17. juni i 1883 med
Pernille Pedersdotter Viddal(6) (1861-1947). Saman fekk dei borna
Hans Laurits (1885-1885), Mathias Laurits (1887-1887), Inga Olivia
Mathæa (f.1889), Fredrik Hilmar Peder (1891-1962) og Ingeborg Hanna
Sofie (1896-1981). Kor religiøse Mathias og Pernille var, er eg
usikker på. Der er ikkje funne så mange spor etter dei i retning av
haugiansk gründerand, men det er ei opplysning som kan peike i den
retninga. Kring 1890 hadde Dei bygd den gjevaste og største løa i
Emblemsbygda. Nokre få år seinare gjekk det ei vekkelsesbylgje over
Sunnmøre - Emblem inkludert. Til slutt vart flokken av nyfrelste i
lekmannsrørsla på Emblem så stor at der ikkje fanst husrom til
alle på møta og Bedehus fanst der ikkje før 1903. Løysinga vart
då å nytte Mattisløa på sommarstid når høystålet enno var
tomt. Presteskapet likte slik forkynning heller dårleg, så eg vil
tru at folket i Mattisgarden var med i flokken av nyfrelste. brukaren
på nabogarden, Lars Olsen Austrem enda jamvel som lekpredikant. Dei
var på denne tida mest opptatt av kinamisjonen, eller
"gamlemisjonen" som den óg vart kalla. Dette kan bidra til
å forklare Mathias hug til å starte verksemder, men det forklarer
ikkje kvifor han valde å bruke ein god del av pengane på eigen
familie. I haugianarrørsla skulle ein derimot leve sparsommeleg og
sette pengane attende i eiga bedrift. Kanskje endre dei syn gradvis
etter århundreskiftet?
I Mathias si tid var det vanleg å
tørke fisken på berga nede ved sjøen for sal. Dette var måten ein
kunne få tak på kontantar. Tørka fisk kunne også fraktast dit dei
beste prisane var å finne. Han kunne nok ha stogga med det og truleg
seld tørrfisken med brukbar forteneste, men det gjorde han ikkje.
Matias kjøpte seg derimot ei lita trekanttomt oppå eit svaberg nede
ved Østremsjøen. Her mura han opp ein mur mot sjøen for å planere
på toppen og sette opp eiga sjøbu. På mange måtar så likna det
på eit forvakse naust med hesteveg fram til bua, dører for
innlasting av varer på baksida og doble dører i framkant for
opplasting av skøytegaleasen "Avance" som han vart
medeigar i frå 1892. Båten vart bygd på Liaaen verft i Ålesund
1884 og nytta både som bankskøyte for å få meir fangst og som
transport av tørrfisken til Spania. Så attåt gardsdrifta og
nyryddinga vart han reiar og fiskeoppkjøpar, slaktar og
fiskeeksportør også. Men historia enda heller ikkje der.
I 1886 hadde søstera til Mathias,
Olivie Marie Johanne Halvorsdotter Østrem(1) (1869-1918), gifta seg
på Blindheim med Lars Petter Rasmussen Blindheim(2). Dottera deira, Ingeborg gifta seg so
med elektroingeniøren Arne Barmann (1872-1947) frå Haram. Med han
fekk Mathias førstehandkunnskap om utnytting av vasskraft, noko som
var høgaste mote kring den 1. verdskrigen. På den tida reiste folk
land og strand rundt i Norge for å kjøpe opp fallrettar frå
bøndene. Her var ikkje Emblemsbygda noko unntak, men Arne kunne
fortelle om dei nyaste løysingane som fleire år seinare også
skulle settast inn på Spilkevig Snøre & Not fabrikk. Ein trong
ikkje lenger å ha fossefall for å elektrifisere. Dette visste ein
frå tidligare drift av truskeverk med reimdrift og fossekallar i
småelvane i bygda som drivkaft. Problemet var berre at det var eit
stykke mellom elva og gardshusa i Mattisgarden. Mathias lot seg
likevel overtale til å ta fatt på eit risikabelt prosjekt der ein
grov ut oppsamlingsdam ovanfor tunet og fekk bygd eit 200 meter
langt trerør i eik for vatnet på bødkervis. maskinene vart kjøpt
frå England på tilbaketuren frå ei av handelsferdene dit og det
heile var truleg prosjektert av Barmann. Han starta etterkvart også
opp med import av elektriske produkt til eige utsal i Ålesund.
Resultatet vart det første
gardselektrisitetsverket i Borgund i 1913. Det kunne forsyne alle
romma i huset og løa. Gje straum til varmelampar til ungdyra i
fjøsen og ei rekke andre husholdningsprodukt som gjorde kvardagen
enklare - det meste var slikt som dei andre husmødre i bygda berre
kunne drøyme om. Det var nok ikkje heilt fritt for anna enn at det
var dei som var litt misunnelege på Mathias og ikkje minst Pernille.
Vittig tunger skulle ha det til at gardskjerringa i Mattisgarden
ikkje trong stå opp i det heile tatt for å lage til frokosten. Det
var no ikkje så veldig langt frå sanninga når ein tenkjer på kor
mykje meir tungvindt husarbeidet var før elektrisiteten. Berre noko
så daglegdags som å stryke ei kvitskjorte når strykejernet anten
måtte fyllast med glør eller varmast på ein dels sotete vedomn.
Slikt trong ikkje Pernille bekymre seg over. Folk kom gjerne på
besøk for å sjå på dei nymotens oppfinningane, men der var også
dei som ikkje ville ha slikt i eige hus, sjølv når dette vart meir
vanleg omlag ti år seinare.
Bygdehistorikaren Karl O. Emblem var 6
år gamal då kraftverket med eiga gatelykt i tunet stod ferdig. Han
skreiv seinare om eit barndomsminne då han var med far sin å køyre
tømmer over Melsvatnet på vinterføre. På heimvegen byrja det å
mørkne då dei nærma seg "Austremsbruna" ved Grønevollen.
Dei tok seg ein pust i bakken medan dei såg ut over den gradvis
mørkare og snødekte bygda fri for forstyrrande motorlydar. Men ein
stad lyste det framleis tindrande klårt, og det var i Mattisgarden.
Då kom han i hug den kjende julesongen "Det lyser i stille
grender". Ingen ord kunne vel passe betre der og då.
Det var svigersonen Ragnvald Herman
Røli Rasmussen Garshol (1895-1975) frå Sør Vågsøy som etter
kvart tok over den daglege drifta av kraftverket. Hanhadde bakgrunn som fyrbøter og flytte
til Østrem kring 1928. Han fekk etter kvart også arbeid som
maskinist på den private ferga "Raana" som doktor Bastian_Weiberg-Aurdal hadde kontrahert i 1931 og sett i drift mellom
Magerholm og Ørsneset for å kome seg heim att til gardsbruket frå
arbeidet sitt i Ålesund. Å drifte kraftverk var ikkje berre enkelt,
den gong som no. Hovudproblemet var at ål frå elva klarte å koma
seg gjennom ristene i enden av trerøret og enda inne i turbinen. Då
måtte alt plukkast frå kvarandre og reinsast for restar av ål, før
slusene kunne åpnast og vatnet på ny kunne fløyme.
Sonen til Mathias heitte Fredrik Hilmar
Peder Østrem (1891-1962). Han emigrerte til Amerika, men tok også
over farsbruket og reiste ein del til å frå. Han var kanskje like
interessert i nyvinningar som far sin. På heimveg tok han rett som
det var med seg noko over Atlanterhavet. Hovudhuset i Mattisgarden
vart soleis utstyrt med mellom anna eit General Electric kjøleskap
og i tunet stod der også ein bil frå USA. Når naboane kom på
julebesøk fekk dei mellom anna nyte synet av full indianarpryd,
skjold og spyd på stoveveggen. i løpet av vel ein mannsalder hadde
soleis eit heilt ordinært gardsbruk utvikla seg til ei framtidsretta
bedrift med både kraftverk og eksporthandel attåt. Men forunderleg
nok så var det ein ting som verken Mathias eller Fredrik tykte
særleg noko om. Det var traktor, og der gjekk grensa. Fredrik kunne
etterkvart leige maskinell hjelp frå nabobruka til slåtten, men
hesten sin var han trufast mot.
Kjelder:
Braaten, Ivar G.: "Næsten som
dagslys, Elekrisitetsforsyninga i Ålesund og Sula gjennom 100 år".
Ålesund og Sula Elverk 1995.
Maaseide, Knut: "Bankskøyta - et
nesten glemt pionerfartøy i norsk havfiske" publisert i Årbok
for Sunnmøre 2013, Ålesund Historielag
Rabbevåg, Egil: Privat slektsregister
for gardane på Østrem, oppdatert 2015.
https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Bastian_Weiberg-Aurdal
http://www.emblemsbygda.com/34569320?i=42162875
http://www.emblemsbygda.com/309020348
http://www.emblemsbygda.com/52378468
http://www.emblemsbygda.com/52378463
http://www.sunnmore-historielag.no/?p=344