 |
 |
|
 |
 |
F. Haugen sitt måleri av Severinbuda slik den truleg såg ut då butikken stod ferdig. Seinare vart butikken påbygd. Biletet et avfotografert av Synnøve Emblem
Her har kunstnaren Leon Ørbeck frå Antonesgarden teke seg nokre kunstnariske friheiter på bakgrunnen, men ei fint bilete frå 1943 er det. Ogrinalen er avfotografert av Synnøve Emblem og justert digitalt av Arve Flem
F.v.: Severin J. Emblem, Dagny Blindheim Emblem, Anna Blindheim Myklebust og Petra Blindheim Skytterholmy på trappa utanfor butikken. Ellinor Emblem ligg i vogna. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Den første Sevrinbuda låg på motsett side av vegen for det nyaste butikkbygget som enno stend i bygda, om enn kun som bolighus med adresse Gamle Emblemsveg 67. Bygget vart til sist nytta som mjøl- og fryselager. Butikkdamene på bildet er: Oddny Hjelmeland og Ingrid Lundanes gift Ødegård.Biletet er utlånt av Annie Hesseberg og namna har Olaf Hesseberg funne fram til.
Baorn på kjelke utanfor butikken f.v.: Anne-Margrethe, Rannveig, Ellinor og Synnøve Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Butikkdamer på Sevrinbuda ein gong kring første halvdel av 1950-talet. Butikkdamene på bilete er: Frå venstre Magnhild Rydjord gift. Aarset bor på Åfarnes. Marie Bakke gift Bjørkavåg. Asbjørg Larsen gift Gjertsen. Fotografen er ukjend.
Bilag på sal av 5 meter ty og sytråd til idrettslaget. Kan det vere dette dei laga merkeband til skiløypene ved konkurransar av? Billaget vart funne på golvet på Ungdomshuset "Borgheim" rett før rivinga av bygget.
F.v.: Rannveig, hund og Anne-Margrethe Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Butikkdamene hos Sevrin Emblem. Biletet er tatt ein gong kring første halvdel på 1950-talet. Butikkdamene er: Frå venstre Magnhild Rydjord gift. Aarset. Ho bur på Åfarnes. Marie Bakke, gift Bjørkavåg. Asbjørg Larsen, gift Gjertsen. Borna er f.v.: Rannveig Emblem, Egil Navelsaker og Anne-Margrethe Emblem Fotografen er ukjend men vart truleg kopiert frå orginalbilete som tilhøyrer Synnøve Emblem. Takk til Asbjørg Gjertsen og Olaf Hesseberg som har funne fram namna.
Ellinor Emblem og barnevogn ved inngangspartiet til butikken. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Den nyaste Sevrinbuda. Butikkdama heiter Annlaug Mork og er frå Bjørke i Hjørundfjorden, men i dag busett i Ørsta. I dag er huset kun nytta til boligføremål med addressa Gamle Emblemsveg 67. Butikken vart bygd ved den gamle bygdevegen på marka til Garsendhaugen, der Sevrin vart fødd. Han hadde reklameslagordet "De ringer vi bringer". Den første interesse hans for butikkdrift vart kveikt då han arbeidde for Hans I Furseth. Biletet er utlånt av Annie Hesseberg. Takk til Olaf Hesseberg for informasjonen
Herr og fru Madsen, Dagny, Ellinor og Anne-Margrethe i vogna.
biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Snøbilete ved hagegjerdet. Severin, Ellinor og Rannveig Emblem sittande på sparken. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Severin Emblem og den næraste slekta er samla hos Severin Emblem i barnedåpen til dottera Synnøve. Den gamle mannen som har eit kryss ved seg er Joakim Emblem. Denne fotostatkopien tilhøyrer Emblem Skule sitt arkiv
Ellinor Emblem i hagen med Garsendhaugen i bakgrunnen. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
F.v.: Lida Kaldhussæter med Kari og Dagny Emblem med Ellinor. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Ved hagegjerdet. F.v.: Severin, Rannveig, Anne-Margrethe og Synnøve Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
To jenter i bunad. F.v.: Anne-Margrethe og Ellinor Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Bryllupsbilete av Severin J. Emblem og Dagny fødd Blindheim i 1938. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Heime hos Anna Blindheim Myklebust og Karl Myklebust. Dei sit lengst mot venstre med dottera Vigdis Myklebust Hovland. Vidare mot høgre sit Anne-Margrethe, Severin, Ellinor og Dagny Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Ellinor Emblem i hagen ved Severinbuda 1940. Garsendhaugen i bakgrunnen. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Barndomsbiletet av Ellinor Emblem frå omlag 1941. Stabburet syner i bakgrunnen, men kven er barnepika? Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Severin J. Emblem i midten er avfotografert i 1948 på Fløien i Bergen. Ein veit ikkje meir om dei som står ikring, men det er kanskje snakk om eit møte eller konferanse for handelsmenn eller noke slikt. Biletet er lånt ut frå Rannveig Emblem Moe sitt album.
Eit lite 17. mai minne med glimt av den gamle Severinbuda som etterkvart vart lager med fryserom. Fotografer en truleg Rannveig Emblem (g. Moe) og syner Rønnaug Nedregotten (g. Hoel). Biletkopien er utlånt frå Rannveig sit album
Severin Emblem var i si tid ein av kun to som hadde privatbil i bygda. Den andre var Per Nedregotten frå Steffågarden på Nedregotten. Biletet er tatt i 1953, då han skulle køyre Annie Hesseberg til Ålesund. Ho var på veg til Antwerpen for å bu hos ein norsk preste-familie som var utstasjonert ved sjømannskirka der nede. Under krigen vart privatbilane konfiskert av tyskerane, men dei fekk ikkje tak i Per, sin. Han gøymde den i høystålet i løa si heilt til krigen var over. Biletet tilhøyrer Annie Hesseberg
Eva Dale på spark på vegen omlag der Olaf Hesseberg bygde hus. Severinbuda i bakgrunnen. Biletet er lånt ut av Synnøve Emblem
Familiebilete av Svein-Dag, Johnny, Eva og Ellinor. Dei tok over drifta av Severinbuda i 1960 og busette seg i andre høgda. Svein-Dag var siste eigar av huset frå Severin-slekta. Biletet er lånt ut av Synnøve Emblem
Søskenborna f.v. Sheila McClelland og Svein-Dag Dale utanfor Severinbuda ein vinterdag då Anne-Margrethe var i heimbygda. Biletet er lånt ut av Synnøve Emblem
Frå Severinbuda mot tomta der gamlebutikken stod. Bensinpumpa stod fortsatt. Biletet er lånt ut av Synnøve Emblem
Frå verandaen på Severinbuda med gamlebuda bak. F.v.: Ellinor Emblem, Ester og Ingeborg Barman, Johnny Dale. Frame f.v.: Eva Dale, Rannveig og Christian Moe. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
F.v.: Svein-Dag Dale og Olaf Hesseberg. Biletet er teke i forbindelse med maling av Severinbuda i 2010. Foto: Synnøve Emblem
Severinbuda våren 2016. Framleis lett å kjenne igjen. Foto: Svein Ove Østrem
Severinbuda våren 2016. Framleis lett å kjenne igjen. Foto: Svein Ove Østrem
Bygdesoga for Emblem vert ikkje komplett utan eit stykke om ein av dei mest særmerkte
handelsmenn som Sunnmøre har fostra i nyare tid - ein mann som eg berre har høyrt lovord
om, over 50 år etter at han gjekk bort. Det handlar med andre ord om Severin Ragnvald
Joakimson Emblem (1906-1960), eller Severin J. Emblem som han sjølv likte å kalle seg.
Severin vart fødd den 21. januar i 1906 og døypt den 22. april det same året. Foreldra var
gardbrukar Joakim Johanson Emblem (1870-1955) frå Garsendhaugen og Elisa Iverdotter Furseth
(1878-1957) som vaks opp på Skorene og Eikenosa. Dåpsvitna var «
lærer K. Furseth og hustru,
Johan Eliasen Emblem, Karn Ingeborg Hans dtr Ekornaas, Anton? Siverinsen Emblemsvaag og
pige Gurine Ivers dtr. Ekornaas».
Alle saman var truleg slektningar. Lærar Knut Furset og
kona
Oline, (f. Magerholm)
, var onkel og tante til Elisa, medan Gurine var søster. Anton Siverinsen
Emblemsvåg var stesonen til Anne Eline Johansdotter Emblem frå Garsendhaugen. Ho var med
andre ord tanta til Severin og gift i Antonesgarden i Emblemsvågen. Johan Eliasen Emblem var
farfar til dåpsbornet. Karn finn eg derimot ikkje att nokon stad. Det er mogeleg at det kan vere
feilskrive namn. Kanskje er det tanta som også har vorte skrive ned i folketellinga som «Karn», men
det er enno usikkert. Skikken på den tida var som regel at borna vart kalla opp etter slekt frå
generasjonane føre, eller at dei fekk namn etter eldre søsken som døydde tidleg. I dette tilfellet vil
eg tru at det var onkelen Severin Julius Martinus Emblem (f. 1867) han vart kalla opp att etter. Han
var sjømann som emigrerte til Minnesota i 1893, 13 år i forvegen. I tillegg hadde farfaren Sevrin
som mellomnamn.
Severin vaks opp på Garsendhugen, bnr. 2 under matrikkelgarden Emblem midt i bygda. Faren tok
etter kvart over poståpneriet etter grannen og handelsmannen Lars Olsen Emblem på Elvarum.
Mora Elise var veldig interessert i blomster og fylde etterkvart hagen med det som den gongen var
eksotiske vekstar frå mellom anna Danmark og Holland. I tillegg var ho dyktig med handarbeid.
Han rakk ikkje å oppleve smørmeieriet i elva like ved tunet, men historiene vart han truleg godt
kjend med. Fleire av dei som arbeidde der hadde nemleg hatt husrom på nettopp Garsendhaugen. Ei
av gardskonene like ved hadde dessutan gifta seg i bygda og material frå det nedlagde meieriet var
det morfaren, «Kjøt-Iver», som hadde kjøpt åt tanta og onkelen til Severin på Bjørkavollen ved
Puskhola. Dei trong ny løe og Iver stilde altig opp der han kunne hjelpe. Slik fekk både hesten og
hønene bu «standsmessig» med perlermorpanel på veggane.
Severin var den femte i rekka og difor ikkje nokon odelsgut, så han måtte finne seg eit anna utkome
i livet enn landbruk. Han fekk nok tidleg interesse for handel og var dessutan fødd inn i ei gryande
handelslekt. Bestefaren, Iver, var ein av dei dyktigaste slaktarane i distriktet og truleg den første
som løyste torgrett på det nybygde Kipperviktorget kring 1885. I tillegg dreiv han stort med kjøp og
sal av livdyr og åtte gardsbruk fleire stadar i bygda. Han starta etter kvart også opp ein landhandel
på det fyrste småbruket som han bygsla i 1880 med namnet Skorene. I dette arbeidet laut også borna
ta del og det var kanskje tanta Karen som dreiv butikken i byrjinga. I 1910 var Johanna, ei anna
tante, bestyrar. Mora, Elisa, var nok med og hjalp til der det trongst, slik fursetslekta var vel vande
med. Både born, svigerfamilie og borneborn hjalp til i slåttonna hjå «Kjøt-Iver» på Eikenosa, og
slik fortsette dei også å hjelpa kvarandre lenge etter at Iver gjekk bort. Severin var nok meir enn ein
gong oppe i løa på Eikenosa. Broren Johan var minst like ivrig. Der vart også skytevåpena på
garden lagra. Johan hadde i barndomen vist desse særleg interesse trass advarslar var dette noko
som var spanande å leike litt med. Men ein dag gjekk det gale. Eit av våpena gjekk av og delar av
fingeren til Johan gjekk med i same slengen. Heldigvis vart ingen skada meir enn det, men det må
ha sett ein alvorleg støkk i dei som opplevde det heile.
Severin var truleg jamnt og trutt innom butikken åt morfaren i det vesle grå huset på Skorene der
det meste kunne kjøpast i laus vekt. Me skal ikkje sjå heilt bort ifrå tanken om at også han vart
freista til å sette fingeren i den store sirupstynna ein gong eller to også. På buda var det at folket i
bygda møttest. Her fretta dei nytt og her kunne også spanande fortellingar frå framande land møte
sitt bergtatte unge publikum. I mange tilfelle var det nesten som eit skodespel mellom selgar og
kjøpar når alt skulle vegast. Karl O. Emblem fortel: «
dei hadde desse balansevektene, skålvektene
me kalla, og det likte dei godt gamlekarane, då såg dei om det blei gitt god eller dårleg vekt. Det
var voldsomt ka dei grein på nasa då dei kom desse nye vektene, med denne lange visaren og ei
masse tal. Dei var skeptiske og der var dei som var snare og heiv opp loddern når dei kom heim for
å ta stikkprøver på om det var rett vekt. Og så var der ei gammal kone der i nærheiten som var
nokså jamne med det der, og når ho fekk det til å stemme då, sa ho: Å jammen vog ho Sanna rett!
Dei hadde ikkje så mange kroner å leggje frå seg i forretningane»
I tillegg var dette barndomens rike og Severin såg i alle år opp til bestefar sin, Iver Karlson Furset,
som fekk utretta så mykje. Severin var heller ikkje den einaste som gradvis fekk vekt interessa si for
handel. Onklane Karl og Hans vart også handelsmenn etterkvart. Karl starta «Iversen Kolonial» på
Høybråten ved Oslo, medan Hans tok over butikken på Skorene etter søstrene sine og flytte den inn
i nybygd butikk på Magnusbakken like ved Garsendhaugen. Der fekk også Severin arbeid og
opplæring i butikkdrift. Han var då omlag 14 år gamal. Hans selde butikken vidare etter kort tid då
han fekk tilslaget på den tidlegare Kooperative forretninga i Spjelkavika. Der var det nytt
forretningsbygg og bustad i andre høgda. Han endra også namnet til Iversen, slik som broren Karl
hadde gjort. Grunnen til det er eg usikker på, men truleg hadde det samanheng med at Iversen var
eit meir allment og nøytralt namn for den som skulle flytte ut og etablere seg på ein ny stad.
Butikken på Magnusbakken kom no over i eiga til ei anna grein av morslekta til Severin frå Øvste-
Aksla. Mormora kom nemleg derifrå. Her var det nok onkelen Lars K. Akslen som var den mest
aktive i drifta frå starten av. Han hadde også hatt arbeidd der tidlegare under Hans Furset saman
med Severin, før han hadde reist til amerika ein periode for å tene meir pengar enn det som den
gongen var mogeleg i heimbygda. Amerika var på den tida sjølve drøymelandet. Du kunne til og
med få gratis reise dersom du vart verande i eit år. Det var særleg i tømmerindustrien på vestkysten
at arbeidet var godt betalt. Ein av dei store i bransjen var endå til frå Sykkylven og så godt kjend at
du kunne komme deg heilt fram utan å kunne eit einaste ord engelsk. Rekrutterte du nokon fekk du
tur-returbilletten din gratis. Dette vart løysinga for den som hadde ynske om å få seg eit gardsbruk,
eller ein butikk slik som Lars og broren Knut Akslen. Frå 1900 til 1925 hadde mest kvart gardsbruk
i bygda hatt ungdomar på kortare arbeidsopphald der borte. Fleire hadde til og med busett seg i
Amerika.
Kanskje var det slik at Severin kom på trua om at også han ein dag kunne starte opp for noko seg
sjølv. Etter 1929 tok nemleg ein annan tidlegere ansatt, Thomas Kristoffersen, over butikkdrifta på
det som no vart kalla for «Akslabuda». Det kan ha påverka Severin også, for då trong han ikkje
konkurrere med den næraste slekta. Han hadde i alle år eit godt forhold til farfaren «Kjøt-Iver», som
nok var med å styrke han i trua på at dette var vegen å gå, men først trong han meir teoretisk ballast.
Severin fekk seg handelsutdanning i Oslo. Der budde han truleg hjå onkelen, Karl, på Høybråten og
kvitterte nok for opphaldet med å arbeide for han i ledige stunder også.
I 1930 eller 1931 hadde han kome heim att til bygda. Der fekk han frådelt eit lite stykke frå
farsgarden rett aust for Akslabuda. Her starta han forsiktig opp ein liten butikk som gradvis vaks
seg større. Severin utmerka seg tidleg som eit forretningstalent. Han hadde nok arva mykje frå far
sin, og han hadde frå barnsbein av hatt gode førebilete ikring seg. Når Joakim henta posten på
dampskipskaia i Emblemsvågen så fylgde eit kobbel av ungar med han opp att på Garsendhaugen
og venta tålmodig medan han sorterte dagens post. Fleire var so nysgjerrige at dei nærmast låg over
disken. Joakim var glad i born og av han lærte Severin truleg meir om betydninga av gode
relasjonar med kundane for den som skulle drive handel i konkurranse med andre. Eit godt forhold
til borna kunne seinare medføre trufaste kundar når dei vart eldre. Lars på Elvarum hadde hatt same
filosofi. Severin hadde truleg vore med på 17. maifeiringa der Lars hadde delt ut gratis wienerbrød
til borna og spela marsjar på grammofonen sin frå vindauget på butikken. Mi oldemor Martha Dale
frå Norddal var ansatt hos han fram til den første verdskrigen braut ut. Då var det også vanleg å
tilby ein liten godbit til ungane som kom for å handle for foreldra sine.
Omlag samstundes som Severin starta sitt handelslag hadde Peder Myrstad teke over den tidlegare
Akslabuda og ansett svigerinna si, Anna Hundeide, som bestyrar på «Myrstad Filial». Ho vart gift i
Negarden. Dottera Lillian har fortalt om ein annan strategi i kampen om kundane. Som småjente
fekk Lillian oppdraget med å stå oppå disken og synge for kundane slik at dei skulle stoppe opp og
handle der framfor hjå konkurrenten, Severin. Det vart etterkvart ein «hard konkurranse» om
kundane i bygda, for han synte seg å verte ein særs dyktig handelsmann. Han utvida den første
butikken sin både ein og to gongar før han fekk frådelt og tinglest ei ny tomt frå farsgarden, og
bygde der den store butikken med leiligheita i andre høgda like før andre verdskrigen tok til. Det
vart ein diger butikk utan sitt like i bygda på den tida. Varebehaldninga auka også gradvis fram til
han fekk det største utvalet i distriktet.
På den tida var det ikkje å sette seg i bilen, slik som no, for å kjøre til neste butikk eller kjøpesenter.
Det var difor langt meir enn berre mat som ein landhandlar måtte ha på lager. Journalist og
sambygding, Peter «Peto» Hesseberg, skreiv ein gong i Sunnmørsposten om ein som hadde leita
etter badmingtonballar. Dette var i ei tid med vareknappheit og rasjonering i landet vårt. Over alt
fekk han vite at slikt ikkje fanst på lager i Norge. Til slutt kom han på å henvende seg til Severin
som spurte attende om han skulle ha eitt eller to dusin...
Giftermål og familieliv
Den 29. mai 1938 vart det halde bryllup på Garsendhaugen. Bruda heitte Dagny Larsdotter
Blindheim (1910-1960). Ho vaks opp i nabobygda, men hadde besteforeldra sine på morssida frå
Mattisgarden på Østrem. Der hadde ho nok vore ein del i oppveksten. Det var eit føregongsbruk i
bygda. Onkelen (Nils) Matias Ole Andreas Halvorsen Østrem (1852-1936) hadde vore den første
som dyrka opp alle markane sine til maskinell drift med hesteslåmaskin, høyvender og
kunstgjødselspreiar. I tillegg var han handelsmann også. Matias åtte mellom anna ein part i ei
bankskøyte, kjøpte inn tørrfisk og bygde seg sjøbud nede ved Østremsjøen. Båten vart også nytta til
direkteeksport av klippfisk heilt til Spania, og han var fleire gongar på handelsferd i England.
Svogeren til Dagny var presteson og elektroingeniøen Arne Barman (1872-1947) frå Haram. Han
var gift med den søstera Ingeborg Blindheim (1890-1977). Av han kom Matias på trua om å bygge
sitt eige minikraftverk i 1913, som den første i Borgund kommune.
Den 30. juni 1939 kom eldstedottera Ellinor Jofrid til verda. Kundar og naboar kunne no høyre
barnelåt og kanskje også få seg ein litan kikk oppi vogna den sommaren. Det var ikkje fritt for
tilbod om å trilleturar heller. Kvardagen på Severinbuda vart frå no av fyld med meir enn berre
varer og sal, for no hadde det kome bornelykke i huset. Severin hadde i fleire år vore ein habil
amatørfotograf. Han selde allereie nokre av dei finaste bygdebileta som trykkte postkort i butikken
sin, men frå no av vart det også stadig fleire familiebilete til eigen album. Mange av dei hadde
butikken, hagen og Garsendhaugen som bakgrunn, men det var som regel dottera Ellinor som var
hovudmotivet i framgrunnen.
Med nokre års mellomrom fekk Ellinor tre systre til. Den første var Anne-Margrethe i 1941, så kom
Rannveig Berit til verda fredsåret 1945 medan Synnøve Dagny vart fødd i 1947. Synnøve fekk
kanskje mellomnamnet sitt frå mor si, eller i alle fall morslekta. Dei vaks opp i sentrum av
Emblemsbygda med besteforeldra på Garsendhaugen, kun eit steinkast unna. Vener var der nok av,
både dei som budde i nærleiken og dei som hadde foreldre arbeidande på butikken. Søskenborn frå
Fursetslekta fanst mest over heile bygda og besteforeldra på Blindheim budde heller ikkje så langt
vekk. Her midt i bygda var der postkontor og to daglegvarebutikkar. Samvirkelaget vart starta opp
og tatt over både leigekontrakt og varer i 1946, då Myrstad Kolonial hadde lagt ned drifta på
Magnusbakken. Etter nokre år der flytta dei inn i sine nye butikklokale ved Ebbebakken litt lenger
aust. Butikkane var for mange framleis ein samlingstad der bygdefolk i alle aldrar møttest og hadde
tid til ein prat attåt. Det var framleis trygt for borna å ake med kjelkar midt på bilvegen og det
gjekk også sport i å sjå kor langt ein kunne renne på ski frå gamleskulen ved Ungdomshuset på
Hjellhaugen. Var føret godt kunne ein renna nesten heilt ut til Severinbuda. Sommartida var det
trygt og godt å vere i den inngjerda hagen utanfor Severinbuda, eller delta i gardsdrifta med hest og
høying hjå onkelen, Johan, på Garsendhaugen, og søstrene var ikkje dei einaste. Synnøve fortel
også at familien gjerne drog på biltur på søndagen. Ho vart lett bilsjuk, så ho fekk vere hjå
besteforeldra i staden. Derifrå kunne ho sjå når lysa vart slått på heime og det var på tide å gå ned
att. Både Johan og farmora Elise var flinke til å la borna få ta del i arbeidet sitt. Stadig vekk trongst
det hjelp til å dra slipesteinen, men der var også mykje tid til å få ri på hesten som han delte med
svogeren Ole Hesseberg på Elvarum. Eit av dei siste teppa som farmra Elise knytte fekk Rannveig
vere med på. Ho var stolt då ho sidan fekk arve nettopp det teppet.
Nybutikken
Den 4. august 1937 hadde altså Severin fått frådelt ei ny tomt frå farsgarden, Garsendhaugen. Den
låg på andre sida av bygdevegen for staden der gamlebutikken og bensinpumpene stod. Her fekk
han teikna og oppført det flotte huset med valmatak og funkisvindauge i andre høgda som til og
med fortsette kring hjørna på huset. Der var det mellom anna leiligheit der han sjølv busette seg og
stifta familie.
I første høgda bygde han ei framtidsretta forretning med store utstillingsvindauge og eit spesiallaga
dørhandtak med initialane «S E». Slikt eit bygg var ein ikkje vand med her ute på bygda. Fredrik
Emblem kan fortelle at der var ein halvvegg framom utstillingsvindauga mot vegen. På den tida
gjekk bilvegen tett inntil veggen på butikkane i bygda frå Akslabuda på Magnusbakken og austover
forbi butikken til Severin. Vegen gjekk så vidare til den gamle landhandelen i «Berghuset» på
Elvarum og seinare også forbi Samvirkelaget. Vegen er der framleis og vert i dag kalla «Gamle
Emblemsveg». Dette området vart etter kvart som eit handelsentrum i bygda. Der vart alle
butikkane, med unntak av gamlebuda på Skorene, bygd. Postkontoret låg også inntil vegen heile
tida, med unntak av den perioden kontoret heldt til eit steinkast unna i kjellaren på Garsendhaugen
hjå foreldra, og seinare broren til Severin.
Halvveggen framom utstillingsvindauga vart bygd slik at ein kom lett til for å endre utstillinga. På
andre sida inn mot butikklokalet var der ein benk der gamlekarane samla seg. Nokre meter unna
benken stod spyttbakken. Når karane snudde på haudet og spytta så traff dei som regel med
hovuddelen av klysa, men der var også tynne striper av tobakk og spytt bortetter golvet mot
spyttbakken. Ebbe-Elias var den einaste av dei som ikkje tygde tobakk. Han røykte den i staden.
Det gjekk med nokre fyrstikke når han fortalde. Han starta alltid fortellinga med samme strofe før
han tok ein pause og smatta på pipa si: «Ej seie no som so» eller noke slikt. Når Elias fortalde frå si
tid på sjøen så hadde han ikkje noko problem med å fengsle publikum, men han svidde nok fingrane
rett som det var då han gløymde å fortsette opptenninga av pipa si.
Kring 1939 vart gamlebutikken ombygd til lager og fryseri når den nye stod ferdig. Marie
Bjørkavåg fortel at allereie i 1950 vart den vidre modernisert Det var det året ho fekk seg jobb der,
ei stilling ho hadde i 4 år fram til 1954. Han la sjela si i arbeidet med butikken og sparte seg aldri.
Engasjert i felleskapet
I likheit med mange av sine jamnaldringar i samtida så engasjerte Severin seg i ungdomslaget i
bygda. På den tida vart det starta idrettslag i 1932 og ein hadde frå før av nokre kristelege songlag
og godtemplarlosjar i regi av fråhaldsrørsla. Om Severin var med i fleire av desse er usikkert, for
der finst ikkje nokon kjende medlemslister at i fleire av desse laga. Men i møteprotokollen for
ungdomslaget kan me sjå at han var særs engasjert i byggjesaka for å få bygd eit eige ungdomshus.
Dette engasjementet delte han med formannen og naboen Karl O. Emblem. Dei to skal ha mykje av
æra for at det etter mange års ønsker og prat vart handling bak orda frå våren 1933. Severin var
sjølvskriven medlem av byggekomitéen og fekk overtala nærliggande ungdomslag til å låne ut
husteikningane sine, som Knut Nedregotten tilpassa. Dei to fekk med seg Alfred Østrem og Georg
Emblemsvåg på laget. Severin var sjølvskriven som kasserar på prosjektet og lånte ut pengar jamnt
og trutt til ei rekke små og store innkjøp undervegs. At han var handelsmann av yrke kom soleis
godt med. Då dei skulle få tak på sceneteppe hadde Knut fått eit godt tilbod på stoff hjå ein han
tidlegare hadde bygd hus åt, og som no arbeidde i ein av Devold-butikkane. Severin betalte teppet
kontant og på handelsmanns vis trekte han ifrå 10 prosent kontantrabatt. Det hadde ikkje selgaren
rekna med då han gav tilbodet, så fløyelsteppet enda på ein særs god pris. Etter at huset stod ferdig
gjekk han også inn i husstyret og eg vil tru at laget fekk brukbare rabattar hjå han i dei komande åra
også. Ungdomslaget var heller ikkje dei einaste som kunne nyte godt av å ha ein handelsmann i
bygda.
Den 26. september 1938 underteikna styret i Emblemsbygda Billag gjeldsbrev på kr. 1050,- hjå
Severin. Busselskapet hadde året i forvegen gått frå å vere andelslag til aksjeselskap. Det er
vanskeleg å seie med sikkerheit kva pengane skulle nyttast til, men det er mogeleg at pengane vart
nytta til å finansier det neste busskjøpt, som var eit Opel Blitz chassis hos Oscar Rørhuus. Karosseri
vart påbygd hjå T.Knudsen i Kristiansand. Oskar Emblem fortel i historia om selskapet at denne
bussen vakte stor oppsikt. Då dei som henta den ferdige bussen hadde fått seg litt mat i Oslo såg dei
nesten ikke bussen att i mengda av folk som stod å såg på den . Det var den finaste bussen dei hadde
sett, vart det sagt.
Men so kom krigen, og det vart mangel på det meste, unntatt mjølk og poteter. Bensinrasjonerina
lot heller ikke vente på seg, og då var det ikkje like lett å vere handelsmann og bensinselgar. Det tok
nemleg ikkje lang tid før bilane og bussane måtte benytte vedgassgenerator i staden. Likevel vart
bygdefolket og laga tekne vel vare på. Heilt fram til vår tid fekk dei i tillegg til rabattar også
mogelegheit til å levere attende varer som dei ikkje klarte å selje på mellom anna 17. mai. Den
tradisjonen heldt seg vidare sjølv då Samvirkelaget vart den einaste gjenverande butikken i bygda
etter 1973. Det var soleis ingen økonomisk risiko for dei laga som tok på seg å arrangere sosiale
treffpunkt til glede for bygdefolket. Det var heller ikkje fritt for at slik godvilje gav meir handel og
fleire trufaste kundar også. No var det ikkje så mykje til grunnlovsfeiring før etter den andre
verdskrigen, men der var likevel fleire sosiale arrangement å delta på. Av dei som har gått over i
historia er pølsefestane og dansetilstelningane til idrettslaget. Morsdagsfeiring og julefesten på
Ungdomshuset likeså. Samtidig har nye kome til med fleire korps og foreiningar.
Krigen
I aprildagane 1940 vart Severin innkalla ved den millitære mobiliseringa mot dei tyske
okkupantane. Kvelden den 10. april var han frame på Åndalsnes saman med sambygdingane Hans
Østrem frå Larsgarden, Petter Kaldhusseter frå Kaldhusgarden, Petter P. Emblem frå Ystebøen og
Louis Vennersberg, med slektsforbinding til både Severin og Mattisgarden på Østrem. Den siste av
dei mobiliserte, Karl O. Emblem, fortalde følgande om Severin på lydband til krigshistorikar
Ragnar Ulstein:
«Vi kom inn til Åndalsnes og blei mottatt der då seint på kvelden, eller det va no vel nærmare natt.
Og vi fikk ta inn på annekset til Grand Hotell Bellevue på Åndalsnes. Der fekk vi vårt første
opphald. Han Sevrin Emblem va i grunn den som kom først i arbeid. Han va ikkje stridende, men
han va kjøpmann og hadde vare å salg og sånne saker og ting og pakking som spesialitet. Å ej
huska at han kom seint om kvelden oppi rommet der som vi heldt til å sa: -Ej he aldri i mitt liv
handla så godt som ej he gjordt i dag, sa han. Då ha han ste i heile dagen. So slapp han å vere med
so veldig lenge. Sannsynligvis so va kje det behov for han lenger for den første fasen da med det
arbeidet so han utførte, det va i bunn og grunn ganske fort over.
Severin var med andre ord med i logistikkavdelinga som hadde ansvar for å klargjere dei
mobiliserande soldatane, Her var det fleire med kjøpmannserfaring. Severin var 34 år på dette
tidspunktet og som veteran å rekne. Om det var kun matforsyningane han arbeidde med, eller
bekledninga óg, det veit ein ikkje lenger så mykje om. Eg veit ikkje eksakt kor lenge han var
innkalla, men ein tok nok hensyn til at han også hadde ein butikk heime å drifte . Det gjekk heller
ikkje så lang tid før dei andre norske soldatane vart avvepna og sende heim att, men dei klarte å
sikre fritt leide for konge, regjering og gulltransport. Utan Møre Regiment kunne krigen også ha
enda annleis dersom kongen vart teken og heile den norske handelsflåten hadde enda på tyske
hender. Severin sin innsats fekk difor betydning for det seinare utfallet av krigen for Noreg sin del.
Ein av dei største butikkane i distriktet
Severin hadde etter kvart kundar heilt ut til Blindheim og Vegsund. Marie Bjørkavåg fortel at han
brukte mykje tid på å køyre ut varene til kundane sine. Bil var nemleg ikkje allemannseige den
gongen. Han var uklanderleg kledd i kvit kjøpmannsfrakk med pennen klar i brystlomma,
kvitskjorte og slips kom attåt. Han heldt kundane sine høgt og gjorde det ytterste for å skaffe det dei
måtte ynske. Severin var ein handelsmann av den gamle sorten som ein stadig sjeldnare får oppleve
i våre dagar. Med bilrasjoneringa etter krigen vart det heller ingen dramatisk auke i antallet
emblemsbygdarar som hadde bil. Næringsdrivande fekk kjøpe først om bilen skulle nyttast i
arbeidsammanheng og soleis hadde difor både Severin, Alfred Østrem og Per Nedregotten vore
mellom dei få sidan 1930-åra då lensmannen omsider tillet buss- og biltrafikk på bygdevegane i
Borgund. Han kunne difor fortsette i mange år å annonsere med: «De ringer vi bringer»
Det kunne tidvis gå litt fort unna, då sjåførane gjerne hadde dette som deltidsjobb på ettermiddagen.
Olaf Hesseberg var ein av desse. Etter ein lang dag på «Maskin og Skips» i byen var det å sette seg i
den raude varbilen til Severin for å få daglegvarene ut. Bilen fekk forresten tilnamnet «Den røde
pil» på folkemunne i Olaf si tid. Tilbodet med utkøyring av varer fortsette i mange år etterpå. Til
slutt var det Alfred Hesseberg og Samvirkelaget som tok over dette populære tilbodet etter at
Severinbuda var lagd ned. Det er nok vanskeleg i våre dagar å forestille seg kor viktig dette var for
kundane den gongen.
Severinbuda vaks jamnt og trutt til ei av ei største landhandleria i distriktet. At Severin kunne tilby
drivstoff attåt var heller inga ulempe. Han hadde heller ikkje noko imot å verte fotografert til
reklameformål. Ei av desse bileta vart tekne av fotograf Arne Hagen i Ålesund og var for
strømpemerket La Mote i «Norsk Kjøpmannsblad». Der kunne han fortelle at han aldri hadde hatt
slikt eit strømpesalg som etter at han starta å selje dette merket. Kor mykje som var reklame og kor
mykje som var basert på reelle salgstal skal vere usagt, men ein skal ikkje sjå bort frå at det stemte.
Severin produserte også eigne reklameartiklar. Ein av desse var ein kalender med logoar og
biletlomme øverst der biletet kunne skiftast ut. Kanskje var det han sjølv som var fotografen også.
Det eksemplaret eg har fått kopi av hadde plass til små lappar der datoen kunne rivast av kvar dag.
Fordelen med dette var at resten av kalenderen kunne trykkast opp i større opplag då den mangla
årstal. Deretter kunne årets bilete og kalenderlappar settast på etter behov. Reklametekstar var der
også fleire av. Den eine stod under enkle telefonnummer, 18, og kunne fortelle at han dreiv
«Distriktets mest velassorterte forretning». Videre kunne ein lesa at Fryseri og kjølerum stod gratis
til kundernes disposisjon og at varene «bringes overalt uten ett øres tillegg i pris». Som om dette
ikkje var nok så kunne ein nederst lesa at det var «Større vareutvalg og bedre service hos den
private kjøpmann». I ungdomslaget medlemsblad finn ein i 1940-åra spor av lys papirtape med
Severin sin logo og valspråk. Den vart nok opprinneleg nytta til å tape mellom anna kasser og
konvoluttar, men her har truleg kjøpmannen sjølv teke på seg ansvaret å reparere den velbrukte
skriveboka. I tillegg delte han ut trykte handlelister som kundane kunne skrive på. Det var ikkje
vanleg den gongen.
Verva
Sjølv om ein skulle tru at han hadde sitt fulle hyre med den daglege drifta og familie, så tok han
også på seg verv utanom. Han sat mellom anna i kontrollnemnda for Borgund Sparebank i fleire år.
Han var vararepresentant i «Rådet for distriktsforretninger og nærbutikker», og dette var ikkje dei
einaste. I avisreferatet frå begravelsen, publisert 12. juli 1960, kan ein også lesa at han var med i
Sunnmøre Kjøpmannslag, Køff Engros a/s Vest, Bensinhandlerenes Landsforbund,
bensinhandlarane sitt lokale forbund på Sunnmøre, verv i Mesna Margarinfabrikk og han hadde
vore med i landstyret i Norges Kolonial og Landhandlerforbund. Av lokale foreiningar var begge
engasjerte i Emblem Indremisjon og Dagny var medlem i Husmorlaget.
Dei første oppgåvene han tok på seg hadde derimot lite med handel å gjere. I det frilynde
ungdomslaget på Emblem la ein vekt på å øve opp meir enn berre musikalske prestasjonar. Hovudet
trong også påfyll. På den tida han vart med var det få som tok nokon form for vidaregåande skule
eller vart studentar frå bygda vår. For dei fleste var den allmenne grunnskulen i bygda nok. Sidan
gjekk ein i lære, fekk seg hyre eller drog til amerika for å tena pengar til å skaffe seg ein gard.
Andre flytte frå bygda for godt. I mellomkrigstida var det likevel vanskeleg for ungdomar å få seg
arbeid så mange gjekk også tiltakslause. På Akslabuda hadde Thomas Kristoffersen hengt opp
sandsekk på lageret og gav ungdomane eit tilbod innan fysisk aktivitet. I Fossestova kunne
ungdomslaget sine medlemmar møtest for å øve seg på diskusjon og debatt av tidsakuelle tema.
Severin var ikkje berre medlem, han gjekk også inn i styre og tok meir enn gjerne ein tørn som
bladstyrar for det handskrivne medlemsbladet «Innaumnesingen».
Dei som møtte kvarandre på buda
Severinbuda var så mykje meir enn berre daglegvarehandel. Det er mange som møtte kvarandre og
stifta familie i kjølvatnet av at dei møttest nettopp der. No er ikkje dette så heilt unikt, for det same
kan seiast om fleire av dei andre butikkane og næringsverksemdene som har vore i bygda vår både
før og etter. Lange tider var det vanleg at ungdomar tidleg tok seg teneste på gardar utanfor si eiga
heimbygd, og då smørmeieriet vart etablert i 1890-åra kom der også budeier og meierske frå andre
kantar. Elias Knutsen Emblem (1869-1949) frå Steffågarden var ein av desse. Han gifte seg med
meierska Johanne Larsdotter Svindset frå Ørskog og fekk frådelt Storhaugen frå farsbruket i 1903,
der etablerte dei eit nytt småbruk i Emblemsbygda. Det er artig å tenkje på at dei siste drivarane av
dette bruket, Anny og Johan møttes på nett same vis då ho kom til bygda frå Melhus i forbindelse
med arbeid på Severinbuda.
Av andre som møtte kvarandre der kan kan også Harry og Marie Bjørkavåg nemnast. Han vaks opp
på Røssevollen og var i mange år vore særs aktiv i lag og foreningslivet i bygda. Han var mellom
anna dirigent i Musikklaget Gjallarhorn. Marie var på ingen måte tingare i så måte. Ho engasjerte
seg sterkt i mellom anna bornearbeidet på bedehuset i bygda. Eg hugsar henne særs godt frå
søndagskulen og søndagskulemusikken i min eigen barndom. Der var også Asbjørg Larsen, gift
Gjertsen, aktivt med samstundes. Ho vaks opp i bygda og hadde også arbeidd på Severinbuda
samstundes med Marie, før ho utdanna seg til lærar og fekk seg arbeid på Emblem Skule.
Nokre av dei som har arbeidd på Severinbuda
Av dei eg har namnet på førebels er: Oddny Hjelmeland og Ingrid Lundanes gift Ødegård, Annlaug
Mork kom frå Bjørke i Hjørundfjorden, men er i dag busett i Ørsta. Marie Bakke, (g. Bjørkavåg),
busette seg som sagt i Emblemsbygda, medan Asbjørg Larsen (g. Gjertsen) var fødd på Emblem,
Magnhild Rydjord vart seinare gift Aarset busett på Åfarnes. Det er særleg kjekt at alle desse er
avfotograferte og bileta finst framleis i fotoalbumen til Annie Hesseberg. Dei neste har me ikkje
bilete av ved Severinbuda. Anny Sivertsen frå Melhus (f. 1935) vart gift med John Andreas Johansen (1930-2003) på nabobruket Storhaugen og busett der. Lillian Emblem (g. Nedrelid) fortel at ho arbeidde to
sommerar på Severinbuda i lag med Solveig Sæter, mor til Sigbjørn. Solveig var også ein trufast
ansatt i fleire år.
I perioden 1960 til 1965 kunne ein møte
Haldis Emblem, Josefine Nedregotten og Ruth Bjørkavåg
bak disken. Det var på denne tida at Olaf Hesseberg kjørte ut varene på ettermiddagstid. Sigbjørn
Sæter tok også til å arbeide der i 1960. Han nemner i tillegg Karin Leira Solvang, Henny Flisnes,
Sylvi Sæter, Ellinor Akslen Giskegjerde og Tor Mittet, der sistnemnde var med på å køyre ut varer i
en periode. Dottera til Severin, Ellinor Emblem og Johnny Dale dreiv då butikken.
Frå tida 1965-1973 var mellom anna Torhild Øyen der saman med Ellinor Giskegjerde. Synnøve
Emblem kan legge til at Unni Akslen arbeidde samstundes som Sylvi Sæter. Dottera til Henny
Flisnes (ovanfor) arbeidde der ho også, og heitte Reidun. I tillegg arbeidde Frida Flisnes på
Severinbuda. Ho var gift med Leonard Flisnes som dreiv el-forretning i Spjelkavika. Vidare kan
lærarsonen Odd Olsen, bror til Jostein og dottera til Harry og Marie, Sigrun Bjørkavåg. Ho vart
andre generasjon med arbeid i same bedrift. Evelyn som dei fleste hugsar frå postkontoret på
Magnusbakken arbeidde også der ei tid. Ho vart etterkvart gift med enkemannen Sverre Martin
Nedregotten frå Syvergarden like ved.
Sjokket
6. juli 1960 skulle verte ein dag som mange framleis hugsar. Det som i utgangspunktet hadde starta
som ein heilt vanleg handledag på Severinbuda enda med ei tragedie. På kort tid døydde både
Severin og Dagny heilt uventa. Han vart 54 og ho 50 år. Heile bygda sat att i sjokk og vantru. Dei
etterlet seg 4 døtre der Ellinor var 21 år og yngstedottera, Synnøve, berre 13.
11. juli vart nok ein tung dag. Fleire hundre møtte fram til begravelsen. Borgund kyrkje var fyllt til
randen av dei som ynskte å ta eit siste farvel og dele sorga. Koret var vakkert pynta med levande lys
og blomar. Minnetalen vart halde av hjelpeprest Sverre Eikum, som sette ord på det sjokket som
vart familien og bygda til del:
«Dei som har lært Emblem og frue å kjenne blei glad i dei. Vi såg
opp til dei, og det blir tomt og stille på Emblem nå når dei ikkje er meir.»
Han fortalde at begge
visste at dei leid av ein sjukdom som kunne gjere brått slutt på livet. Men eg vil tru at ord vart fattig
trøyst på denne dagen. Lærar Bernhard Olsen sa nokre ord og la ned krans på bårene frå borna,
medan Ivar Flydal og lektor Myklebust la ned krans frå syskena. Det vart også lagt ned ei mengde
kransar frå slekt, vener og organisasjonar som dei var med i.
Vegen vidare
Det er umogeleg å forestille seg korleis dei klarte det, men livet måtte på sett og vis gå vidare.
Severinbuda gav arbeid og løn til fleire andre enn den næraste familien. Saman med Johnny Dale
tok Ellinor på seg det store ansvaret for butikkdrifta etter faren. Det var ingen hvilken som helst
bedrift heller, det var sjølve livsverket hans. Ho fekk med seg dyktige medarbeiderar til å halde
hjula i gong. Midt i sorga må det ha vore trygt å ha familien ikring seg. Onkelen Johan og tanta
Anna budde like ved. Dei makta på eit vis å vere seg sjølve, slik dei alltid hadde vore og gode å ha
for dei som no mangla både mor og far. Anne-Margrethe (1941-2013) emigrerte tre år seinare til
Amerika der ho gifte seg med Mac MacClelland. Ellinor og Johnny gifte seg etterkvart og flytte inn
i leiligheita over butiken, der dei fekk borna Eva og Svein-Dag, som vart siste eigar av butikken frå
slekta. Ellinor er i dag gift med Torbjørn Birkeland og busett på Hamar. Rannveig (1945-1999)
gifte seg med John Moe og busette seg i Oslo, dit også Synnøve flytte etter kvart. Søstrene, Ellinor,
Rannveig og synnøve tok også over Garsendhaugen i 1976 etter onkelen Johan og tanta Eddy som
var bornlause. Tunet vart seinare seld til Ålesund kommune og er i våre dagar nytta til eldreboligar
Slutt på butikkdrifta
I 1960 var butikken framleis av dei største i distriktet. Ellinor makta på eit vis å finne krefter til å
fortsette der Severin og Dagny slapp. Butikken skulle fortsette drifta i 13 år til. Sigbjørn Sæter fortel
at han hadde byrja som hjelpemann med utkjøring av varer etter framhaldskulen i 1960. Det same
året byrja han også i butikken. Då var det Haldis Emblem, Ruth Bjørkavåg og Josefine Nedregotten
som var ansatt der. På samme tid var Olaf Hesseberg og Tor Mittet sjåførar. Sigbjørn arbeidde der i
5 år før han reiste i millitæret 1965. Sommrane var ei travel tid når byfolket kom ut på landet for å
feriere på hyttene sine. Av bygdefolk han minnes som har arbeidde der den same perioden var
Karin Leira Solvang i eitt års tid, Solveig Sæter, Ellinor Akslen Giskegjærde, og Sylvi som han
seinare gifte seg med,
I 1973 vart det slutt på drifta på Severinbuda. Emblem Samvirkelag kjøpte opp innventaret og
varebehaldninga. Den gamle butikktomta på hi sida av vegen med bensinpumpa vart etter kvart seld
til boligformål i lag med dei fleste slåttemarkene på Garsendhaugen. Butikkvindauga i første etasje
vart kledd igjen slik at huset kunne nyttast til bolig i begge etasjene, men framleis kan ein danne seg
eit intrykk av korleis det ein gong såg ut. For nokre år sidan vart Severinbuda seld ut av slekta, men
takka vere opplysningar, bilete og hjelp frå særleg Synnøve Emblem, så kan ein framleis danne seg
eit inntrykk av den gjeve butikken som ein gong var.
Kjelder:
Digitalarkivet: kirkebøkene på nett
www.digitalarkivet.no
Emblem, Oskar: Historien om Emblemsbygda billag, tilrettelagt av Kristoffer Emblem og....
Emblem Karl O. : Kåseri om butikkane på Emblem.
Emblem Skule: «Intervju med Marie Bjørkavåg» frå 1987
Emblemsbygda Ungdomslag: utdrag frå møteprotokoll og medlemsbladet «Innaumnesingen» og
rekneskapsbillag.
Rabbevåg, Egil: Slektsoversikt for garden Emblem
Sunnmørsposten: diverse orginale avisutklipp om mellom anna innviinga av ungdomshuset i 1934,
«Lørdagsgubben» skrive av Peter «Peto» Hesseberg før 1960, omtale av gravferda i 1960 og notis i
forbindelse med dødsfallet 7.7.1960.
w
ww.seeiendom.no
: Nyare grunnbokoversikt og kart
Østrem, Svein Ove: «Ungdomshuset» http://www.emblemsbygda.com/34569331
Muntleg informasjon frå:
Fredrik Emblem
Harry Bjørkavåg
Lillian Nedrelid
Martha Dale (til Olav Østrem)
Olaf Hesseberg
Vigdis Hovland
Skriftlege opplysningar og bilete frå:
Ann-Mari Thorvik
Elisabeth Bjørkavåg
Emblem Skule sitt historiske arkiv
Karin Eriksen
Lars-Arve Emblem
Olaf Hesseberg
Sigbjørn Sæter
Synnøve Emblem
F. Haugen sitt måleri av Severinbuda slik den truleg såg ut då butikken stod ferdig. Seinare vart butikken påbygd. Biletet et avfotografert av Synnøve Emblem
Her har kunstnaren Leon Ørbeck frå Antonesgarden teke seg nokre kunstnariske friheiter på bakgrunnen, men ei fint bilete frå 1943 er det. Ogrinalen er avfotografert av Synnøve Emblem og justert digitalt av Arve Flem
F.v.: Severin J. Emblem, Dagny Blindheim Emblem, Anna Blindheim Myklebust og Petra Blindheim Skytterholmy på trappa utanfor butikken. Ellinor Emblem ligg i vogna. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Den første Sevrinbuda låg på motsett side av vegen for det nyaste butikkbygget som enno stend i bygda, om enn kun som bolighus med adresse Gamle Emblemsveg 67. Bygget vart til sist nytta som mjøl- og fryselager. Butikkdamene på bildet er: Oddny Hjelmeland og Ingrid Lundanes gift Ødegård.Biletet er utlånt av Annie Hesseberg og namna har Olaf Hesseberg funne fram til.
Baorn på kjelke utanfor butikken f.v.: Anne-Margrethe, Rannveig, Ellinor og Synnøve Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Butikkdamer på Sevrinbuda ein gong kring første halvdel av 1950-talet. Butikkdamene på bilete er: Frå venstre Magnhild Rydjord gift. Aarset bor på Åfarnes. Marie Bakke gift Bjørkavåg. Asbjørg Larsen gift Gjertsen. Fotografen er ukjend.
Bilag på sal av 5 meter ty og sytråd til idrettslaget. Kan det vere dette dei laga merkeband til skiløypene ved konkurransar av? Billaget vart funne på golvet på Ungdomshuset "Borgheim" rett før rivinga av bygget.
F.v.: Rannveig, hund og Anne-Margrethe Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Butikkdamene hos Sevrin Emblem. Biletet er tatt ein gong kring første halvdel på 1950-talet. Butikkdamene er: Frå venstre Magnhild Rydjord gift. Aarset. Ho bur på Åfarnes. Marie Bakke, gift Bjørkavåg. Asbjørg Larsen, gift Gjertsen. Borna er f.v.: Rannveig Emblem, Egil Navelsaker og Anne-Margrethe Emblem Fotografen er ukjend men vart truleg kopiert frå orginalbilete som tilhøyrer Synnøve Emblem. Takk til Asbjørg Gjertsen og Olaf Hesseberg som har funne fram namna.
Ellinor Emblem og barnevogn ved inngangspartiet til butikken. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Den nyaste Sevrinbuda. Butikkdama heiter Annlaug Mork og er frå Bjørke i Hjørundfjorden, men i dag busett i Ørsta. I dag er huset kun nytta til boligføremål med addressa Gamle Emblemsveg 67. Butikken vart bygd ved den gamle bygdevegen på marka til Garsendhaugen, der Sevrin vart fødd. Han hadde reklameslagordet "De ringer vi bringer". Den første interesse hans for butikkdrift vart kveikt då han arbeidde for Hans I Furseth. Biletet er utlånt av Annie Hesseberg. Takk til Olaf Hesseberg for informasjonen
Herr og fru Madsen, Dagny, Ellinor og Anne-Margrethe i vogna.
biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Snøbilete ved hagegjerdet. Severin, Ellinor og Rannveig Emblem sittande på sparken. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Severin Emblem og den næraste slekta er samla hos Severin Emblem i barnedåpen til dottera Synnøve. Den gamle mannen som har eit kryss ved seg er Joakim Emblem. Denne fotostatkopien tilhøyrer Emblem Skule sitt arkiv
Ellinor Emblem i hagen med Garsendhaugen i bakgrunnen. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
F.v.: Lida Kaldhussæter med Kari og Dagny Emblem med Ellinor. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Ved hagegjerdet. F.v.: Severin, Rannveig, Anne-Margrethe og Synnøve Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
To jenter i bunad. F.v.: Anne-Margrethe og Ellinor Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Bryllupsbilete av Severin J. Emblem og Dagny fødd Blindheim i 1938. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Heime hos Anna Blindheim Myklebust og Karl Myklebust. Dei sit lengst mot venstre med dottera Vigdis Myklebust Hovland. Vidare mot høgre sit Anne-Margrethe, Severin, Ellinor og Dagny Emblem. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Ellinor Emblem i hagen ved Severinbuda 1940. Garsendhaugen i bakgrunnen. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Barndomsbiletet av Ellinor Emblem frå omlag 1941. Stabburet syner i bakgrunnen, men kven er barnepika? Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
Severin J. Emblem i midten er avfotografert i 1948 på Fløien i Bergen. Ein veit ikkje meir om dei som står ikring, men det er kanskje snakk om eit møte eller konferanse for handelsmenn eller noke slikt. Biletet er lånt ut frå Rannveig Emblem Moe sitt album.
Eit lite 17. mai minne med glimt av den gamle Severinbuda som etterkvart vart lager med fryserom. Fotografer en truleg Rannveig Emblem (g. Moe) og syner Rønnaug Nedregotten (g. Hoel). Biletkopien er utlånt frå Rannveig sit album
Severin Emblem var i si tid ein av kun to som hadde privatbil i bygda. Den andre var Per Nedregotten frå Steffågarden på Nedregotten. Biletet er tatt i 1953, då han skulle køyre Annie Hesseberg til Ålesund. Ho var på veg til Antwerpen for å bu hos ein norsk preste-familie som var utstasjonert ved sjømannskirka der nede. Under krigen vart privatbilane konfiskert av tyskerane, men dei fekk ikkje tak i Per, sin. Han gøymde den i høystålet i løa si heilt til krigen var over. Biletet tilhøyrer Annie Hesseberg
Eva Dale på spark på vegen omlag der Olaf Hesseberg bygde hus. Severinbuda i bakgrunnen. Biletet er lånt ut av Synnøve Emblem
Familiebilete av Svein-Dag, Johnny, Eva og Ellinor. Dei tok over drifta av Severinbuda i 1960 og busette seg i andre høgda. Svein-Dag var siste eigar av huset frå Severin-slekta. Biletet er lånt ut av Synnøve Emblem
Søskenborna f.v. Sheila McClelland og Svein-Dag Dale utanfor Severinbuda ein vinterdag då Anne-Margrethe var i heimbygda. Biletet er lånt ut av Synnøve Emblem
Frå Severinbuda mot tomta der gamlebutikken stod. Bensinpumpa stod fortsatt. Biletet er lånt ut av Synnøve Emblem
Frå verandaen på Severinbuda med gamlebuda bak. F.v.: Ellinor Emblem, Ester og Ingeborg Barman, Johnny Dale. Frame f.v.: Eva Dale, Rannveig og Christian Moe. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem
F.v.: Svein-Dag Dale og Olaf Hesseberg. Biletet er teke i forbindelse med maling av Severinbuda i 2010. Foto: Synnøve Emblem
Severinbuda våren 2016. Framleis lett å kjenne igjen. Foto: Svein Ove Østrem
Severinbuda våren 2016. Framleis lett å kjenne igjen. Foto: Svein Ove Østrem
Mer infoLiker
| |
 |
|
|
|