Garsendhaugen bruksnumer 2
si historie går omlag 200 år attende i tid. Det var opphaveleg ein
husmannsplass under bnr. 1, Negarden. Namnet er ikkje tolka
tidlegare, men der ligg ein haug like bak staden der tunet låg så
bruket kan ha fått namn sitt derfrå. I våre dagar så ligg denne
haugen mot nedre grensa på innmarka til negardstunet, så det kan
vere freistande å tenke på ei tyding som «enden på garden».
Problemet er berre at Negarden var del av eit samla klengetun lenger
vest der tuna til Skillingen, Sjursgarden og Steffågarden ligg i
dag, men det er likevel ikkje heilt utenkjeleg at haugen kan ha
markert ei slags skillelinje eller grense også i 1820-åra. Plassen
var i alle fall «indengjerdes på udyrka mark» Utfordringa med
dette er at gamle åkernamn som «Linåkeren» ligg enno lenger aust
mot Ebbegarden og der finst fleire slike åkernamn mot Jakobgarden,
der alderen er ukjend enno.
Den første plassemannen
Lars Martinus Einarsen
Strandabø (dp.1793-1866) frå Hjørundfjorden var i alle fall den
første plassemannen. Den 5. januar 1817 hadde han forlova seg med
Eli Samundsdotter Rønning (1789-1845). Ho var oppvaksen på bruk
nummer 1 på Trandal i Hjørundfjorden. Han hadde drive Strandabø i
tidsrommet 1818 til 1825 før dei kom til Emblemsbygda. Frå
festebrevet det året kan ein lesa at dei skulle betale ei årleg
avgift på 4 ort og 8 arbeidsdagar til eigaren i Negarden. Dei fekk
beiterett til eit par kyr og nokre småfe, samt lovnad på å få
låne negardshesten 8 dagar per år. Hest var nemleg ikkje
allemanseige på den tida. Det var på sett og vis eit slags
statussymbol for dei gardbrukarane som hadde råd til den slags.
Husmenn med hest var der få av. Mykje må difor ha vore meir
tungvint, men når det kom til slåtten så var der lite av markar
som kunne slåast med anna en langorv, småljå og handemakt slik det
alltid hadde vore. Bygda besto opphaveleg av natureng og små faste
åkerlappar her og der. Utfordringa var å pløge åkrane utan hest.
Lars og Eli hadde ingen ukse som kunne spennast føre, så då må
hesten ha vore uvurderleg dei dagane dei fekk låne den til våronna,
frakt av høyet i slåttonna og kanskje nokre fraktoppdrag attåt. På
den tida fantest det ikkje høyvogner, så då vart truleg tresleden
nytta i staden. Ulempene med å vere husmann var at hesten først
kunne nyttast når det ikkje var behov for den på hovudbruket. I
dårlege år med utrygt vér kunne det verte spanande om dei fekk
tørrhøyet i hus før neste regnversbløyte.
I 1841 var truleg plassen
ferdig rydda og opparbeidd med dei husa ein trong. Då vart den
skyldsett på nytt til 1 ort og 4 skilling. På den tida vart det
arbeidd med utskiftingar på garden Emblem, der meininga var at alle
gardsbruka i klengetunet no skulle få sine eigne samanhengande
stykke av matrikkelgarden. Etter den tid skulle også dei fleste tuna
flyttast ut frå det gamle klengetunet til sine stykke. Nils Olsen
Solavåg på Ystebøen hadde kjøpt garden sin året i forvegen og
var difor den første som krevde ei slik utskiftingsforretning.
Om dei første eigarane
No vart det også meir
vanleg å kjøpe og selge gardpartar for investeringa si skuld.
Plassemannen Lars Martinus vart soleis vitne til at Ingebrigt Elias
Olsen Emblem(dp.1816), eldstesonen i Negarden kjøpte plassebruket
hans. Det er litt underleg, for han var eldst og dermed odelsguten på
farsbruket. Foreldra gav seg også i 1841, men han tok ikkje over
etter dei, og på Garsendhaugen sat Lars framleis som husmann.
Ingebrigt vart difor sjølv husmann fram til 1846 og seinare matros,
busett i Ålesund. Han hadde gifta seg i 1839 med Anne Hendriksdotter
Morkvæ frå Kjerringøy, men ho døydde berre 23 år gamal som
strandsittarkone i Ålesund i 1841. Kanskje budde dei ein stad kring
Brunholmen? Dette vart eit tungt år for enkemannen Ingebrigt, og det
kan ha påverka vala han gjorde også. I 1842 skøytte han nemleg frå
seg plassen for 50 Speciedalar til broren Ole Elias som også tok
over farsbruket. I 1844 vart Garsendhaugen seld på nytt, men også
denne gongen innanfor ætta. Sonen til Ole Elias heitte Klaus Olsen
Magerholm. Han hadde gifta seg til rikdom med enka på hovudbruket
inne på Magerholm. Etter kvart byrja han å investere verdiane i ei
rekkje gardpartar i Emblemsbygda. Garsendhaugen såg han kanskje
ikkje så mykje inntjening på likevel, for i 1848 selde han den
vidare til Peder Andersen Sandvik, før Ole Elias nok ein gong kjøpte
Gasendhaugen i 1854 for 140 speciedaler. Lars Martinus fekk såleis
mange eigarar å forhalde seg til dei åra han var husmann. I tillegg
vart han gift på nytt i 1848 med enka Tyri Marie Henrichsdotter
Utgård(7) (1795-1871). Ho vart døypt på Blakstad i Sykkylven og
enka etter Lars Johnsen Sunde(6) på garden Utgård. Tyri døydde
seinare som legdslem på Eikenosøydegarden, lenger vest i bygda.
Lars hadde gjeve seg som plassemann i 1863 og saman med Tyri fekk dei
då kår hos Lars Karolus Olsen Emblem (1845-1925) i Negarden. For
ordens skuld kan eg nemne at dette er den same manen som seinare fekk
frådelt handelsplassen Elvarum og starta opp handelsverksemd der.
Lars er den første bufaste landhandlaren som me veit om i
Emblemsbygda. I tillegg var han engasjert i både etablering av
dampskipskaia og smørmeieriet i bygda. Sistnemnde vart drive i eit
eige bygg bygd tvers over Røssevollelva mellom Garsendhaugen og
Ebbegarden frå omlag 1894 til 1906. Der var også Lars bestyrar ei
tid medan fleire av borna på Garsendhaugen fekk seg arbeid som
budeier. Dei leigde også ut husrom til meiersker som kom langvegs
frå. Fleire av desse vart seinare gift og busett i bygda.
Lars og Tyri fekk ingen born
saman, men med si første kone, Eli, hadde han allereie fem. Dei fire
eldste borna vart fødd då han budde på Strandabø. Dette var
Ingebrigt Elias (dp.1918-1848) som gifte seg med Randine Knutsdotter
Magerholmdal (ca.1820-1892) og vart plassemann i Magerholmdalen. Han
døydde tidleg, berre 30 år gamal. Søstera Kanuthe (f.1820) gifte
seg i 1861 med Jacob Henrik Eliassen Hareide (f.ca.1826) Dei busette
seg som inderstar hjå Jacob sine foreldre på Hareid og budde der i
1865. Frå før av hadde ho også ei dotter med matros Hans
Christensen Barstad, og to born med Jacob. Samund var den tredje i
borneflokken. Han fekk ein son med Ingeborg Olsdotter Fauskekamen i
1844, men gifta seg truleg ikkje i det heile tatt. Andreas var den
siste som vart fødd på Strandabø. Han vart fødd 3. april i 1825
og døydde i august det same året. Den yngste i flokken vart Jetmund
Olavus Johannes. Han vart berre 5 år gamal og døydde allereie i
1835.
Ny slekt på Garsendhaugen
I 1862
kom det ei ny slekt til Garsendhaugen. Dette var Johan Severin
Eliassen Grepstad(7) (1834-1910) Alle dei komande brukarane skulle
etter dette vere i slekt med han - sjølv namna vart nytta om att.
Johan hadde gifta seg året i forvegen med Tørri (Tøri) Marie
Aagnesdotter Erstad (1835-1914). Begge kom frå Sykkylven. I 1866
kjøpte dei også plassen til sjølveige for 240
Speciedalarutan husa. No vart
bruket forøvrig kalla «Tørkervold» i det tingleste skøytet.
Årsaka til namneendringa er ukjend. Dei fekk 6 born. (Siverine)
Charlotte Juliane (1863-1923) som var eldst. Ho gifta seg i 1899 med
Albert Karolus Olsen Hessen(Y,1) (f.1844). Han var plassemann i
Skarbøvika. Dei fekk knapt nokon tid saman, for allereie i
1900-tellinga finn ein ho som enke og tenar i Antoniusgarden i
Emblemsvågen, medan ho var registrert som rentenist og lausarbeidar
busett hjå mora på Gardsendhaugen i 1910. Årsaka til at ho budde
ei tid i Antoniusgarden var at søstera Anne Eline Petrine (f.1865)
hadde gifta seg der i 1899 med enkemannen Severin Kornelius Martinus
Rasmussen Kvalen (1856-1952) frå Sande. Det var det same året som
Charlotte også hadde stått brud. Den neste var Severin Julius
Martinus (f.1867) som drog til amerika frå Ålesund med White Star
Line til Minnesota i 1893. Han var då ein ugift sjømann. Den neste
brukaren vart sonen Joakim Thomas Peder (1870-1955). Han skal me kome
attende til. Edvard var nummer 5 i borneflokken , men vart berre vel
to veker gamal før han døydde i 1872. Eline Marie (f.1874) var
yngste bornet til Johan og Tøri. Også ho drog til Amerika med White
Star Line til Minnesota. Før den tid hadde ho arbeidd som meierske
på smørmeieriet i Emblemsbygda. Ho reiste saman med ei anna
meierske. Det var søskenbornet Marie Anna Sofie Severinsdotter
Emblemsvåg (f.1887) frå onkelen, Sevrin, sitt første ekteskap. I
1868 avla dei 3 tønner havre, 8 tønner med potet og 11 skippund
høy. Dei hadde då 2 kyr og 3 sauer på bruket, men ingen hest
framleis.
Sonen Joakim Thomas Peder
Johansen Emblem var altså den fjerde i borneflokken, men fekk
likevel overta garden. I 1902 fekk han skøytet på bruket tinglest.
Johan fekk 2000 kroner for garden og kår på livstid. Mellom
kårkrava var 216 kg havre, 3,6 hektoliter potet. Dei skulle ha for,
og pleie for 1 1/2 ku og 1 sau. Kumjølka skulle dei ha heimbåren
til huset. Var der ikkje sau på garden så skulle dei ha 5 kroner
per år i staden. På den tida var der frukthage også. Kårfolket
skulle då ha inntil halvparten av utkomet. Brensel og kjærlig pleie
livet ut var standard i slike kontrakter den gongen. Når det kom til
husrom så skulle vestre halvdelen vere kårdelen. Det gjaldt alle
etasjar frå kjeller til loftet. Kontrakta hadde vorte skriven under
mellom partane med lærar Knut Furset til stades 1. februar 1901
Joakim fekk sonen Anton
Marius Karl (1899-1899) med (Hanne) Anna Karoline Marie
Antoniusdotter Emblemsvåg(5) (f.1872) frå Antoniusgarden. Det kan
kanskje høyrest litt rart ut sidan søstera var gift der, men dette
var dottera til den forrige brukaren som hadde seld bruket ut av si
eiga slekt til Severin Rasmusson Kvalen. Dei vart av ein eller annan
grunn ikkje gifte likevel. Ho gifte seg i staden i 1901 med Ole
Martinus Larsson Fyllingen.
Joakim og Elisa
Joakim gifte seg på si side
med Elisa Nikoline Iversdotter Furset (1878-1957) Ho var fødd på
prestegarden på Stranda, der faren, Iver Karlson «Kjøt-Iver»
Furset frå Pe-olagarden under Nedre Furset på Stranda var
forpaktar. Du kan lese eir om han under Eikenosa og Skorene her på
www.emblemsbygda.com
Elisa har nytta fleire etternamn. Ho vart døypt Furset, men det var
på den tida vanleg å skifte namn etter garden ein flytta til. Difor
nytta ho kanskje Emblem som etternamn nokre gongar etter at familien
kom til Skorene på Emblem kring 1880. Vidare nytta ho ettenamnet
Eikenaas eller Eikenos når «Kjøt-Iver» kjøpte garden der og
flytte opp dit. Sjølv nytta han som regel Furset-namnet slik som
broren og omgangskulelæraren i bygda, Knut. Lærar-Knut hadde kjøpt
jordbøter frå inngifteslekta si og rydda seg ein eigen gard, med
namnet «Nybø», kalla «Fursetgarden» på folkemunne. Begge to
hadde gifta seg med ei jente frå bygda. Fursetfamilien held saman og
hjalp ofte kvarandre i onnene. Fleire av søstrene til Elisa hadde
dessutan gifta seg i bygda.
Joakim og Elisa fekk 5 born
saman. Johan Ingvald (1900-1973) var eldst og den som tok over
garden. Han skal eg kome attende til. Anna Lovise (1900-1974)
var tvillingsøstera hans og underleg nok fødd heile tre dagar etter
han. Ho gifte seg i 1933 med Ole Johan Laurits Pettersen Hesseberg(2)
frå Oppigar på Hesseberg. Dei kjøpte Elvarum og busette seg der,
like ved Garsendhaugen. Inga Eline (1902-1960) reiste til amerika i
1925 med Stavangerfjord frå Bergen. Ho var då ugift. Inga gifte seg
seinare med Torvald Edvin Jensen Vegsund(6) frå Vegsundvågen.
Torvald og Inga døydde i Seattle. Severin (1906-1960) gifte seg med
Dagny Larsdotter Blindheim. Ho hadde besteforeldre på morsida i
Mattisgarden på Østrem. Dei starta opp landhandel på eigedomen.
Severin fekk frådelt ei eiga tomt i 1937 og bygde opp ein av dei
største landhandlane i distriktet, kalla «Severinbuda». Du kan
finne meir om han under næringsliv på denne nettsida. Klara
Oluffine (1907-1922) var den yngste av borna og døydde ung.
Joakim var ei triveleg kar
som var glad i å ha folk ikring seg. Han dreiv som skomakar ved
sidan av gardsdrifta og prøvde seg mellom anna på sølvrev-avl slik
som svigerfaren, Kjøt-Iver, på Skorene. Dei var fleire som fatta
interesse for dette i mellomkrigstida. Det røyste seg no revefarmar
både på Knutgarden i Emblemsvågen, i Guttormgarden på Nedregotten
og i Høla inne på Aksla. Det kan nesten verke som om det særleg
var indremisjonsfolk som «vart bitne» av denne nye næringsvegen i
bygda, men truleg var det «Kjøt-Iver» som starta opp først og som
den føregangsmannen han alltid hadde vore så vart sikkert fleire
lystne til å prøve det same. Det vart ingen suksess for noken av
dei denne gongen. Joakim gjekk etterkvart over på å drive med høns
i staden. Hønsehus hadde dei oppå sjølve Garsendhaugen bak huset.
Joakim tok over som
poståpnar i bygda då handelsmann Lars Olsen Emblem på Elvarum gav
seg med handelsverksemd og postkontor i 1921. Han flytta drifta opp i
kjellaren sin på Garsendhaugen. I hans tid måtte posten hentast ved
dampskipskaia i Emblemsvågen dei første åra. Deretter måte den
etterkvart så velbrukte postveska i skinn berast heim att med eit
kobbel av ungar og nysgjerrige på slep. Enkelte hang over disken
medan han sorterte, men det gjorde ingen ting for han var glad i å
ha born ikring seg. På sine eldre dagar vart posten helst køyrd med
hest og vogn.
Elisa utmerka seg med
tekstilhandtverk og var flink til å veve tepper, gardiner og puter.
Det var ikkje så reint få av dei som pynta opp i heimen etterkvart.
Ho produserte også på bestilling frå andre. Bornebornet Ellinor
minnes at ei frue frå Ålesund hadde vore på høgfjellshotell. Der
hadde ho teikna av mønster eller bordar på dei vevde gardinene og
kom til Garsendhaugen for å få laga maken. Det fekk ho. Elisa spann
også saueulla frå garden til ullgarn som vart til både strømper
og genser. Borneborna fekk også ta del i dette arbeidet. Saman med
Rannveig, dottera til sonen Severin og Dagny, vart det knytta teppe
som Rannveig seinare fekk arve. Det var ho stolt av.
Minner frå Garsendhaugen
Synnøve Emblem fortel at ho
var mykje på Garsendhaugen. Tunet låg like ved «Severinbuda» der
ho vaks opp. Som liten hadde Synnøve lett for å verte bilsjuk. Då
var det betre å vere med besteforeldra medan resten av familien drog
på søndagstur med bilen. Frå gyngestolen hjå besteforeldra kunne
ho sjå når lysa vart slått på og dei andre i familien hadde kome
heim att. På slike søndagar kom veninnene til Elisa på besøk. Dei
brukte ofte å «spå seg» i kaffegruten som låg att i koppen. Det
var klart at også vesle Synnøve måtte få ta del i dette. Difor
fekk ho ein kopp med med havparten kokekaffi og resten mjølk. Så
satt dei der i triveleg selskap og svinga på koppane sine etter alle
kunstens reglar. Spådomar om pengar og lykkeringar fekk dei alle
saman.
Hovudinteressa til Elisa var
nok kanskje først og fremst hagearbeidet. Ho skreiv til Holland for
å få tak på avleggarar lenge før dei fleste andre i bygda hadde
høyrt om orkidéar. Jordbæra på Garsendhaugen var heller ikkje av
kva som helst slag. Dei var skikkeleg store og kom heilt frå
Danmark. Nokre av dei særeigne vekstane på bruket var også hennar
verk. Ved sida av stabburet hadde ho planta ei staseleg
«Snøball-busk» og ved inngangsporten til blomsterhagen sin hadde
ho planta sølvgran. Av vekstar som var godt synleg på avstand var
sjølvsagt den flotte blodbøka og hengepilene kring hagebordet
hennar som vart omtrent som eit lysthus om somrane. Tidlegare gjekk
vegen midt gjennom tunet frå Garsendhaugen og beint fram i retning
sjøen mot Severinbuda slik at løa og hovudhuset vart liggande på
kvar si side. Hagen var også delt med frukt- og bærtrea på vestre
side medan blomster og prydbuskene låg austover nærare huset og
elva. Delar av frukthagen var frå svigerforeldra si tid. Denne hagen
var ei flott syn for besøkande, men interessa var nok ikkje like
sterk hos den neste generasjonen. Sonen Johan kappa etterkvart også
den flotte eføyen som ho hadde planta inn til trappa. Synnøve
minnes at dei tre søstrene Eddy, Olga og Helene Røvik brukte å
sitte å hygge seg med brettspel på akkurat denne trappa framom
hovudhuset.
Garsendhaughuset vart delt
inn i ein kår-del og ein del for Johan og Eddy i 1941 slik skikken
ofte var den gongen. Når ein kom opp trappa på framsida av huset
var den venstre parten for drivarane medan den høgre halvparten vart
nytta av kårfolket Joakim og Elise. På loftet var der klassisk
utforming med eit soverom i kvar ende av huset, omkransa av nokon
mindre rom og kott. På arka over inngangsdøra var der også eit
litt større soverom som var kaldt om vinteren og alt for varmt i om
sommaren, då sola kunne skine på glasa heile dagen. I hovudetasja
var der stove i kvar ende, felles spisskammers og kjøkken.
Spiskammerset var delt i to med eit stort skap og kvar si dør. Dei
kunne ikkje gå inn i den andre sin del via eiga dør, men ordninga
var slik at når det vart mjølka så var dette Olga Rørvik sitt
arbeid. Ho gjekk då inn via Johan og søstera, Eddy, sin del av
spisskammerset for å plassera ein mugge med mjølk over i kårdelen
sitt skap. Elisa hadde alltid ei skål med mjølkeringe til modning.
Ein mattradisjon som er mest vekk i våre dagar.
Elisa fekk leve to år
lenger enn Joakim, som døydde i 1955. I desse siste åra levde
Bertha Rønning hos henne. Synnøve hugsar Bertha som ei lavmælt og
snill kvinne som var til stor hjelp og ikkje minst hygge i huset. Ho
sleit en del med halting då den eine foten var litt kortare. Ho
hjalp også mor til Synnøve, Dagny, med å strikke sokkar og ein
fana-genser til Synnøve. Det gjekk føre seg slik at Berta strikka
med ein tråd. Når ho hadde strikka bolen og begge ermane tok Dagny
over med to fargar og felling. Både Synnøve og Bertha vart stolte
av det ferdige resultatet. Kanskje var det også Synnøve som vart
mest stolt då dette ikkje var noko arveklede etter storesøstrene.
Ei jul fekk ho nokre søte små grøne fingervottar med broderi på
frå Bertha, men desse var kjøpevottar frå Severinbuda. Dette var
ikkje den einaste staden Bertha var til hjelp. Ho hadde budd på
Ystebøen også, og då Elise døydde i 1957 flytte ho vidare inn på
Bøen/Paraten til Ansgar og Tora Indresæter. Kansje er det det den
same Bertha Rønning (1917-1993) som var ugift og er begravd i
Langevågen.
Dei siste poståpnarane på bruket
I 1941 fekk sonen Johan
Ingvald Joakimson Emblem (1900-1973) overta Garsendhaugen etter
foreldra sine. Han fekk skøyte på bruket det same året. Han var
gift med Eddy Ovidie Johansdotter Rørvik (1903-1981) frå Vigra. Han
tok over poståpnarstillinga formelt frå faren, men det var nok
heller Eddy som dreiv postkontoret. Det låg framleis i kjellaren på
Garsendhaugen heilt til ho gav seg i 1969. Der finst ei rekkje artige
små historiar frå Eddy si tid bak skranken.
Synnøve minnes Johan som ein av dei snillaste menneska ho har møtt.
Hjelpsomheita låg i slekta som ei god arv etter oldefaren
«Kjøt-Iver». Takka vere Johan og tvillingsøstra hans, Anna, så
vart den tunge tida, etter at foreldra til Synnøve, Severin og Dagny
så brått vart revne bort, lettare å kome seg gjennom. Dei var seg
sjølve gjennom heile denne tunge tida og det var det som skulle til
akkurat då. Dei var så gode å prate med. Anna budde like nært
«Severinbuda» som Johan. Ho budde nemleg på Elvarum, i det som
hadde vore den første landhandelen på Emblem. Saman med ektemannen,
Ole Hesseberg frå Oppigar, hadde dei kjøpt dette vesle bruket og
busett seg der. Ole kalla seg etterkvart for Berg, og «Larsbuda»
fekk difor namnet «Berghuset». Dei var foreldra til Olaf Hesseberg
som fram til våre dagar har vore grunneigar der. Huset ligg rett
vest for Samvirkelaget sin siste utsalgstad i bygda og vert av yngre
generasjonar også kalla «Navelsakerhuset», etter dagens eigar.
Johan
og Ole åtte hest saman og hadde ansvar for foring og oppstalling
kvar si veke. Når veka var slutt vart den leid til neste
innkvarteringstad. Synnøve minnes at ho fekk ri og køyre med hesten
så mykje ho ynskte når den var på Garsendhaugen. Om sommarane var
ho også med på å trakke høylasset. Oppe i fjellsida ved
Røssevollelva utanfor Fursetgarden hadde Johan slåtteteig. Den var
bratt og då kunne ikkje ungane sete på det veldige høylasset før
dei kom ned på litt flatare lende. Når høyet var berga i hus fekk
dei hoppe i høyet frå dei høgaste betane. Ho fortel at ho stadig
vekk vart beden om å hjelpe til med å sveive slipesteinen når han
såg henne. Slikt arbeid tok si tid. Han spytta skråtobakk, kjende
etter med fingrane for å kontrollere arbeidet før han sette i gong
igjen med ljåbladet mot den runde steinen. Det verka som om det
aldri vart bra nok.
Johan
og Eddy fekk ingen born, så niesa, Ellinor fekk kjøpe ut bruket på
odelsretten saman med søstrene Synnøve og Rannveig, som vart
medeigarar. Ellinor og Synnøve fekk 2 partar kvar i garden, medan
Rannveig fekk 1 part. av desse partane vart det seinare frådelte
tomter. Det heile vart tinglest i 1978, fem år etter at Johan hadde
gått bort.
Frådeling og oppstykking
Det har ikkje blitt frådelt
så veldig mange tomter frå det opphavelege bruket på Garsendhaugen
før 1978. I 1937 fekk Severin J. Emblem og kona, Dagny, frådelt ei
hustomt ved den gamle hovudvegen i bygda. Huset var av dei finaste
butikkhusa i sitt slag før krigen. Det vart liggande i det som må
kunne kallast eit slags sentrum i Emblemsbygda, midt mellom Akslabuda
på Magnusbakken og landhandelen på Elvarum like ved Ebbehola. Der
kom det seinare eit nybygg for Emblem Samvirkelag også.
Av andre tomter kan
bruksnummer 83 nemnast. Det er den einaste hyttetomta, som vart seld
i 1958. Den ligg framleis ovanfor bøgarden litt vest for
Røssevollelva og Fursetgarden, Det er truleg omtrent der at
slåtteteigen ein gong låg. Det vart også seld tomt til den nye
automatiske telefonstasjonen i bygda i 1960 og tomt til bygging av
undergangen rett vest for tunet i 1969. I dei siste åra har tomta
til gamlebutikken vorte seld til hustomt og markane kring Severinbuda
og telefonstasjonen til Emblem Bygg Eiendom a/s som skal bygge
boligar for sal. Dette nøkkelferdige boligar, slik som på
naboeigendomen Elvarum.
I 1991 vart tunet på
Garsendhaugen frådelt med bruksnummer 168. Ålesund Kommune hadde
kjøpt tomt der i 1988 slik at Husmorlaget og Helselaget på Emblem
kunne starte med bygging av eldreboligar under det juridiske namnet
«Emblem Boligstiftelse for eldre». Dei hadde vorte einige med
grunneigarane om eit mogeleg kjøp av tomta så tidleg som i 1984, og
slik vart det også. Nevøen til den siste brukaren, Olaf Hesseberg,
vart etterkvart også med i styret ein periode. Før bygginga kunne
ta til vart løa riven og hovudhuset brend ned i ei brannøving for
brannvesenet i Spjelkavika.
I dag består Garsendhugen
av eit lite markastykke rett vest for Negardsvegen ved busstoppet,
ein skogteig i granskogen på Legane og ei lita stripe grøftekant
aust for Severinbuda. Eldstedottera til handelsmannen Severin J.
Emblem, Ellinor Jofrid Emblem (f. 1939) er dagens grunneigar der s.
Ho er no busett på Hamar. Takka vere henne og søstera Synnøve
Emblem kan likevel minnet om Garsendhaugen leve vidare i tekst og
bilete her på www.Emblemsbygda.com
Kjelder:
http://gardskart.skogoglandskap.no
Opplysningar og eigendommar og grenser på nett
Kyrkjebøker og
panteregistreringar frå www.digitalarkivet.no
Muntlege opplysningar frå
Harry Akslen.
Rabbevåg, Egil:
Slektsoversikt over gardane på Emblem (eige skriv)
Skriftlege opplysningar og
bilete frå Synnøve Emblem, Ellinor Emblem og John Moe. Utan dei
hadde dette ikkje vore mogeleg.
www.seeiendom.no
Grunnboksopplysningar på nett.
Østrem, Svein Ove:
«Emigrantar og amerikafarande 1900-1930»
http://www.emblemsbygda.com/194399997
Østrem, Svein Ove:
«Historia om postkontora på Emblem»
http://www.emblemsbygda.com/52378465
Øverli, Ragnar: Gardsoge
for Borgund og Giske band II, Borgund og Giske Bygdeboknemnd 1961