Det er ikkje
så mange i våre dagar som har høyrt om Magnusplassen i det heile
tatt. Derfor har eg valgt å samle litt av det ein veit om plassen og
særleg folket der.
Vi veit ikkje heilt eksakt når denne plassen vart rydda første gongen,
og ein kan derfor ikkje sjå heilt bort frå at der kan ha vore plassebruk
på om lag same staden i eldre tid også. Når folketalet vaks utover
1700-talet, så var der fleire husmenn i bygda som vi ikkje veit eksakt
kvar dei budde. Utover 1700-talet valde fleire å flytte ut av bygda,
og særleg mot kysten til plassebruk kring Ålesundet.
Husmannsplassar og fjordastover på Emblem kom soleis bort i takt med
aukande utfred og napoleonskrigen ved byrjinga av 1800-talet. Berre
ved den vesle vika "Østremsjøen" åleine vart 4 humannsplassar
fråflytta. Det kan vera fleire grunnar til ei slik endring. Stadig
fleire ungdommar valde å ta hyre på sjøen, medan andre vart
pålagde å dra i krigen for Danmark-Norge. Folketalet gjekk også
noko attende som følge av hungersnød og barkebrødtid kring 1814.
Ein kan soleis tenkje seg at befolkningsoverskotet gjekk noko ned på
Emblem. Der var også dei som aldri kom heim att og trong difor ingen
plass eller gard. Men i 1850-åra auka etterspørselen etter jord
og plassebruk i Emblemsbygda igjen. På denne tida vart ei rekke
husmansplassar oppretta sentralt i bygda, der det før hadde vore
heimeutmark og beite. Stadig fleire kom flyttande til frå andre
prestegjeld lenger inne i Storfjorden og fleire hadde ønske om ein
litan plass der dei kunne bryte jord og finne livsgrunnlag for seg og
sine. Ein av desse ledige plassane var Gullmyrdal – eller
«Magnusplassen» på folkemunne.
Den
første husmannen som vi kjenner namnet på er Magnus Larson
Skjortenes(1) (ca.1821-1893) Frå
Skjorteneset i Stordal kommune. Staden ligg mot grensa til Stranda
kommune, over Storfjorden frå Stordalsholmen. Han var gift i 1849 med Berte
Eline Johanne Pedersdotter Skarbø(1) (1814-1903) frå Bastiangarden
på Skarbø i Ørskog. Magnusplassen vart oppretta i hellinga nær
dei eldgamle åkrane, like ved området der det gamle klyngetunet til
matrikkelbruket Emblem låg fram til 1840-talet. Ved utskiftinga fekk brukarane kvar sin gardpart og trong ikkje lenger å verte einige
om jamnleg nyfordeling av slåttemark og starttidspunkt for kvar
einaste onn, slik som den gongen når åkrar og slåttemark låg som
eit finvevd lappeteppe i særs komplisert fordelingsmønster.
Ved
utskiftinga på garden Emblem synte det seg at det ikkje var mogeleg
å dele bruka opp slik det opphavelege ønsket frå styresmaktene
hadde vore. Den store tanken var nemleg at dersom kvar gard vart til
eit samanhengande stykke innmark, ville også ny-rydding og
forbetring av jorda skyte fart. Tidlegare førte hyppige bytte til at
den steinen som den eine plukka snart kom grannen til nytte ved neste
teigbytte. Etter 1840 vart bruk nummer 8, «Ebbegarden», delt i to
innmarkstykke. Eit låg nær Steffågarden og gamletunet, medan det
andre låg innanfor Storelva der gardstunet ligg den dag i dag. Midt
i mellom desse partane låg Negarden, og snart også plassebruket
«Garsendhaugen». Ei tid stod Ebbefjøsen att på sin opphavelege
plass, men gradvis kan det verke som om delar av dette stykket vart
meir freistande å leige ut til ein husmann enn å drive alt saman
sjølv. Ein kan tenkje seg at det skuldast gradvis oppdyrking og
grøfting med betre utkome per areal. Husdyrhaldet vaks også i same
periode. No vart det meir verdifullt å få gratis onnehjelp frå
husmennene, når ein ikkje lenger kunne lite like mykje på
klengetunfelleskapet som før. Kring 1850 var det so pass rift om
plassane i bygda at sjølv brukarane på Røssevollen fekk selskap av
husmenn oppe ved fjellutmarksgrensa. Bygda låg godt til i solhellinga, og nær kysten der det rike fisket i Borgundfjorden fann stad. Slikt
var viktig ekstrainntekt, og ikkje minst ei viktig matkjelde for ein
husmann kring 1850. Kjøtmat var ein mindre vande med. Eg veit ikkje
om Ebbegardsfolket etterlyste plassefolk, eller om det var slik at
dei fekk spørsmål om leige ut eit jordstykke. Uansett vart
resultatet ein husmannsplass med det spesielle namnet «Gullmyrdal». At plassen var næraste nabo til ein «korshaug», og ein av
distriktets rikaste menn i Sjursgarden var neppe særleg negativt.
Truleg gjekk det rykte om ein mogeleg gullskatt i myra like ved, og
slikt kan raskt freiste litt fleire.
Magnusplassen
vart skild ut frå Ebbegarden og festeavgifta i 1850 vart sett til 30
speciedaler i eingongsavgift. I tillegg skulle det betalst 1
speciedaler i årleg avgift attåt 6 arbeidsdagar på hovudbruket.
Dette var ein tidsperiode frå 1825 til 1900 der talet på sjølveigande
bønder omlag firedobla seg, og talet på leiglendingar minka
dramatisk. Talet på husmenn var derimot temmeleg stabilt. Her gjekk
talet berre ned frå 553 til 521 på Sunnmøre. Forklaringa på dette
er truleg at det i same periode auka med 1755 nye bruk i denne
regionen som alle var sjølveigde. Noko kan forklarast med auka
jorddyrking og meir maskinell drift. Det gav betre avling fram mot
1900, og eit ønske om å kjøpe si eiga jord førte til betre
salgsprisar på både utmark og tidligare plassebruk. Dei velhaldne, som tidligare hadde investert i jordbrukseigedommar, valde no andre
strategiar for å tene pengar. Men det var slett ikkje alle som hadde
råd til å kjøpe si eiga jord. Magnus frå Skjorteneset var ein av
desse.
Litt om
bakgrunnen til dei første brukarane
Magnus
Larsen Skjortenes var son til Lars Andreas Knudsen Skjortenes
(1781-1850) og Marthe Ellingsdotter Korsedal
(1782-1842) på Skjorteneset i
Stordal kommune. Han hadde visst 9 søsken, eit betydeleg tal på
den tida. Foreldra hadde gifta seg i 1808 og busett seg på
Skjorteneset, der faren kom frå. Magnus vart vaksinert 4 år gamal den
15. oktober 1825 og konfirmert i Strandakyrkja 26. november 1837, med
karakteren GOD. Like heldig var ikkje søstera Martha Gurine
Skjortenes i 1843. Her skreiv presten følgande: «Flid og opførsel
upaaklagelig, kundskab og evner ringe. Har nydt undervisning i 2
aar». Ho måtte truleg overhøyrast to gonger. Konfirmanthøyringar
den gongen var temmeleg annleis enn i våre dagar. Ungdomane måtte
stå skulerett framføre kyrkjelyden og presten. Spørsmålet dei
fekk skulle så besvarast på ein tilfredstillande måtte, og her var
det mange spørsmålsalternativ. Fleire av dei handlar rett og slett
om pugging av tung tekst. Ikkje berre var det seg sjølv, men også
slekta ein gjorde skam på, om ein ikkje klarte å svare for seg. Det
var ikkje uvanleg at nokon svima av som følge av presset dei kjende
på. I tida før konfirmasjonen kom også foreldre som var bekymra
for sine med gåver til presten i eit håp om at han skulle vere
ekstra snill med spørsmål etterpå.
Magnus
var ikkje den einaste som forlet heimgarden. Med so mange born vart
det rett og slett ikkje plass og jord til alle saman. Søstera Martha
Gurine flytte til Ørskog i 1843 og Lovise (f.1822) gifte seg med
Carl Bastian Olsen på garden Klokk, litt lenger ute i fjorden. Til
klokkgardane gifte også søstra Berthe Helene seg. Då hadde ho
allereie vore innflyttar på Stranda sidan 1839. Broren Lars vart
truleg verande på garden. Det er mogeleg at også Magnus vart
verande der ei tid, til 1841, men det er nok heller lite truleg. Frå
1837 var han som vaksen og rekne. Konfirmasjonen var nemleg
overgongen til vaksenverda. Det var ifølge norsk lov ulovleg å
ikkje ha noko fornuftig arbeid å gjere. Samstundes laut han også ta
fatt på å spare til eigen gard, om han ville ha eit håp om å
verte gift seinare. Eg vil tru at han var i teneste allereie før
konfirmasjonen.
Berte
Eline kom frå «Bastiangarden», bruk nr. 1 på Skarbø. Farfaren var
den første brukaren der medan farmora vaks opp på Matrikkelgarden
Skarbø og kunne trekke slektskapet på Skarbøen enno lenger
attende. I følge ættesoga, «Ørskog gjennom tidene 3» var ho
nummer fire i ein borneflokk som etter kvart skulle bli til sju. Faren,
Peder, døydde allereie i 1821. Mora, Kanutte Jonsdotter Vaksvik
(1778-1868) gifte seg derfor opp att med Peter Martinus Nilsen Krogen
(1790-1832) frå Sykkylven i 1822. Han vart heller ikkje så gamal,
så ho måtte gå opp kyrkjegolvet som brud også ein tredje gong. Då
heitte brudgommen Elias Larssen Sandvik (1798-1872) og kom frå
Sykkylven. Det skulle ta heile tre år i enkestand før ho vart gift
med Elias. Det må ha påverka økonomien. Eg har enno ikkje studert
årsakene til dødsfalla, om det var snakk om langvarig sjukdom, men
det kan vere eit spor at Berte først vart vaksinert av Bendik Lande
30.11.1830, 16 år gamal, og at ho vart konfirmert i Sykkylven kirke
så seint som 3. juni i 1832. Ho vart heller ikkje konfirmert heime i
Ørskog. Det er mogeleg at det var gardfolket der ho var i teneste
som kravde at ho konfirmerte seg. Det kan ikkje ha vore enkelt å
lese ved sida av arbeidet, men ho fekk likevel karakteren: «middelm.
af Kundskab, god Opførsel».
Berte
var kanskje i teneste nettopp i Sykkylven på den tida ho konfirmerte
seg, men ho vart først registrert som utflyttar frå Skarbø i
Ørskog til Skodje prestegjeld 14.4.1839. Det skyldast nok at ho
hadde vore i teneste kun i eige prestegjeld før den tid. Sykkylven
var nemleg del av Ørskog tidlegare. Ho fekk utflyttarattest den 13.
august 1839, og var på det tidspunktet ikkje registert som gift.
Datoen 14. april fortel at ho truleg skulle arbeide vidare som tenar
på Skodje ein stad. I 1842 vert ho nemnd som fadder, og registrert
som heimehørande på Skarbø i Ørskog igjen. Lillesøstra Anne
Ebbeline (1817-1888) var den som fekk ta over bruket etter mor si.
Truleg skyldast dette at ho var gifteklar i 1844, på eit høveleg
tidspunkt der mor, Kanutte, yngste seg kårkontrakt om lag 66 år
gamal. Det var stort sett jenter i søskenflokken i Bastiangarden og
odelsonen, Elias, døydde ung i 1811. Det kan verke som om farfaren
yngste seg ein arvtakar frå si eiga slekt og halvbroren til Berte,
Nils Petter, gifta seg uansett til gard i Tresfjord, medan siste
guten i flokken, Elling Johannes, var for ung i 1844. Resultatet vart
at Berte Eline måtte finne seg ein annan stad å slå seg ned -
helst gjennom ekteskap.
Den 10.
Juni 1849 vart det halde bryllaup i Ørskog kyrkje, og festen vart
halden på heimgarden Skarbøen. Då var det Berte sin tur å stå
brud. Den utkåra var altså Magnus Larson Skjortenes. Det kan vere
interessant å merke seg at Magnus var busett på Skarbø på den
tida bryllaupet fann stad. Året etter, den 14. april 1850, flytta
dei frå Ørskog. Formålet vert ikkje oppgjeve i
utflyttingsattesten frå 20. juni det same året, men forklaringa er
enkel. I juni står han nemleg oppført som «Pladsemand», og det har
han ikkje vore før. Rett nok står det ingen stilling oppført på
han ved giftermålet i 1849, men eg vil tru at det stod oppført om
han var gardbrukar eller plassemann. Ein kan heller ikkje sjå om han
er tenar på det tidspunktet, men ugift var han i alle fall. Han
hadde kome til Ørskog og garden Melset 14. april 1846 for å tene, i
følge innflyttingsattesten datert 10. juli det same året. Han var
då 25 år. Datoen 14. april går igjen i flytteregistreringane til
både Berte og Magnus fordi dette var «flyttardag» for
tenestefolket. Der var ein tilsvarande dag 14. oktober, når tenerane
hadde rett på å få byte arbeidsgjevar, men 14. april var den dagen
når dei fleste bytta. Ein veit om to born etter dei.
a) Lars Johan
Andreas (
1850-1900) tok over bruket.
b) Knut Elias
Martinus (
f.1853) gifta seg i 1875 med
Karen Elina Ingebrigtsd. Magerholm(dal),
busett i
Ålesund. Han var målarmeister.
Ein
veit lite om dei første åra på Emblem. Truleg var dagane prega av
mykje hardt arbeid. Jorda skulle ryddast, steingardar skulle settast
opp, og dei trong både hus og driftsbygg. Slikt kom ikkje av seg
sjølv. No var Magnus 29 år og Berte 35. Saman hadde dei nok klart å
legge av pengar til både festeavgifta og husvere, men dette var ein
ny stad og ein veit ikkje av om dei kjende nokon i bygda då dei kom,
men ved barnedåpen i 1853 var også ein fadder frå Nedregotten
nemnd. Tømmeret til huset på Magnusplassen kjem neppe frå Emblem,
for hustømmer var der svært lite av. Rett på å hente hustømmer er
heller ikkje nemnd i husmannskontrakta. Sjølv vedaskogen måtte ein
spare på, og fyre med torv i staden. Det vert fortalt at auka sau-
og geitehald var litt av årsaka. Frå om lag 1850 var det mindre ulv
og bjørn på Emblemsfjellet. Ein hadde då dreve med målretta
bjønn- og ulvejag over heile Yksenøya i fleire tiår. Med redusert
fare for husdyra kunne ein no nytte utmarka kring bygda langt betre.
Magnus og Berte måtte truleg kjøpe hustømmer lenger inne i
fjordane. På Glomset og i Honningdalen kunne ein finne tømmer som
var lett å frakte anten langs fjorden eller over fjellet på
skaresnø. Mest truleg var det brukt tømmer dei kjøpte. Det er
ikkje like lett i våre dagar å finne svar på dette spørsmålet
etter at huset vart flytta og bygd om på 1940-talet. Fjøsen var av
enklare sort og truleg bygd av dels resteplank. Slikt var vanleg for
nyetablerte, og i alle fall plassefolk den gongen.
Vi finn dei att i 1865-teljinga for
Borgund. Plassen heitte framleis Gulmyrdal. Magnus hadde klart å
skaffe seg 2 kyr og 5 sauer. Han hadde ikkje hest, og det var heller
ikkje vanleg for ein plassemann. Av utkome frå jorda hadde han 2/3
tønne med blandkorn, 1/3 tønne havre og 2 1/2 tønne med potet. Til
samanlikning hadde gardeigaren, Johan Elias Nilsen Emblem, i
Ebbegarden 3/4 tønne bygg, 1 tønne blandkorn, 6 tønner havre og 6
tønner med potet. I tillegg hadde han hest, 13 kyr, 13 sauer, 7 geit
og to grisar. Det var altså forskjell på sjølveigar og husmann.
Sidan ein ikkje veit så mykje om arealet på Magnusplassen kan det
vere interessant å samanlikne med Gardsendhaugen like ved. Der hadde
dei ein sau meir, men utkomet i dyrka mat var om lag det same. Til
forskjell hadde Johan på Garsendhaugen satsa mest på potet og dyrka
berre ei tønne med havre attåt. Dette kan tyde på at desse to
husmannsplassane hadde like stor utstrekning. Kanskje omfatta Magnusplassen det aller meste av innmarka til det seinare
utskilde kårbruket på same stad kalla «Tunheim» eller
«Skillingen» på folkemunne.
Yngstesonen,
Knud Elias Martinus, flytte tidleg til Ålesund for å gå i lære
som målar der ute. Ei ny tid var no i emning. Ein gut av
husmannslekt kunne no ta turen til næraste by eller ladestad for å
søke seg arbeid og yrkesopplæring i staden. Med dette kunne ein
bryte mønsteret, og til og med gjere eit hopp på rangstigen frå
lærling til meister i løpet av få år. Videre kunne ein få
innpass i borgerskapet også, om ein gjorde det godt. Han gifte seg
25.10.1875 med husmannsdottera Karen Elina Ingebrigtsdotter
Magerholm(dal) (f.1846) frå heimbygda. Årsaka til giftermålet den
hausten var åpenbar. Allereie 30. januar 1876 kom dottera Inga Marie
Karoline til verda. Moralen var slik at dersom dei var forlova under
svangerskapet og gift før fødselen, så vart det akspetert. Knud var
då malersvenn og trong slik aksept frå meisteren han tente hos.
Truleg så budde dei allereie i huset til meisteren han gjekk i lære
hos, og då kunne ein ikkje føre han ut i skam med «lausunge» i
huset. Kvardagen den gongen var særs tøff for slike. Det vert
registrert heile 6 fadderar i kyrkjeboka. Mellom desse finn ein mor,
Petrine, broren Lars på Emblem, diakonisse Dorthea Zeiffert og målar
Ole Gregoriussen Aarflot. I tillegg så står sn
ikkar Rasmus Hessen
og Madam Henrikke Serene Riise i kyrkjeprotokollen. Ingen av
besteforeldra på Emblem var notert. Ved neste barnedåp den 1.
september 1878 var derimot både farmor Berte og farfar Magnus fadder
saman med Jørgen Knudsen Magerholmdal når Martin Ragnvald vart
døypt.
I
1885-teljinga finn ein dei i «Røisen No. 9», i huset til
Snedkermester Ole Slyngstad frå Skodje. Til saman var der 15 i denne
hustanden når lærlingane , Karen, og dei 5 borna deira er talt
med. Han var soleis ein uvanleg lærling. Borna hans dette året var
Inga (f.1875), Martin (f.1878), Berta (f.1880), Karel (1883) og
Raffael (f.1885). Ein kan undre seg på om namna til dei yngste hadde
samanheng med den religiøse vekkinga på Sunnmøre på den tida,
eller om det kun er tilfeldig. I 1909 finn ein i alle fall att
yngstemann som ugift gullsmed på veg til California. Han heiter då
Kristian Rafael Emblem. I 1900 hadde Knud teke steget opp til
målarmeister. Familien hadde no leiligheit i Kirkegata, og dei
eldste heimeverande borna var i ferd med å gjere det godt. Martin
var blikkenslagersvenn, medan Karel allereie hadde starta på
gullmedlæra, slik Kristian Rafael skulle byrje på litt seinare. I
tillegg er det registrert ei yngre søster som heitte Marie (f.1888),
og det stogga ikkje der. I 1889 vart tvillingane Marie og Martha
døypt og i 1891 kom ei ny Martha til verda. Det kan tyde på at den
første døydde tidleg. Ein kan trygt seie at yngstesonen til Magnus
og Berte hadde klart å ta eit stort steg opp på samfunnsstigen i
Ålesund. Han fekk ein stor ungeflokk og det gjekk stort sett like
godt med alle saman. I 1910-teljinga hadde Knud gått bort og Karen
budde hos eldstedottera Inga.
Generasjonskifte
på Magnusplassen
Broren,
Lars Johan Andreas Magnuson Emblem (1850-1900), vart verande attende
i Emblemsbygda og tok etter kvart over husmannsoppgåvene etter far
sin. Han gifte seg med Petrine Lovise Bastiane Knudtsdotter Jarnæs(5)
(1860-1945) frå Sykkylven i 1879. Om henne veit vi ikkje så mykje.
Ho vart vaksinert 1/2 år gamal den 14. august 1859 av ei som heitte
Marte på Aure i Sykkylven. Dei fekk to døtre. Dette var Marie
Johanne Birgitte (f. 11.3.1880), som gifte seg 20. august 1905 med
Ole Andreas Peder Andreassen Havnegjerde (f.1879). Han var ved
giftermålet registrert som maskinist og busett på Emblem. Om han
budde på Magnusplassen i 1905 er enno uvisst. Dei emigrerte til amerika, og tok etternamnet Andersen i 1945. Nummer to i ungeflokken var
Karen Petra Kanutte Emblem(1883-1983). Ho gifte seg 9. oktober 1910 med
fisker Lars Emanuel Bernhard Stephensen Blindheim(6) (1873-1948) frå Knutgarden på Blindheim. Han var dermed bornebornet til opprøraren
Stephan Stephansen Emblem(6+7), frå Steffågarden på
Emblem
. I 1910-teljinga finn ein dei att i Knutgarden,
bruk nummer 6 på Blindheim. Då dreiv far til Lars, Steffen
Steffensen Blindheim (1832-1915) framleis garden. Han var då nærare
80 år gamal. I tillegg budde også fire av søskena til Lars framleis
heime. Dei var enno ugifte. Stina var eldst på 40 år. Ho tok seg av
husarbeidet og krøterstellet saman med søstera Karolina på 25 år,
medan brødrene Steffen og Julius livnærte seg av fiske slik som
Lars. Det er godt mogeleg at karane var heimefrå i lengre tid, og
då trong nok foreldra den hjelp dei kunne få. Lars og Karen fekk
sonen Lars Blindheim i 1911, og tok over gardsbruket i 1912.
Det
kan leggast til at Lars slekta til Steffågarden på Emblem.
Bestefaren vart fødd der, og oldefaren var altså den Stephen Emblem som
Borgundbøndene tok ut av Kolvikfengselet med makt under opprøret i
1817. Denne Stephen kom opphaveleg frå Gjørva i Geiranger og
søstera hans, Oline, gifta seg nettopp i Knutgarden på Blindheim. I
1823 overlet ho bruket til nevøen Steffen Steffensen frå
«Steffågarden» på Emblem. Faren hans vart halde for å vere ein
folkehelt, så ein finn mange med namnet Steffen, etternamnet
Steffensen, eller namnet Steffen Steffensen på både Blindheim og
Emblem etter kvart.
Den
28. oktober 1879 vart det tinglest ein ny bygselseddel på
Magnusplassen:
Underskrevne
Johan Nilsen Emblem tilstaar og vitterligjør herved at have
bortbygslet som jeg herved bygsler til Lars Magnussen Emblem paa hans
og Hustrus Levetid den sidste saalenge hun i Enkestand forbliver en
mig tilhørende Plads beliggende under Gården Emblem MatrikkelNo. 8
Løbe No. 21 i Borgunds Thinglag og Prestegjeld, paa følgende
Vilkaar: 1) Pladsens Udstrekning bliver som den har vært brugt og
benyttet af hans Fader Magnus Larsen. 2) Pladsen dyrkes og forbedres
paa beste Maade, den maa ikke bruges som Underbrug, og maa ikke
Hø,
Halm eller Gjødsel
derfra sælges
eller bortføres. Disse nævnte Gjenstande ligesom maa Bygselretten
ikke sælges eller Borttages for Gjeld.
Indærster
maa ikke indtages uden Eierens Tilladelse.
3)Leilendingenholder Gjærdegard for det Stykke af Pladsen som støter
til Udmarken. 4) Det tilstaaes ham fri Adgang til i Gaardens Udmark
at tage Muld til Behov. 5) Likeledes have han fri Adgang til
Brændfagng i Udmarken i Lighed med de andre Opsiddere, dog
bemerkes, at hvis Udmarkenskulde
blive udskiftet, forplikter
jeg mig til at svare ham Utmark af min Andel i samme (....) en Skyld
af 1 øre 16 (..) uansett om Pladsen er skyldsat eller ikke. 6) Fri
Adgang til Havnegang for de Kreature som (..) paa Pladsen. 7) Den
omforenede Bygselsum Kr. 400,00. - fireHundrede Kroner er Dags Dato
udbetalt og i aarlig Landskyld svarer Han til Eierne Kr. 9,00 – ni
Kroner, som betales inden hvert Aars Nyttaar samt i Slaateaanen 4 –
fire – Arbeidsdage. Videre har Bygselstager at svare til Magnus
Larsen Emblem og Hustru følgende aarlige Føderaad uforandret til
Længstlevende, næmlig: 8) 6 – seks – Vog Blendkorn, 6 – seks
– Vog Havre )...) og af det bedste, der avles af Pladsen, samt 2 –
to – Tønder potates. 9) Han vinterforer 1 – en – Ko og 1 –
en – Sau ligesom han har at besørge Koen med Ret i den Tid
Kreaturene ikke er paa Setren. 10) Brændfang, indbragt og indhugget,
hvilket bliver at svare naar Kaarfolkene af Alderdom eller Svaghed
ikke selv ere istand til at skaffe samme til sin, ligesom han svarer
ham 2 – to – Kander Olje til Belysning. 11) Fremdeles skal
nævnte Magnus Larsen være berttiget til at bruge og benytte den
østre Halvdel af Ham og ligeledes Halvdelen af Stuebygningen, som
hendhører til Pladsen, saalenge samme maatte ønskes. 12) Endelig
skal han være følgelig at give Sine Forældre Tilsyn og Pleie
saaledes som det sømmer og anstaar Børn mod Forældre. Forsaavidt
forestaaende Forpligtelser ikke efterkommes vil dette medføre Tabet
af Brugs og Bygselsret. Dette til Bekreftelse under min Haand i
Overvær af 2de (...). Emblem den 25 Oktober 1879. Johan Nilsen
Emblem. Til Vitterlighed Knud Furseth, Ole Berntsen Emblem.
Foranstaaende Forpligtelser undtages indhaver Henseende. Lars
Magnussen Emblem.
Til Vitterlighed K. Furseth, Ole Berntsen Emblem.
Skulestove på Magnusplassen
Magnusplassen vart etter kvart leigd av bygdefolket som
skulestove. Det vert fortalt at huset hadde to store stover som var
godt eigna til formålet. Ei eiga skulestove vart nemleg ikkje bygd
på Emblem før i 1903, og etter kvart som ungeflokkane vaks i takt med
utvida timetal per år, så vart det også mindre interessant for
bygdefolket å låne ut stova si til omgongskulen. Det fekk ikkje
hjelpe at læraren heitte Knut Furseth og budde i bygda. Skulehus,
matriell og brennfang var det nemleg bygdefolket sjølve som måtte
betale for. Dei hadde rett nok diskutert saka etter kvart som
grannebygdene fekk sine flotte skulehus, dels betalt av
myndigheitene, men på Emblem så såg dei seg ikkje råd til det.
Derfor bestemte ein i 1891 å leige husrom hos Lars for borna som
budde utanfor Storelva. Dei innanfor leigde seg skuleplass på
Skaret. Med to stover kunne husmannsfolket arbeide omtrent som vanleg
medan det vart drive skule der. Unntaket var vel at læraren skulle
ha mat attåt, men betalinga var nok kjærkomen. Likevel kan det ha
vore litt vanskeleg til tider også. Faren, Magnus, fekk kreft, og var
truleg sengeliggande ei tid før han døydde i 1893. Det var midt i
den perioden når Magnusstova vart nytta som skulehus.
Betalinga
for leiga vart fordelt på dei som hadde born i skulealder, og truleg
etter antal born og gardstørrelse også. Beløpet var i alle fall
fordelt på kor mange dagar den enkelte skulle betale for. Beløpet
var 7 gongar meir for den som betalte mest, i motsetning til den som
betalte minst. I 1891 vedtok Skule- og heradstyret i Borgund ein ny
kretsinndeling, der Østrem og Emblem vart slått saman til ein
skulekrets. Det verkar som om ein allereie var i gong med planar om
oppføring av eige skulehus på denne tida, for den 23. september
samme år vert det halde samla skulekretmøte for Østrem og Emblem.
På møtet vekte det harme hjå sambygdingane når det vert kjent at
Skulestyret i Borgund hadde gjort vedtak om
«Bestridelse af
Udgiftene ved det paatenkte skolehuses opførelse i Kredsen samt Leie
af Lokale til Skolen.»
Fleire av brukarane, og særleg dei i
utkantane av dei to gamle kretsane, nekta å godta skulestyret si
beslutning om å slå samen Østrem og Emblem. Dei ynskte heller å
halde sin eigen skule. Videre har referenten skrive at
«Grundet
paa disse foreviklede Forholde fandt man ikke Grund til aa gjøre
noget Skridt til Leie af Lokale for Skolen for de Opsiddere i
Kredsene som gaar med paa Skolestyrets Ordning for neste Aar.»
Dei
vart likevel enige om ein felles ordning med skule på
Skaret og Magnusplassen i 1892. Elevane var delte inn i tre storskuleklassar og tre småskuleklassar, men det vart påpeikt at
dette kun var gjeldande for det komande året. Ein var framleis imot
å verte samla i ein krets. Dei kom også fram til besluttning om at
dersom det vart to skulehus i bygda, og gamleordninga vart halde ved
like, så skulle bøndene sjølve bere alle kostnadane til bygging av
begge skulane. Vart vedtaket til skulestyret oppretthalde, så fekk
kommuna ordne skulehus for eiga rekning. Skulestyret bøyde derimot
ikkje av, og det gjorde heller ikkje bygdefolket. Dei heldt ikkje
noko møte før i oktober 1892. Då vart det vedteke å sende eit
nytt brev med krav om å få gamleordninga attende. Dei følgande åra
vart slike tilsynsmøte færre og ein heldt stort sett berre eit møte
per år med dei nødvendige valg av deltakarar til skuletilsyn, samt
beslutning om kven som skulle huse skulen det kommande året.
Tidlegare hadde det vore fire møter per år. Kommuna på si side
bygde heller ingen skule på Emblem. Det skulle enno ta heile 10 år
før bygdefolket sjølv tok fatt. Til samalikning fekk Hatlehol og Flisnes eige skulebygg i 1890. Det var visst den gamle skulestova frå Kvassnes-sida på Indre Sula, men til å vere eit mindre skuledistrikt, og ein langt mindre del av emblemsbygda den gongen. Likevel vart skuledistriktet i bygda fleire gongar kalla enten Hatlehol eller Flisnes.
Postopnar-Lars
Lars Johan Andreas Magnusson Emblem (1850-1900) var ein mann som sette spor etter seg i bygda, og det er nok takka
vere han at historia om Magnusplassen framleis er kjend blant dei
eldste i bygda vår. Han livnærte seg som skomakar ved sida av
plassebruket, slik mange av småkårsfolket i bygda også gjorde.
Dette var som kjend ei brytningstid der ein også gjekk gradvis over
til pengehushaldning. Då kunne husmenn tene litt på å tilby
tenestar og produkt som ein i tidlegare tider produserte på kvar
enkelt gard. Skoreprasjon var det tydeleg bruk for i Emblemsbygda, og
han var så visst ikkje den einaste som kunne tilby det. Difor var
det nødvendig å ha enno fleire bein å stå på. Han fekk som kjent
leige ut den eine stova som skulestove, men han takka ikkje nei til nye
tilbod av den grunn.
Då Emblemsbygda fekk sin første poståpnar på land i nyare tid
var det nettopp Lars som fekk oppdraget. Det var ikkje vanleg. I
andre bygdelag kan ein lesa at slikt gjerne vart delegert til
kjøpmannen, men i 1895 fanst der ikkje noko handelslag på
Emblem. Omtrent samstundes vart husmannen på Ludvigplassen peika ut
til å ekspedere dampbåtane ved Emblemsvågen, og plassemannsonen
Karl Nedregotten på Elvemyr 4 fekk snart tillatelse til å starte
drift av privat telefonstasjon. Dette gjorde Emblemsbygda spesiell. Magnusplassen var truleg også spesiell som husmannsplass. Rett nok var ikkje løa så mykje å skryte av, men huset var nok større enn vanleg, og der var både stabbur og ein flott innmura kjøkkenhage med frukttre, omtrent som på større bruk, som Abrahamsgarden på Østrem.
Leitar
ein i offentlege register, vil ein finne at Emlem Poståpneri vart
fyrste gong registrert i Sirkulær 39, datert 23.12.1895. Ifølge
registeret frå postmuseet på Maihaugen, var poståpneriet underlagt
Ålesund postkontor og registrert "på dampskips-anløpstedet, i
Borgund herred, Søndmør Fogderi". Det stod videre at
poståpneriet "ble intil videre underholdt frå 1.1.1896.
Poståpnaren var Lars Magnusson Emblem. Eg veit enno ikkje om posten
vart delt ut på sjølve kaia, eller om den vart fordelt på
Magnusplassen. Den siste løysinga var i alle fall mest vanleg
etter kvart.
Lars døydde den 4. april 1900 av leverkreft. Han må
soleis ha vore sjuk ei stund. Den 9. april vart han begravd i Borgund
kyrkje. På om lag samme tida starta «Negards-Lars» opp med butikk på Elvarum i kommisjon for handelsmann T. Berli i Ålesund. Han tok dermed over
poståpnarstillinga etter Lars.
Mot slutten på Magnusplassen
I 1900 er det tre att som er bufaste på
Magnusplassen. Teljinga er med andre ord gjennomført etter Lars sin
død det året. Petrine har no ansvaret for svigermora Berte som var
føderådsenke og skulle leve i tre år til. Svigerfaren, Magnus
hadde gått bort 7 år tidlegare. Dottera Karen var enno ugift og
heimebuande, sysselsatt med «Jordbrugsarbeide og dels Husgjerning».
Men Magnusplassen var ein husmannsplass, sjølv om det no nærma seg
slutten. Festekontrakta var gjeldande berre for Lars og Petrine si
levetid, og så lenge som Petrine ynskte å bli buande der i
«enkestand». Kårmannen Johan Emblem i Ebbegarden hadde allereie
andre tankar om plassen vest for elva. Han ville skille den frå som
kårbruk før han overlet Ebbegarden til neste generasjon i 1906. Det
vart difor ikkje aktuelt å gje ny husmannskontrakt. Tida for den
slags var dessutan forbi.
I
1910-tellinga er Petrine er nemnd som enke på Tunheim, Emblem(12).
Då var plassen allereie nedlagd og indrege under dette kårbruket,
men nye hus var ikkje bygd, så ho budde framleis i Magnustova på
den same Magnusplassen. Det var ingen andre som var forplikta ved
kårkontrakt til å ta seg av henne. Truleg var det difor eigaren,
Johan, som hadde leigd inn ungjenta Olava J. Nedregotten, på kun 11
år, frå Skaret som tenar hjå henne. Ho fekk kanskje også hjelp frå
Andreas A. Stokke på 16 år som budde der samtidig. Han var nemnd
som «
Elev ved Forsættelsesskole Fors gaardbruker».
I
tillegg budde der ein som heitte Kristen Vigdal på 28 år. Han var
lærar på den samme «fortsættelsesskole» på det nye skulehuset
på Skaret det året. Om desse to hjelpte til som ein del av leiga er
usikkert. Eg er heller ikkje sikker på om Johan tok over
gardsdrifta. Petrine var kun 50 år på dette tidspunktet. Det ein
derimot veit er at sonen til Johan, Elias «Ebbe-Elias» Johansen
Emblem tok over Tunheim i 1913. Han bygde ny stove og løe lenger
oppe mellom Steffågardstunet og Negardstunet og utvida bruket
oppover mot heimeutmarka mot fjellet. Petrine flytta nok ikkje opp
dit. Ho fortsette å bu i gamlehuset, men den siste tida flytta ho
til dottera Karen på bruk nummer 6 ute på Blindeim, og der døydde
ho. Den vesle magnusløa vart seld til Fridtjof Emblem og flytta aust
for Negardstunet, på Lundberg, der den står bak nyhuset til Fredrik
Emblem enno. Huset vart truleg også ståande ei god stund utover
1940-talet, og kanskje heilt til Petrine døydde i frigjeringsåret
1945. Magnusstova vart deretter tatt ned og flytta til det nye
hyttefeltet mellom tunet i Løvika og Hammarsvika nede ved sjøen.
Der hadde Johannes Østrem, med opphav i Abramsgarden på Østrem, fått skøyte på hyttetomt med
gardsnummer 5 og bruksnummer 21 som fekk namnet «Havglytt» i 1942.
Der vart magnusstova sett opp igjen, og du finn ho på same plass den
dag i dag, om enn i tilpassa utgåve.
Johannes Østrem fått skøyte på
hyttetomt med gardsnummer 5 og bruksnummer 21 som fekk namnet
«Havglytt» i 1942. Der vart magnusstova sett opp igjen etter krigen, og du finn
ho på same plass den dag i dag, om enn i tilpassa utgåve. Johannes
selde etter nokre år hytta vidare til Knut Myklebust.
Sjølv
om det i våre dagar ikkje lenger er spor att etter det gamle
plassetunet, så finst der framleis att lokale namn. På gamlevegen
rett sør for husmannsplassen er det også i våre dagar dei som kan
fortelle at dei har gått «Magnusbakkjen» og passert «Magnushøla».
Med denne vesle teksten vonar eg også at kunnskapen om Magnusplassen
ikkje skal gå heilt i gløymeboka. Eg er også på stadig jakt etter
meir kunnskap, og vonar difor at den som veit meir kan ta kontakt.
Benytt gjerne addressa
sveostrem@hotmail.com
Kjelder:
Bygselsbrev
frå Nils Eriksen Emblem til Magnus Skjortenes tinglest 29.10.1850
www.Digitalarkivet.no:
https://media.digitalarkivet.no/view/22652/107?indexing=
SAT,
Nordre Sunnmøre sorenskriveri, 2/2C/2Ca/L0006: Pantebok nr. 10,
1849-1855, s. 103
Giske,
Louis: «Ørskog gjennom tidene. 3. Ættesoga», Ørskog Sparebank
1990
Hesseberg, Olaf: Muntlige opplysningar om kvar Petrine levde dei siste åra.
Rabbevåg,
Egil: Slektsregister for Emblem
Tvinnereim,
Jon: «Grotid i Grenseland», Fylkeshistorie for Møre og Romsdal II
1835-1920, Det Norske Samlaget, Oslo 1992.
Øverlid,
Ragnar: «Borgund og Giske Band II Gardsoge Gardsnr. 1-51», Borgund
og Giske Bygdeboknemnd, 1961
Østrem,
Svein Ove Dale: «Posthistoria på Emblem»
http://www.emblemsbygda.com/52378465
Østrem
Svein Ove Dale: «Om bygginga av gamleskulen på Skaret»
http://www.emblemsbygda.com/50061308
Østrem,
Svein Ove Dale: «Den eldste skulehistoria frå 1736-1903»
http://www.emblemsbygda.com/52378466
https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000220437
https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037388000182
https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000000127737
https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000000584148
https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/291/pu00000000022280
https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/315/pz00000000168205
https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000001797491
https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/291/pu00000000125667
https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01053297000550
https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000897354
https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000512908
https://digitalarkivet.arkivverket.no/nn-no/gen/vis/327/pv00000002057585
http://sedak.ikamr.no/2012/sed0014-shl/shl19101978/01/shl19101978/assets/basic-html/page1422.html
https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01038289000233
https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01038289000269