Det er ingen tvil om at Orientering og Emblemsbygda henger saman. I fleire år har me kunna glede oss over løparar frå vår eiga bygd som gjer det særs godt i denne sporten. Me har jamvel løparar i nasjonal og internasjonal elite. Kven skulle trudd det då Idrettslaget vedtok å starte ei orienteringsgruppe i 1974. Emblem I.L. var til og med eit av dei første idrettslaga i Møre og Romsdal som starta opp. Året i forvegen hadde Aalesunds Skiklubb starta med turorientering på Emblemsfjellet. Det gav truleg meirsmak. Seint den same hausten var også det første løpskartet fedig. Det fekk namnet Emblemsfjellet og dekka området frå Røssevollvatnet til Østremsvatnet.
Me vil kome attende med meir om historia til orienteringsgruppa. I mellomtida set me stor pris på alle som kan bidra med bilete og opplysningar heilt fram til vår tid. Ta gjerne kontakt på e-post: sveostrem@hotmail.com