Stigen er skyldsett til 42 øre og har gardsnummer 3, med bruksnummer 2. Bruket ligg i dag under Reiten. Husa ligg sør for Akslagjerdet på nedsida av dagens bilveg mot Magerholm og nedanfor bruket Gjerdet, med bruksnummer 3. Opphaveleg var staden der husa på Gjerdet ligg i våre dagar, tett inntil hovudvegen, det opphavelege tunet til Stigeplassen. Husmannsplassen vart sidan delt i bruksnummer 2 og 3. Det er dermed på sin plass å skrive litt om både Stigeplassen og Gjerdet i Denne teksten.
Det var Rasmus Karolus Andersson (1843-1927) som rydda plassen i fellesutmarka til Aksla og Reiten i 1860-åra. Tidbolken frå 1850-1860 var den perioden då flest nye husmannsplassar vart rydda i Emblemsbygda, og Stigeplassen var ein av desse. Rasmus vart fødd på Reiten den 29. januar og heimedøypt der den 13. april. Truleg var det ikkje helsa som var årsaka, men heller verforholda denne våren. Dei fleste av dei som vart fødde i Borgund på same tida vart nemleg heimedøypte dei óg. Fadderane var Martinus Pederson Østrem, Lars Pederson Akslen, Ole Rasmusen Østremsreit, Siri Madsdotter Nedregotten og Marte G. Olsdotter Nedregotten.
Faren heitte Anders Rasmusson (ca. 1813-1846) og mora heitte Sofie Kristofersdotter Østremsreit (1812-1859). Eg veit ikkje nøyaktig kvar dei kom frå, men eg merkar meg at Hans Rasmussen Myrhaug (1790-1865) og Kirsti Kristofersdotter som eigde og dreiv Reiten hadde same farsnamn som Anders og Sofie. Sidan namna elles ikkje passar med namn på Reiten eller Aksla, kan det hende at dei kom utanfrå og at nokon var i slekt med dei nye eigarane på Reiten. Det eg derimot veit er at Anders var plassemann på Reiten, men det finst ikkje opplysningar om kvar denne plassen låg. Anders omkom under ein orkan på sjøen den 17. mars 1846. Han var truleg på fiske, for dei var minst tre frå bygda som er registrerte som omkomne og stilt saman med ei klamme i kyrkjeboka. Teksten er diverre vanskeleg å tyde, men det er i alle fall to til som eg med sikkerheit kan seie at dei kom frå bygda vår. Den eine var plassemann Knut Iversen Magerholmvik på 60 år, og den andre var drengen Lars på 21 år frå Magerholmvika. Det er interessant å merke seg at Anders blir oppført som Anders Rasmuss. Gjerde Østremsreit. Enten så kan fødestaden ha vore ein gard med namnet «Gjerde», eller så kan det fortelle oss noko om kvar han budde i 1846. Det kan vere grunn til å fundere litt på dette, for det var sonen og borneborna hans som seinere skulle ta i bruk gardsnamnet Gjerdet i 1907. Det er i alle fall lov til å tenkje seg at det er ein samanheng. Kanskje var det Anders som starta å rydde det som seinare skulle verte garden Gjerdet? Samstundes er det fleire moglegheitar.
I 1847 vart Sofie oppattgift med Erik Larsen Navelsaker (1825-1898) frå Hornindal, som hadde vore dreng på Reiten. I bygdeboka fekk han æra for å ha rydda plassen Vedhaugen under namnet «Midthaug», men kanskje var det der Anders hadde budd først? Det er mogelrg at han aldri kom så langt at han fekk registrert nokon festekontrakt. Eg har i alle fall ikkje funne klare prov for at Anders budde på hverken Midthaug eller Stigeplassen, men me veit at han var husmann på Reiten og då er der ikkje så mange alternativ. Eg har også funne delar av namnet åt far til Sofie i kyrkjeboka ved bryllaupet med Erik den 20. juni i 1847. I følge presten i Borgund kyrkje heitte han Kristofer Nygaard. Det kan tyde på at Anders kom frå Eid og dermed same plass som eigarane på Reiten, men det finst også ein plass med dette namnet i gamle Borgund kommune.
Rasmus måtte truleg tidlig i arbeid som dreng på Reiten. I 1865 var han registrert som tømmermann og «logerende» på hovudbruket. På denne tida var det ein del skog på Akslanakken, men ikkje noko flaumsag lenger. For den som var ugift, var det å ikkje vere sysselsatt eit brot på lausgjengarlova, med påfølgande straff. For dei unge utan erfaring eller god stand ville det å få seg teneste vere heilt vanleg. Dei fleste tente på nabogardane frå komfirmasjonen mot kost og losji, medan dei fattigaste husmannsborna ofte måtte i teneste fleire år tidlegare. Ein finn også eksempel på dei som ikkje fekk nokon skulegong i det heile. Truleg stod det ikke så gale til med Rasmus. Om han arbeidde dels saman med Hans på hovudbruket, er ikkje heilt utenkjeleg, for begge var bygningsmenn, og Rasmus gjekk truleg i tømrarlære også. I 1865 hadde dei to tenarar på Reiten, og sidan Rasmus no hadde gått frå å vere tenar til å leige husrom, så må han også ha hatt inntekt på tømrarverksemda. Medan han budde på Reiten vart han forlova med Anne Inger Severine Petersdotter Hjorthol (1835-1907) frå Sykkylven, som var tenestejente på garden. Då dei gifte seg i Ørskog kyrkje 17. juni i 1866 hadde dei også behov for å finne sin eigen plass og inntekt. Husbonden på Reiten fann råd og det endte med at dei fekk rydda seg eit plassebruk i fellesutmarka til Aksla og Reiten. Årsaka til at Rasmus valde å flytte kan verke opplagd, sidan han gifta seg, men avgjerda kan også ha vorte påverka av at Hans døde i 1865, og eg finn ikkje spor som kan tyde på at sonen Rasmus Hansen (1826-1890) fortsette med tømring slik som faren. Derimot ser eg at han var forlovaren til Rasmus i 1866, så dei var truleg vel forlikte, om det ikkje var meir som ein gest ovanfor sin framtidige utleigar. Stefaren til Rasmus, Erik Larsen på plassen Midthaug var forlovaren til Anne. Eg trur ikkje at forlovervalet med odelsguten på Reiten var nokon høfleg gest, for dei måtte gifte seg. Det samme året hadde Anne og Rasmus vorte foreldre, og det å få eit «uekte» born på den tida var alvorleg. Det er mogeleg at det var dette som tvang fram eit ekteskap, men det er lite som tydar på at dei ikkje treivst ilag i åra som skulle komme. Eg har per dags dato klart å finne seks born: Hansine Marie Sophie (f. 1866) , Peter Johan Christopher (f. 1868), Anna Karoline Petrine (f. 1870), Edvart (f. 1874), Jakob (f. 1876), Oline Marie (f. 1879) og Marie Eline (f. 1882). Oline vert forresten nemnd i ein tekst av Mauritz Akslen som fast bakstekjerring i Hølå saman med Myre-Gurine. Det var på den tida vanleg at nokre av kvinnene i bygda reiste rundt på gardane og baka ut løfseemna før jul mot betaling.
I 1884 lånte Rasmus 366 kroner og 20 øre frå P. H. Gåseide. Som sikkerheit hadde han «1 Stuebygning, 1 Ladebygning og 1 Nøst med mur og nagelfaste Indretninger. Men husa kan ikkje ha vore så store eller verdifulle, for attåt måtte han dessuten garantere for lånet med «alt Tilbehør saaledes som Husene nu ere eller herefter med Tilbygninger maatte befinde. Ligesaa pantsættes med samme Prioritet Husenes Assurancesum eller de Bygninger, der i Husbondens tilfælde opføres.» Krava frå lånegjevaren var høge, men kanskje berettiga, for allereie i 1887 vart det halde eksekusjonsforretning på plassen. Lånet med renter hadde no auka til 387 kroner og 80 øre. Gåseide fekk no eigedomsretten til både huset og løa. Frå no av gjekk det likevel betre. Eg finn ikkje fleire økonomiske utfordringar dei neste åra. Mot slutten av 1800-talet hadde pengehushaldninga byrja å verte merkbar kontra den eldgamle tanken om sjølvbergingsjordbruk. Det vart meir vanleg å ta hyre på båt, satse meir på kjøt og mjølkeproduksjon eller å finne seg ei attåtnæring som tømrar og liknande. Kanskje var det difor størrelsen på Stigeplassen fekk mindre betydning. Dei første åra rakk plassen heilt frå Akslagjerdet, med bytestein omtrent der hovudvegen går i våre dagar, og vidare heilt ned til sjøen. Ved utskiftinga i 1894 vart plassen ein del av Reiten og skyldsett til 84 øre. Det same året vart plassen kjøpt av Jakob Rasmussen Østremsreit. Denne Jakob må ikkje forvekslast med Jakob Rasmussen (1876-1938), sonen til Rasmus Anderson Østremsreit som hadde rydda dette plassebruket. Den nye eigaren av Stigen var fødd og oppvaksen på Reiten, sonen til Rasmus Hansen (1826-1890). Med to Jakob Rasmuson som tidvis nytta Østremsreit og deretter Akslen, er det litt vanskeleg å halde oversikta. Sjøl bygdebokforfattaren ha bomma der. Jakob Iver Olaus (1877-1938) frå Reiten gifta seg med Eline Thomasine Knutsdotter Akslen (1880-1943) frå Øvste-Aksla. Saman reiv dei plassen i mange år i lag.
I 1900-tellinga budde det 6 menneske på plassen, og namnet var framleis «Stigen», eller «Stigeplassen». Rasmus Anderson Akslen og Anne Petersdotter var framleis registrerte som «Gaardbruger, Tømmermann, Fisker» og «Gaardbrugerkone». Sønene Jakob (1876-1938) og Edvart (1874-1933) var framleis ugifte og dreiv med fiske og tømmring. Edvart var på denne tida busett i Ålesund, med det var truleg berre midlertidig i forbindelse med fiske. Søstera Anna Marie (f.1882) «holdes hjemme som Pige, sysselsat del med Kreaturstel og dels i Huset» . Der var også ei jente som heitte Marie Rasmusdotter frå Eikrem som var «Tjenestepige». Det er mogeleg at Rasmus var mykje vekke heimanfrå, sidan dei hadde to jenter med hjelpande hender på garden. Eg merkar meg at Anna var meir enn gifteklar med sine 30 år i 1900, men eg trur også at tellinga er misvisande. Rasmus og Anne hadde nemleg ei dotter som heitte Marie og vart fødd i 1882, så at denne Mari skulle vore fødd på Ekrem, kan ikkje stemme. Frå folketellinga kjem det også fram at dei hadde korn og potet med krøtter attåt. Kjøkkenhage, frukthage eller fjærkré var der ikkje noko av dette året.
I september 1901 vart det tinglyst ein forteikning av kva dei enkelte gardane skulle betale i løn til sogneprestembetet i Borgund. Der finn ein to bidrgsytarar på Reiten. Den eine er Iver på hovudbruket, og den andre er Jakob Rasmussen. Iver skulle betale 2 kroner og 25 øre, medan Jakob slapp unna med 45 øre. Denne ekstraskatten avlest 23.3.1908.
Den 25 juni vart det halde skylddelingsforretning på Stigen «af Reiten» med skyld på 0 mark og 84 øre hadde skild ut ein parsell frå bruket til Jakob Rasmussen Akslen til Edvard Rasmussen Akslen. Følgande rettar følgde med:
det ved forudnevnte utskifting Stigeplassens tillagte (...)stykke nordenfor Tudalen
Ret til havning i udmarken efter skyldforhold
Ret til brug af de samme veie som hovedbruget. Parcellen skal dessuden have ret til vei fra «Stampevigen» over slukten ovenfor Stempebergene til en østenfra disse udlagt nøsttomt med fornøden grund til baadstø. Nøsttomten er 8 meter dyb og 6 meter bred og betidig afmerket.
Den over hovedbruget og parcellens nu brugelige gangsti fibeholdes til gjensidig brug. Efter foretaget syn og sjøn besluttedes enstemmig af avsette parcellen der fik navnet «Gjerdet» og brugsnummer 3 til 38/84 mod hovedbruget og en skyld af 0 mark 38 øre»
skylddelinga vart underskriven av melom anna skulelæraren Knut Furset og Johan N. Emblem . I den samme slengen vart også skøytet på Gjerdet frå 11. juli 1907 tinglyst den same dagen som skylddelinga den 12. juli 1907. Edvard laut betale 650 kroner for Gjerdet.
Med skylddelinga og frådelinga av Gjerdet fekk også Stigeplassen eit nytt namn. Det nye namnet vart «Stigen» med ei skyld på 0 mark og 46 øre. I 1910-tellinga finn me Jakob og Lina på bruket saman med døtrene Ragna som vart fødd i 1904, Lovise som vart fødd i 1905 og Hjørdis (1909-1994). Lovise Karoline (1905-1987) vart seinare gift med Oskar Emblem (1902-1995) frå Auregarden. Han var ein av grunnlegjarane av Emblemsruta og dei busette seg på eit tidlegare utskild kårstykke frå Auregarden, som heitte Myrane, hausten 1933. Ragna vart seinare jordajenta på Stigen.
I 1914 selde Jakob kalkrettane sine til H. Gjøsund og Peter S. Brandal. Han var ikkje den einaste, for heile bygda gjorde det same. Tidlegare hadde det stått 2 kalkomnar på Magerholm, men ein orkan skal ha gjordt ende på heile forretningseventyret og rassert omnane. I tillegg hadde fraktebåten gått ned. Gjøsund og Brandal hamna i ei lang rekke optimistiske investorar som søkte å utvide kapitalen sin. Det fanst mange av desse kring den 1. verdskrigen. Det vart ikkje noko av verken kalkdrift eller anleggsvegar, men dei 500 kronene fekk Jakob behalde. Seinare kjøpte ein kaptein Hamre rett på oppdemming og vasskraftsutbygging i Østremselva. Dette vart det heller ikkje noko av, for omlag samstundes tok utbygginga av kraftanlegga i Tafjorden til.
Eg har ikkje så mykje opplysningar om Jakob eller kvardagslivet på Stigen enno, men det har vorte nemnd i ein tidlegare tekst om gamleskulen på Skaret at det var ein del i bygda som hadde ekstra strevsam veg til skulen. Dei som hadde lengst veg var folket i Magerholmdalen, men Jakob på Stigen hadde litt å stri med om vintrane han óg. Det vart ikkje brøytt vegar slik som no før Emblemsruta tok til. Mjlka vart køyrd med hest og slede i staden. Hadde det lava ned mykje snø, så måtte foreldra gå føre og brøyte veg for skuleongane. Når Ragna og Lovise gjekk sine aller første år på skulen, så kunne det vere så gale med snø at Jakob måtte bere begge to det meste av vegen. Det var enda godt at han var ein kraftkar.
Jakob og Eline selde Stigen den 12. desember 1935 for 3500 kroner. I skøytet er også kårbrevet skrive inn. Det vart verdsett til 1000 kroner for 5 år og var som følger: «...en liter melk um dag og 225 kg poteter um aaret, samt husly, som begrenses til en stue, et loftrum, et rum i kjelleren, og adgang til aa benytte kjøkenet sammen med eieren, likeså halvparten av nøstet. Kaarfolkene skal have det nødvendige brendfang hjembragt og hugget ferdig til benyttelse. Vedlikehold av husene paahviler eieren. Skulde Kaarfolkene fraflytte Eiendommen blir kaaret aa yde efter overenskomst.»
Kjøparen var Emil Karlsen Terøy (1895-1982) frå Terøy gardsnummer 178 og bruksnummer 1 i Borgund. Han vart fødd i 1895 og eldsteguten på 4, som vart registrerte som heimeverande på garden Terø i 1910-tellinga. Faren Karl kom frå garden og dreiv fiske attåt, medan mora, Berta, var frå Sykkylven. Emil hadde gifta seg med jordajenta Ragna Jakobsdotter Akslen (1904-1981)frå Stigen
I 1936 tok Emil og Ragna opp eit lån på 2500 kroner i Borgund Sparebank. Dette hadde truleg samanheng med kjøpet av garden og passar såleis høveleg når 1000 kroner i kår vart trekt ifrå.
I 1937 stoggar oppføringa i panteregisteret som er tilgjengeleg på nett. Dei siste åra vart dei tidlegare nemnde kalkrettane overført til først Alf Gjøsund i 1936, og deretter til Margrethe, Harald og Hans Gjøsund i følge tinglysning frå 1838.
Til resten av historia om Stigen må eg ha hjelp. Om det er nokon som har opplysningar,kopi av skøyte eller liknande, så er det fint om de tek kontakt med meg anten på telefon nr. 71251983 eller mob. 95801801. du kan også nytta følgande e-postaddresse: sveostrem@hotmail.com
Astri Molvær Lindquist 16.02.2018 17:22
Er dette garden Stigane som min oldefar "Stige Rasmus" kom ifrå? Han heitte Rasmus Akslen f.1884 og vart gift med Inger Anna Hjorthol frå Sykkylven.
Svein Ove Østrem 27.02.2018 22:24
Om du tenkjer på Rasmus fødd 1843 g.m. Anne Inger S. Larsd. Hjortdal fødd 1837 så er du på rett stad (Stigeplassen).
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com