Ungdomskoret Respons: dei 20 første åra

Respons fotografert hausten 1989 av utsendt fotograf for Menighetsbladet i Spjelkavika. Då hadde koret eit TV-team på besøk frå Oslo Lokal-TV. Ole Reinlund var leigd inn som produsent på innslaget med både intervju og musikkinnslag. Papirkopien er henta frå Menighetsbladet sitt papirarkiv og donert til Emblemsbygda.com av Solrun Berstad

Respons i aksjon 17. mai 1991 på Emblem Skule

Respons saman med Emblem Kristlege Mannskor 17. mai 1992 på Emblem Skule. Foto: Marit Østrem

Klar for kortur til Polen sommaren 1991 Foto: Arild Nedregotten

Delar av koret samla på veg til Polen 1991. Foto: Arild Nedregotten

Responstur til Polen. F.v.: Maria Stavseng, Jan Helge Slettedal og Arild Berstad Fotografen er Arild Nedregotten

17. mai på Emblem Skule. Respons og Mannskoret har felles opptreden med Monica Giskeødegård Isaksen som solist. Det var vel kanskje songen "Å vestland vestland i dels nytt arrangement som vart framført. Året kan vere 1992.

Frå rekrutteringsarbeidet til koret. Dette var vel kanskje Per Arnt Fahre sin strek?

Loppemarked var viktig inntekt for koret, og dei starta allereie på byggetomta før dagens bedehus stod klar til innflyting. Her er kjellaren fyllt opp med møblar. Selgarane nr. 2 f.v. Karl Nystøyl og Arild Nedregotten nytta all den flotte scenografien til å filme eit par sketsjar kvelden før. Foto: Kenneth Vadset

Utsnitt frå eit videoopptak av 25-års jubileumet til ungdomskoret

Ein stillisert collage i svart-kvitt frå 25-års jubileumsheftet

Her eit temmeleg redusert Respons på scena ikring 1997 eller 1998. Er usikker på anledninga. Foto: Svein Ove Østrem

Delar av Respons opptrer på Emblem Bedehus på slutten av 1990-talet. Kanskje er det hausten 1997 eller 1998? Foto: Svein Ove Østrem

Konsentrert Arild Berstad. Året er kanskje 1998. Foto: Svein Ove Østrem

Utsnitt frå eit video-opptak på 17. mai på Emblem. Trur at året var 1999. Songen var skriven av Arild Berstad og hadde hendingane i Kosovo som tema. TV-foto: Svein Ove Østrem

Her er det kanskje snakk om Frå julekonsert på Emblem Bedehus. Det ser ut til å vere teke på juletrefesten der koret i mange år har hatt eigen mini-konsert etterpå. Med veteran-trommis Øyvind Haugen på gjesteoppdrag og Arvid Lukkedal som solist så tenkjer eg at det er snakk om songen "God Jul" på grunn av julekortet som han held i handa. Foto: Arild Nedregotten?

Eit midlertidig utkast til tekst om Respons sine første 20 år finn du kopi av her: https://www.dropbox.com/home/Historia%20om%20dei%20f%C3%B8rste%20%C3%A5ra%20i%20ungdomskoret%20Respons?preview=respons+dei+f%C3%B8rste+%C3%A5ra.pdf

Teksten er hovudsakleg basert på jubileumsheftet som koret gav ut, men der er behov for enda meir "Kjøt på beinet" før teksten er klar til publisering her. Kom gjerne med minne og digitale kopiar av bilder frå "the good old times" 🙂   


Bruk gjerne følgande e-post: sveostrem@hotmail.com  eller ta kontakt med Svein Ove Østrem via messenger på Facebook. Det er også mogeleg å laste opp bilda til eige album til Respons i FB-gruppa Gamle bilder fra Emblem.  https://www.facebook.com/media/set/?set=oa.10154845302266286&type=3

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett