Ho
vart fødd som yngst av 5 søsken på garden Nerigard på Hesseberg
9. mai 1892 og døypt 12. juni det same året. Foreldra var Karl
Martinus Larsson Glomset (1846-1917) og jordajenta Johanne Marie
Jacobine Hesseberg (1849-1938). Dei hadde gifta seg i 1873 og tok
Karl Martinus tok gardsnamnet Hesseberg til etternamn, slik skikken
var den gongen. Han, var forresten halvbroren til Anne Petrine som
hadde gifta seg med «Sjurs-Ole» i Sjursgarden på Emblem. Han var
ein av dei rikaste i distriktet i samtida.
Fadderane
til Karen var Peter O. Hesseberg med ektemake. Det var naboane
Peter
Emanuel Ols. Hesseberg(2) (1854-1917) som gifte seg i 1879 med
Tomasine «Tomsina» Jensine Gundersd. Grebstad(8) (1860-1946) frå
Sykkkylven. Dei dreiv Oppigar, bruksnummer 2, på Hesseberg. Dei
andre fadderane var
plasseenka
Petrine Karoline Magnusdotter Løset (1850-1944) på naboplassen
Bryggå, gardbrukarsonen Bernt J. Glomset og gardbuksdottera Ingleiv
J. Glomset. Dei to var to siste var søskena til Karl Martinus og frå
Øvre Glomset. Bernt skulle seinare ta over farsgarden mens Ingleiv
Marie drog til Amerika i 1896.
Søskena
Søskena
til Karen var Nils Peter Martinus (1873-1960). Han tok over Nerigard
saman med
med
Randine Sofie Karine Jakobsd. Frøland(N,3) (1877-1937). Broren Lars
Carl Nicolai Hesseberg (1876-1908) gifte seg i 1907 med Lina Marie
Hansdotter Husø frå Sandøy, men dei fekk berre omlag eit år saman
før han døydde. Deretter kom Andreas Martinus Johan Hesseberg
(1887-1967). Det kan verke som om ho kom særleg godt overeins med
yngstebroren, Andreas. Han var ei tid i Amerika før han kom heim og
gifte seg med Petra Anne Marta Nikkoline Sivertsdotter Nilsen frå
Ålesund. Dei kjøpte den tidlegare husmannsplassen Brennhaugen under
matrikkelgarden Aksla. I 1894 vart ho storesøster til Daniel Iver.
Han drog til Amerika i 1912 og vart verande der. Han busette seg i
Rolette Township og vart gravlagd i Boutineau County i Nord Dakota
1971. I tillegg hadde faren deira ei dotter frå før han gifte seg
til Nerigar. Det var Elisa Marie Håhjem (f.1865). Eg er usikker på
kor mykje kontakt dei hadde med henne i barndommen.
Eg
skal ikkje seie for sikkert om Karen var så mykje heimanfrå i
teneste i ungdomsåra.
I
1910-tellinga for Glomset krets på Skodje vart ho i alle fall nemnd
som tenar på heimgarden, 18 år gamal. Og ved 1900-tellinga var ho
berre 8 år. Ho er også fotografert på dei fleste familiebileta på
Nerigar før 1912 i motsetning til fleire av dei andre søskena.
I
1910 er det 6 som bur på garden. Foreldra, Karl og Johanne, var no
vorte kårfolk. Broren Nils Petter Martinus og den nye gardskona
Randine hadde gifta seg i 1907. I følge pantebøkene vart skøytet
på Nerigar underteikna i 1909. Dei betalte då 1800 kroner for
garden. På samme tid vart også kårkrava avtalt. Her finn me mellom
anna 180kg. Blandkorn, 180kg. Havre, 4 hektoliter potet. Vidare
skulle dei ha mjølk frå 4 kyr. Makta dei ikkje sjølve å hauste,
så skulle alt leverast til dei frå ungfolket. Dei gjorde også krav
på foring og gjeting av 2 geiter og 3 sauer per år. Kårfolket
skulle disponere den vestre del av stabburet på garden og halve
naustet. Karl og Johanne skulle få seks vognlass gjødsel til
åkerlappen sin og få benytte «Go farageren», som truleg var
namnet på gardshesten. Kårteigen i skogen var ei lita bot i
«Eitreviken». Denne vedaskogen gjekk frå sjøen og opp mot Lars
Magerholm sitt stykke frå hovudbruket på Magerholm og Lars
Hesseberg sin skogteig for hogst av byggematerial. Eitrevika er
truleg omtrent der som elva Eiteråna renn ut i fjorden frå
Magerholmdalen. I krava vert ikkje Karen, eller dei andre søskena
nemnd. Om dei fekk noko av kjøpesummen som ein slags arv etter kvart
er eg meir usikker på, men det er ting som tyder på at delar av
maten i kåret også var tiltenkt heimeverande born. Det var vanleg å
sende med ved og mat til born som busette seg i byen eller
tettstadar. Samstundes skulle foreldra ha noko å leva av i tillegg
til andelen av dyr og mat på garden.
Den 29.
oktober 1915 var ein spesiell dag. Då vart det tinglest ein
resolusjon der Hesseberg vart del av Borgund kommune, og dermed også
del av Emblemsbygda. Dette var eit ønske frå brukarane på
Hesseberg. Det var no enklare å følge vegen til Magerholm, enn
gjennom utmarka til Skodje, og vegar vart frå no av mykje viktigare
som ferdselsveg enn båten og fjorden. Det var heller ikkje så
veldig lenge sidan dei var del av Borgund Prestegjeld, så det var
kanskje ikkje den største overgongen. Det verka også fornuftig når
borna tidlegare måtte leige husvere på Glomset i skuleveka og
hessebergfolket trong gjere det same om laurdagskveldane ,før dei
gjekk over mot Flåte for å lånte seg båt til kyrkja på Skodje
søndagsmorgonen. Dei vart dermed vekke i omlag eit døgn på
kyrkjereis, medan dei kunne ro til Borgund kyrkje på litt over ein
time i godt vér. Dei hadde allereie byrja å ro over fjorden til
kirka i Sykkylven i staden for å få lettare kirkereis. Gangvegen
til Emblem Skule ute på Skaret var heller ikkje særleg lang og
absolutt ein betre skuleveg enn ruskemarka i ulendt terreng og
steinur innover mot Heggebakk. Der fanst nemleg ingen veg langs
Hessebergstranda den gongen.
Hustomt
i Spjelkavika
I
desember 1934 vart det halde grensegong og oppmåling av ny hustomt
nord for Lillevatnet. Karen var framleis einsleg, men let seg ikkje
stoppe av den grunn. Ho hadde nemleg bestemt seg for å bygge seg
eige hus. Den 7. januar 1935 vart både målebrevet og skøytet
tinglest. Selgarane var Tomas P. Holen og Ragna Karlsen på bruket
Ytterholen. Tomta fekk namnet «Solbakk» og bruksnummer 31 under
gardsnummer 32, I gardsoga Borgund og Giske, band II frå 1961 kan
ein lesa at der allereie var ei rekkje plassebruk under Ytterholen.
Det var meininga at Ole Pettersen Holen, bror til ovanfor nemnde
Tomas skulle få alle desse plassane slik han kunne skille ut sitt
eige småbruk frå farsgarden, men han døydde under spanskesjuka.
Derfor vart plassane i staden seld til brukarane og nye byggefelt
vart lagd ut for sal. Karen kjøpte seg ei slik tomt ved den nye
Nylandvegen og fekk husnummer 17. Området låg nært inntil sentrum
i Spjelkavika der ein kunne finne Hans Pedersen Mittet og Edvard
Liljedahl sin fabrikk, «Spilkevigs Snøre- Not- & Garnfabrik»
som ein av dei største arbeidsgjevarane. Spjelkavika var på den
tida ein spanande industristad med veksande smånæringar i nær sagt
kvar ei kjellarkrå. I den vanskelege tida i mellomkrigsåra laut
kvar enkelt finna sin eigen arbeidsplass. Hit kom ungdommar flyttande
til for å få seg arbeid hjå dei som fekk so pass fart i
arbeidsplassen sin at dei kunne ansette fleire. Etter kvart som
bussrutene kom til på 1930-talet vart det også lettare å pendle
med Emblemsruta, men det gjorde ikkje Karen.
Karen
Hesseberg var heldig og hadde arbeid å gå til på nettopp
Spilkevigs Snøre- Not- & Garnfabrik, men det var neppe ei løn å
leve særleg godt av. Ho hadde heller ingen å dele på utgiftene
med, men ho var driftig som få og må ha hatt ein skikkeleg stå-på
driv. I utgangspunktet skulle ein tru at dei lange dagane på
fabrikken var utmattande nok, men den gong ei.. Tomta åleine kosta
496 kroner. Det var mykje samanlikna med gjennomsnittleg normalløn
på 2340 kroner per år i 1935. Det tilsvarar vel omlag 234530 kroner
som var normalløna i 1996 ifølge den same lønnstabellen frå
Statistisk Sentralbyrå. Men var du kvinne og ugift så var løna
mykje lågare. I folketellinga frå 1930 satsa ein særleg på å
samle inn opplysningar om inntektene til befolkninga i Norge. Både
i bygd og by var det gjennomgåande slik at kvinnene tente halvparten
av det mennene fekk i lønningsposen sin. Tanken var vel at mannen
skulle forsørge kone og born, medan kvinner tradisjonelt sett var
yngre og ugifte. Dei klarte seg godt med eit leigd rom framfor eit
heilt hus eller leiligheit. Eg veit ikkje kor lik løna til Karen var
gjennomsnittet. Kanskje var den litt høgare, men den var vel
forhåpentligvis minst 1300 kroner per år, eller kring 100 kroner
utbetalt per månad. Vi snakkar då med andre ord om i alle fall 4
månedsløner for tomta før huset eller arbeidsutgifter som kom
seinare er rekna med.
Eg
vart forundra når eg fekk sjå den gamle grunnboka til eigedommen.
Karen tok ikkje opp eit einaste banklån dei omlag 30 åra ho hadde
huset og eigedomen. Kanskje er det slik at ho ikkje hadde eit einaste
lån nokon gong? Korleis er dette mogeleg. Linda Hesseberg har høyrd
at ho var svært sparsommeleg. Nokre kunne vel kanskje seie at ho var
gjerrig med, men det måtte ho truleg vere. Mange av dei som opplevde
at bankane gjekk over ende etter første verdskrigen og miste både
sparepengane og kanskje hus og heim attåt, var nok meir utrygge og
stolte mindre på staten og banken enn vi gjer i våre dagar. Kanskje
hadde ho byrja på fabrikkarbeidet når det vart storstreik i
Spjelkavika og ho kjente nok godt til korleis sambygdingen og
kjøpmannen Hans Iversen Furseth gjekk konkurs og at det vart halde
heile to utpantingsforretningar på handelslaget hans i sentrum av
Spjelkavika i 1921. Problemet var at kundane ikkje makta å betale
det dei hadde kjøpt på krita, slik skikken ofte var den gongen. Han
kom seg no på beina att og Karen kunne framleis handle på Iversen
Kolonial rett ved fabrikken etter den tid også, men som einsleg
hadde ho ikkje noko sikkerheitsnett. Ho måtte rett og slett stole på
si eiga helse og arbeidsevne. Då var det vel best å sleppe lån
dersom det var mogeleg. For å gje eit eksempel på den frykta som
mange bar på så kan eg nemna det første Kooperative handelslaget i
Spejelkavika. Bygda var i ferd med å verte ein arbeidartettstad og
optimismen hadde vore stor. Andelseigarane hadde bygd seg eit flott
nytt forretningsbygg i sentrum av bygda før det vart vansklegare
tider og dei fekk panikk. Fleire av medlemmane frykta at dei skulle
miste innskota sine og valde difor å selge. Hans Iversen Furset
dreiv då butikk på Magnusbakken inne på Emblem og valde å satse
stort på butikk i Spjelkavika også. Det synte seg at det var grunn
til å ottast, men på lang sikt gjekk det likevel bra.
Broren Andreas
Der
var ein som Karen kunne stole på. Broren Andreas Hesseberg hadde
nemleg vore i amerika og tent rimeleg godt. Mesteparten av pengane
gjekk med til å kjøpa garden Brennhaugen, men han hadde enno litt
pengar til overs. Han kunne nok spart dei til framtidige behov, men
han var ein veldig snill mann, Andreas. Han var den som hjelpte Karen
med finansiering av huset og tomtekjøp. Soleis kunne ho realisere
husdraumen. Eg lurar på om ho kan ha blitt inspirert av ein
sambygding. Antonette «Anti» Akslen frå Øvste-Aksla, Anti var
også ugift og hadde budd heime og stellt bror sin som i barneåra
hadde falle ned frå betane i løa og slått seg forderva, slik at
han vart sengeliggande. Då broren døde fekk ho overta den nyleg
gjennoppbygde «Akslabuda» på Magnusbakken frå to av brødrene
sine. Der var det fleire etasjar og leiligheiter som kunne leigast ut
og soleis finansiere alderdommen for ei aldrande dame. Karen bygde
ikkje så stort, men ho nytta same finansieringsidé.
«Hessebergkaren», som ho gjerne vart kalla, budde i andre etasje i
huset sitt på Nyland. Ved sida av stua i andre etasje var der eit
rom som ho leigde ut. Anne Kjellfrid Haram huskar at det var Anna
Vasstrand som budde der. Første etasje leigde ho ut til nokon som
heitte Helmersen og kjellaren vart også utleigd. Det er mogeleg at
ein som heitte Olav Voldsdal var ein av leigetakar der. Om ho tenkte
å spare opp til å betale tilbake det Andreas hadde vore så snill å
hjelpe henne med, veit eg ikkje. Kanskje han ikkje ynskte det. Då
kom kanskje idéen om å gje huset og verdiane attende til familien
hans når ho gjekk bort i staden. Ho hadde i alle fall ein draum om å
drive pensjonat i huset sitt. Den draumen vart aldri realisert, men
på eit vis så var ho ikkje så langt unna heller. Huset var fullt
av leigetakarar og det var soleis nesten berre serveringa som mangla.
Ein
henvendelse retta mot medlemmane i facebookgruppa «Du vet du e fra
VIKA når...» har vore med på å lyse opp litt av det ho dreiv med
attåt. Ei fortel at ho hjalp til i huset heime hos dei rett over
Yrkeskulen nærare Fremmerholen. Familien der heitte Haram til
etternamn, men Karen snakka halvemål og sa derfor at ho skulle opp
til «Aram». Anne Kjellfrid Haram minnes henne som eldre dame på
sykkel med blomstra kjoleforkle. Då ho var heime hos dei på
fredagen for å vaske og lufte huset så sa ho: «Ditta lika ikkje
kattan og karan», men etterpå likte dei seg. Ei anna meina å huske
at ho kanskje tok opp bestilling på sjølvevde tepper også, og det
er neppe alt. Ho vaska visst hos fleire enn familien Haram. Karen
hadde spara på eit par kvite kjoleforkle som var tiltenkt den
gongen ho skulle starte pensjonatet sitt. Einy Samseth er fødd
nokre år etter andre verdskrigen og var nær nabo til Karen i
Nylandvegen i barneåra. Ho hugsar at dei gjekk ofte på besøk. Ho
hadde høns og egg for sal, så dei tok med seg brødskalkar
heimanfrå. Karen spanderte då kokesjokolade på dei og det var
stas.
Karen
var også ofte på besøk hjå slekta si i området. Ho var mellom
anna på besøk hjå søskenbornet Jenny Laura Aspehaug på
Aspehaugen. Jenny kom frå garden Høla, og heitte opphaveleg Akslen.
Dit hadde onkelen til Karen, Johan Hesseberg, gifta seg. Det betydde
at ho hadde nok eit søskenborn frå Høla nærare Breivika. og
Hølefolket var innom ein rekke gongar på veg til slekta på
Ellingsøya. Søskenbornet Lars Johanss. Akslen (1870-1951), som tok
over Hølegarden, hadde nemleg gifta seg med ei lærardotter med
namnet Laura Mauritsdotter Ulvestad derifrå.
I
tillegg var der fleire kjende sambygdingar frå Emblem i nærleiken.
Klara og Nikkoline Emblem hadde gifta seg med Peter frå
Magerholmvika og Knut frå Magerholmdalen. Begge desse karane kjende
ho nok godt frå ungdomsåra. Knut og «Nikka» arbeidde i tillegg på
samme fabrikken som Karen. Med Emblemsruta frå 1930-åra kom det nok
enno fleire utover til Spjelkavika for å få seg arbeid. Den næraste
naboen, Kari Stafseth, hadde også slektsforbindelse til Emblem og
Ystebøen via faren Karl Stafseth. Han var søskenbornet til Klara og
Nikoline Magerholm. Slekt var meir viktig å ta vare på i dei dagar.
Karen
hadde ikkje gløymt røtene sine inne på Hesseberg. Kor ofte ho var
heime i Nerigard er eg usikker på, men der finst bilete av henne
saman med farfaren min, Hans Austrem (1915-1965) frå Larsgarden på
Østrem. Han hadde då på seg studenthue, så han var nok nyleg
uteksaminert frå Landbrukskulen på Gjermundnes. Han gjekk der
skuleåret 1934. Karen arbeidde truleg i Spjelkavika allereie då.
Nylandsvegen vidare i slekta
Nevøen
Karl Johan Hesseberg fekk overta huset og eigedommen etter henne i
1964. Han kom frå Brennhaugen på Emblem og var sonen til tidlegare
nemnde Andreas Hesseberg. Eg vil tru at det vart slik som ein følge
av den gode forholdet mellom dei to søskena. Andreas hadde jo
tidlegare hjelpt henne med husbygging og finansiering. Karen hadde
heller ingen born eller ektefelle, og dermed heller ingen naturlege
livsarvingar. Eg vil tru at ho kanskje tenkte at no var det hennar
tur å hjelpe litt. Pengane til Andreas kom slik attende til rette
slekta også. Eigedommen vart i 1964 verdsett til 20 000 kroner, så
ho må ha halde den godt vedlike i dei åra ho hadde huset. Karen
fall om utanfor huset sitt og døydde brått av hjartesvikt 26. juli
i 1963. 71 år gamal. Ho hadde levd eit strevsomt vaksenliv med mykje
hardt arbeid i mange år. Det hadde nok påverka helsa også. I
tillegg hadde ho også ramla ute og skada seg, men ho vart truleg
ikkje lagt inn på sjukeheim elller noke slikt. Våren 1964 vart det
halde arveskifte og heimselsretten vart overleten til Karl Johan. Han
hadde flytta inn med familien sin i 1963, etter ei tid med oppussing
som starta før Karen døydde. Ho budde då øvst som ho alltid hadde
gjort, Medan Karl Johan og Irene flytte inn i hovudetasja. Dei
fortsette å leige ut i kjellaren med. Dermed var det eit nytt
slektsledd med etternamnet Hesseberg som budde i Nylandvegen 17.
Etter ei tid leigde dei også ut i øverste etasje til Marit Karin
Emblem som gifta seg med Petter Flem frå Flemsøya. Ho har anane
sine i Negarden på Emblem.
Med
dette har me kome til slutten på Karen si vesle livshistorie. Eg
trur at vi har mykje å læra av denne driftige kvinna og bror hennar
framleis. Ho gjorde lite ut av seg og etterlet få formelle spor av
dokument og slikt, men ho sette spor etter seg hjå dei som vert
kjend med henne. Vi gløymer ofte desse i eit hav av kjeldematriale
frå personar som har visst å markere seg for ettertida. Rett nok må
me berre forsøke å tenkje oss til nokre av tankane som ho kan ha
hatt, men historia til denne einslege fabrikkarbeidande kvinna
fortener likevel å bli fortalt og minnast for ettertida.
Kjelder:
1900-tellinga
for Nerigar scanna utgåve:
https://media.digitalarkivet.no/view/37387/100
1910-tellinga
for skodje:
https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000899654
Fødselsregistreringa
til Karen på Skodje:
https://media.digitalarkivet.no/view/2675/17245/50
Gamal
Grunnbok til Nylandvegen 17a gardsnummer 32 bruksnummer 31 frå
arkivverket på nett
Giske.
Louis: «Bygdebok for Skodje: gard og slekt. Bind 1: G.nr. 2- g.nr.
31» Skodje bygdeboknemnd 1986.
http://www.nb.no/nbsok/nb/f6780faa32f308ecf50d6978e7138394?index=3#132
Hesseberg,
Linda: Opplysningar om Karen Hessberg via Messenger
Livsminne
om Karen hesseberg delt på facebookgruppa «Du vet du e fra VIKA
når...» av Lillian Karin Stafseth Ognøy, Eva Haram Dybvik, Marit
Aspehaug Loe, Anne Berit Solevåg, Einy Samseth, Anne Kjellfrid
Haram.
Normallønstabell
frå 1930-2002:
https://www.ssb.no/a/histstat/aarbok/ht-0901-lonn.html
Opplysningar frå Solveig Hesseberg Vatne og John Blindheim
Pantebok
for Borgund 7.1.1935 med målebrev, målekart og skøyte på tomta
Nylandvegen 17
Skille mellom menn og kvinner i løn 1930:
https://www.ssb.no/befolkning/artikler-og-publikasjoner/hvor-meget-tjener-en-innepike
Østrem,
Svein Ove: Tekst om Nerigar
http://www.emblemsbygda.com/194399998
Østrem,
Svein Ove: Tekst om Akslabuda og Hans Iversen Furset
http://www.emblemsbygda.com/113642102
Øverlid,
Ragnar: «Borgund og Giske Gardsoge Gnr. 1-51 Band II». Borgund og
Giske Bygdeboknemnd 1961.