HEILE BRUKET
Knud er den første ein med sikkerheit veit namnet på. Han dreiv heile bruket frå om lag 1600, til han
døydde 1613. Knud er nemnd i skriftlege kjelder 1603. 1613 betalte han skatt av 9 mellag. Seinare
eigde han 13 1/2 mællag, men det inkluderte truleg andre stadar enn Eikenosa, som kun var på 12.
Det er mogeleg at han kom frå Sunnylven og at han hadde dei fleste eigedomane sine der. 1614 fekk
ein Ole Larsson Eikenos bot, for å ha rømt heim att frå Svinesund medan han var soldat under
Kalmarkrigen. Denne Ole kan ha vore dreng på garden.
a) Peder tok over 2/3 av bruket, brukar Eikenosa(II).
b) Knud (f.ca.1595) eigde 1660 to mellag på Fivelstad-
haugen. Han tok over 2/3 av
bruket etter broren.
Knud vart seinare brukar på Eikenosa(II). (lenger ned).
BRUK I
1/3 av garden, tilsvarande 4 mællag
Enka etter Knud, ovanfor, dreiv ein tredjepart av garden åleine, frå 1616 til 1624. Dette er uvanleg.
Sonen Peder tok over resten (sjå bruk II). 1617 vart tenestedrengen, Lars, nemnd. Det er mogeleg at
han vart neste brukar.
Ein Lars Pedersen sat på denne delen av garden, frå 1624 til om lag 1645. Kanskje var dette den
same Lars som var tenestedreng hos enka etter Knud ovanfor?
a) Peder tok over gardparten.
Peder Larsson Eikenos(I) vart nemnd 1658. Han dreiv bruket frå om lag 1645 til 1680. I 1658 hadde
han 6 kyr på garden.
a) Lars (f.1660) tok over bruket.
Sonen Lars Pederson Eikenos(I) (f.1660) flytta 1680, kort tid etter at han tok over. Bruk(I) vart då
liggande øyde. Innmarka vart stadig meir overgrodd med lyng og kratt, medan husa rotna. Leiga var
for høg til at nokon ville bygsle dette bruket.
BRUK II
2/3 av garden, tilsvarande 8 mællag
Sonen til 900 Peder Knudson Eikenos tok over to tredjepartar av garden etter foreldra sine. Han dreiv
bruket frå 1616 til 1628.
Broren Knud Knudson Eikenos er nemnd 1658. Han tok over bruk II etter bror sin i 1628, og dreiv
garden til om lag 1660. Han eigde i 1660 to mellag av Fivelstadhaugen i Sunnylven. Kanskje var det
bruk nummer 1.
Knud Rasmussen (ca.1630-1715) kan ha vore svigersonen til forrige brukar. Han vart 1706 bøtlagt
for å ha dreve slått på det nedlagde grannebruket, Eikenosa(I). Han dreiv garden til 1712.
a) Berthe (ca.1660?) gifta seg med Erich Olsen, brukar på Emblem(6+7).
b) Rasmus (ca.1665-
ca.1742) gifta seg først
ca.1699 med
enke Siri Andersd. I 1725 gifta han seg på nytt med Inger
Halvardsd. Emblemsvåg, brukar Nedre Bjørge.
c) Knud d.e (ca.1669-1730). I 1701 forlova med Anne
Olsd. Blindheimsnes(I), brukar
Blindheimsnes(2). Ho er
gravlagt saman med broren.
d) Knud d.y {ca.1676-1730) var brukar i Rasmusgarden,
Flisnes(2) 1710-1730. Gravlagd saman med broren.
e) Siri (ca.1677-1748) gifta seg i 1713 med Elling Størkers.
Blindheim(8), brukar
Blindheim(6). Ho vart kalla «en tøs
på Ekornaas», truleg etter å
ha fått born utanfor ekteskap.
Ole Arnesen var brukar frå 1712 til 1716. Så mykje meir veit ein ikkje om han. På denne tida var 805
Knud Røssevoll(1), den tidlegare bygsleren i Hansgarden på Røssevollen, tenar hos Ole. Knud vart
dømd for leiarmål med Guri Jonsdotter Drabløs 1716. Ho var tenestejente på garden Slotsvik på
Ellingsøya, og han ein gift mann. Knud vart seinare brukar på Nes(I), på Ellingsøya, kring 1721. Det
første året var Hans Flisnes den einaste grannen i fadderrekka. Etter kvart vart det stort sett grannar,
men særleg vert faddarar frå garden «Brevig» nemnd. Det kan dermed vere slekt.
a) Gunder (dp.1712-1728) døydde 16 år gamal,
ifølge kirkeboka.
b) Martha (dp.1713). Hans Flisnæs(1), Stephen
Brevig, Brite Reite, Ragnhild
Vaagen og Mareth
Brevig var fadderane.
c) Martha (dp.1714) Birte Møller i Vaagnes bar
bornet til dåpen.
d) Anne (dp.1716) Brite Stephensd. Brevig var
ein av fadderane.
Lars Larsen (d. ca.1749) veit vi litt meir om. Han var snikkar og gifta seg i Norddal kring 1708, med
Brite Knudsdotter Linge(101c) (1686-1741). Det vart halde skifteforretning på garden den 29. april
1741. Søstera til Brite, Marithe Knudsdotter Linge(101h) d.y. (1704-1719), vart nemnd ved
dødsfallet på Eikenosa. Kanskje var ho tenar hos søstera si. Lars og Brite dreiv bruk II frå 1717 til
1738. Etter dette, vart denne gardparten delt i to. Sjå også bruk IIa og bruk IIb nedanfor. Lars fekk
behalde den eine delen fram til 1741. Han gifta seg opp att 1743, med Marthe Andersdotter Skor(3)
(1684-1761), frå Vatne. Han bygsla også delar av bruk 1, som låg øyde. Lars vert nemnd som
forlovar på Kvasnes(1) 1743. Marthe vart ved gravferda i 1761 registrert som enke, busett på
Skodjebakken, under garden Indre Skodje(13).
a) Lars (dp.1717-1720) døydde 3 år gamal.
b) Inger (dp.1719-1788) tok over bruket seinare .
c) Ragnille (dp.1724-1799) gifta seg med Bodvard Peders. Fausa(120d), brukar Pe-garden, Fausa
på Stranda.
d) Marithe (dp.1727) vart nemnd i Bergen 1767.
Kanskje den samme som måtte
skrifte offentleg i Ørskog
kirke 1754, for leiermål med soldat
Anders Jensen
Brudevold. Dei fekk sonen Rasmus i 1752.
Halvparten av bruk II
Brukar Lars Larsen fortsette å drive denne gardparten, frå delinga 1738 og fram til 1749. Når
kona døydde i 1741, hadde dei hest, 5 kyr, kvige, 7 geiter og 3 sauer. Han sette opp kvern, og
etterlot seg mykje snikkarverkty. Lars tente nok litt ekstra som snikkar, ved sida av gardsdrifta.
Svigersonen Didrich Einerson Store-Kalvøy(1) (dp.1720-1771), bygsla gardparten 1750, og gifta seg
det same året med Inger Larsdotter Eikenos(II) (1719-1788). Dei dreiv bruket til 1758. Då flytta dei
ned på Hatlehol Ytre, Hatlehol(1) og vart plassefolk der.
a) Lars (dp.1751-1821) gifta seg i 1793 med (Karoline)
Ingeborg Haavardsd. Indreberg(3),
Skodje, brukar
Salen. Ho gift på nytt 1823 med enkem. Ole
Hanss.
Djuphamn, som døydde på Djuphamn.
b) Einer (dp.1752)
c) Arne (dp.1754) var tenar på Holmeset(2) 1788.
d) Birthe (1757-1765) døydde 8 år gamal på Eikenosa.
Lars Larsson Helsem (ca.1715-1794), frå Stranda, gifta seg 1755 med Kari Olsdotter Jelle(108e)
(dp.1727) frå Stranda. Dei dreiv bruket i to omgongar. Først frå 1758 til 1761, og så frå 1765 til
1788. Dei flytte ned i Torevågen, Eikenosvåg(1), og bytta bruk med plassemannen, Ole Pedersen, der
frå 1761 til 1765. Deretter bytte dei attende att. Årsaka til bytta er ikkje kjend, men kona til Ole
døydde truleg 1765, og då kan kanskje byttet ha ein samanheng med dødsfallet. Kari hadde slekt på
Gåseidnes(2), dit søstera Synnøve gifta seg med Ole Hansen. Ole var fadder til sonen deira, Lars, i
1759. Sjå meir om han lenger ned på denne sida, etter brukar.
a) Ole (dp.1755) var født på Jelle, og truleg brukar på Rødsethatlen(1+2).
b) Iver (dp.1757) vart døypt Furset på Stranda.
c) Lars (dp.1759) vart døypt Eikenos, og konfirmert
i 1776.
d) Arne (dp.1763) gifta seg i 1782 med Marthe Sørensd.
Viddal(1). Begge borna deira vart i
1782 og 1783
døypt Eikenos.
e) Anne Malene (dp.1765) vart døypt Eikenosvåg.
f) Birthe (dp.1768-1768) døydde 8 dagar gamal.
g) Berthe (dp.1771-1771) døydde 10 dagar gamal.
Ole Pederson Puskeset, Eikenos (ca.1708-1777) gifta seg 1736, med Marie Knudsdotter
Emblemsvåg (dp.1710-1765) i Sykkylven. Det er truleg den same som
Kari i plassevågen,
Emblemsvåg(7). Han vart først plassemann i Eikenosvågen(1), og bytte bruk i nokre år med brukaren
før han, Lars Larsson Helsem, i tidsrommet 1761 til 1765. Lars og Ole var nok rimeleg godt
kjende frå før. Lars var forlovaren til Ole i 1736. Årsaka til gardbyttet er ukjend, men då Marie
døydde, flytte Ole ned att til Torevågen og sonen Peder, som hadde tatt over plassen. 1769 skreiv
presten at han levde «uforligelig» med sin son, og bør straffes for sitt «ufredelige levned». Han
bygde eiga stove, var fiskar og smed. Ole vart anklaga for å hjelpe sonen Knudt i 1771. Han vart
dømd til å «miste sin hud i fengselet, og have sit hovedlod forbrudt». Ole vart dermed fallitt, men
sonen Peder fekk framleis drive plassen
.
a) Peder (1738-1802) tok over Torevågen etter far sin.
b) Knud Vart arrestert to gongar for tjuveri, men rømde,
og gøymde
seg i utmarka. Vart 1771 dømd til å
brennmerkast i panna og
«kagestrykast», for så å settast i
jern på livstid i nærmaste
festning.
c) Gunder (f.1743)
d) Ole (f.1747)
e) Rasmus (ca.1750)
f) Pernille (ca.1755)
Lars Larsson Helsem (1715-1794), frå Stranda, dreiv bruket i to omgonger. Først frå 1758 til 1761,
og så frå 1765 til 1788. Dei flytta ned i Eikenosvågen(1), der dei bytta bruk med plassemannen der,
Ole Pedersen, frå 1761 til 1765. Etterpå bytte dei att.
HALVPARTEN AV BRUK II
Rasmus Ingebrigtsen dreiv denne delen frå 1738 til 1742. Meir veit ein ikkje om han.
Johannes Olsen (ca.1705-1766) gifta seg 1743, med Mette Siurssdotter Veibust(5) (dp.1713-1743).
Johannes vart allereie ved forlovelsen kalla «Eckenos» i 1742, sidan han hadde tatt over drifta.
Forlovaren var frå Kvasnes, så han kan vere utanbygds frå. Dei bygsla gardparten 1742. Mette
døydde i barselseng og vart gravlagd 17. juli, berre eit halvt år etter giftermålet. Det er usikkert om
bornet vart fødd. Skiftedokumenta syner at dei hadde eigen hest, 3 kyr, og 2 sauer. Johannes gifta seg
på nytt 1744, i Norddal, med Synnøve Zachariasdotter Linge(104c) (1713-1753). Ho var brordotter
til Brite Knudsdotter Linge på Eikenos(IIa). Også dette giftermålet vart kortvarig. Dei fekk berre
9 år saman. Ved skiftet i 1753 hadde buskapen auka med to kyr, 3 geiter og 3 sauer. Dei hadde eit
overskot på 60 riksdaler. Johannes gifta seg ein tredje gong i Haram 1754, med Birthe Olsdotter
Roald. Dei siste åra han var brukar, gjekk inntekta frå godt overskot i 1753, til fallitt når han døydde
1766. Den største kreditorane var handelmann Høgh. Ingen av dei to borna, som levde opp, tok over.
a) N.N (1745-1745) vart introdusert i 1745.
b) dotter (1747-1747) var dødfødd.
c) Ole (1748-1748) døydde 8 dagar gamal.
d) Zacharias (dp.1750-1784) gifta seg med pige
Helena Knudsd Hessen.
e) Halkield (dp.1753-1753)
f) Peder dp.(1756-1756) døydde 17 veker gamal.
g) Randi (dp.1758-1765) døydde 7 år 20 veker gamal.
h) Synneve (dp.1760-1816). Presten skreiv 1816:
«fattig, lever af almisse».
Rasmus Pedersen Par(1) (1735-1817) kom frå Sunnylven. Han gifta seg 1765 med Ingeborg
Hallsteinsdotter Bache. (dp.1738-1791). Ho vart opphaveleg døypt Hauge. Dei tok først over bruk
IIb i 1766, og dreiv denne delen til 1788. Så fekk dei også bygsel på heile garden frå handelsmann
Hans Jakob Mechlenburg i Vegsundet, som hadde vorte gardeigar på Eikenosa 1787. 1794 gifte han
seg opp att med Anna Jespersdotter Klokk(A) (1749-1815) i Ørskog kyrkje. Rasmus dreiv Eikenosa
til 1807. Han betalte 1 speciedaler i sølvskatt 1816.
a) Brite (dp.1765-1836) gifta seg i 1793 med enkemann
Styrcher Arnes. Olsvikfeta(1), brukar
Olsvikfeta(1).
b) Halsten (dp.1769-1844) tok over bruket.
c) Pernille (dp.1773-1773) døydde 8 veker gamal.
d) Peder (dp.1775) var tenar på Taskeberget 1801.
Han fekk ei uekte dotter, Inger, i 1801
med Anne
Hansd. Rekedal frå Hjørundfjorden. Inderst på
Hundsvær i 1801?
e) Ananias (dp.1781-1847) gifta seg først i 1807 med
Johane Rasmusd. Flisnes(2). så gifta han seg på nytt i
1819 med Anne
Arnesd. Solevåg(5), brukar i
Rasmusgarden, Flisnes(2).
f) Ingebrigt (1795-1821) var dreng. Omkom på sjøen.
HEILE EIKENOSA
Sonen Halsten Rasmusson Eikenos(IIb) (dp.1769-1844) gifta seg 1807, med Anne
Jacobsdotter Eikenosøygard(3) (dp.1784-1838), frå nabobruket. Dei dreiv garden frå 1807 til 1838. I
1832 vart
Halvor Pederson Magerholm(1) ny eigar på Eikenosa. Sjå meir om han under
hovudbruket, Magerholm(1). 1807 hadde dei hest, 5 kyr, 3 ungfe, ukse, 18 geiter og 16 sauer. I
tillegg hadde faren, Rasmus, ein del dyr som kårmann. I 1822 vart det halde takst på bruket. Jorda
låg på sandjord og hadde nok beite. Der var litt furuskog og ein god del bjørkeskog på bømarka til
ved og never. Det vart dyrka 5 1/2 tønne med bygg og havre. Dei hadde då hest, 12 kyr, og 20 sauer.
Jorda vart taksert til 700 speciedaler, medan husa vart verdsett til 200. Han betalte 1 speciedaler i
sølvskatt 1816. Det vert fortalt at Halsten var ein svær kar. Ein gong hunden gjødde, fekk han sjå ein
bjørn som stod å såg inn fjøsdøra. Han kasta då øksa si etter bjørnen, som la på sprang ned på
Hatlehol. Der slo den inn fjøsdøra og drepte ei ku.
a) Rasmus Andreas (dp.1808-1888) tok over bruket.
b) Matz (dp.1811-1899) gifta seg først i 1843 med
enke Anne Maria Ingebrigtsd.
Magerholm(vik), brukar
Åsehaug, Åse(23). Så gifta han seg på ny i 1863 med
Hellene Olava Andreasd. Solevåg(3).
c) Petrine (dp.1814-1912) gifta seg først i 1843 med
Størker Martinus Mogens. Valderhaug(33),
brukar
Gamlemshaug (6). Så gifta han seg på nytt i 1862 med
Elias Ingebrigt
Stephens. Otterlei, Haram.
d) Andreas (1816-1842) var ugift. Han omkom på sjøen
saman med søstera.
e) Jacobie (1819-1904) gifta seg i 1848 med enkemann
Knud Martinus Knuds. Valderhaugstrand(
9), brukar
Knutgarden Valderhaugstrand(9).
f) Ingeborg Regine (1822-1842) var ugift. Ho omkom
på sjøen saman med broren.
g) Berthe Caroline (1825-1877) gifta seg i 1865 med
Martines Martinuss. Breivik, brukar Blindheims-
Breivik(1).
Sonen Rasmus Andreas Halstenson Eikenos (dp.1808-1888) fekk fortsette som bygselsmann på
Eikenosa, under den nye eigaren på Magerholm. Han gifta seg 1838 med Else Jakobsdotter Lande(N,4)
(1806-1840), frå Ørskog. 1842 gifta han seg om att med Oline Jakobsdotter Solevåg(6) (1818-1882).
Dei dreiv garden frå 1838 til 1869. I 1853 vart Eikenosa seld til handelsmann Martin Torkildson
Brudevold i Ålesund. Martin var gift med Marte Halvorsdotter Abelset(5), og dermed svigerson
til den forrige eigaren, Halvor Pederson Magerholm(1). Rasmus bygde ny løe og ny stove på bruket.
a) Anne Eline (1843-1925) tok over bruket.
b) Hans Jakob (1844-1861) var 18 år, dreng.
Han døydde 23. juni, samme år som broren.
c) Ole Andreas (1846-1861) 15 år, dreng. Han
døydde 23. oktober, same året som broren.
d) Agnete Marie (1848-1926). Ho gifta seg i 1900
med Hans Lauritz Magnussen Emblem(3). Dei
dreiv halve Hatlebakken på Emblem(3) ei tid,
saman med Hans
sin bror, Andreas. Dei vart plassefolk
på Hatlehol(2), og
flytta til Blindheim(55) 1907.
Der endra dei nok ein gong nytt
etternamn
.
Sjå meir om
dei på Agneteplassen, Hatlehol(2).
e) Ingeborg (1850-1942) gifta seg i 1888 med Severin
Johan Olai Pauls. Hareid. Busett «Lerkely»
bnr. 38 i
Ulsteinvik 1910. Skomakar der med eiga forretning.
f) Rasmus Andreas (1852-1863) døydde 10 1/4 år gamal.
g) Oline Maria
Birgitte (
1854-1938) gifta seg i 1879 med
Lars Peter Karls. Sandvik(2), brukar Vasset(1), Sula.
h) Ebbe Britanus (1857-1946) gifta seg i 1884 med
Ingeborg Johanne Fredriksd. Blindheim(3), brukar
Blindheim(3) frå 1885.
i) (Lars) Nicolai (1860-1931) gifta seg først i 1891 med
Olufa Jensine Kornelia Olsd. Brathaug, busett
Brathaug.
Så gifta han seg på nytt med Nikoline Hansd., brukar
Gresgarden,
Blindheim(8) frå ca. 1899.
j) Jacob Olaus
Rasmus (
f.1863) gifta seg i 1890 med
Oline Jacobine Gurine Olsd. Skarbø(4), busett i
Ålesund. Han var jekteskipper.
Svigersonen Jakobus Olaus Aagnesen Myklebust(1) (1845-1918), frå Ågnegarden på Ellingsøya,
bygsla garden 1869 og gifta seg 13. juni det same året, med Anne Eline Rasmusdotter Eikenos (1843-
1925). Løa som svigerfaren hadde bygd, brende ned ei påske. Jakobus bygde opp att ei større løe og
utvida stova i tillegg. Dei dreiv bruket til 1896, før dei tok kår hos neste brukar. Begge vert nemnd som
tenestefolk på Roald(6) i 1865. Kanskje var det slik dei møtte kvarandre? Jakob sleit med astma, men
vart likevel 73 år gamal.
a) Petrine Hansine
Caroline (
f.1869) vart fødd på
Eikenosa.
b) Rasmus Olaus (1872-1918) gifta seg i 1900 med
Berthe Johanne Larsd. Volstad(Ø,1), busett i
Kirkegata 10 i Ålesund 1910.
c) Berthe Johanne (1874-1958) gifta seg i 1912 med
Martinus Samuel Larss. Skår frå Hjørundfjorden.
Sjømann, Holsæker Ulstein.
d) Anna Olivie (1876-1970) gifta seg i 1903 med
Olaf Johannes Ols. Volle, husmann frå Vartdal,
busett Ålesund. Tenar på Skjong(9) 1900.
e) Lars Johan (1878-1957). Ugift fiskehandlar i Bergen.
f) Aagne Severin (1881-1976) gifta seg med Amalie
Marie Regine Johansd. Slinning(11), busett i Å
lesund.
g) Olivie Hansine (f.1884) arbeidde ved ullvarefabrikk
i Langevågen 1910. Ho drog til
Winnipeg, Manitoba,
USA 1913. Var heime i 1919 på besøk, men
drog attende
til Michigan. Framleis ugift og «husholderske»
hos
Ferdinand Millers familie der i 1920.
h) Johan (1886-1887) døydde av lungebetennelse.
Slaktar Iver Karlson («Kjøt-Iver») Furseth (1851-1942) kom frå Pe-Olagarden, Furseth på Stranda.
Han kom først til Emblem for å hjelpe bror sin, omgongskulelærar Knut Furseth, med å dyrke opp eit
nytt bruk kalla «Nybø», eller «Fursetgarden», bnr. 4, under matrikkelgarden Emblem. Seinare kom
han attende og bygsla plassen Skorene, Emblem(10), der sonen tidlegare hadde starta handelslag i den eine stova.
Vidare satsa han stort på oppaling, kjøp, slakting og sal av storfe. Det vert fortalt at han skal ha vore
den første som løyste handelsbrev på Kiperviktorget i Ålesund. Iver var å finne der kvar laurdag.
Han kjøpte Eikenosa for 3450 kroner i 1896. Her dyrka han opp garden til 70-80 mål, hadde 20 kyr
og 2 hestar, berre på dette bruket. I tillegg kjøpte han gnr.11 bnr.1 Torevågen, ein parsell frå
Abrahamsgarden, kalla «Ytrebø», bnr.5, og Steinsgarden, bnr 4 under Østrem, slik at han kunne
utvide feoppdrettet ytterlegare. Iver gifta seg på Stranda 1877, med
Ingeborg Marie Lovise
Hansdotter Akslen(1) (1851-1936), frå Øvste-Aksla. Ho var nok avgjerande for at dei slo seg ned på
Emblem. Dei forpakta nemleg prestegarden Sløgstad ei tid etter bryllupet, men ho lengta slik attende
til Emblem. Ved sida av eiga verksemd, var han med på blant anna å etablere dampskipskaia i
Emblemsvågen og finansierte dagens veg opp til Eikenosa. Han lånte ut pengar til både slekt og dei
som trong det. 1923 fekk han medalje frå «Møre Landbruksselskap» for jorddyrkinga si. Iver selde
Eikenosa 1922, og flytte attende til Skorene. Der dreiv han mellom anna med revefarm, på sine eldre
dagar. Religiøse lag og foreiningar fekk også rikeleg med pengestøtte. Borna var meir interesserte i
handel enn gardsdrift, så han selde Eikenosa og avlyste bygselen på Skorene når han gav seg. Dei
siste 6 åra var han sengeliggjande hos dottera på Røssevollen, men klar til det siste. Dottera, Gurine,
fekk overta Ytrebø i 1909. Sjå også Iver nemnd som brukar
på skorene, Emblem(10), og som
brukar
på Furholmen, Eikenosvåg(1).
a) Elisa Nikoline (1878-1957) gifta seg i 1900 med
Joakim Thomas Peder Johans. Emblem(2),
brukar
Garsendhaugen, Emblem(2).
b) Karen Marie (1879-1912) gifta seg i 1910 med Iver
Ragnvald Johan Andreass. Bjørkavoll,
brukar Eikenos-
øydegard(4). «Kjøt-Iver» kjøpte det nedlagde
meieriet
på Emblem, så dei kunne nytte treverket når dei
bygde
seg løe. Ein kan framleis sjå spor etter meieriet i løa.
c) Gurine Karoline (1882-1944) gifta seg i 1908 med
folkeskulelærer Lars Flydal, busett på Ytrebø,
Østrem(5). Bruket var opphaveleg i farens eige og delt frå
Abrahamsgarden, Østrem(3). Då stod det berre ei løe der.
d) Hans Laurits (1884-1946) gifta seg i 1917 med Inga
Amalie Andersd. Hjelle, frå Eikrem på Sula.
Handelsmann
først på
skorene frå 1906, så
Korshaugen på Emblem frå
1920. Han bygde
«Akslabuda» der. Flytta til Spjelkavik og
skifta etternamn til
Iversen, som broren på Høybråten.
e) Karl Johan (1886-1967) gifta seg i 1925 med Hjørdis
Hansd. Bjørneset(4) frå Volda. Slaktar i
Ålesund 1900, bygningsmann på Blindheimsnes(2) 1910, og
handelsmann
på Høybråten i Oslo frå 1920, etter ei tid i
Amerika. Skifte etternamn til Iversen, slik som broren i
Spjelkavik.
f) Johanne Petrine (1889-1971) gifta seg i 1918 med kommunekasserar Peter Gerhard Ols. Indreberg(1),
Skodje, busett Spjelkavik. Ho bestyrte landhandelen på
Skorene i 1910, før ho gifta seg. Arbeidde seinare for broren
Hans og dreiv kafé i Spjelkavik. Dei kjøpe Steinsgardselet på
Østremsetra, men hadde ikkje bruksrett på setra, så selet
måtte
flyttast frå Østremsetra.
g)Anna Marie (1891-1968) gifta seg i 1939 med Harald
Marius Hanss. Røssevoll(1), brukar
Røssevoll(1).
h) Inga Lovise (1893-1920) var butikkdame på Skorene.
Vart forlova i bygda, men døydde før
bryllupet av
lungebetennelse.
KJØT-IVER SELDE EIKENOSA TIL LUNDANESSLEKTA I 1922. DEI ER FRAMLEIS EIGARA
DU FINN MEIR OM DEI I DEI TO UNDERTEKSTANE OM BRUK 1 OG BRUKT 2 ETTER 1922