Ole Carl Pederson Lundanes (1865-1930), frå Lundaneset i Sunnylven, er far til 9 2 1 Lars Peter
Olson Lundanes, som er den første brukaren på bruksnummer 1. Dei kjøpte heile Eikenosa saman i
1922, og flytte til Emblemsbygda, der dei delte garden i bruk nummer 1 og 2. Makeskiftebrevet vart
tinglest 1930. Han gifta seg 1891 med Iverine Olava Larsdotter Fivelstad(1) (1869-1944), frå Sunnylven. Dei dreiv bruket til 1944. Ole tok over stova til «Kjøt-Iver» etter makeskiftet, og bygde
seg ny løe.
a) Peder (1892-1962) vart fødd på Lundaneset. Han gifta
seg i 1920 med Inger Marie Eliasd.
Åkernes(M). Dei
busette seg på Berge(148), på Stranda.
b) Lars Peter (1893-1978) gifta seg i 1921 med Inger
Martha Olsd. Ljøen (Ø,1). Han kjøpte Eikenosa
saman
med faren.
c) Gustav Bernhard (1895-1896) døydde av bronkitt
på Lundaneset.
d) Gina (1897-1993) 1932 g.m. Elias Halvar Eliass.
Gjøsund(3), brukara på Gjøsund(8).
e) Anna (1899-1989) gifta seg i 1932 med Ludvig Olai
Johans. Bruen, frå Vanylven.
f) Nikoline
(Nikka) (
1900-1996) gifta seg i 1919 med
Rasmus Ingvald Jakobs. Åkernes(1). Dei var først brukara
på Opskar(8), Skodje. Flytta til Spjelkavika ca.1930.
g) Rasmus (1902-1973) gifta seg med Inga Nilsd. Stokke, Hellesylt(28). dei busette seg på Maråk(17),
Geiranger.
Rasmus var lærar der frå 1923.
h) Inga Karoline (1905-1996) var Ugift. Ho vart også lærar
i Geiranger og så i Spjelkavik. Ho døydde på
Borgundheimen.
i) Ingeborg (1907-1948) døydde på Eikenosa.
j) Ola (1910-2006) tok over bruket.
k) Sverre Louis (1913-1985) gifta seg i 1947 med Anna
Guri Sofie Heggebakk(1) frå Skodje.
Sonen Ola Lundanes (1910-2006) tok over bruket 1944, og fekk skøyte i 1945 for 5600 kroner. Av
summen var 1600 kroner for «diverse løsøre». Ola gifta seg 1947 med Mary Judith Blindheim(14)
(1916-1999). Gamlehuset på bruket er no skild ut som bnr. 14. I 1953 fekk «Ungdomslaget Ivar
Aasen» i Ålesund skøyte på parsellen «Høgda», med eit areal tilsvarende bruksnummer 8. Det
stykket er der laget si hytte står i dag. I tillegg fekk søstera, Ingeborg, rett på å få bu på den eine
kvisten på loftet, så lenge ho ønska det.
a) Kåre (f.1948) tok over bruket.
b) Elsa (f.1953) er sambuar med Torgeir Jonvik, busett Oslo. Dei kjøpte det
gamle hovudhuset (bnr. 14) i 2011.
c) Sigmund (f.1955) gifta seg i 1978 med Ella Inger Engelberg Lundanes, busett Mjølkeråen,
Bergen.
d) Ingunn (f.1958 1979) gifta seg med Ingvar Engdal,
frå Valsøybotn i Halsa.
Sonen Kåre Lundanes (f.1948) fekk skøyte på garden i 1976, og er dagens grunneigar på bruket. Han
var tidlegare gift med Astrid Marie Sæter(3), frå Kristiansgarden, Ørskog, også kalla «Olesæter» på
folkemunne. Foreldra fekk livsvarig burett på garden, og søskena fekk 25 års rett på kvar sitt rom.
Dei fekk også rett på eigne tomter. Nokre av desse rettane vart oppheva i 1978, mot lån i
landbruksbanken og Borgund Sparebank. Kåre dyrka opp og bygde ny driftsbygning på garden. Han
har i ein rekke år engasjert seg i mellom anna orientering og bilsport.
a) Marianne (f.1975) gifta seg i 2002 med Johann Ringdal,
busett i Bergen.
b) Lillian (f.1978) er ugift, busett, busett i Oslo.
c) Hanne (f.1988) er ugift, busett i Ålesund.