Didrich Einerson Store-Kalvøy(1) (dp.1720-1771) gifta seg 1750, med Inger Larsdotter Eikenos(IIa) (dp.1719-1788). Det samme året hadde dei fått halvparten av bruk II på Eikenosa frå far til Inger, Lars Larsen. Dei dreiv eikenosbruket til 1758. Då flytta dei ned på Hatlehol(1) og vart plassefolk der. Ein kan tenke seg at det kanskje vart for lite å leve av oppe på Eikenosa, for der var fleire som bytte dette bruket mot ein husmannsplass. Presten skreiv 1769 om dei at han kunne lese, men at ho var betre opplyst. I arveskiftet etter Didrich, hadde plassen ei stove taksert til 4 riksdaler, stabbur, løe og naust. Buet etter han var fallitt, men Inger fekk framleis drive plassen nokre år til. Det er mogleg at det var Didrich og Inger som først rydda denne plassen. Ingen av borna tok over etter dei.
a) Lars (dp.1751-1821) gifta seg først i 1793 med (Karoline) Ingeborg Haavardsd. Indreberg(3), Skodje, brukar Salen.
Ho gift på nytt 1823 med enkemann Ole Hanss. Djuphamn,
busett Djuphamn, Sula.
b) Einer (dp.1752) vart døypt Eikenos i november og
introdusert 1. nyttårsdag.
c) Arne (1754-1791) vart truleg gift i 1790 med enke
Marthe Tollevsd. Blakstad(2), brukar Humlen(7).
d) Birthe (dp.1757-1765) døydde 8 år gamal på Eikenosa.
Peder Larsen Stennes(pl.) (1744-1803), frå Hjørundfjorden, gifta seg 1767, med Gyri Jensdotter Ramstad(7) (dp.1726-1803). Dei tok truleg over i 1771, når brukaren før dei gjekk bort. Peder vart i begynnelsen kalla «Echenaasen», men var plassemann på Hatleholen. I arveskiftet etter Peder, er det nemnd ei stove med fordør og skur, løe, kufjøs, torvbu, kvernhus, naust, færing og 1/8 av eit åttringnaust. Han hadde med andre ord fått utretta mykje dei åra han var husmann her, frå 1775 til 1803, men han hadde også mykje gjeld hos handelsmannen i Vegsund. Rekneskapet gjekk ikkje i hop etter han. Dei døydde begge desember 1803, med få dagars mellomrom. Kirkeboka gjev ingen årsak.
a) Andrina (dp.1797-1797) var Peder si dotter med tenestejenta
til neste brukar, Sylvie Andersd. Veibust(1). Andrina døydde
om lag 1 år gamal.
Jens Rasmussen Finnes(3) (dp.1747-1818) var brukar på Utigard, Eikenosøygard(1), i 1790. Han hadde gifta seg 1780 med Ragnhild Jonsdotter Kvistad(7) (dp.1741-1801). Ho vart om lag 60 år gamal. På den tida hadde dei hest, 5 kyr, 2 kviger, 3 geiter og 2 sauer. Jens flytte 1802 til Hatlehol Indre, og overlot Utigard til svigersonen. Jens fekk feste på plassen i 1806 for 30 riksdaler, 3 riksdaler i årsavgift, og 3 arbeidsdager hos eigaren, handelsmann Mechlenburg i Vegsundet. Han gifta seg 1803 opp att med tjenestejenta på plassen, Sylvie Andersdotter Veibust(1) (dp.1769-1818). Ho hadde truleg vore tenar på garden ei tid, og fekk ei dotter med brukaren før Jens i 1797, som ikkje levde opp. Ho var registrert som tjenestejente på Eikenosøydegard 1801. Det er mogeleg at ho flytte
med familien til Hatlehol i 1802. Skiftet etter Jens og Sylvie syner eit lite overskot.
a) Birte (1780-1821) tok over Utigard, Eikenosøydegard(1).
Sjå brukar der
b) Synneve (1801-ca.1801) Sylvie si dotter med Hans Ivers.
Høegh, Vegsund.
c) Jens Severin (1805-1878) gifta seg i 1831 med Charlotte
Marie Pedersd. Sunde(5). Han var til 1830 husmann og
brukar på Finnvik, Grytebust(6), Ellingsøya.
d) Ragnhild Katrina Laurentze ( 1810-1812) døydde
2 1/4 år gamal.
e) Agathe Olsd. (1818-1818) døydde 18 veker gamal.
Var kanskje fosterdotter til Nille Johanna Hallvardsd. Emblemsvåg(1) og Ole Peders. Fjørtoft, men forsørga av Jens.
Ebbe Andreas Olson Emblem(8) (dp.1795-1855), frå Ebbegarden, gifta seg 1819 i Ørskog kyrkje med Maren Knudsdotter Valgermo(3) (dp.1786-1847) frå Ørskog. Ho hadde vore tenestejente hos handelsmann Iver Mechlenburg i Vegsund 1814. Han tok over Hatlehol Indre, året i forvegen. I 1848 gifta han seg på nytt med Birthe Christiana Eriksdotter Kvasnes(1) (dp.1802-1881). Husa på denne plassen hadde tidlegare tilhørt brukarane, men i 1854 kjøpte den nye eigaren, Halvor Severin Pederson Holstad(5) på Hareid, plassen med husa for 100 speciedaler. 1820 måtte derfor Ebbe bygsle hus i tillegg. Det var ei stove, stabbur, fjøs og løe under eit tak. Han bygde seg ny stove med kammers, loft, fordør og langsval, som 1855 vart taksert til 55 speciedaler. Ebbe vart nytta ein rekke gongar som vitne og hjelpemann ved tinglysing av dokument, i forbindelse med både arveskifte, kjøp og sal i Sjursgarden, Emblem(11). Årsaka til dette er nok at han var svogeren til Andrine Christiane Arnesdotter Nedregotten(1), som gifta seg til Sjursgarden. Sjå også brukarane der.
a) Agnethe Olave Birgitte ( 1823-1851) gifta seg i 1841 med
Ole Elias Olson Emblem(1), brukar Negarden, Emblem(1).
Ole emigrerte til Amerika, men Agnethe ville ikkje flytte frå heimbygda, så han ombestemte seg og kom heim att.
Ole budde dei siste åra hos bror sin på Magerholm. Les meir
om han under Negarden på matrikkelgarden Emblem
b) Gut (1827-1827) var dødfødd.
Rasmus Christianson Trandal(I) (1826-1916) er nemnd som innflytta dreng, frå Hjørundfjorden til Holstad på Hareid 1848. Han gifta seg 1849 med Karen Margrethe Arnesdotter Holstad (1827-1902). Dei var brukara på Holstad, før dei bygsla dette bruket på Hatlehol frå omlag 1857 til 1860. Karen var svigerinna til Halvor Severin Pederson Holstad(5), som eigde plassen. Han hadde kjøpt den i 1854. Dei flytte vidare og bygsla 1862 hos Ola Johannes Buset på bruk 2 på Vartdal.
a) (Gullik) Andreas (1849-1878) var ugift. Han døydde
på fiske ved Valkvæ på Godøya.
b) Lars Johannes Martinus ( 1851-1909) gifta seg i 1885 med
Helene (Elina) Berntsd. Hustad(1), brukar Buset(2) på Vartdal
etter foreldra til Lars.
c) Peder Kristoffer (1853-1871) var ugift. Han omkom
på torskefiske i ein åttring i Giskesundet.
d) (Regina) Carolina (f.1856) gifta seg i 1883 med Ivar
Andreas Nilssen. Busett mellom anna i Odda, kanskje i
Aurland, på Slinningen(13) hos søstera 1900, og så i
Ålesund. Ivar var fiskar. Ho vart enke 1909.
e) Margrethe Anne Olave ( 1858-1931) gifta seg først i 1888
med enkemann Lars Johannes Knuds. Veibust(1), brukar
Veibust(5). Ho gifta seg på nytt med Peter Karl Johanness. Roaldsand, brukar Vågnesholen(3).
f) Edvard Johannes (f.1862) drog til Amerika.
g) Ole (f.1865) gifta seg i 1893 med Petrine Thomasine
Steffensd. Rotanes, brukar Veibust(5). Ho døydde på fylkesjukehuset i Molde 1922. Han var fløttmann over sundet,
heilt til Vegsundbrua kom i 1938.
h) Hans Laurits (1868-1892) var ugift og busett på Buset(2), Vartdal.
i) Kristoffa Petrina (1870-1904) gifta seg i 1895 med Elias
Andreas Andreass. Slinning(13), brukar Slinningen(13).
Søstera Carolina budde der med familien sin i 1900.
Niels Torstenson Lied(192b) (1830-1911), frå Stranda, tok over plassen 1860 og dreiv den til 1888. Han gifta seg 1860 med Christiane Carlsdotter Skarbø(128b) (1824-1893). 1868 hadde dei 4 kyr, 5 sauer og avla 2 1/2 tønne bygg, 12 tønner havre, 16 tønner potet, og tørka 21 skippund turrhøy. Dei hadde 11 mål dyrka mark og 28 mål med natureng. I 1865-teljinga finn ein også søstera til Nils, Karoline, på bruket som tenestejente. Han døydde av tuberkulose.
a) Oline Birgithe (1862-1935) gifta seg i 1885 med Iver
Carolus Ols. Midtgård(1), Hundeidvik, brukar Karlgarden, Kipperberg(1) 1890-1892. Han var fiskar, busett på
Buholmstranda i Ålesund.
b) Thomas Cornelius Nicolai ( 1865-1941) var tvilling.
Han tok over bruket.
c) Edvard Andreas Christopher ( 1865-1945) var tvilling.
Han fekk halve garden frå bror sin i 1931.
Sonen Thomas Cornelius Nicolai Nilsson Hatlehol(1) (1865-1941) tok over plassen, og kjøpte den til sjølveige frå Halvor Severin Pederson Holstad(5) på Hareid 1888. Thomas gifta seg 1890 med Johanne Johansdotter Blindheimsbreivik(2) (1863-1951). I 1931 overlot Tomas den ytterste halva av bruket til tvillingbroren, Edvard, som fekk skøyte 1937. Sjå neste brukar. Tomas selde sin del av Hatlehol Indre I til Mathias Sigvald Aasen i 1938, mot kårbrev på bruket. I deira tid budde også Johanne Caroline Kristiansdotter Eikenos, frå Kristiansplassen, på Hatlehol. Ho er nemnd som ugift «sypike» på bnr. 2 i 1900, og på dette bruket i 1910. Ho gifta seg 1912 med skredder Johan Laurits Løvøy frå Vatne. Dei bygde seg hus og busette seg mot grensa til Hatlehol Ytre. Lærar Nils Peder Knutson Ytreberg, frå Flåte på Skodje, budde også her 1910, før han gifte seg til bnr. 3 Jogarden, lenger vest på Blindheim. Thomas og broren Edvard bytta på å hente post og varer frå m/b «Suløy III» i Eikenosvågen. Dei rusla ned mørke vinterkvelder med parafinlykta. Båten låg der over natta.
a) Kornelia Sofie (1889-1915) var ugift. Ho er nemnd
som sjuk dotter.
b) Hansine Anna Josefine ( 1892-1916) gifta seg i 1914 med
Sverre Alfred Olai Andersen, busett i Ålesund 1914. Ho
omkom saman med svigerforeldra i ein brann i 1916.
c) Nikoline Thea Marie ( f.1893) var kanskje ugift? Ho
var budeie på Vartdal i 1912, og døydde truleg ein gong
før 1947.
d) Johan Ragnvald Kristian ( 1896-1919) døydde av giktfeber
på Hatlehol. Han hadde då vore fiskar.
e) Nils Olaf Kornelius ( 1899-1945) dreiv fiske med
større dekksbåt 1920- og 1930-talet. Den låg i Havnevika
utenom brukstid, og var truleg dels eigd av faren.
f) Thea Emilie Sofie (1901-1961) fekk 1943 sonen, Terje,
med Ole Antons. Frøiset(2), Rødven.
g) Martin Bernhard (1903-1954) gifta seg med Kristine Ragna Ekornåsvåg(1). Han var montør i Televerket, og busett i
Ratvika, Ålesund, frå 1939.
h) Jenny Margit Marie ( 1905-1991) gifta seg i 1929 med
Arnt Peder Birkelid. Han var vaktmester på Sjukehuset. Dei
er gravlagde på Nørve.
Broren Edvard Andreas Kristoffer(1865-1945) fekk halve farsgarden med tvillingbroren sin i 1931. Det nye bruket, «Hatlehol II», var den ytterste halvdelen av garden. Edvard gifta seg 1891 med
Johanne Oluffa Marie Nikolaidotter Melbø (1867-1953) frå Vartdal. Søstera, Gurine Marie Eline Melbø, gifta seg til nabogarden Havnevika, der den nye tunstaden til Flisholmen vart bygd på fastlandet. Ei anna søster, Andrine Jakobine Melbø, budde også ei tid hos Johanne på Hatlehol. Ho var då ugift skreddar og fekk delt frå tomt ved garden, der ho bygde seg hus. Edvard og Johanne
dreiv først bruket sammen med broren, Tomas, og delte på selet og løa, men bygde seg etter kvart eige hus. Allereie i 1910-teljinga vart han registrert som innerst på bruket, med «del i gaardsavlingen, ellers løsarbeide, markarbeide osv.» I hans tid vart delar av bruket delt videre opp i hytteparsellar. Edvard sin gardpart fekk etterkvart bruksnummer 4, og namnet «Hatlehol Indre II». Fosterdottera, Jenny, tok over bruket etter han.
a) Johan Jørgen Martinus Eltvig ( 1891-1948) gifta seg med
Pauline på slutten av 1930-talet. Busett i San Diego,
California, og kalla seg John Wick. Han kom frå Selje, og er
registrert som «pleiebarn» i 1900-tellinga. Til USA 1909.
b) Jenny Emma Havnevik ( 1912-1971) var fosterdotter. Ho
var søsterdottera til Johanne, og dotter til Gurine Marie
Eline Nikolaid. Melbø, som gifta seg i Havnevika, Flisholm(2). Jenny tok over bruk 4. Sjå meir om ho som brukar der.
Kjøpmann Mathias Sigvald Aasen(3) (1895-1970), frå Vanylven, gifta seg 1928, med Olga Margrethe Thorheim (1893-1982) frå Ålesund. Ho fekk skøyte på «Hatlehol Indre I» frå Thomas Hatlehol(1) for 5500 kroner i 1938. Av dette var 500 kroner for løsøre. Mathias dreiv jernvarehandelen «M S. Aasen» i Keiser Wilhelmsgate 44 i Ålesund, medan søstrene Pernille Olivia Aasen(3) (1884-1977) og Lina Marie Gjertine Aasen(3) (1900-1967) styrte garden. Mathias hadde nok bruket mest som sommerbustad, men er frå 1944 registrert som brukar, når han annonserte etter tenar til småbruket sitt. Han fortsette samstundes å drive butikken i byen.
a) Synnøve Johanne (f.1930) gifta seg i 1956 med urmakar
Jens Ottestad, busett Stange. Ho var utdanna lærar når dei
gifta seg.
b) Magne Sigurd (f.1932) gifta seg i 1980 med Bente
Shetelig, busett Oslo.
c) Astrid Jorunn (1934-2014) var ugift. Busett i Oslo, og
gravlagd i Ålesund.
1974 fekk borna Magne Sigurd Aasen, Astrid Jorunn Aasen og Synnøve Johanne Ottestad skøyte på bruket i gåve. Garden vart då verdsett til 200 000 kroner. Etter 2018 er det Magne og Synnøve Johanne som er grunneigarar på bnr. 1, med ein halvpart kvar. Eigedommen vert i dag kalla «Øvre Hatleholen», med bruksnummer 26. Delar av innmarka vest for Ekornåsvåg Møbelfabrikk, på begge sider av hovedvegen, er framleis ubebygd.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com