Frådelt Hatlehol Indre
Agnete Marie Rasmusdotter Eikenos (1848-1926) er nemnd som syerske her i 1900-teljinga. På den tida budde der fleire med samme yrke på Hatlehol. Der var også ein skreddermeister, som kanskje var den som gav jentene arbeid og opplæring. Agnete var ei av desse. Ho budde her frå om lag 1890, til ho gifta seg 1900 med skomaker Hans Lauritz Magnussen Emblem(3) (1862- 1958), frå Hatlebakken på Emblem. Ho budde i eit lite tømmerhus, om lag 20-30 meter aust for den eldste skulestova på Hatleholen. Det er like sør for eigedommen som i dag heiter «Nedre Hatleholen
12». Ho hadde nok fått plassen gjennom far sin, Rasmus Halsteinson Eikenos (1808-1888) på hovudbruket. Agnete og Hans flytta frå plassen ikring 1907. Dei tok då ned stova og flytta den med seg til «Hatleholgarden», Blindheim(55). Stova er i dag austre del av huset der. Hans gifta seg opp att 1928. Hermod Blindheim kunne hugse at faren viste han kvar stova på Agneteplassen stod. Då var det berre nokre steinar att av grunnmuren. Knut Ødegård fortel at Agnete hadde strikkemaskin. På 1930-talet gjekk dei frå Puskhola til Blindheim med ulltråd til strikking, og sko som Hans skulle lappe.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com