Sverre (Hannibald) Ødegård, Eikenosøygard(1) (1906-1982) var pleiesonen til Jens Johan og Jensine Ødegård, Eikenosøygard(1). Han gifta seg 1941 med Petra Kristofa Kvasnes frå Torevågen, Eikenosvåg(1). Han fekk delt frå denne gardparten som arv ved tinglest skøyte i 1932. Sverre arbeidde som snikkar hos «Ødegård Karosseri» i Puskhola, og hadde også arbeidd ei tid på møbelfabrikken til Rolf Ekornåsvåg ved Eikenoskrysset. Sverre arbeidde mykje med nydyrking og jordforbedring på bruket sitt. Han dreiv også ei tid med sau, og premievær saman med ein kamerat frå Stranda. Sverre og Petra dreiv ein del med torghandel i Ålesund. Karl O . Emblem(6) i Steffågarden på Emblem var svogeren til Petra. Han hadde eigen bil, og hjalp tidvis til med å frakte salgsvarene til byen. Andre gongar tok Petra bussen. Frå handskrevne lappar med dagsrekneskap, kan ein finne at ho kunne selde både roser, erter, neper, og eit rikt utval med sommerblomster, som asters, georginer, løvemunn og montbresia på ein og samme torgdag. Ho selde mest blomster og bær, og der var også dei som vart så fornøgde med bæra at ho fekk takkebrev etterpå. Sverre fekk overta båten til Utigard-Jens. Den låg nede i Vågane ved Furholmen.
a) Aslaug Jorunn (f.1943) gifta seg i 1964 med Ivar Kåre Reiten, Østremsreiten(1). Sjå meir om dei der.
b) Nils Inge(f.1946) tok over bruket.
Sonen Nils Inge Ødegård, Eikenosøygard(5) (f.1946) tok over bruket i 1983. Han er dagens grunneigar. Bruket har i dag gateadressa Puskholevegen 10. Han var tidligare gift med Herdis Karin Nygård frå Blindheim, og er no sambuar med Sigrun Hamre (f.1947).
a) Mona Kristin f.1971 2007 g.m. Oliver Dietrich, busett Karlskrona, Sverige.
b) Kim f.1972 Busett utanfor Stockholm, Sverige.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com