Iver Ragnvald Johan Ødegaard (1881-1962) fekk delt frå ein part av bnr. 1 Utigard i 1907, etter faren, (Johan) Andreas Jensen, døydde. Broren, Jens Johan Ødegaard, tok over resten av garden. Iver sin gardpart fekk namnet «Bjørkavollen» og bruksnummer 4. Han fekk ansvaret for mor si, som fortsette å bu der. Det var Bestefar til Iver, Jens Andreason Eikenosøydegard(1), som hadde bygd seg ei kårstove her på byrjinga av 1870-talet. Bruket vart skyldsett til 1,19 skyldmark, og Iver fekk skøyte på bruket i 1909. Han gifta seg 1910 med Karen Marie Iverdotter Eikenos (1879-1912). Ho var dotter til Iver «Kjøt-Iver» Furseth, som hadde bygsla Skorene, kjøpt delar
av Steinsgarden, Østrem(4) og heile Eikenosa. Han kjøpte også det gamle meieriet på Emblem, som vart nedlagt i 1906. Treverket gav han vidare til Iver, som brukte det til å bygge løa. Den står der framleis. Ein kan enno sjå spor etter det gamle smørmeieriet i stallen og hønsehuset. Iver og Karen fekk kort tid i lag. Ho døydde få veker etter at sonen deira vart fødd. Ho vart gravlagd, men først jordfesta i byrjinga av juni. Det kan skuldast at Iver var på fiske. Slekta har framleis brevet, som han fekk på Vigra, frå bror sin, om at Karen hadde fødd ein velskapt son. Sonen deira, Karl Iver, vaks opp på Eikenosa og budde mykje hos besteforeldra sine dei første åra. Etter fem år som enkemann, fekk Iver hushalderske på Bjørkavollen. Det var Marie Olsdotter Småge(5) (1885-1982) frå Aukra. Ho hadde tidlegare arbeidd på butikk i Emblemsbygda, og truleg i butikken til Iver si svigerinne, Johanne Petrine Furseth på Skorene, Emblem(10). Dette var forløperen til Hans Furseth sin nybygde butikk, litt lenger inne på Magnusbakken. Den vart bygd tre år seinare. Iver og Marie gifta seg 1920. Han var tidleg ute med grønnsak- og blomsterdyrking. Det bør også nemnast at Ivar formelt vart poståpnar for Eikenosvågen brevhus i 1942, men det var Marie som dreiv brevhuset frå kjøkkenbordet på Bjørkvollen. I ei skuff hadde ho både stempel og frimerke. Posten vart levert med Emblemsruta og henta nede ved bilvegen. Brevhuset vart lagd ned i 1965. Iver var også aktiv venstremann. Han hadde fleire kommunale verv, i tillegg til å vere vegvokter. Før 1912 var han også med på å sette opp sjømerker på helgelandskysten.
a) Elisabeth 1909-1981 1931 g.m. Hans Gustav Vegsund(3), brukar Vegsund(3). Marie si dotter frå før, med Knut Olaus.Kolseth, Gjemnes. Ho vaks opp hos besteforeldra på Aukra, men flytta til Bjørkavollen etter bryllupet i 1920.
b) Karl Iver (1912-2002) tok over bruket.
c) Palma (1920-2011) gifta seg i 1949 med Arthur Slotsvik(6), Ellingsøy.
d) Ruth Odlaug (1921-1965) gifta seg i 1945 med Leiv Larsen, brukar Spjelkavik(10).
e) Arne Johan (1922-1999) gifta seg i 1947 med Olga (Mosse) Bjørkavåg. Han fekk delt frå hovudhuset på bruket og busette seg der. Arne var englandsfarar, og seinare entreprenør. Han tok initiativ til å etablere byggefeltet på garden, og vart leigd inn ved bygginga av den første grasbana til Emblem IL, ved nybygde Emblem skule, på slutten av 1970-talet. I dag er det Arne Ola Bjørkavoll som har tatt over huset.
f) Lars Olaf (1923-1924) døydde av «krampe i kikhoste» ett år gamal.
g) Judith Anna (1925-1925) døydde av krampe, 2 månadar gamal.
h) Ingrid Mary (1928-2018) gifta seg i 1952 med Mathias Martin Hagen(M,1). Dei er brukara på Vegsund (8+12).
Sonen Karl Iver Bjørkavoll (1912-2002) tok over bruket. Han miste mor si tre veker etter fødselen, og vart amma opp av tanta, Gurine Iverdotter Furseth Flydal. Ho hadde då gifta seg med lærar Lars Flydal(1) og flytta til Ytrebø, Østrem(5). Ho amma framleis sonen, Peter Marius. Karl budde mykje med besteforeldra oppe på Eikenosa, til han vart fem år gamal. Faren gifta seg nemlig ikkje på nytt før 1920, men i 1917 fekk dei hushaldar. Det var den komande stemora til Karl, Marie. Han vart med far sin på Borgundfjordfiske allereie som 15-åring. I samanheng med utdannelsen på Gjermundnes Landbrukskule, fekk han interesse for birøkt. Dette dreiv han med i 60 år. Karl var samfunnsengasjert, motstandsmann under krigen, og ikkje minst aktiv i indremisjonsarbeidet på Blindheim og Hatlehol. Karl var domsmann og skjønnsmann, slik som faren hadde vore. I tillegg var han oppsynsmann for skogen i Indre Borgund i mange år. Han bygde seg nytt hus på Bjørkavollen i 1949, og gifta seg i 1953 med Kirsten Klokk(4) (1924-2018), frå Ramstaddalen i Sykkylven. Kirsten budde der heilt til ho flytte på sjukeheim. Eit område vest for gardshusa vart lagt ut til bustadfelt i 1982. Mellom dei som bur her er born av Karl, Arne Bjørkavoll og Edvin Vegsund.
a) Kari (f.1956) gifta seg i 1980 med Jakob Eitrheim. Dei er busett i Utne i Hardanger,
b) Berit Marion (f.1959) gifta seg i 1986 med Ragnar Thorsen. Dei er busett ved garden.
c) Lars Ivar (f.1962) tok over bruket.
Lars Ivar Bjørkavoll (f.1962) er dagens grunneigar på det no nedlagde bruket. Han gifta seg 1993 med Anne Perdis Høgstøyl (f.1967) frå Hessa. I deira tid er delar av blitt selt til bilforretning, og delar av ein skogsteig er selt til byggefelt. Dei bygde seg nytt hus på garden i 1996. Gamlehuset, som Arne Bjørkavoll eigde, er no eigd av Arne Olav Bjørkavoll. Dette er restaurert.
a) Kristine (f.1996) gifta seg i 2017 med Marius Nergård, busett i Bergen.
b) Andreas (f.1997) er busett i Ålesund.
c) Synnøve (f.2001) er busett i Ålesund.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com