Rasmusgarden vart delt frå som eige bruk på 1650-talet. Den første brukaren ein kjenner til var Tormod. Han døydde 1660.
Enka Anne Jonsdotter (ca.1608-1701) gifta seg truleg på nytt med Ingebrigt Baardson (ca.1628- 1706). Han var registrert som dreng for svigersonen på dette bruket i 1704.
a) Marete f.ca.1660 Tok over bruket.
b) Brite f.ca.1670 1707 g.m. enkemann Hans Tostensen,
brukar Flisnes(1).
Svigersonen Jon Knutsen (ca.1670-1709) var brukar her frå 1699, til han døydde. Jon gifta seg 1699 med Marete Ingebrigtsdotter Flisnes(2) (f.ca.1660). Svigerfaren, Ingebrigt, hjalp til som dreng etter at han vart kårmann. Arveskiftet etter Jon i 1709 nemner hest, 6 kyr, 2 kviger, kalv, 6 geiter og 3 lam, så dei hadde ein del dyr i motsetning til mange av naboane i Eikenosvågen. Videre hadde dei færing i eige naust, og tjøreved til ein verdi av 10 riksdaler. Buet hadde eit overskot på 46 riksdaler. Det ser ut til at enka gifta seg på nytt med neste brukar.
Enka Marete Ingebrigtsdotter Flisnes(2) (f.ca.1660) vart truleg gift opp att etter 1709, med Knut Knutson Eikenos(II) d.y. (ca.1676-1730). Det ser ut til at dei ikkje fekk born. Knut vart gravlagd samme dag som broren, Knut Knutson d.e. Blindheimsnes(2), 2. april 1730.
1731 kom Peder Olson Strømsheim(5) (ca.1705-1783) til Flisnes frå Sykkylven. Han gifta seg 1731, og dreiv bruket til 1780, saman med kona Berrete Olsdotter Blindheim(7) (dp.1705-1746).
Arveskiftet etter Berrete nemner hest, ukse, 4 kyr, 2 kviger og 3 sauer. Dei hadde part i seksrøring, kaste-, silde- og søkkenot. Av avling vart 10 tønner havre nemnd og dei hadde eige kvernhus, men dei andre bygningane på garden var nok bygsla. Alt i alt var buet på 152 riksdaler, med kun ei gjeld på 15, så dei klarte seg godt. Peder gifta seg på nytt 1747 med Guri Pedersdotter (ca.1720-1784). Dei tok kår hos svigersonen. Mor til Peder, enka Guri Larsdotter Strømsheim(5), døydde her 1752.
a) Anne (dp.1735) gifta seg i 1756 med Knut Olsen Røisen(II), brukar Røysa(II), Sula.
b) Joen (dp.1737) er ikkje nemnd i arveskiftet 1746.
c) Joen (dp.1740-1750) døydde 10 1/2 år gamal.
d) Ole (dp.1745) er nemnd i arveskiftet 1746.
e) Peder (dp.1756)
f) Jacobine (dp.1759-1818) tok over bruket.
Svigersonen Rasmus Nilsen Store-Årset(2) (1752-1797) hadde vore omgongskulelærer, før han kom til Flisnes og slo seg ned her. Rasmus dreiv bruket frå 1780 til 1807 og gifta seg 1780 med (Jakobæa) Jacobine Pedersdotter Flisnes(2) (dp.1759-1818). Ho gifta seg på nytt med neste brukar.
a) Pernille (dp.1781) var 11 år 1788, men er ikkje nemnd i 1801-teljinga.
b) Kristina Gurina (dp.1783) er ikkje nemnd i 1801-teljinga.
c) Johane (dp.1786-1818) tok over bruket.
d) Anne Petrike (dp.1790- 1876?) 1832 g.m. Lars Pauls Dyb.
Dei er nemnd i 1865-teljinga som kårfolk hos sonen
på Moldværsvern, Moldvær(7+8).
e) Peter Andreas (dp.1793-1797) døydde 5 år gamal.
Enka Jacobine Pedersdotter Flisnes(2) (dp.1759-1818) gifta seg på nytt 1799, med Nils Christensen Skaar(1) (dp.1770-1804). Ho tok kår hos svigersonen.
Svigersonen Ananias Rasmussen Eikenos(IIb) (dp.1781-1847) tok over bruket i 1807, og dreiv det til 1825. Han gifta seg 1807 med Johane Rasmusdotter Flisnes(2) (dp.1786-1818), som hadde
vore tenestejente på Eikenosa, hos far til Ananias. Ho vart registrert der nokre år tidlegare, i 1803. Ananias kjøpte garden for 106 riksdaler og forsøkte seg som sjølveigar frå 1807, men dette var vanskelege tider for den som hadde stor gjeld. Dei måtte derfor selge bruket i 1811 til Jon Olson Strømsheim og gå attende til å vere bygselsfolk, men det kosta. Ved arveskiftet etter Johanne i 1818 var buet fallitt. Garden vart seinare i Ole Strøm, frå Ålesund, sitt eige. 1819 gifta Ananias seg opp att med Anne Arnesdotter Solevåg(5) (dp.1786-1845). Dei fekk kår hos neste brukar i 1825.
a) Peter Christian (dp.1808) gifta seg i 1839 med enke Olave Birgitte Olsd. Nedregotten(1), brukar Skaret, Nedregotten(1). Han døydde etter 1865.
b) Ingebor (dp.1810-1887) gifta seg i 1843 med Berndt Andreas Berntsen, Nedre-Skodje(3), brukar Slinning(7) 1846-1865. Dei Budde ellers på Nedregård 1843, Ålesund 1865, og Hellevikstranda i 1875.
c) Nils (dp.1813-1887) gifta seg i 1844 med Margrethe Marie Iverd. Hesseberg(1), brukar i Nerigar, Hesseberg(1).
d) Rasmus Andreas (1817-1872?) døde kanskje som ungkar og fattiglem i Lervågen.
e) Ingebrigt Elias Johan ( 1822-1906) gifta seg 1851 med Ane Johanne Larsd. Urkedal(2), busett Ålesund. Han var bryggearbeider og seinare bødtker .
f) Andrine (f.18 24) gifta seg i 1858 med Martinus Andreas Rasmussen Alnes(10), busett Ålesund. Huseigar Skaret, Nordigard i Ålesund 1867.
g) Son (1827-1827) Dødfødd.
Amund Lasseson Greidung(1) (dp.1795-1856), frå Innvik i Stryn, gifta seg 1824, og dreiv bruket frå 1825 til 1855, med kona Dorthe Andersdotter Erdal(5) (dp.1800-1845) frå Innvik i Stryn. 1846 gifta han seg på nytt med Jeslov Erichsdotter Rygg(1) (1804-1889). Ho kom frå Nordfjord og gifta seg opp att med Jørgen Gregoriussen Tynes(2) (1805-1869), som enke i 1858. Dei dreiv bruk nummer 3 på Blomvik. I 1874 vart ho gift for tredje gong med Siver Peter Martinus Larsson Humlen(7). Dei dreiv Blomvikrabben, Blomvik(3).
a) Lars Andreas (1827-1910) tok over bruket.
b) Petrine? (1835) var fattiglem i Ålesund i 1885. Høyrer kanskje til her.
Sonen Lars Andreas Amundson Flisnes(2) (1827-1910) tok over etter foreldra sine i 1857. Han gifta seg 1858 med Ingeborg Caroline Rasmusdotter Blindheim(7) (1831-1876), og tok kår allereie i 1863. Dei busette seg på kårstykket «Kalmyra», lengst vest på innmarka til garden. Dei flytte også stova si dit. Ingeborg vart kalla Karoline i 1875-tellinga. Det vart registrert at ho vart blind etter 44 år, altså i vaksen alder. Lars gifta seg på nytt med Nicoline Jensdotter Langlo(244f) (1834-1919) frå Stranda i 1880. Ho døydde av bronkitt på Borgund Gamleheim.
a) Andreas Raskanus (1862-1862) døydde rett etter fødselen.
b) Ingeborg Martha Christine ( 1865-1896) gifta seg i 1891 med Peter Daniel Elias Bernts. Aase(4), busett Ålesund. Han var hamnearbeider. Ho døydde i barselseng.
c) Johan Rasmus Henrik ( 1867-1868) døydde 1 1/2 år gamal.
Rasmus Elias Hansen Kvasnes(4) (1835-1895) gifta seg 1860, med Johanne Knudsdotter Veibust(5) (1833-1891). Dei bygsla først farsgarden til Johanne, Hansgarden på Veibust, før dei overlot den til Johanne sin halvbror, Hans, og tok over Rasmusgarden på Flisneset i 1863. Dei dreiv her til 1886 og bygde nye hus på bruket. I 1879 var han med på ei redningsbragd utanfor Flisnes, saman med naboen
Lars Andreas Hanson Flisnes(1) og Elias Olsen Flisnes(3). Han fekk ein sølvpokal frå Kong Oscar II til takk.
a) Hansine Karoline Andrine ( 1861-1948) gifta seg i 1884 med Johan Mikael Rasmussen Ødegård, brukar Framigar, Eikenosøydegard(3).
b) Christine Caroline (1863-1864) døydde 21 veker gamal.
c) Hans Laurits Karolus ( 1865-1952) tok over bruket.
d) Lisa Laurine Martha ( 1868-1886) var ugift. Ho døydde
av «fallesyke».
e) Ingeborg Caroline (1871-1890) var ugift. Ho døydde
av «fallesyke».
f) (Anna) Jensine (1874-1966) gifta seg i 1908 med Jens Johan Andreas Eikenosødegard(1), brukar Utigard, Eikenosøydegard(1).
Sonen Hans Laurits Karolus Rasmussen Flisnes(2) (1865-1952) var brukar her frå 1886 til 1924. Han gifta seg 1887 med Elisa Kristofa Gurine Iversdotter Valderhaug(7) (1865-1923). Dei kjøpte garden, frå eigar Ole Strøm sitt dødsbu, når dei kom hit i 1886. I 1924 skøytte Hans frå seg garden til sønene. Han fekk ansvar for drift og tilsyn av fyret på Flisnes, med pussing av linse, etterfylling av parafin og skifting av brennveke heile vinterhalvåret.
a) Iver Ragnvald Laurits ( 1888-1960) drog til Winnipeg,
Canada i 1922. Skogsarbeider og møllearbeider der. Kom
heim og døydde hos broren, Arthur, i Eikenosvågen.
b) Inga Gustava (1890-1976) gifta seg i 1925 med Jakob
Jakobs. Aakernes, brukar Hansgarden, Flisnes(1).
c) Josefine Karoline (1892-1974) gifta seg i 1920 med
Daniel Oluf Veibust(2), fyrbøtar og brukar Veibust(12).
d) Ragna (1895-1972) gifta seg i 1919 med Hagbart Julius
Johan Bernhoft, Meløy, busett Syvermarka Blindheim. Fiskar
og mannskap på lokalbåten «Von», busett på Flisnes
ved giftermålet. Faren, Herman, budde på nabobruket
bnr. 1 Hansgarden på Flisneset 1910, hos kårkona
Oline Williksd. Flisnes(1).
f) Martha Ingvarda (1897-1978) gifta seg i 1925 med
Peder Ingjer Jakobs. Aakernes, Flisnes(1), brukar på
Utigard, Eikenosøydegard(1) frå 1924. Var p leiedotter hos
tanta, Anna Jensine Flisnes(2), Utigard, Eikenosøydegard(1).
f) Rasmus Olaf (1899-1990) tok over bruket saman med broren.
g) Hans Laurits (1901-1995) tok over bruket saman med broren.
h) Laurits Ingvald (1904-2001) gifta seg i 1945 med Bessie
May Stewart. Emigrerte til Canada i 1929, og kalla seg
Louie. Sist busett i Keewatin, Canada.
i) Arthur (1906-1984) gifta seg i 1944 med Emma
Johanna Kvasnes, fødd i Torevågen, Eikenosvåg(1). Dei
busette seg på tomt frå denne garden i Eikenosvågen.
Rasmus Olaf Hansen Flisnes(2) (1899-1990) delte bruket med broren, Hans, i 1939. Han gifta seg 1924, med Brita Sofie Berntsdotter Midtgård(2) (1894-1983) frå Oaldsbygda, Sunnylven. Rasmus tok også over ansvaret for fyrlykta. Han overlot dette arbeidet til sonesonen, Øyvind Lidvar Rabbevåg, ca. 1980. På 1990-talet vart det automatisert og då var det ikkje behov for tilsyn meir. I Rasmus og Brita si tid starta salget av tomter frå garden. dei dreiv bruket til 1973. Foreldra til Brita døydde på Flisnes i 1946 og 1950.
a) Hans Eiliv (1925-1982) tok over bruket.
b) Asbjørg Reidun (1927-2016) gifta seg i 1952 med
Olav Hjalmar Rabbevåg, busett Rabben(9).
c) Elisa (f.1930) gifta seg i 1953 med Lars Harald
Rabbevåg, busett Rabben(14).
d) Jorunn Helga (f.1933) er ugift, busett Flisnes.
e) Bjarne Per (f.1933) tok over seinare.
Sonen Hans Eiliv Flisnes(2) (1925-1982) gifta seg 1968, med Emma Jørgine Temtemoen (f.1927). Ho vart fødd Bjørhovde. Dei skilde seg 1972 og har ingen born.
Broren Bjarne Per Flisnes(2) (f.1933) tok over som i 1983, og var grunneigar til 2006. Han gifta seg 1965 i Sykkylven, med Oddlin Kjellfrid Tynes(5) (1937-2018) og busette seg på Tynes. Han overlot bruket til dottera.
a) Amund Lorents (f.1967) gifta seg i 1999 med Tina
Bjørnevik, busett Tynes, Sykkylven.
b) Brit Reidun (f.1969) 2016 forlova seg med Even
Idar Blindheim Jensen, busett Sykkylven.
c) Randi Kristin (f.1970) budde først i Skråvika, Flisnes. Flytta 2017 til Blindheim.
d) Oddbjørn (f.1972) gifta seg i 2008 med Kari
Benestvedt, Karmøy. Busett Kopervik.
e) Sigrid (f.1974) tok over bruket.
Dottera Sigrid Flisnes (f.1974) er dagens grunneigar. Ho gifta seg 2004 med Morgan Bergsnes Jelle (f.1974) og tok over bruket i 2006. Ho er busett på Flisnes.
a) Andreas (f.2003) er busett på Flisnes.
b) Ingrid (f.2006) er busett på Flisnes.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com