Enka Ragnhild Rasmusdotter Svorte(2) (dp.1762) er nemnd som legdslem og husmannsenke her i 1815. Ragnhild sin far var Rasmus Sjurson Sorte(2) og søskenborn til Gunnhild Petersdotter Ekroll, som gifta seg med Ingebret Hansen Flisnes(1) i Hansgarden. Rasmus si søster, Ingleiv Sjursdotter (Sorte(2), var mor til Guri Amundsdotter Sorte(2), som gifta seg med Gunnhild sin son, Hans Ingebretson Flisnes(1) i Hansgarden. Ragnhild i Skråvika vart dermed både søskenborn til Guri og tremenningen til Hans. Ho var tenar på Giskeødegård når eldstesonen var døypt, og gifta seg med Amund Olson Sulebakk(1) (1752-ca.1809). Dei vart plassefolk på Høghaug i Solevågen. Amund døydde i arresten i Kolvika. Det var kanskje etter denne hendinga ho flytta for å få hjelp med slekta si på Flisnes. I så fall kan der ha vore ei strandsitjarstove i Skråvika før Ragnhild kom hit
a) Siver Nicolai (dp.1794-1840) tok over plassen.
b) Elias (dp.1798-1830) var brukar Ytre Hatlehol.
c) Ellen (dp.1801) vart fødd i Solevågen. Seinare registrert på Eliasplassen på Vågneset i 1815-teljinga.
Sonen Siver Nicolai Amundsen Solevåg(10) (dp.1794-1840) gifta seg 1817, med Berthe Henriksdotter Kjørstad (f.ca.1777), kanskje frå Eid i Nordfjord. Dei tok over plassen det samme året. Namnet var då «Flisnesstrand». Dei hadde det vanskeleg, og Sivert vart stadig kalla inn til forlikskommisjonen for gjeld han ikkje makta å betale i rett tid. Når han døydde i 1840, var buet etter han fallitt. Dei fekk truleg ingen born saman.
Hans Amundsen Flisnes(1) (1815-1885) frå hovedbruket, budde her ei kort stund før han tok over farsgarden, bnr. 1 på Flisnes. Sjå meir om han som der. Hans gav husmannskontrakt på Skråvika til lillebroren Peder Elias i 1847.
Broren Peder Elias Amundsen Flisnes(1) (1821-1848) gifta seg i 1846, med Lovise Pedersdotter Blindheim(2) (1821-1895). Han var då matros. Peder fekk husmannskontrakt med broren, Hans, som tok over farsbruket i 1847. Kravet var 25 speciedaler, ei lita årleg avgift, og 12 arbeidsdagar. Desse var fordelt med 3 dagar kvar vår og haust, samt 6 pliktdagar i slåtten på farsbruket, Flisnes(1). I tillegg skulle han gje kår til enka Berthe. Elias hadde tjenestefolk, og dreiv kanskje med båtskyss i tillegg. I arveskiftet er det i alle fall krav frå fleire rorskarar, men buet etter han var fallitt. Peder fekk ingen born.
Enka Lovise Pedersdotter Blindheim(2) (1821-1895) gifta seg på nytt 1849, med Ole Nicolai Britanus Eriksen Kvasnes(1) (1824-1866). Han kalla seg «Flisnesvåg», og betalte årsavgift på to speciedaler, samt 8 arbeidsdagar kvart år.
a) Elias Raskanus Teodor ( 1850-1909) tok over bygsel på plassen.
b) Emilie Bergitte Andrea ( f.1853) er nemnd i 1865-teljinga.
c) Ebbe Britannus (f.1856) er nemnd i 1865-teljinga.
d) Peder Rasmus Carolus ( 1859-1935) gifta seg i 1885 med Jensine Olsen, busett Ålesund 1885. Han var losseformann i Ålesund og seinare vaktmeister på Ljaaen.
e) Berthe Cristiane (f.1861) gifta seg i 1893 med skomaker Peter Jacob Mathias Ellingsen Furmyr(4), men fødd på Nedregård. Busett i Ålesund 1900.
f) Ole Ludvig (f.1864) gifta seg med Nikoline Valderhaug. Han var dagarbeider, busett i Ålesund.
Sonen Elias Raskanus Teodor Olsen Flisnes(3) (1850 1909) skulle betale 4 speciedaler i avgift, men slapp arbeidsplikta mot å gje kår til mor si. Han gifta seg 1873 med Petrine Marta Pettersdotter Hatlen(1,2) (1849-1899). Ho døydde av lungebetennelse. Han gifta seg på nytt i 1902 med Olave Svensdotter Fjørstad(F,146d) (1851-1911) frå Stranda. Ho dreiv bruket med to søstre frå 1909. Ei av dei var Marie Svendsdotter Fjørstad(F,146d) (f.1851). Ho var ugift og «formuende». I 1879 var han med på ei redningsbragd utanfor Flisnes, saman med naboen Lars Andreas Hanson Flisnes(1) og Rasmus Hanson Flisnes(2). Elias fekk ei klokke frå Kong Oscar II til takk.
a) Ole Johan Lauritz (1873-1917) tok over plassen.
b) Peder Iver Raskanus. ( f.1875) gifta seg ført i 1902 med Ane Petrine Gunnelie Rasmusd. Rekdal. Han gifta seg så på ny i 1919 med husbestyrer (Lina) Eline Marta Jakobsd. Leite frå Volda, busett i Hellegata, Ålesund. 1910 kolarbeidar hos onkelen, Peder i Ålesund. Starta eigen kolforretning, og var husbestyrar for pinsemenigheita i Ålesund.
c) Lovise Laura Birgitte ( 1878-1969) gifta seg i 1901 med Peter Laurits Knuts. Uggedal(2), Valderhaug. Dei er nemnd på Myrpladsen, Valderhaug(12) i 1910.
d) Marie Anna (1880-1968) gifta seg i 1906 med brannkonstabel Martinus Hanss. Muri(226) i Ålesund. Ho var hushaldar for faren 1900.
e) Elias Britannus (1883-1900) døydde av «kreftbyld».
f) Lisa Andrea (1886-1905) døydde av hjernebetennelse. Vart kalla Elisa ved gravferda.
g) Edvard Anton (1889-1921) gifta seg i 1912 med Astrid Randrine Karlsd. Kongsvold, Ålesund. Han var handelsmann, busett i Keiser Wilhelmsgate, Ålesund.
h) Johan Ingvald (1893-1918) var ugift. Han døydde av «lungebrann».
Sonen Ole Johan Lauritz Eliasson Flisnes(3) (1873-1917) tok over bygselskontrakta etter far sin i 1910. Han gifta seg 1898 med Hansine Birgitte Eriksdotter Valderhaug(4) (1873-1948). Ho var søster til Anna Eriksdotter Valderhaug(4), som kjøpte plassen i 1912. Skråvika vart delt frå som bruk med eige bruksnummer i 1903. Dei budde først i Hellegata i Ålesund, men tok over i 1912 då mor hans hadde gått bort. Sambygdingane Hans Ramsvik og «Tryset-Knut» bygde ny fjøs 1914. Stova hadde dei ikkje råd til å bytte ut. Den var då så dårlig at det snødde gjennom veggane.
a) Elias Peder Laurits ( 1898-1969) gifta seg i 1918 med Sofie Lovise Ragna Ekornåsvåg frå Olevågen, Eikenosvåg(2). Dei er svigerforeldra til (Arne) Jostein Haugen, frå Furholmen.
b) Emil Normann (1900-1989) kjøpte plassen saman med bror sin.
c) Leonard Erling (1901-1903) døydde i Ålesund.
d) Leonhard Erling (1903-1969) gifta seg i 1938 med Alfrida Antonie Strand frå Ålesund, Han var elektrisk montør i Borgund, busett Langrabben på Flisnes.
e) Nancy Marie (1905-1905) døydde i Ålesund.
f) Nancy Marie (1906-2000) gifta seg i 1952 med Olav Elias Christofferson Almås(2), busett Spjelkavik. Fleire opplysningar om bruket er frå henne.
g) Oleif Henny (1907-1994) gifta seg i 1932 med Ole Nilsen Stokke(2) frå Sunnylven. Var mor til Nils Stokke, brukar Hatlehol Ytre, Hatlehol(2). Ho var tenestejente i Oaldsbygda, og traff Ole der.
h) Anna Nikoline (1910-1979) gifta seg i 1941 med Inge Knuts. Stokke(1), Sunnylven. Dei kjøpte Furnes på Sula 1947. Gravlagd i Langevåg.
i) Kristian Emil (1912-1990) kjøpte plassen saman med bror sin.
j) Hans (1914-1961) gifta seg i 1939 med Henny Marie Nansy Alnes(12), busett Flisnes. Han gjekk bibelskule og var aktiv i indremisjonen. Ei tid ansatt hos Ødegård Karosseri i Puskhola.
Sonen Emil Normann Flisnes(3) (1900-1989) fekk 1942 skøyte på bruket frå tanta, diakonisse Anna Eriksdotter Valderhaug(4), som hadde kjøpt plassen 1912 og bygsla den til foreldra til Emil. Anna flytta hit frå Oslo, når ho måtte pensjonere seg om lag 61 år gammal på grunn av gikt. Emil vart grunneigar saman med bror sin. Kjøpesummen på Skråvika var på 4000 kroner. Mora var den som valde ut, for søstera si, kven som fekk dele på bruket, og kven som fekk hustomt med 10 mål eigedom attåt. Jorda var tiltenkt dei av søskena som ikkje hadde noko jord frå før av. Ho tenkte at Emil og Kristian ville passe best i lag. Emil gifta seg med Olga Marie Vegsund(3) (1902-1984). Dei fekk ingen born, så broren Kristian vart etter kvart einaste grunneigar. Sjå meir om han nedanfor. Mora vart tidleg enke, og familien sat i vanskeleg økonomiske kår. Stadig vekk måtte dei bed Gud om hjelp til å klare seg. Dei hadde ikkje pengar til Emils konfirmasjonsdress, men så kom ein mann, kalla «Kilde-Ole», dei i møte på ein byttur med bær for salg. Han sa at Gud hadde fortalt han at dei trong hjelp, og han gav dei heile 100 kroner. Det var ein stor sum den gongen. Mora, Hansine, var så glad at ho knapt visste kvar ho skulle gjere av seg. Livet vart langt lettare i Emil si tid som drivar.
broren Kristian Emil Olsen Flisnes (1912-1990), Flisnes(3) gifta seg med Valborg Skytterholm (1926-2018). Han fekk 1942 skøyte på plassen frå tanta, diakonisse Anna Eriksdotter Valderhaug(4), som hadde kjøpt plassen 1912 og bygsla den til foreldra til Kristian. Ho flytta hit frå Oslo, når ho måtte pensjonere seg, om lag 61 år gammal, på grunn av gikt. Mellomkrigstida var ein hard periode på garden. Mang ein gong hadde mora gått ut i løa for å be til Gud om hjelp til å få mat på bordet. Etter krigen vart det enklare, når ein kunne ha eit arbeid i tillegg. Kristian og Emil fekk Skråvika, fordi mora tenkte at dei ville passe best i hop til det. Valborg arbeidde på 1970- og 1980-talet for «Ålesund folkehøgskule» (også kalla «Borg») på Hatlehol. Kjøpesummen på Skråvika var 4000 kroner. I deira tid byrja tomtesalget, som har fortsatt heilt fram til vår tid. Kristian var installatør hos broren, Leonard, og styrte søndagsskulen på Hatlehol og Flisnes frå 1958 til 1963. Han var også forkynnar og ei tid formann for Blindheim og Hatlehol Indremisjon.
a) Kjell-Vidar (f.1953) tok over bruket.
b) Hallgeir Ove (f.1954) tok over bruket.
c) Lindy Oddrun (f.1957) gifta seg i 1983 med Bjørn Trygve Nilsen, busett Sandefjord.
Sonen Kjell-Vidar Flisnes (f.1953) eig i dag restane av Skråvika, saman med bror sin. Dei fekk 1981 skøyte på kvar sin halvdel av Skråvika, som Emil og Kristian hadde eigd før dei. Kjell-Vidar er gift med Liv Karin Myrvoll (f.1954) frå Spjelkavikneset. Dei er busett i Skråvika. Det aller meste er no skild ut til bustadstomter i byggefeltet på Flisnes. Berre eit utmarkstykke i Eikenosbakkane, ovanfor Laader Berg sin fabrikk, er att av den tidlegare husmannsplassen.
a) Ole Kristian (f.1979) gifta seg i 2011 med Silje Ødegård, busett i Skråvika. Ole fekk overdrege ein eigedom frå far og onkelen i 2014.
b) Jhon Fredy (f.1991) er sambuar med Camilla, Busett Oslo.
Broren Hallgeir Ove Flisnes (f.1954) eig i dag restane av Skråvika saman med bror sin. Dei fekk 1981 skøyte på kvar sin halvdel av Skråvika, som Emil og Kristian hadde eigd før dei. Hallgeir er gift med May-Britt Josefsen (f.1951), og er busett i Skråvika. Det aller meste er no skild ut til bustadstomter i byggefeltet på Flisnes. Berre eit stykke i Eikenosbakkane, ovanfor Laader Berg sin fabrikk, er att etter den tidlegare husmannsplassen.
a) Sindre (f.1988), busett Skråvika.
b) Terje (f.1988) er saman med Tina Vennatrø frå Stjørdal, busett Blindheim.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com