TEKSTEN ER BASERT PÅ OPPLYSNINGAR FRÅ
EGIL RABBEVÅG
Kalmyra var ein plass under Rasmusgaren på Flisnes. Folket som bodde her var: Lars Andreas Amunds. Flisnes(2) (f.4/10-1827 d.3/4-1910 på Flisnes) frå Rasmusgarden. Han vart først gift i Borgund kirke den 17. januar 1858 med Ingeborg Caroline Rasmusdotter Blindheim(7) (f.4./3-1831 d.25./8-1876 Flisnes). Ho hadde tatt over Rasmusgarden, Flisnes(2) i 1857, året før dei gifte seg. Etter seks år flytta dei frå Rasmusgarden til kårstykket «Kalmyra» i 1863, lengst vest på innmarka til garden. Dei flytte også stova si dit. Ingeborg vart kalla Karoline i 1875-tellinga. Det vart registrert at ho vart blind etter 44 år, altså i vaksen alder. Det kan derfor vere synet, eller sjukdom som resulterte i tidleg kår. Dei fekk tre born.
a) Andreas Raskanus (1862-1862) døydde rett etter fødselen.
b) Ingeborg Martha Christine ( 1865-1896) gifta seg i 1891 med Peter Daniel Elias Bernts. Aase(4), busett Ålesund. Han var hamnearbeider. Ho døydde i barselseng.
c) Johan Rasmus Henrik ( 1867-1868) døydde 1 1/2 år gamal.
Lars gifta seg på nytt den 29. mai 1880 i Borgund kirke med Nicoline Jensdotter Langlo(244f) (f.12./9-1834 på Stranda d.1./8-1919 Borgund gamleheim). Han hadde då vore enkemann i fire år, til tross for at han kun var 51 år når Ingeborg døydde. Når Lars døydde i 1910, vart ektemake nummer to, Nicoline nemnd som logerande enke på Frydenlund, Blindheim (10). Ho døydde av bronkitt på gamleheimen i Borgund. Dei fekk ikkje born i lag.
Kalmyra låg ca. 200-300 meter i sørvestleg retning frå tunet til bnr. 12, Norheim, mot Skarvhammaren. Huset vart reve i tidsrommet 1910-1914, og matrialen vart nytta til å byggje huset i Nilsgaren, Vegsund(10), som i dag har gateadressa Sundbakken 22.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com