I 1910-teljinga finn ein den tidlegare husmannen, fiskaren og jordarbeideren, Herman Bang Johansen Bernhoft (1847-1919). Han budde då hos enka Oline Willeiksdotter Bjørkavåg(6) (1851-1943), i Hansgarden på Flisnes. Ho var enke og sjølveigar sidan 1904, men enno ikkje kårkone. Oline budde der saman med svigerinna si, Thommasine Martha Cornelia, som var fattigunderstøtta. Dei fleste borna hadde reist til amerika, men planen vart etter kvart slik at sonen, Ingvald, skulle ta over garden. Han var lærar og budde ikkje fast på Flisnes, men var heime og hjalp til i onnene. Såleis var Herman god å ha på garden. Han kom opphavleg frå Meløy på Helgelandskysten, og etter kvart kom også resten av familien sørover. Han hadde gifta seg 1881 med Hanna Jørgine Anna Rasmusdotter Grønås (1855-1918). Det vart sonen, Peter, som fekk kjøpe eit stykke av Hansgarden.
a) Peter Rikard Johan ( 1882-1958) fekk delt frå dette bruket 1912.
b) Hilda Alette (f.1884) var ugift, og busett i Ivar Åsensgate i Ålesund 1910.
c) Mathilde Marie Andrea ( f.1886) var ugift, og busett i Ivar Åsensgate i Ålesund 1910. Nemnd 1945.
d) Justine Jakobie (f.1891) var ugift, og tenestejente i Skaregata i Ålesund 1910. Ho hadde to voksne døtre i 1943. Dottera Haldis døydde 1944.
e) Hagbart Julius Johan. ( 1895-1976) gifta seg i 1919 med Ragna Hansd. Flisnes(2), busett Blindheim. Han var fangstmann i nordishavet og fiskar.
Sonen Peter Rikard Johan Bernhoft (1882-1958) fekk hausten 1912 skylddelt småbruket «Fredvang» som bruksnummer 4. Han hadde gifta seg i januar det året, med Ragnhild Kristine Smørdal (1885- 1965). Ho var opphavleg fødd i Bergen. Peter var snikkar, og arbeidde mellom anna for Ole Ødegård på verkstaden hans i Puskhola, Eikenosøygard(3).
a) Hilda Laura (1913-1995) gifta seg i 1938 med Kristian Laurits Sjøholt(45), busett Sjøholt(116).
b) Henry Hagerup (1915-1945) kom ikkje heim etter krigen. Han vart gravlagd i Cochin, India.
c) Alfred Harald (1917-1943) var ugift. Han miste livet då «m/t Nordtind» truleg vart senka av tysk ubåt, på veg frå New York til Mersey i 1943. Før krigen var han gartner, og tok hyre første gong hausten 1939 på «d/s Regin».
d) Sigvald Olav (1919-1993) gift i 1949 med Anny Aarseth frå Bergen. busett Bergen.
e) Ruth Palma (1922-1991) var ugift. Gravlagd saman med foreldra.
f) Solveig Klara (1925-2007) tok over bruket.
Dottera Solveig Klara Bernhoft (1925-2007) var tekstilarbeider i Bergen. Ho gifta seg 1948 med Finn Sigvard Arnesen (1918-2001), frå Bergen. Han var forskalingsnikkar. Dei busette seg på bruket.
a) Reidun Solfrid (f.1951) er sambuar med Jon Knudsen, busett Oslo.
b) Marit Anbjørg (f.1953) gifta seg i 1975 med Teofilo Montelibano, busett Oslo.
c) Helge (f.1955) tok over bruket.
d) Unni Solveig (f.1960) gifta seg i 1982 med Leif Johan Svensli, busett Eidsøra.
Sonen Helge Arnesen (f.1955) gifta seg 1998 med Sela Delector (f.1973) frå Filipinene. Han fekk 1990 halvparten av bruket, som forskot på arv frå tanta si. Dei fleste tomtene frå bruket vart seinare seld av søskena i lag. Helge og Sela busette seg på tomt frå garden.
a) Finn-Alfred (f.1999) er busett på Flisnes.
b) Carl-Magnus (f.2002) er busett på Flisnes.
c) Paul-Christian (f.2005) er busett på Flisnes.
d) Kim-Helge (f.2006) er busett på Flisnes.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com