Hans Laurits Hansen Flisnes(2) (1901-1995) hadde vore ei tid i Canada frå 1924. Han kom heim og gifta seg med Ragnhild Villa (1913-2010) frå Hjørundfjorden i 1932. Dei to var også firmenningar, med slektsrøtter til Riise i Hjørundfjorden. Denne delen av garden vart kalla «Norheim», og fekk bruksnummer 12. Garden vart skyldsett til 1,12 skyldmark i 1939. Dei dreiv bruket frå 1939 til 1995. I deira tid starta tomtesalget, men bruket var framleis samla i eit jordstykke.
a) Elsa (f.1932) gifta seg i 1954 med Gustav Mjaaland Flisnes(1), busett Flisnes. Vetrinær og politikar for Venstre i tidlegare Borgund kommune, no del av Ålesund. Han vart første ordførar i den nye Ålesund kommune frå 1968.
b) Steinar Ingvald (f.1937) vart neste brukar.
c) Berit (f.1946) gifta seg i 1965 med Steinar Nilsen frå Nørve, busett Flisnes.
Dagens grunneigar er Steinar Ingvald Flisnes (f.1937). Han gifta seg 1960 med Solfrid Marie Strømme (f.1938) frå Døving(540) i Valldalen. Ho er søster til Magnar Stømme, som vart brukar i Hansgarden, Flisnes(1). Ein god del av garden, frå Hamnevika mot Flisholmen, er framleis samla i eit stykke og nytta til landbruksformål. Han tok over bruket 1973 og fekk skøyte for 55 000 kroner. Kjøpet inkluderte gardsreidskap og besetning. Dei bygde seg nytt hus ved tunet.
a) Hans Willy (f.1961) gifta seg i 1987 med Ragnhild Elisabeth Høegh-Krohn, busett ved tunet. Ragnhild vaks opp i Løvika, Nedregotten.
b) Møyfrid Kristin (f.1963) gifta seg i 1984 med Øyvind Arnt Bjørge, busett Flisnes.
c) Ørjan (f.1973) gifta seg i 2005 med Monica Lunde Ludviksen, busett i Ramsvika.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com