BNR. 2 RASMUSGARDEN

Hans Laurits Carolus Rasmussen Flisnes(2) (1865-1952) på eksersis. Kan det vere frå før han tok over Rasmusgarden i 1886? Biletet er lånt ut av Egil Rabbevåg
Hans Laurits Carolus Rasmussen Flisnes(2) (1865-1952) på eksersis. Kan det vere frå før han tok over Rasmusgarden i 1886? Biletet er lånt ut av Egil Rabbevåg
Hans Rasmussen Flisnes og Elisa Iversdotter f. Valderhaug. Dette hang på veggen i Rasmussgarden, og vart avfotografert av oldebarnet, Egil Rabbevåg, for omlag 30 år sidan.
Hans Rasmussen Flisnes og Elisa Iversdotter f. Valderhaug. Dette hang på veggen i Rasmussgarden, og vart avfotografert av oldebarnet, Egil Rabbevåg, for omlag 30 år sidan.
Rasmus Olaf Hansen Flisnes(2) (1899-1990). Kan det ha vore kring 1917? Bakgrunnen kan minne om Fotograf Lasse Legernes (1865-1950) sine bakgrunnar. Han tok mange av bileta med soldatar på Setnesmoen i denne tidsperioden. Mange av dei var slike studiofoto. Biletet er lånt ut av Egil Rabbevåg

Laurits Ingvald Flisnes (1904-2001) emigrerte til Canada 1929. Der kalla han seg Louis Flisnes, og busette seg i Winnipeg, Canada. 1945 gifte han seg med Bessie May Stewart, som hadde engelsk og skotsk slekt. Biletet fekk Egil Rabbevåg frå slektninger etter Louis si kone, Bessie. Dei budde sist i Keewatin, Canada

Inga Flisnes gifte seg Aakernes. Her er ho fotografert 1913. Biletet er delt av Egil Rabbevåg
Inga Flisnes gifte seg Aakernes. Her er ho fotografert 1913. Biletet er delt av Egil Rabbevåg
Biletet er frå 1954, og er tatt med Laurits Ingvald Flisnes (1904-2001) sitt kamera. Han hadde emigrert til Canada, men kom heim for å feire 50-årsdagen sin i heimlandet. Her står han saman med søskena, og deira ektefeller. Bak fra venstre: Jakob, Daniel, Hagbart, Peder, Hans, jubilanten Louis, Arthur, Iver,Rasmus, framme f.v.: Ragnhild, Inga, Josefine, Ragna, Martha, Brita, Louie si kone Bessie, Emma. Biletet er kopi, som er delt med Egil Rabbevåg frå slekta etter Bessie i Canada

Bilete nr. 2 frå Louie Flisnes sin 50-årsdag i 1954. Her er søskena samla. Bak frå venstre: Iver, Rasmus, Hans, Arthur, Laurits (Louie), Frame frå venstre: Inga, Josefine, Ragna og Martha. Dette biletet kjem frå Canada, og slekta etter kona til Louie, Bessie. Det er lånt ut av Egil Rabbevåg

Rasmusgaren på Flisnes i 1947, eller 1948. Norheim synes i bakgrunnen. Biletet er delt av Egil Rabbevåg
Rasmusgaren på Flisnes i 1947, eller 1948. Norheim synes i bakgrunnen. Biletet er delt av Egil Rabbevåg
Rasmus Olav Hansen Flisnes(2) hos fotografen 1920. Biletet er delt av Egil Rabbevåg
Rasmus Olav Hansen Flisnes(2) hos fotografen 1920. Biletet er delt av Egil Rabbevåg
Josefine Flisnes gifte seg Veibust. Her er ho hos fotografen 1920. Biletet er delt av Egil Rabbevåg
Josefine Flisnes gifte seg Veibust. Her er ho hos fotografen 1920. Biletet er delt av Egil Rabbevåg
Slåttonn på Rasmusgarden 1931. Frå venstre: Ragna g. Bernhoft, søskena Asbjørg Flisnes og Hans Flisnes inntil mora Brita Flisnes, Olveig Aakernes g. Strømme er søskenbarn frå Hansgarden, Helga er dotter til Ragna. Dei budde i Rasmusgarden på den tida. , Elisa som sit fremst er søster til Asbjørg og Hans og mor til Egil Rabbevåg, Hans Laurits Karolus Rasmussen (1865-1952) var kårmann på garden og sonen Rasmus Olaf Hansen Flisnes(2) (1899-1990) dreiv garden saman med Brita. Biletet er delt av Egil Rabbevåg.

Rasmus Olaf Hanson Flisnes (1899-1990) og Brita Sofie Berntsdotter Midtgård(2) (1894-1983) frå Oaldsbygda i 1924. Biletet vart avfotografert i Rasmusgarden for omlag 30 år sidan av Egil Rabbevåg
Rasmus Olaf Hanson Flisnes (1899-1990) og Brita Sofie Berntsdotter Midtgård(2) (1894-1983) frå Oaldsbygda i 1924. Biletet vart avfotografert i Rasmusgarden for omlag 30 år sidan av Egil Rabbevåg
Rasmusgarden på 1960-talet. Biletet er lånt ut av Egil Rabbevåg
Rasmusgarden på 1960-talet. Biletet er lånt ut av Egil Rabbevåg
Bildet er fra Rasmusgaren ca.1910 — with Rasmus Olav Hansen Flisnes, Martha Hansd.Flisnes Aakernes, Hans Hansen Flisnes, Hans Rasmussen Flisnes, Inga Hansd.Flisnes Aakernes, Arthur Hansen Flisnes, Josefine Hansd.Flisnes Veibust, Elisa Iversd.Valderhaug, Ragna Hansd.Flisnes Bernhoft and Laurits Hansen Flisnes. Bildet er delt av Egil Rabbevåg.

Bildet er fra 1967 og er frå samlinga til Louis Hansen Flisnes. Inga bodde i Hansgaren på Flisnes og Martha i Utigard Eikenosødegård. her er dei ved garden der Strømme-slekta kom frå i Valldalen. Bildet er lånt ut av Egil Rabbevåg

Ragna Flisnes hos fotograf Sponland 1915. Ho gifta seg med naboen Hagbart Bernhoft på Fredvang, Flisnes i 1919. Bildet tilhøyrer Aalesunds Museum AM-95003.027750
Ragna Flisnes hos fotograf Sponland 1915. Ho gifta seg med naboen Hagbart Bernhoft på Fredvang, Flisnes i 1919. Bildet tilhøyrer Aalesunds Museum AM-95003.027750

Rasmusgarden vart delt frå som eige bruk på 1650-talet. Den første brukaren ein kjenner til var  Tormod. Han døydde 1660.

Enka Anne Jonsdotter (ca.1608-1701) gifta seg truleg på nytt med Ingebrigt Baardson (ca.1628- 1706). Han var registrert som dreng for svigersonen på dette bruket i 1704.

a) Marete f.ca.1660 Tok over bruket.

b) Brite f.ca.1670 1707 g.m. enkemann Hans Tostensen, 

brukar Flisnes(1).

Svigersonen Jon Knutsen (ca.1670-1709) var brukar her frå 1699, til han døydde. Jon gifta seg 1699  med Marete Ingebrigtsdotter Flisnes(2) (f.ca.1660). Svigerfaren, Ingebrigt, hjalp til som dreng etter  at han vart kårmann. Arveskiftet etter Jon i 1709 nemner hest, 6 kyr, 2 kviger, kalv, 6 geiter og 3  lam, så dei hadde ein del dyr i motsetning til mange av naboane i Eikenosvågen. Videre hadde dei  færing i eige naust, og tjøreved til ein verdi av 10 riksdaler. Buet hadde eit overskot på 46 riksdaler.  Det ser ut til at enka gifta seg på nytt med neste brukar.

Enka Marete Ingebrigtsdotter Flisnes(2) (f.ca.1660) vart truleg gift opp att etter 1709, med Knut  Knutson Eikenos(II) d.y. (ca.1676-1730). Det ser ut til at dei ikkje fekk born. Knut vart gravlagd  samme dag som broren, Knut Knutson d.e. Blindheimsnes(2), 2. april 1730.

1731 kom Peder Olson Strømsheim(5) (ca.1705-1783) til Flisnes frå Sykkylven. Han gifta seg 1731,  og dreiv bruket til 1780, saman med kona Berrete Olsdotter Blindheim(7) (dp.1705-1746).

Arveskiftet etter Berrete nemner hest, ukse, 4 kyr, 2 kviger og 3 sauer. Dei hadde part i seksrøring,  kaste-, silde- og søkkenot. Av avling vart 10 tønner havre nemnd og dei hadde eige kvernhus, men  dei andre bygningane på garden var nok bygsla. Alt i alt var buet på 152 riksdaler, med kun ei gjeld  på 15, så dei klarte seg godt. Peder gifta seg på nytt 1747 med Guri Pedersdotter (ca.1720-1784). Dei  tok kår hos svigersonen. Mor til Peder, enka Guri Larsdotter Strømsheim(5), døydde her 1752.

a) Anne (dp.1735) gifta seg i 1756 med Knut Olsen Røisen(II), brukar Røysa(II), Sula.

b) Joen (dp.1737) er ikkje nemnd i arveskiftet 1746.

c) Joen (dp.1740-1750) døydde 10 1/2 år gamal.

d) Ole (dp.1745) er nemnd i arveskiftet 1746.

e) Peder (dp.1756)

f) Jacobine (dp.1759-1818) tok over bruket.

Svigersonen Rasmus Nilsen Store-Årset(2) (1752-1797) hadde vore omgongskulelærer, før han kom  til Flisnes og slo seg ned her. Rasmus dreiv bruket frå 1780 til 1807 og gifta seg 1780 med (Jakobæa)  Jacobine Pedersdotter Flisnes(2) (dp.1759-1818). Ho gifta seg på nytt med neste brukar.

a) Pernille (dp.1781) var 11 år 1788, men er ikkje nemnd i 1801-teljinga.

b) Kristina Gurina (dp.1783) er ikkje nemnd i 1801-teljinga.

c) Johane (dp.1786-1818) tok over bruket.

d) Anne Petrike (dp.1790- 1876?)  1832 g.m. Lars Pauls Dyb. 

Dei er nemnd i 1865-teljinga som  kårfolk hos  sonen

på Moldværsvern, Moldvær(7+8).

e) Peter Andreas (dp.1793-1797) døydde 5 år gamal.

Enka Jacobine Pedersdotter Flisnes(2) (dp.1759-1818) gifta seg på nytt 1799, med Nils Christensen  Skaar(1) (dp.1770-1804). Ho tok kår hos svigersonen.

Svigersonen Ananias Rasmussen Eikenos(IIb) (dp.1781-1847) tok over bruket i 1807, og dreiv  det til 1825. Han gifta seg 1807 med Johane Rasmusdotter Flisnes(2) (dp.1786-1818), som hadde

vore tenestejente på Eikenosa, hos far til Ananias. Ho vart registrert der nokre år tidlegare, i 1803.  Ananias kjøpte garden for 106 riksdaler og forsøkte seg som sjølveigar frå 1807, men dette var  vanskelege tider for den som hadde stor gjeld. Dei måtte derfor selge bruket i 1811 til Jon Olson  Strømsheim og gå attende til å vere bygselsfolk, men det kosta. Ved arveskiftet etter Johanne i 1818  var buet fallitt. Garden vart seinare i Ole Strøm, frå Ålesund, sitt eige. 1819 gifta Ananias seg opp att  med Anne Arnesdotter Solevåg(5) (dp.1786-1845). Dei fekk kår hos neste brukar i 1825.

a) Peter Christian (dp.1808) gifta seg i 1839 med enke Olave Birgitte Olsd. Nedregotten(1), brukar  Skaret, Nedregotten(1). Han døydde etter 1865.

b) Ingebor (dp.1810-1887) gifta seg i 1843 med Berndt Andreas Berntsen, Nedre-Skodje(3), brukar  Slinning(7) 1846-1865. Dei Budde ellers på Nedregård 1843,  Ålesund 1865, og Hellevikstranda i 1875.

c) Nils (dp.1813-1887) gifta seg i 1844 med Margrethe Marie Iverd. Hesseberg(1), brukar i  Nerigar, Hesseberg(1).

d) Rasmus Andreas (1817-1872?) døde kanskje som ungkar og fattiglem i Lervågen.

e) Ingebrigt Elias  Johan ( 1822-1906) gifta seg  1851 med Ane Johanne Larsd. Urkedal(2), busett Ålesund.  Han var bryggearbeider og seinare bødtker .

 f) Andrine (f.18 24) gifta seg i 1858 med Martinus Andreas Rasmussen Alnes(10), busett  Ålesund. Huseigar Skaret, Nordigard i Ålesund 1867.

g) Son (1827-1827) Dødfødd.

Amund Lasseson Greidung(1) (dp.1795-1856), frå Innvik i Stryn, gifta seg 1824, og dreiv bruket frå  1825 til 1855, med kona Dorthe Andersdotter Erdal(5) (dp.1800-1845) frå Innvik i Stryn. 1846 gifta  han seg på nytt med Jeslov Erichsdotter Rygg(1) (1804-1889). Ho kom frå Nordfjord og gifta seg  opp att med Jørgen Gregoriussen Tynes(2) (1805-1869), som enke i 1858. Dei dreiv bruk nummer 3  på Blomvik. I 1874 vart ho gift for tredje gong med Siver Peter Martinus Larsson Humlen(7). Dei  dreiv Blomvikrabben, Blomvik(3).

a) Lars Andreas (1827-1910) tok over bruket.

b) Petrine? (1835) var fattiglem i Ålesund i 1885. Høyrer kanskje til her.

Sonen Lars Andreas Amundson Flisnes(2) (1827-1910) tok over etter foreldra sine i 1857. Han gifta  seg 1858 med Ingeborg Caroline Rasmusdotter Blindheim(7) (1831-1876), og tok kår allereie i 1863.  Dei busette seg på kårstykket «Kalmyra», lengst vest på innmarka til garden. Dei flytte også stova si  dit. Ingeborg vart kalla Karoline i 1875-tellinga. Det vart registrert at ho vart blind etter 44 år, altså i  vaksen alder. Lars gifta seg på nytt med Nicoline Jensdotter Langlo(244f) (1834-1919) frå Stranda i  1880. Ho døydde av bronkitt på Borgund Gamleheim.

a) Andreas Raskanus (1862-1862) døydde rett etter fødselen.

b) Ingeborg Martha  Christine ( 1865-1896) gifta seg i 1891 med Peter Daniel Elias Bernts. Aase(4), busett Ålesund.  Han var hamnearbeider. Ho døydde i barselseng.

c) Johan Rasmus  Henrik ( 1867-1868) døydde 1 1/2 år gamal.

Rasmus Elias Hansen Kvasnes(4) (1835-1895) gifta seg 1860, med Johanne Knudsdotter Veibust(5)  (1833-1891). Dei bygsla først farsgarden til Johanne, Hansgarden på Veibust, før dei overlot den til  Johanne sin halvbror, Hans, og tok over Rasmusgarden på Flisneset i 1863. Dei dreiv her til 1886 og  bygde nye hus på bruket. I 1879 var han med på ei redningsbragd utanfor Flisnes, saman med naboen

Lars Andreas Hanson Flisnes(1) og Elias Olsen Flisnes(3). Han fekk ein sølvpokal frå  Kong Oscar II til takk.

a) Hansine Karoline  Andrine ( 1861-1948) gifta seg i 1884 med  Johan Mikael Rasmussen Ødegård, brukar  Framigar, Eikenosøydegard(3).

b) Christine Caroline (1863-1864) døydde 21 veker gamal.

c) Hans Laurits  Karolus ( 1865-1952) tok over bruket.

d) Lisa Laurine  Martha ( 1868-1886) var ugift. Ho døydde 

av «fallesyke».

e) Ingeborg Caroline (1871-1890) var ugift. Ho døydde 

av «fallesyke».

f) (Anna) Jensine (1874-1966) gifta seg i 1908 med Jens Johan Andreas Eikenosødegard(1),  brukar Utigard, Eikenosøydegard(1).

Sonen Hans Laurits Karolus Rasmussen Flisnes(2) (1865-1952) var brukar her frå 1886 til 1924. Han  gifta seg 1887 med Elisa Kristofa Gurine Iversdotter Valderhaug(7) (1865-1923). Dei kjøpte garden,  frå eigar Ole Strøm sitt dødsbu, når dei kom hit i 1886. I 1924 skøytte Hans frå seg garden til sønene.  Han fekk ansvar for drift og tilsyn av fyret på Flisnes, med pussing av linse, etterfylling av parafin og  skifting av brennveke heile vinterhalvåret.

a) Iver Ragnvald  Laurits ( 1888-1960) drog til Winnipeg, 

Canada i 1922. Skogsarbeider og møllearbeider  der. Kom 

heim og døydde hos broren, Arthur, i Eikenosvågen.

b) Inga Gustava (1890-1976) gifta seg i 1925 med Jakob 

Jakobs. Aakernes, brukar Hansgarden,  Flisnes(1).

c) Josefine Karoline (1892-1974) gifta seg i 1920 med

Daniel Oluf Veibust(2), fyrbøtar og brukar  Veibust(12).

d) Ragna (1895-1972) gifta seg i 1919 med Hagbart Julius 

Johan Bernhoft, Meløy,  busett Syvermarka Blindheim. Fiskar 

og mannskap på  lokalbåten «Von», busett på Flisnes 

ved giftermålet. Faren,  Herman, budde på nabobruket 

bnr. 1 Hansgarden på Flisneset  1910, hos kårkona 

Oline Williksd. Flisnes(1).

f) Martha Ingvarda (1897-1978) gifta seg i 1925 med 

Peder Ingjer Jakobs. Aakernes, Flisnes(1),  brukar på 

Utigard, Eikenosøydegard(1) frå 1924. Var p leiedotter hos 

tanta, Anna Jensine Flisnes(2),  Utigard, Eikenosøydegard(1).

f) Rasmus Olaf (1899-1990) tok over bruket saman med  broren.

g) Hans Laurits (1901-1995) tok over bruket saman med broren.

h) Laurits Ingvald (1904-2001) gifta seg i 1945 med Bessie 

May Stewart. Emigrerte til Canada i 1929, og kalla seg

Louie. Sist busett i Keewatin, Canada.

i) Arthur (1906-1984) gifta seg i 1944 med Emma 

Johanna Kvasnes, fødd i Torevågen,  Eikenosvåg(1). Dei 

busette seg på tomt frå denne garden i  Eikenosvågen.

Rasmus Olaf Hansen Flisnes(2) (1899-1990) delte bruket med broren, Hans, i 1939. Han gifta seg  1924, med Brita Sofie Berntsdotter Midtgård(2) (1894-1983) frå Oaldsbygda, Sunnylven. Rasmus  tok også over ansvaret for fyrlykta. Han overlot dette arbeidet til sonesonen, Øyvind Lidvar  Rabbevåg, ca. 1980. På 1990-talet vart det automatisert og då var det ikkje behov for tilsyn meir. I  Rasmus og Brita si tid starta salget av tomter frå garden. dei dreiv bruket til 1973. Foreldra til Brita  døydde på Flisnes i 1946 og 1950.

a) Hans Eiliv (1925-1982) tok over bruket.

b) Asbjørg Reidun (1927-2016) gifta seg i 1952 med 

Olav Hjalmar Rabbevåg, busett Rabben(9).

c) Elisa (f.1930) gifta seg i 1953 med Lars Harald 

Rabbevåg, busett Rabben(14).

d) Jorunn Helga (f.1933) er ugift, busett Flisnes.

e) Bjarne Per (f.1933) tok over seinare.

Sonen Hans Eiliv Flisnes(2) (1925-1982) gifta seg 1968, med Emma Jørgine Temtemoen (f.1927).  Ho vart fødd Bjørhovde. Dei skilde seg 1972 og har ingen born.

Broren Bjarne Per Flisnes(2) (f.1933) tok over som i 1983, og var grunneigar til 2006. Han gifta seg  1965 i Sykkylven, med Oddlin Kjellfrid Tynes(5) (1937-2018) og busette seg på Tynes. Han overlot  bruket til dottera.

a) Amund Lorents (f.1967) gifta seg i 1999 med Tina 

Bjørnevik, busett Tynes, Sykkylven.

b) Brit Reidun (f.1969) 2016 forlova seg med Even 

Idar Blindheim Jensen, busett  Sykkylven.

c) Randi Kristin (f.1970)  budde først i  Skråvika, Flisnes. Flytta 2017  til Blindheim.

d) Oddbjørn (f.1972) gifta seg i 2008 med Kari 

Benestvedt, Karmøy. Busett Kopervik.

e) Sigrid (f.1974) tok over bruket.

Dottera Sigrid Flisnes (f.1974) er dagens grunneigar. Ho gifta seg 2004 med Morgan Bergsnes Jelle  (f.1974) og tok over bruket i 2006. Ho er busett på Flisnes.

a) Andreas (f.2003) er busett på Flisnes.

b) Ingrid (f.2006) er busett på Flisnes.