Dette er den halvdelen som Hans Rasmus Rasmussen Solevågseide (1835-1930) kjøpte 1900. Han vart fødd på Furneset i Sunnylven. Etter ei tid som brukar i Korsedal i Stordalen, bygsla han «Stølane», bnr. 6 ved Eidsbukta og Solavågseidet, under Solavågen i 1884. Seks år seinare kjøpte han Flisholmen saman med Steffen Johannes Ellingsen Kvasnes (f.1845). Steffen hadde sitt opphav i Steffågarden på Emblem. Holmen vart formelt skylddelt i 1924. Då hadde dei seld gardparten Havnevika, bnr. 2 på fastlandet. Hans gifta seg 1883 med Inger Kristine Ingebrigtsdotter Søvik (1843-1888) frå Ørskog. Ho døydde i barselseng på Ålesund Sjukehus, ti dagar etter fødselen, i 1888. Der må ha vore særlege utfordringar, når ho vart frakta dit. Frå kirkeboka kan ein lesa at guten var dødfødd.
Hans Rasmus gifta seg opp att med Berte Johanne Christiane Olsdotter Myrset (1850-1912), frå Sykkylven. Det er grunn til å tru at Flisholmen vart tenkt som slåttemark. På Ragnar Øverlid sine bilde frå 1961, kan ein framleis sjå løa på holmen i god stand. Vegen frå den tidlegare setra, gjennom Vegsundet eller ut Solavågen, var ikkje så lang for ein husmann med behov for meir dyrefor. Andre husmenn på den tida kunne ro heilt frå Hjørundfjorden til Emblem, for å finne ledig bås til dyra sine. Der var også dei som flytta sauene frå Emblemsbygda til Ørskogfjellet, kun for nabofredens skuld. I 1890 fekk dei sonen Ivar Olman, som tok over bruket. Denne parten vart også kalla "Indholm".
Sonen Ivar Olman Hansson Solevågseide (1890-1981) var einearving til farens halvpart av Flisholmen. I følge ein attest, som vart tinglest 1940, kan det kan sjå ut til at han var det einaste bornet som vaks opp også. Han tok også over plassebruket Stølane, bnr. 6 under Solevågseide, og var brukar frå 1911 til 1944. Ivar gifta seg med Elen Andrine Olsdotter Årset (1884-1859) frå Hjørundfjorden. Sommaren 1924 vart det halde skylddeling mellom Ivar og medeigaren, Hans Aakernes på Flisnes. Dei delte holmen i to halvdelar. Løa på holmen vart også delt, slik at Hans fekk den vestlege halvdelen og Ivar den austlege. Det kan bety at begge hadde behov for lagringsplass til høy og at begge slo på holmen. I tillegg tørka dei litt fisk, men laksevarpet ser ikkje ut til å ha vore i drift lenger. Løa stod framleis i 1961. Ivar og Elen fekk sonen Ole i 1920. Han vart neste grunneigar.
Sonen Ole I. Solevågseide (1920-2004) og Borghild Hovde Staurset (1923-1988), frå Vinje, gifta seg 1947. Dei tok 1944 over Stølane, bnr. 6, under Solevågseide. Ole arbeidde som møbelsnikkar. Der var i deira tid framleis slått på Flisholmen. Staden vart også eit populært friluftsområde. Frå 2004 er denne delen av Flisholmen registrert som eigd av borna Inge Kåre Solevågseide (f.1951), Eva Gunvor Solevågseide (f.1953), Odd Birger Solevågseide (f.1955), og Randi B. O. Solevågseide (f.1957) med lik del til kvar. Dei er dagens grunneigarar
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com