Jetmund Puskeset er den første brukaren ein veit om. Han kom kanskje hit i 1590-åra ein gong, og
bygsla Eikenosøygarden frå 1603 til 1633. Jetmund kalla seg «Puskeset» til etternamn og betalte
øydegardskatt, slik ein gjorde på bruk som vart rydda igjen etter Svartedauden. Garden er med andre
ord langt eldre. Den vart rydda under matrikkelgarden Eikenosa, så vi har derfor vald å benytte
gardsnamnet "Eikenosøygarden", i staden for Øygard, eller Øydegard/ Ødegård, for å skille denne
matrikkelgarden frå andre gardar med samme namn. I den gamle bygdeboka frå 1962, vart namnet
Øygard nytta. Det kan sjå ut som om Jetmund brukte heile matrikkelgarden sjølv.
Sonen Lars Jetmundson Puskeset dreiv garden frå 1633 til 1642. Også han betalte øydegardskatt, som faren. Dei som rydda slike øydegardar på nytt, måtte nemleg betale skatt. Ein veit desverre ikkje heilt sikkert kva garden opphaveleg heitte, før 1349, men Puskeset-namnet er i alle fall eldre enn «Øygard»/ Ødegard. Matrikkelgarden vart delt opp i Lars si tid som brukar.
Brukar Lars Jetmundson Puskeset er den samme som brukaren ovanfor. Han sat att med denne
halvdelen etter 1642, og brukte denne gardparten, seinare kalla «Utigard», fram til 1660. I 1658
skatta han for hest, 4 kyr og 3 geiter. Dette var meir enn brukaren på den andre halvdelen hadde,
sjølv om skylda var like stor på begge bruka. Ein kan derfor tenkje seg at Lars fortsette å bruke si
innmark, medan Tormod rydda og dyrka opp sin del frå det som før var utmarka. Ein veit ikkje om
dei delte tunstad, eller om bruka vart liggande med litt avstand frå kvarandre, slik som i dag. Tunet
låg høgare oppe i fjellsida den gongen.
Anders Puskeset dreiv bruket frå 1660 til ca.1690. Han kan ha vore svigersonen til Lars, før han. Sonen Rasmus Anderson Eikenosøygard(1) (ca.1656-1709) tok over etter far sin, og dreiv bruket frå
ca.1690 til 1709. Det kan verke som om der kom ei ny slekt til bruket etter han.
Peder Gundersen Tranvåg? (ca.1670-1715) tente hos fogd Andreas Hanson Møller i Galtevågen på
Sula. Futen likte visst ikkje dette gardsnamnet, og endra det til Birkevåg, seinare kalla Bjørkavågen.
Det er litt usikkert om Peder kom frå Tranvågen, eller kanskje Kvernavågen. I 1701-teljiga er det
namnet «Tranvåg» som er nytta, medan det i kirkeboka ved bryllupet er meir usikkert kva som står
skrive. I tillegg er oppføringa feilplassert mellom forlovingar for åra 1731 til 1733, så folketeljingane
er nok litt meir sikkre. Peder fekk bygsel på Utigard 1709, og var brukar der til han døydde i 1715.
Han vart gift 1708 med Randi Olsdotter (ca.1669-1757). I skiftebuet etter Peder finn ein hest, 2 kyr,
3 kviger 4 geiter, 4 sauer og noko tjøreved. Buet vart taksert til 28 riksdaler, medan gjelda var på 16.
Randi gifta seg opp
a) Ole (ca.1708-1777) er kanskje den første brukaren i Torevågen, Eikenosvåg(1).
Sjå meir som brukaren
der.
b) Gunder (f.ca.1710) var 5 år ved arveskiftet etter faren 1715.
c) Jon (dp.1713) er ikkje nemnd i arveskiftet etter faren 1715.
Enka Randi Olsdotter (ca.1669-1757) gifta seg opp att 1715, med Ole Jonsen Welle? (ca.1660-1754).
Etternamnet «Welle af Ørskog» er truleg feilskreve. Det kan være Valle han kom frå. Dei dreiv
bruket frå 1715 til 1737, før dei overlot Utigard til sonen
a) Peder (dp.1716)
b) Jon (dp.1718-1785) tok over bruket.
Sonen Jon Olson Eikenosøygard(1) (1718-1785) tok over bruket etter foreldra sine. Han vart først
forlova med Marthe Alvsdotter Storsæter (ca.1699-ca.1739) i 1739, men gifta seg 1740 med Berete
Olsdotter Blindheim(2) (dp.1703-1781), for Marthe døydde før bryllupet. Jon hadde dårleg syn, og
valde derfor 1758 å verte husmann på garden, under neste brukar. I 1783 gifta han seg på ny med
Brite Andersdotter Furnes(1) (dp.1756-1830). Jon dreiv bruket frå 1738 til 1758. Brite vart gift opp
att på Stranda med Knud Knudsen Lied(162a) (dp.1760-1847), men dei dreiv ikkje Utigard saman.
Knud er nemnd som brukar på Giskehaug(136), og begge døydde der.
a) Ole (dp.1741) er nemnd i arveskiftet etter faren 1785.
b) N.N. (f.1746) kanskje dødfødd
Jon Larsen (ca.1728-1766) gifta seg med Anna Olsdotter, men ikkje i Borgund prestegjeld. Dei kom
til bruket 1756, og dreiv Utigard til 1762. Det året bytta familien gard med neste brukar,
Morten Johansen Gjerde, og flytta til Reitehaug(II). Dei budde der livet ut.
a) Lars (dp.1756) vart døypt Echenosødegaard, og «introdusert» etter ein månad.
b) Lars (dp.1758) vart døypt Echenosødegaard, og introdusert ca. to månader etter.
c) Birte (ca.1764-1775) døydde på Veibustreiten, 11 år gamal.
Morten Johansen Gjerde (ca.1729-1811) og kona Dorte Pedersdotter Ringdal(3?) (ca.1734-1801)
dreiv bruket berre kort tid, før dei gav seg. Morten vart fødd på Gjørva i Sunnylven. Dei gifta seg
1756, og vart først brukarar på Reitehaug(II) frå 1757, til dei bytte gard med
1208
Jon Larsen og
kom til Utigard. Morten kjøpte så Stadheim(4) i 1766 og flytta dit. Begge er gravlagde på Stadheim.
a) Anders dp.1757-1811 G.m. Anna Olsd. Korsbrekke(Jo) d.e. Anders døydde på
Stadheim. Anna gift på ny 1813 med Christen Christenson
Stadheim, brukar Stadheim(4).
b) Peder (dp.1763) vart gift i 1792 med Anna Olsd. Korsbrekke(Jo) d.y. Ho var lillesøster
til Anna, som broren Anders gifta seg med. Dei dreiv Stadheim
(1790-1801), Spjelkavik(I) (1801-1814), Veibust(5)
(1814-1824), og så Stadheim(4) frå 1825.
c) Johannes (dp.1780-1853) var lensmann på Korsbrekke (Husøy).
Joen Siursen Gytri(2) (f.ca.1730-1785) var tidlegare husmann på Gåsholmen, og kom frå Olden i
Stryn. Han vart gift 1767 med Siri Arnesdotter Sunde(6) (1743-1787). Dei flytte vidare til Humlekalven
1781 og budde der resten av livet.
a) Knud (dp.1767-1767) døydde 12 dagar gamal.
b) Siver (dp.1768-1832) var kanskje tenar på Blindheim(2) ei tid. Ho døydde i Djupvika.
c) Anne (1771-1771) døydde 7 dagar gamal.
d) Arne (dp.1772-1821) 1797 gifta seg med Ragnille Hansd. Skjong(6), brukar Skjong(6). Han
omkom på havet.
e) Morten (dp.1775-1827) gifta seg i 1805 med Anne Erichsdotter, Haram. Han døydde på
Longvanes, og ho på «Langvedstølen».
f) Ole (dp.1778-1779) døydde 1 1/2 år gamal.
g) Iver Olaus (dp.1780-1825) var dreng på Skjong når han døydde.
Jens Rasmussen Finnes(3) (dp.1747-1818) vart brukar 1790. Han gifta seg i 1780 med Ragnhild
Jonsdotter Kvistad(7) (dp.1741-1801). Ho vart omlag 60 år gamal. På den tida hadde dei hest, 5 kyr,
2 kviger, 3 geiter og 2 sauer. Jens flytte 1802 til Hatlehol Indre, og overlot Utigard til svigersonen.
Han gifta seg opp att 1803 med Sylvie Andersdotter Veibust(1) (dp.1769-1818). Sjå brukar der.
a) Birte (dp.1780-1821) tok over bruket.
b) Synneve (1801-ca.1801) var Sylvie si dotter med Hans Ivers. Høgh, Vegsund.
c) Jens Severin (dp.1805-1878) gifta seg i 1831 med Charlotte Marie Pedersd. Sunde(5). Husmannsfolk ved
bryllupet, og brukar Finnvik, Grytebust(6), Ellingsøya.
d) Ragnhild Katrina Laurentze (1810-1812) døydde 2 1/4 år gamal.
Svigersonen Anders Anderson Tørlen(1) (dp.1782-1845) var brukar frå 1802 til 1841. Han hadde
gifta seg i 1802 med jordajenta Birte Jensdotter Eikenosøygard(1) (1780-1821). Skiftebuet etter henne
hadde eit overskot på om lag 150 speciedaler, så dei gjorde det godt. Anders gifta seg på nytt med
Pauline Olsdotter. Ein veit ikkje kvar ho kom ifrå. Kring 1822 gifta han seg opp att med Pouline
Olsdotter Rot(1) (1793-1839), frå Vartdal. Dei tok kår hos sonen.
a) Ragnild Johanne (dp.1803) gifta seg i 1857 med Magnus Brethanus Henrikson Spjelkavik(3),
bødtker i Kipervika, Ålesund. Birte fekk i 1832 dottera Anne
Dorthea med matros Knud Pedersen, nemnd på Jangaard.
b) Raphael Andreas (dp.1805) er nemnd i arveskiftet etter faren 1846.
c) Rasmus (dp.1809-1811) døydde 1 1/2 år gamal.
d) Birte Marie (dp.1812) gifta seg i 1840 med enkemann Johan Johnsen frå Madsneset, Molde.
e) Lars Andreas (dp.1815-1815) døydde 16 veker gamal.
f) Jens Christian (1816-1882) tok over bruket.
g) Elias (1819-1855) gifta seg i 1849 med enke Oline Petrine Kristine Arnesd. Gåseidnes(2),
brukar Vik(3).
h) Johannes Andreas (1823-1861) gifta seg i 1848 med Fredriche Elisabet Petriche Knudsd. Nedregård
(lnr.56), brukar Djuphamn. Ho døydde etter 8 år som spedalsk.
i) Ole Cornelius (f.1824). Meir veit ein ikkje om han.
j) Carolus Johannes
Britanus (
1834-1887) gifta seg i 1869 med Marie Jørgensd. Erdal. Dei møttes då han var bakersvenn
hos Jacob Methlie, Ålesund. Ho tente der. Han var
bakar, nemnd Halkjelsvik(125) i Volda. Dei levde livet ut i Volda.
Sonen Jens Christian Anderson Eikenosøydegard(1) (1816-1882) tok over bruket 1841, og dreiv det
fram til 1873. Han gifta seg 1841 med Johanne Elisabeth Marie Jensdotter Roald(17) (1815-1870).
Det var dei som sette opp den gule stova, som framleis står på gamletunet til Utigard. Jens bygde
også ei kårstove på Bjørkavollen. Det var kanskje nærmare 1873. I 1865-teljinga kan ein sjå at
omgangskulelærer Knud Andreas Karlson Furseth(172b), frå Stranda, budde der ei tid, før han gifta
seg og fekk kjøpt nok jord til å etablere småbruket Nybø(4), kalla Fursetgarden på folkemunne. Han
var storebror til Iver
«Kjøt-Iver» Furseth på Skorene og Eikenosa. Iver var også grunneigar
i
Torevågen ei tid.
a) Bærnt Elias Britanus (f.1841)
b) (Johan) Andreas Kornelius (1844-1907) tok over bruket.
c) Johan Arent Olaus (1848-1921) gifta seg i 1876 med Nicoline Severine Marie Gundersd. Olsvikfeta(1),
brukar Olsvikfeta(1).
Sonen (Johan) Andreas Kornelius Jensen Eikenosøydegard(1) (1844-1907) dreiv Utigard frå 1873 til
han døydde 1907. Han gifta seg 1872 med Petrine Jacobine Iverdotter Valderhaug(7) (f.1849-1921).
Det vert registrert at ho heitte Gamlemshaug ved giftermålet, men ho budde der truleg berre som
tenestejente hos bestefaren, Gunder Christensen, som var enkemann i «Gunnargarden». Andreas og
Petrine vart første sjølveigarane i 1873. Dei overlot bruket til sonen. Petrine si søster, Elise Kristofa
Gurine, gifta seg med brukar
i Rasmusgarden, bruk nummer 2 på Flisneset.
a) Jens Johan (1873-1944) tok over bruket.
b) Iver Ragnvald
Johan (1881-1962) fekk delt frå Bjørkavollen, Eikenosøydegard(4). Sjå meir om han der .
Jens Johan Andreasson (1873-1944) tok over bruket 1909. Han gifta seg i 1908 med (Anna)
Jensine Rasmusdotter Flisnes(2) (1874-1966). I deira tid vart den nederste gardparten, Bjørkavollen
bnr. 4, delt frå til Jens sin bror, Iver. Han flytte inn i kårstova, som bestefaren
Jens hadde bygd
der, og tok seinare namnet «Bjørkavoll». Jens og Jensine fekk ingen born, men tok til seg pleieborn i
staden.
a) Martha Ingvarda
Hansd. Flisnes(2) (1897-1978) var pleiedotter. Ho var søsterdottera til Jensine. Tok over bruket.
b) Gudrun Emide
Scharlotte (1902-1978) gifta seg i 1941 med Klaus Bendiksen Lien, busett Bø i Hyllestad, Sogn og Fjordane. Halvsøster til Sverre under. Pleiedotter fødd i Narvik. Mor er Eline Marie Pedersen, født Finnsæter og døypt i Hadsel.
c) Sverre (Hannibal) 1906-1982 var pleieson og halvbror til Gudrun over. Fekk delt frå eit
småbruk, Eikenosøygard(5) som arv. Sjå meir om han som brukar på bnr. 5 Elvestad.
Svigersonen Peder Indjer Aakernes (1894-1981) er født på Inste Åkerneset i Sunnylven, og
seinare busett i Hansgarden på Flisnes(1). Han gifta seg 1925 med
Martha Hansdotter Flisnes(2) (1897-
1978). Dei fekk skøyte på Utigard 1924, og var framleis grunneigarar i 1962. Peder bygde seg nytt
bustadhus på garden.
a) Elida Haldis (1926-2018) tok over bruket.
b) Johanne (1929-2016) var busett på bruket.
Svigersonen Edvin Karl Vegsund(5) (1919-2008) var englandsfarar. Han vart mellom anna utsatt for
torpedering, og var lenge i land for rekreasjon etterpå. Han gifta seg 1952 med Elida Haldis
Aakernes (1926-2018), Eikenosøydegard(1). Han var fiskar med eigen båt til seint på 1960-talet. Det
var ein ganske stor fiskebåt på omlag 60 fot. Edvin arbeidde på Ødegård Karosseri, etter at han gav
seg med fisket. Edvin kjøpte også den gamle snekkerverkstaden til Ødegård Karosseri, på Framigar,
Eikenosøydegard(3).
a) Solveig (f.1954) gifta seg i 1980 med Arne Hilmar Einang frå Hatlane, busett på Bjørkavollen,
som tidlegare var skilt ut frå Utigard.
b) Per Malvin (f.1958) gifta seg i 1984 med Berit Gjørvad Hagen frå Ellingsøy. Dei er busett på Årseth på
Ellingsøya.
c) Anita Katrin (f.1959) tok over bruket.
d) Erling (1961-1961) døydde 9 månadar gamal.
Svigersonen Jostein Arne Aklestad(6) (f.1961), frå Hjørundfjorden, gifta seg 1990 med Anita Katrin
Vegsund (f.1959). Dei og tok over Utigard i november 1999, og er dagens grunneigarar.
a) Elise (f.1991). Ugift, busett i Ålesund.
b) Sigmund (f.1993)
. Ugift, busett i Ålesund.
c) Marianne (f.1995) gifta seg i 2017 med Øystein Sætre Hovden. Dei er busett i Ørsta.