Tormod fekk delt frå denne halvdelen, som eit eige bruk ca.1642. Framigar og Utigard hadde då lik
skyld, men dette bruket kan ha vorte etablert på udyrka mark, sidan neste brukar hadde færre dyr enn
dei hadde på Utigard.
Ole Jonsen (f.1615) betalte i 1658 skatt for 2 kyr og 2 geiter. Hest hadde han ikkje, i motsetning til
naboen Lars på Utigard, som hadde både hest, 4 kyr og 3 geiter. Det kan vere grunn til å tru at Ole
derfor hadde mindre fôr og at han kanskje måtte rydde Framigar frå utmarka.
Erich Knudson Emblem (6+7) (ca.1656-1723) var brukar frå 1690 til 1723. Han gifta seg med
enka Martha Larsdotter (ca.1644-1715). I 1716 forlova han seg med Brithe Aamundsdotter, og dei
fekk minst to born saman.
a) N.N. (f.1718) vart «introdusert» av Brithe i april.
b) Knud (dp.1722-1743) døydde 21 år gamal.
Siur Jonson Rødsethatlen(1+2) (ca.1690-1752) gifta seg 1716, med Ragnhild Olsdotter (1692-1763).
Ho er nemnd som fadder for naboen, Lars Pederson Furholm, sin tvillingson i 1746. Meir veit ein
ikkje om dei.
a) Jens (dp.1717-
1786?) vart kanskje gift i Auregarden med Anne Ingebrigtsd. Emblem(9). Ved forlovelsen 1736, er ho nemnd som «besovet».
b) Ole (dp.1720-1720) døydde 15 veker gamal.
c) Anne (dp.1721-178) tok over bruket.
d) N.N (f.1724)
e) Magnille (dp.1731-1768) gifta seg i 1767 med enkemann Peder Olsen Eikenosvåg(1), brukar
Eikenosvågen(1).
Svigersonen Halvar Jakobsen Emblemsvåg(5) (dp.1725-1797) gifta seg 1748, med jordajenta
Anne Sjursd. Eikenosøydegard(3) (dp.1721-1789). Ho hadde då vore tenar og fadder hos broren,
Jens, i Auregarden, Emblem(9) i 1741. Sonen, Halvor, vart seinare brukar i Knutgarden i
Emblemsvågen. Dei tok over garden 1752, etter at far til Anne døydde og dreiv den til 1779. Det var
meininga at dei skulle gje kår til Anne si mor, Ragnhild, men det vart så lite at ho måtte gå over på
legd i staden. Halvar kjøpte bruket, og vart sjølveigar i 1771. Han skøytte over på sonen 1779.
a) Ragnille (dp.1749) gifta seg først i 1779 med enkemann Joen Knudson Barstad(4), Vartdal. Så gifta ho seg på nyy med
Absalon Jons. Vereide, Nordfjord. Begge gongar var ho brukar på
Barstad(4).
b) Randi (dp.1751)
c) Siver (dp.1752-1779) døydde 27 1/2 år gamal.
d) Siri (dp.1754-1755) døydde 13 veker gamal.
e) Jacob (dp.1756-1820) tok over bruket.
f) Rasmus (dp.1758)
g) Anne (dp.1761)
h) Halvor (dp.1763-1818) gifta seg i 1788 med Synneve Nilsd. Valderhaug(33). Dei var brukara i
Knutgarden i Emblemsvågen.
Sonen Jakob Halvorson Eikenosøygard(3) (dp.1756-1820) dreiv garden frå 1780 til 1807. Han vart
gift med Birthe Rasmusdotter Spjelkavikgjerde(5) (dp.1758) 1780. Meir veit ein ikkje om dei.
a) Paal-Sivert (1780-1822) tok over bruket.
b) Andreas (1783-1783) døydde 14 dagar gamal.
c) Anne (1784-1838) gifta seg i 1807 med Halsten Rasmuss. Eikenos. Dei var brukara på Eikenosa.
d) Rasmus (1787-1797) døydde 11 år gamal.
e) Maria (1791-1878) gifta seg i 1827 med Rasmus Jonson Roald(4+5). Dei var brukara på
Valderhaug(13).
f) Halvar J. (dp.1794-1869) vart seinare brukar i Framigard.
g) Ragnhild (1797-1870) gifta seg i 1823 med enkem. Johannes Torbjørnson Godø(16). Dei vart brukara på
Valderhaugstrand(8).
h) Rasmus (1803-1809) døydde 6 år gamal.
Sonen Paal-Sivert Jacobsen Eikenosøydegard(3) (dp.1780-1822) gifta seg 1807, med Birthe-Olava
Paalsdotter Vasstrand(2). (dp.1772-1838). Dei dreiv bruket frå 1807 til 1813. Då måtte dei selge, og
flytte derfor til Hatlehol Ytre, Hatlehol(3). Sjå meir om dei der. Ny sjølveigar på garden var først
brukar
i 1910. Dei fekk truleg ingen born.
Sonen Halvar Jakobsen Eikenosøydegard(3) (dp.1794-1869) var brukar frå 1814 til 1828. Han gifta
seg 1815 med Eli Jesperine Paulsdotter Eidem(7) (ca.1780-1851), som var søster til
John
Paavelson Eidem(7) i Olevågen, Eikenosvåg(2). I 1852 gifta han seg på nytt med enke Anna Nilsdotter
Spjelkaviknes(1) (1795-1856). Ho vart opphaveleg døypt Lien i Jostedalen. 1858 gifta han seg
for tredje gong, med enka Anne Dorthe Hansdotter Bjørkavåg(9) (dp.1806-1890). I 1828 fekk han eit
lite stykke i utmarka og rett til å opprette ein liten plass der. Det var truleg ein midlertidig kårplass,
som ikkje fekk formelt namn, eller plasseseddel, men vart kalla «Hallvardplassen» på folkemunne.
Den låg nedanfor dagens gardstun, der
Olav Kåre Ødegård bygde seg hus, langt seinare. Den
har i dag gateadressa Puskhola 15. Det vert fortalt at
Hansine gjekk ned dit med mat til
Oline. Det må i så fall ha vore medan Hansine var tjenestejente på garden, og truleg i Oline sine siste
leveår. Ho hadde nemleg kår på både Blindheim og Framigar. Det er mogeleg at ho budde på
Hallvarplassen i husa etter Hallvard, som truleg vart lagt ned når han døydde i 1869. Husa vart
kanskje ståande att og busett igjen på slutten av 1870-talet. Huset skal seinare ha vorte flytta ned i
Ramsvika, medan barnebarnet til Oline dreiv bruket der. Løa var meir som eit lite skur å rekne. Det
står framleis på den tidlegare plassen. Hallvardplassen er ikkje nemnd med namn i nokon skriftlege
tinglyste kjelder. Den har derfor tidlegare vorte forveksla med bnr. 2 Ramsvika.
a) Berndt Andreas (1816-1880) tok over i Ramsvika. Sjå meir om han der.
b) Anne Petrine
Olava (1818-1904) gifta seg først i 1846 med (Peter) Berndt Lars. Giskeødegård(2). I 1866 gifta ho seg på nytt med
Paul Frederik Elias Peters. Engeset(1). Han var brukar på
Slotsvik(6).
Johannes Rasmusson Nøsdal (dp.1797-1849), frå Eid i Nordfjord, gifta seg 1826 med Oline
Michelsdotter Slettevold (dp.1804-1880), fødd på Eid i Nordfjord. Dei kom til Sunnmøre det samme
året og var kanskje tenestefolk, før dei tok over bygsel på bruket frå 1829 til 1850. Oline gifta seg
opp att 1854, med enkemann Peder Annanias Pederson Humlen(1) (dp.1798-1883), brukar
Blindheim(2). Det vert fortalt at ho budde på «Hallvardplassen», mellom Framigar og dagens bilveg,
der
bygde seg hus seinare. Det er mogeleg at Peder også budde der ei tid.
Hansine
Flisnes(2) var då tjenestejente på bruket, og skal ha gått ned med mat til Oline. Huset vart etter 1881
flytta ned i Ramsvika. Løa står framleis att på sin opprinnelege plass. Det har ikkje vore mogeleg å
finne Hallvardplassen i skriftlege kjelder, så det kan ha vore eit kårbruk.
a) Rasmus Andreas
Brethanus (1826-1919 )tok over bruket.
b) Anne Martha (1829-1831) døydde 2 1/2 år gamal.
c) Berndt Andreas
Martines (1832-1870) var ungkar, busett på Buholmstranda ved Ålesund.
Sonen Rasmus Andreas Brethanus Johannesen Eikenos-øydegard(3) (1826-1919) vart fødd på garden.
Han gifta seg 1852 med Ingeborg Caroline Larsdotter Blindheims-nes(3) (1831-1901). Dei dreiv
garden frå 1850 til 1883.
a) Johan Mikael (1853-1940) tok over bruket.
b) Lars Carolus (1856-1927) gifta seg i 1879 med Maria Birgitte Martinusd.
Sonen Johan Mikael Rasmussen Ødegaard (1853-1940) gifta seg 1884, med Hansine Caroline
Andrine Rasmusdotter Flisnes(2) (1861-1948). Ho var opphaveleg fødd på Veibust, og hadde vore
tenar på garden. Hansine var eigentleg forlova med bror til Johan, Ole, men han døydde i 1881. Ho
fortsette som tenar på garden, til ho gifta seg med Johan 1884. Han skøytte frå seg bruket til sonen i
1938.
a) Ole Laurits Gustav (1887-1971) tok over bruket.
b) Rasmus Ingvald (1895-1962) gifta seg først i 1928 med servitør Solveig Nilsen. Han gifta seg på nytt i 1939 med Evelyn
Hoel, og ein tredje gong i 1956 med kokke Marie Kristiansen. Han var
murarmeister, busett i Oslo. Rasmus fekk ingen born.
Sonen Ole Laurits Gustav Johanson Ødegård(3) (1887-1971), gifta seg 1917, med Karoline
Ragna Knutsdotter Magerholmdal (1888-1981). Foreldra til Karoline flytte dit 1927, når Daleplassen
i Magerholmdalen vart lagd ned. Faren, «Dale-Knut», hadde nemleg vore sjuk vinteren før og Petrine
nekta å bu ein vinter til der oppe. Knut fekk disponere eit kammers i stova si oppe i
Magerholmdalen, når han besøkte dalen, og han slo «nybrøtet» ovanfor Daleplassen, som han hadde
kjøpt. Ole tok utdanning som treskjerar i Volda 1906. I 1910 bygde han ei vassdreven sag saman
med Jens på Utigard. Saga fekk motordrift i 1936. Han starta sin eigen snekkerverkstad 1912, som
fekk stasjonærmotor 1922, og elektromotor før 1930. Det skal visst ha vore den første
snekkerverkstaden i Borgund. Ole satsa hovudsakleg på produksjon av vognhjul i ulike varianter,
men bygde også snikkarbenkar til skular på heile Sunnmøre. I tillegg bygde han likkister, vindauge,
dører og nokre møblar. I 1920 bygde dei ny løe på bruket, og Ole arbeide på 1920-talet som snikkar
hos Oscar Rørhus i Ålesund. Mange bilar hadde på den tida karosserirammer av tre. Hos Rørhus fekk
han dermed lære seg karosseriarbeid også. I 1930 utvida han verkstaden sin i Puskhola, og satsa no
på karosseri. Det vart nokre varebilar, og bakdører på den første bussen til Emblemsbygda Billag. I
1933 bygde han sin første buss for «Olsvikruta». No fekk verkstaden namnet «Ole J. Ødegaarden
karosseriverksted, Emblem». Alt saman vart etablert på heimgarden, men det hadde ikkje vore
mogeleg utan familien. Det var Karoline, sonen Knut, og dottera, Anna Ragna, som dreiv garden,
medan Johan, dreiv verkstad saman med faren. I tidleg ungdom var Petra og Helga også med på
gardsarbeidet, før dei flytta heimanfrå. Knut var dreng på garden i 5 år, før han fekk begynne på
realskulen. Seinare vart det 5 år på NTH i Trondheim, men alle ferier vart framleis nytta til å hjelpe
til på garden heime. Karoline og Ole overlot Framigar til odelsonen Johan Henry i 1967.
a) Johan Henry (1917-2010) tok over bruket.
b) Anna Ragna (1919-2018) gifta seg i 1949 med Karl Johan Vegsundrabb(2), brukar Rabben(2).
c) Petra Kalla (1920-2010) gifta seg i 1945 med Knut Storlykken, busett Spjelkavik.
d) Helga Johanne (1922-1923) døydde i sitt første leveår.
e) Knut (f.1923) gifta seg i 1951 med Ingrid Lundanes, busett Trondheim.
f) Helga Johanne (1926-1977) gifta seg i 1959 med Odd Ørbeck (1920-1985), lakkerar hos
svigerfaren. Brukar Antonesgarden, Emblemsvåg(5).
g) Olaf Kåre (1931-1931) døydde 13 dagar gamal.
Sonen Johan Henry Ødegård(3) (1917-2010) tok over karosseriverkstaden etter far sin i 1941, og
bygde ny verkstad nede ved bilvegen, like etter krigen. Faren dreiv Framigar vidare til 1967. Johan
tok over garden det året, og var grunneigar til 1994. Han gifta seg med Norunn Hatlø (1918-2013),
frå Ulsteinvik. Firmanamnet vart endra til først «Ødegård Karosserifabrikk», og seinare korta videre
ned til kun «Ødegård Karosseri a/s». Garden vart ei tid forpakta vekk til Ottar Rødseth.
a) Turid (f.1944) gifta seg først i 1966 med Knut Arve Karlsen. Ho gifta seg på nytt med Stein Brendholen, og er busett i Moss.
b) Olav Kåre (f.1946) gifta seg i 1972 med Sølvi Karin Kjerstad. Han selde nyleg grde og dei er no busett i Ålesund.
c) Øystein (f.1951) gifta seg i 1978 med (Inger) Anita Flisnes. Dei er busette ved garden. Han starta
«Ødegård Bil a/s», med sal av nye og brukte bilar, i samme
bygg som Ødegård Karosseri i Puskhola.
d) Egil (1955-1969) omkom i ei traktorulykke.
Sonen Olav Kåre Ødegård (f.1946) tok over bruket 1994, og var grunneigar til 2011. Han gifta seg
med Sølvi Karin Kjerstad. Dei selde garden til Planor Bolig a/s i 2013, og flytta til Ålesund 2012.
Neste brukar kjøpte resten av garden.
a) Jon Olav (f.1973) gifta seg i 2000 med Inger Lise Almås, Stordal, busett Ålesund.
b) Bente (f.1975) er busett i Oslo.
Bernt Endre Ramsvik (f.1975) kjøpte Framigar 2011. Han vaks opp på Vestrem, Østrem(6), der
onkelen
Knut Ramsvik er dagens grunneigar. Bernt flytta saman med mora,
Berit Karin
Ramsvik, til Ramsvika i 1985 og starta på den nybygde Flisnes Skule. Han gifta seg 2003 med
Renate Fiskerstrand (f.1973) frå Veibust. Dei er dagens grunneigarar på bruket. Bernt slektar til så og
seie alle dei tidlegare brukarane i Ramsvika, og kan føre slekta si videre attende til
Halvar
Jakobsen Eikenosøydegard(3) (dp.1794-1869) på Framigar. Slektsgreina har med andre ord vore
brukarar på denne garden sidan første halvdel av 1700-talet. Oldefaren,
Hans Gabriel Ramsvik,
bygde uthuset og løa på Framigar. Bernt Endre har i seinare tid restaurert bygningane av skog som er
tatt ned på bruket. Han tok også over naustet i Ramsvika. Det stod tidlegare på Stordalsholmen, og er
framleis i bruk. Hovudhuset på Framigar var i for dårleg stand til å verte restaurert. Det vart derfor
erstatta av eit nybygd hus.
a) Lars Andre (f.1994) er Renate sin son med tidl. sambuar Gunnar Lars Engkrog.
b) Karen (f.2002)
c) Endre (f.2005)