Jon sat att med halve garden og betalte 1658 skatt for hest, 4 kyr og sau. I 1661 sat enka igjen med
jorda heilt fram til 1666. Det er usikkert om ho hadde tjenestefolk, eller borna til å hjelpe seg.
Det er usikkert korleis rekkefølgen på brukarane utover 1600-talet var. Truleg var det Nils
(f.ca.1596) som var neste brukaren i Hansgarden. 1666 var han 70 år og døydde nokre få år seinare.
Tredje brukeren kan ha vore Bjørn, som etter kvart vart kiper i Vegsund 1701. Ein kan undre seg
over om der kan ha vore slektskap til
Bjørn Olsen Flisholm, som nokre tiår seinare vart kiper på
Flisholmen. Der er i alle fall forbindelse til
Hans, etter han. Bjørn var nemleg fadder til dottera i
1701.
Hans Tostensen (f.ca.1651) kan vere frå Kirkestein i Ørskog. Han bygsla Hansgarden kring 1690. I
arveskiftet etter den første kona, Randi Larsdotter (ca.1662-1706), er det nemnd at dei hadde ein liten
hest, 4 vaksne kyr, ungkalv, 3 sauer og 3 geiter. Hans gifta seg på nytt i 1707 med
Brite
Ingebrigtsdotter Flisnes(2) (f.ca.1670). Ho kom frå Rasmusgarden på Flisnes. Dei flytta truleg frå
Flisnes.
a) Hans (f.ca.1695) er nemnd i arveskiftet 1707.
b) Lars (ca.1697-1705) døydde 9 år gamal på Flisnes.
c) Tosten (dp.1699) er ikkje nemnd i arveskiftet 1707.
d) Giertrud (dp.1701-1764) gifta seg i 1747 med Ludvig Peders. Dyngen. Dei er gravlagt på Hundsvær.
e) Synneved (dp.1704-1767) gifta seg i 1737 med Ingebrigt Anders. Kobbervik, busett som husmenn i
Ålesund. Dottera,
Anne, gift til Furholm.
f) Ingebret (dp.1710-1777) tok over bruket.
Sonen Ingebret Hansen Flisnes(1) (dp.1710-1777) var brukar frå 1732 til 1768. Han var den einaste
sonen til Brite, og gifta seg 1732 med Gunnhild Pedersdotter Ekroll(I,3) (ca.1703-1779) på Vatne.
a) Ole (dp.1733-1804) gifta seg i 1759 med Brithe Rasmusd. Østrem(2) frå Larsgarden.
Var brukar
der.
b) Marthe (dp.1736) gifta seg i 1755 med Iver Ols. Godø(15), brukar Godø(15).
c) Birthe (dp.1739-1816) gifta seg i 1761 med Ole Knuds. Fiskergård(1), brukar Fiskergård(1).
d) Knud (dp.1742)
a) Hans (dp.1745) tok over bruket.
Sonen Hans Ingebrigtsen Flisnes(1) (dp.1745-d.e.1814) bygsla bruket i 1765, men tok over først i
1768, når han gifta seg med Guri Amundsdotter Sorte(1) (dp.1747-1814), frå Skodje. Dei fekk
kongeleg bevilgning til ekteskap i 1768, fordi dei var beslekta i tredje ledd. Mormora til Hans var
søster til Guri sin morfar, og frå bruksnummer 2 på garden Sorte. Guri sin far kom frå bruk nummer
1 på Sorte. Hans dreiv bruket til 1807 og døydde ein gong etter 1814.
a) Son (1771-1771) døydde 1 dag gamal.
b) Ingebrigt (1774-1835) vart først gift i 1807 med Birthe Toresd. Nøre-Vartdal(7). Han gifta seg på ny i 1815 med
Gjertrud Larsd. Øyra(Y), Hjørundfjord. Var omgongskulelærar.
Sjå også
Vågaplassen, Emblemsvåg(7),
Furholm, Eikenosvåg(3) og
Tryggeset,
Nedregotten(6).
c) Amund (dp.1777-1838) tok over bruket.
d) Knut (dp.1780) gifte seg i 1809 med Inger Larsd. Nedregotten(5), brukar
Sirigarden, Nedregotten(3). Han døydde truleg før 1865, ein
stad utanfor Borgund.
e) Lars (dp.1783) er nemnd i 1803.
f) Elias (dp.1790-1821) døydde 27 år gamal.
g) Hans (1794-1821) omkom på sjøen. Er omtala som «elev».
Sonen Amund Hansen Flisnes(1) (dp.1777-1838) var brukar frå 1807 til han døydde 1838. Han gifta
seg 1814 med
Catharina Olsdotter Emblem(8) (dp.1790-1863) frå Ebbegarden. Dei kjøpte
bruket for 100 riksdaler i 1807 og vart dermed første sjølveigarane på garden. Dei hadde 4 kyr, 3
ungfe, sau og geit. Han delte hest med
Ananias Rasmussen Eikenos(IIb), som vart brukar i
Rasmusgarden, Flisnes(2), det samme året. 1828 måtte han skøyte bruket frå seg igjen til Sjur
Larsson Grepstad frå Sykkylven, og vart bygselsmann i staden.
a) Hans (1815-1885) tok over bruket.
b) Ole Gulick
Brethanus (
1818-1898) gifte seg først i 1842 med pige Oline Johanne Paulsd. Solnørdal. Han var
matros, busett på Giske. Oline hadde dottera Endte Marie med
Ingebrigt. Ellings Flisholm(1). I 1863 gifta han seg på ny med Ingebor
Stenersd. Saltbønes, Tingvoll. Fortsatt var han brukar på Giske(1).
c) (Peder) Elias (1821-1848) tok over naboplassen Skråvika, Flisnes(3), og var brukar der i 1847.
Sonen Hans Amundson Flisnes(1) (1815-1885) var brukar frå 1840 til 1877. Han gifta seg i 1840
med (Halfri) Alfri Ellingsdotter Tandstad(4) (1807-1847). Hans gifta seg på nytt i 1849, med (Eline)
Hellene Petrine Olava Madsdotter Vasstrand(lnr.65) (1821-1905). Han hadde budd ei kort tid på
husmannsplassen «Skråvika», kalla «Flisnesstrand», før han tok over farsgarden. Plassen var underlagt
dette bruket. Broren Elling Amundsen fekk festekontrakt i Skråvika, datert 1847. Sjå meir om
han der.
a) Anne Birgitte
Siverine (
1840-1928) gifta seg i 1871 med Joachim Martinus Ols. Blomvigrab, brukar
Blomvikrabben(3).
b) Peder Elias (f.1843) gifta seg i 1900 med dagarbeider Helene Johanne Spjelkavik, busett i
Ålesund frå 1877 etter fire år på Flisnes. Han var fiskar.
c) Peter Elias (f.1846) gifta seg i 1873 med Katrine Johanne Eline Henningsd. Moegaard,
busett Ålesund. Sonen Karl Bernhard vaks opp som pleieson
hos tanta på Blomvikabben(3) og i Blomvika. Han tok
etternamnet Blomvik.
d) Anne Dortea
Iverine (
1847-1847) døydde 3 månader gamal.
e) Lars Andreas
Karolus (
1850-1902) tok over bruket.
f) Maria Elisabeth (1853-1892) var ugift legdslem. Ho døydde på heimgarden av magesjukdom.
g) Thommasine
Martha Cornelia (
1857-1932) var ugift. Er nemnd som fattigunderstøtta, og busett på heimegarden i
1910. Ho hadde vore lægdslem i Ramsvika 1900 og døydde på
Borgund Gamleheim.
Sonen Lars Andreas Karolus Hansson Flisnes(1) (1850-1902) gifta seg 1878, med Ingeborg
Marie Karoline Olsdotter Emblem(1) (1849-1891), frå Negarden. Ho hadde fått bygsel på bruket 20.
desember 1877. Han gifta seg opp att 1899 med Oline Tomasine Williksdotter Bjørkavåg(6) (1851-
1943). Oline kjøpte garden frå Ludvig Daae på Solnør i 1904. Han hadde fått Hansgarden, Flisnes(1),
i makeskifte med den tidlegare eigaren, Sjur Grepstad. Ho skøytte garden vidare til stesonen og fekk
kårkrava sine på bnr 5 og bnr. 6 tinglest 1914. I tillegg fekk ho kårkontrakt frå sonen 1918. I 1879
var han med på ei redningsbragd utanfor Flisnes, saman med naboane
Rasmus Hansson
Flisnes(2) og
Elias Olson Flisnes (3). Han fekk ein sølvpokal frå Kong Oscar II til takk.
a) Agnete Helene (1879-1905) var ugift. Ho døydde av tæring som tjenestejente i Ålesund 1900.
b) Hansine Oline
Birgitte (
1881-1961) er gravlagd i Ålesund.
c) Oline Marie
Karoline (
1883-1972) drog til Amerika, men kom attende etter børskrakket i 1929.
d) Hans Fredrik
Kornelius (
f.1886) gifta seg med Alma Johnson. Han drog til Amerika og Dakota i 1903. Der kalla han seg
Hans Larson
e) Ole Adolf Larsen (f.1888) gifte seg med Beret Peterd. Flydal frå Sykkylven. Dei emigrerte til USA. Var
fruktdyrker i Cashmere, Washington, på 1950-talet. Kalla seg
Ole og Beret Larsson. Dei besøkte heimlandet i 1948. Ho var
søster til l
ærer Lars Flydal på Ytrebø, Østrem(5).
f) Ingvald Laurits (1891-1981) tok over bruket.
Sonen Ingvald Laurits Larsen Flisnes(1) (1891-1981) tok over bruket, men var lærar og seinare
rektor på Aspøy skule i Ålesund. Han selde derfor garden vidare til neste brukar. Ein av elevane på
Aspøya frå Ingvald si tid som rektor, fortel at elevane hadde sin eigen song om lærarane. Strofene
var ikkje lange. Om Ingvald vart det fortalt at han gjekk i djupe tankar. Ingvald gifta seg 1916 med
Tora Mjaaland (1892-1979) og busette seg i Grensegata i Ålesund. 1942 fekk han skøyte på
hyttetomta Fjordgløtt II, av
Jakob Aakernes. Han eigde også bnr. 7 og bnr. 14, som var eit
småbruk, skilt ut frå farsgarden på Flisnes, før salget i 1918. Her bygde han seg hus og
driftsbygningar. Husa vart flittig brukt i feriane. Han var ein habil fiolinist og det vert spøkfullt sagt
at det var svært nyttig for borna å kunne spele fele når han vart rektor. Det første skuleorkesteret var
på 30 elevar. I starten hadde dei øvingar på rektors kontor frå hausten 1954. I 1956 hadde
medlemstallet auka til 130. I 1927 vart han dirigent for avholdsforeninga sitt kor, «Lysglimt», og han
var mangeårig dirigent ved ei rekke høve. I tillegg var han ei tid formann i Ålesund Symfoniorkester.
Ingvald vart i 1962 invitert som festtalar ved 17. mai feiringa på Emblem skule. I avisa, «Dagen»,
kan ein lese at han sette ny rekord når hadde han i to timar «fengsla tilhøyrarane med ein spirituell
tale for Emblemsbygda». Småbruket «Kveldsro» vart tatt over av sonen Leiv Gustav Flisnes.
a) Ingebjørg (1918-2006) gifta seg i 1940 med lastebilsjåfør Reidar Ellingsen, busett Botne i
Vestfold. Ho starta skobutikk i Holmestrand 1970. Overdrog
gnr.13 bnr 154 til Sissel Nilsen og Turid Kristiansen 2006.
b) Erling (1919-1934) omkom under bading ved Skråvika på Flisnes.
c) Leiv Gustav (1922-1996) gifta seg i 1967 med Else Marie Bratseth i Oslo. Fødd i Fredrikstad, vaks
opp i Ålesund. Var orkesterleiar med eige ensemble i Oslo og
starta orkester allereie som 15-åring. Leia Norske Brigadens
musikkorps i Skottland frå 1940. Seinare ansatt i Forsvarets
Stabsmusikkorps.
d) Gustav Mjaaland (f.1928) gifta seg i 1954 med Elsa Flisnes(12). Han var den første ordføraren i den
sammenslåtte Ålesund kommune 1968-1975. Utdanna seg til
veterinær og busette seg på Flisnes.
e) Ellen Johanne (f.ca.1935) gifta seg først med Ole W. Andersen. Ho gifta seg på ny med Homer E. Lowe, og busette seg i Los
Angeles.
Med Andreas Sigurd Johan Knutson Magerholm(dal) (1889-1918), frå Daleplassen i Magerholmdalen, kom ein ny familie til Hansgarden på Flisnes. Då hadde den forrige familien dreve bruket
i sju generasjonar, frå 1690. Andreas hadde vore i Amerika, kom heim og gifta seg 1917 med Marie
Kolbeinsdotter Rot(1) (1890-1975) frå Vartdal. Då dei kjøpte garden i 1918, var tanken å slå seg ned
i stova som no tilhøyrer bruk 11, men slik vart det ikkje. Han døydde av spanskesjuka. Marie var
gravid i tredje månad med born nummer to. Ho selde garden i 1919 og flytte heim att til Vartdal. Der
gifta ho seg på nytt med Ivar Bretanus Nilsen Barstad(5) (1897-1936) i 1929 og busette seg på
Barstadvik(5).
a) Palma Kjellaug (1917-2001) gifta sg i 1939 med Harald Ingolf Larsen Sætre, brukar Barstad(4).
b) Andreas Karl (1919-2005) gifta seg i 1942 med Oddny Hovde, busett Barstadvik.
c) Nils (f.1930) gifta seg i 1957 med Karin Martinusd. Remmen(2), brukar Barstad(5).
d) Kari Ruth Frøydis (f.1935) gifta seg i 1956 med Magne Sigurd Nilsen Nybø, busett Barstadvik.
Bernt Peder Iversen Eidsvik(7) (f.1872), frå Vatne, kjøpte garden av enka før han, men budde der
ikkje særleg lenge. Han nytta gamlehuset, som i dag er del av «Vestheim» bruk nummer 11. Bernt
selde garden i 1920 og drog til Amerika.
Jacob Jacobs. Aakernes(Inste) (1853-1925) kom frå frå Sunnylven. Familien bygsla først Inste
Åkerneset, der Jacob vart fødd. Eigaren var då
Ole «Sjurs-Ole» Emblem(11), som hadde arva
bruket etter sin farfar,
Arne Ellingsen Åkernes på Skaret, Nedregotten(1). Jacob kjøpte seinare
Inste Åkerneset og dreiv det medan familien budde på husmansplassen «Naustberget», under garden
Nedre Ljøen. I 1910-folketeljinga står det at han budde på eit bygselsbruk, men at han var
sjølveigande bonde. Dei tok med seg fleire av gardshusa frå Ljøen og sette dei opp att på Flisnes. Det
gamle seterhuset står framleis på tunet i Hansgarden. Dei tok over garden i 1923. Jacob gifta seg
1879 med Oline Rasmusdotter Øvre Ljøen (1858-1932), som også kom frå Sunnylven. I deira tid
fekk fyrvesenet leigekontrakt på tomt til eit fyr, ytterst på neset i 1921. Jacob dreiv bruket til han
døydde 1925.
a) Jakob (1880-1963) tok over bruket saman med broren.
b) Rasmus (1881-1888) døydde 7 år gammal på Åkernes.
c) Gustav Martin (1885-1957) gifta seg i 1907 med Nikoline Olivia Ols. Langeland, Nedste-Gjerdet på
Langeland, Stranda. Busett Opskar(2+3), Skodje.
d) Ingebrigt (1887-1911?).
e) Rasmus Ingvald (1892-1928) gifta seg i 1919 med Nikoline (Nikka) Lundanes på Eikenosa,
brukar Opskar(8). Dei flytta til Spjelkavik kring 1930.
f) Peder Ingjer (1894-1981) gifta seg i 1925 med niese og pleiedotter, Martha Ingvarda
Hansdotter Flisnes(2). Dei tok over Utigard, Eikenosøydegard(1). Sjå meir om dei der.
g) Inga Olivia
Josefine (
1895-1983) var ugift.
h) Nikoline Marie (1897-1969) gifta seg i 1923 med Gustav Andreas Kornberg, busett Volda.
i) Oskar Martin (1902-1978) tok over bruket saman med broren. Sjå også Vestheim bnr. 11.
Sønnene Jakob Aakernes (1880-1963) og Oskar Aakernes (1902-1978) kjøpte garden. Dei fekk den
delt opp i to bruk ved innmarksutskiftinga i 1939. Jakob gifta seg 1925 med
Inga Gustava
Hansdotter Flisnes(2). (1890-1976). Han fekk behalde det gamle bruksnummeret, medan Oskar sin
gardpart fekk namnet «Vestheim» og gardsnummer 11. 23. januar 1938 slo lynet ned på garden. I
«Familien» kunne ein lese følgande om hendinga: «I natt i 12-tiden, under uværet som gikk over
byen og distriktet, slo lynet ned i uthuset til Jakob Åkernes på Flisnes. Lynet gikk rett gjennom
høistålet og inn i fjøsen, hvor fire kyr, en okse, en gris og en sau blev drept på stedet. Bare to kyr
blev ikke rammet. Merkelig nok tok det ikke fyr i høiet, så bortsett fra dyrene som blev drept blev der
ikke anrettet særlig skade. Der var ikke assurert så eieren lider et følelig tap» I den anledning vart
det starta ei pengeinnsamling av folk i bygda og bygdene ikring.
a) Olveig (1928-2011) var tvilling. Ho tok over bruket.
b) Dotter (1928-1928) var tvilling. Dødfødd.
Dottera Olveig Aakernes (1928-2011) tok over bruket i 1953 for 3000 kroner. Ho gifta seg 1954 med
Magnar Strømme (1931-2016) (Døving(540f)), frå Valldalen. Dei dreiv garden fram til 1997.
Hovudsakleg hadde dei mjølkedyr og ungdyr, men også nokre sauer ein periode. Magnar leia
søndagskulen på Hatlehol skule frå 1963 til 1981.
a) Jon Harald (f.1956) tok over bruket.
b) Oddgeir Inge (f.1958) gifta seg i 1981 med Alvhild Bjørke. Budde ei tid i Mattisgarden,
Østrem(1) og dreiv gartneriet, bygd av
Øystein Eriksen
der. No busett i Hovdebygda.
c) Reidar Kåre (f.1961) gifta seg i 1985 med Hilde Hofsøy (Stonglandseidet) i Troms. Busett
Finnsnes i Troms.
d) Magne Olav (f.1963) gifta seg i 1988 med Venke Løvoll, Rødset(8), frå Stranda. Dei fekk delt
frå tomt på garden og er busett der.
Sonen Jon Harald Strømme (f.1956) tok i 2001 over som grunneigar av bruket. Han gifta seg i 1980
med Liv Margrethe O. Løseth(1) (f.1952), frå Johangarden i Ramstadal. Jon Harald er driftsleder på
Ålesund Folkehøgskule, Hatlehol. Dei siste åra er det solgt utmark frå bruket. I 2013 starta sonen
Odd Magne med gardsdrift igjen, og har i dag gamalnorsk sau. Han nyttar innmark og utmark til fór
og beite.
a) Odd Magne (f.1980) er ugift. Står for gardsdrifta på farsgarden og arbeider ved
Brages Bilskadesenter.
b) Synnøve (f.1984) gifta seg i 2012 med Helge Arnar Berge frå Åheim. Dei har borna
Magnus Strømme Berge (f.2013) og Sara Olivia Berge
(f.2015). I 2012 fekk dei delt frå tomt på garden, busett der.