Enka Ragnhild Rasmusdotter Svorte(2) (dp.1762) er nemnd som legdslem og husmannsenke her i
1815. Ragnhild sin far var Rasmus Sjurson Sorte(2) og søskenborn til
Gunnhild Petersdotter
Ekroll, som gifta seg med Ingebret Hansen Flisnes(1) i Hansgarden. Rasmus si søster, Ingleiv
Sjursdotter (Sorte(2), var mor til
Guri Amundsdotter Sorte(2), som gifta seg med Gunnhild sin
son, Hans Ingebretson Flisnes(1) i Hansgarden. Ragnhild i Skråvika vart dermed både søskenborn til
Guri og tremenningen til Hans. Ho var tenar på Giskeødegård når eldstesonen var døypt, og gifta seg
med Amund Olson Sulebakk(1) (1752-ca.1809). Dei vart plassefolk på Høghaug i Solevågen.
Amund døydde i arresten i Kolvika. Det var kanskje etter denne hendinga ho flytta for å få hjelp med
slekta si på Flisnes. I så fall kan der ha vore ei strandsitjarstove i Skråvika før Ragnhild kom hit
a) Siver Nicolai (dp.1794-1840) tok over plassen.
b) Elias (dp.1798-1830) var brukar Ytre Hatlehol.
c) Ellen (dp.1801) vart fødd i Solevågen. Seinare registrert på Eliasplassen på
Vågneset i 1815-teljinga.
Sonen Siver Nicolai Amundsen Solevåg(10) (dp.1794-1840) gifta seg 1817, med Berthe Henriksdotter
Kjørstad (f.ca.1777), kanskje frå Eid i Nordfjord. Dei tok over plassen det samme året.
Namnet var då «Flisnesstrand». Dei hadde det vanskeleg, og Sivert vart stadig kalla inn til forlikskommisjonen
for gjeld han ikkje makta å betale i rett tid. Når han døydde i 1840, var buet etter han
fallitt. Dei fekk truleg ingen born saman.
Hans Amundsen Flisnes(1) (1815-1885) frå hovedbruket, budde her ei kort stund før han tok over
farsgarden, bnr. 1 på Flisnes. Sjå meir om han som
der. Hans gav husmannskontrakt på
Skråvika til lillebroren Peder Elias i 1847.
Broren Peder Elias Amundsen Flisnes(1) (1821-1848) gifta seg i 1846, med Lovise
Pedersdotter Blindheim(2) (1821-1895). Han var då matros. Peder fekk husmannskontrakt med
broren, Hans, som tok over farsbruket i 1847. Kravet var 25 speciedaler, ei lita årleg avgift, og 12
arbeidsdagar. Desse var fordelt med 3 dagar kvar vår og haust, samt 6 pliktdagar i slåtten på
farsbruket, Flisnes(1). I tillegg skulle han gje kår til enka
Berthe. Elias hadde tjenestefolk, og
dreiv kanskje med båtskyss i tillegg. I arveskiftet er det i alle fall krav frå fleire rorskarar, men buet
etter han var fallitt. Peder fekk ingen born.
Enka Lovise Pedersdotter Blindheim(2) (1821-1895) gifta seg på nytt 1849, med Ole Nicolai
Britanus Eriksen Kvasnes(1) (1824-1866). Han kalla seg «Flisnesvåg», og betalte årsavgift på to
speciedaler, samt 8 arbeidsdagar kvart år.
a) Elias Raskanus
Teodor (
1850-1909) tok over bygsel på plassen.
b) Emilie Bergitte
Andrea (
f.1853) er nemnd i 1865-teljinga.
c) Ebbe Britannus (f.1856) er nemnd i 1865-teljinga.
d) Peder Rasmus
Carolus (
1859-1935) gifta seg i 1885 med Jensine Olsen, busett Ålesund 1885. Han var
losseformann i Ålesund og seinare vaktmeister på Ljaaen.
e) Berthe Cristiane (f.1861) gifta seg i 1893 med skomaker Peter Jacob Mathias Ellingsen
Furmyr(4), men fødd på Nedregård. Busett i Ålesund 1900.
f) Ole Ludvig (f.1864) gifta seg med Nikoline Valderhaug. Han var dagarbeider, busett i Ålesund.
Sonen Elias Raskanus Teodor Olsen Flisnes(3) (1850 1909) skulle betale 4 speciedaler i avgift, men
slapp arbeidsplikta mot å gje kår til mor si. Han gifta seg 1873 med Petrine Marta Pettersdotter
Hatlen(1,2) (1849-1899). Ho døydde av lungebetennelse. Han gifta seg på nytt i 1902 med Olave
Svensdotter Fjørstad(F,146d) (1851-1911) frå Stranda. Ho dreiv bruket med to søstre frå 1909. Ei av
dei var Marie Svendsdotter Fjørstad(F,146d) (f.1851). Ho var ugift og «formuende». I 1879 var han
med på ei redningsbragd utanfor Flisnes, saman med naboen
Lars Andreas Hanson Flisnes(1)
og
Rasmus Hanson Flisnes(2). Elias fekk ei klokke frå Kong Oscar II til takk.
a) Ole Johan Lauritz (1873-1917) tok over plassen.
b) Peder Iver
Raskanus. (
f.1875) gifta seg ført i 1902 med Ane Petrine Gunnelie Rasmusd. Rekdal. Han gifta seg så på ny i 1919
med husbestyrer (Lina) Eline Marta Jakobsd. Leite frå Volda,
busett i Hellegata, Ålesund. 1910 kolarbeidar hos onkelen,
Peder i Ålesund. Starta eigen kolforretning, og var husbestyrar
for pinsemenigheita i Ålesund.
c) Lovise Laura
Birgitte (
1878-1969) gifta seg i 1901 med Peter Laurits Knuts. Uggedal(2), Valderhaug. Dei
er nemnd på Myrpladsen, Valderhaug(12) i 1910.
d) Marie Anna (1880-1968) gifta seg i 1906 med brannkonstabel Martinus Hanss. Muri(226) i
Ålesund. Ho var hushaldar for faren 1900.
e) Elias Britannus (1883-1900) døydde av «kreftbyld».
f) Lisa Andrea (1886-1905) døydde av hjernebetennelse. Vart kalla Elisa ved gravferda.
g) Edvard Anton (1889-1921) gifta seg i 1912 med Astrid Randrine Karlsd. Kongsvold, Ålesund. Han
var handelsmann, busett i Keiser Wilhelmsgate, Ålesund.
h) Johan Ingvald (1893-1918) var ugift. Han døydde av «lungebrann».
Sonen Ole Johan Lauritz Eliasson Flisnes(3) (1873-1917) tok over bygselskontrakta etter far sin i
1910. Han gifta seg 1898 med Hansine Birgitte Eriksdotter Valderhaug(4) (1873-1948). Ho var
søster til Anna Eriksdotter Valderhaug(4), som kjøpte plassen i 1912. Skråvika vart delt frå som bruk
med eige bruksnummer i 1903. Dei budde først i Hellegata i Ålesund, men tok over i 1912 då mor
hans hadde gått bort. Sambygdingane Hans Ramsvik og «Tryset-Knut» bygde ny fjøs 1914. Stova
hadde dei ikkje råd til å bytte ut. Den var då så dårlig at det snødde gjennom veggane.
a) Elias Peder
Laurits (
1898-1969) gifta seg i 1918 med
Sofie Lovise Ragna Ekornåsvåg frå
Olevågen, Eikenosvåg(2). Dei er svigerforeldra til
(Arne) Jostein Haugen, frå Furholmen.
b) Emil Normann (1900-1989) kjøpte plassen saman med bror sin.
c) Leonard Erling (1901-1903) døydde i Ålesund.
d) Leonhard Erling (1903-1969) gifta seg i 1938 med Alfrida Antonie Strand frå Ålesund, Han var
elektrisk montør i Borgund, busett Langrabben på Flisnes.
e) Nancy Marie (1905-1905) døydde i Ålesund.
f) Nancy Marie (1906-2000) gifta seg i 1952 med Olav Elias Christofferson Almås(2), busett
Spjelkavik. Fleire opplysningar om bruket er frå henne.
g) Oleif Henny (1907-1994) gifta seg i 1932 med Ole Nilsen Stokke(2) frå Sunnylven. Var mor
til
Nils Stokke, brukar Hatlehol Ytre, Hatlehol(2). Ho
var tenestejente i Oaldsbygda, og traff Ole der.
h) Anna Nikoline (1910-1979) gifta seg i 1941 med Inge Knuts. Stokke(1), Sunnylven. Dei kjøpte Furnes
på Sula 1947. Gravlagd i Langevåg.
i) Kristian Emil (1912-1990) kjøpte plassen saman med bror sin.
j) Hans (1914-1961) gifta seg i 1939 med Henny Marie Nansy Alnes(12), busett Flisnes. Han
gjekk bibelskule og var aktiv i
indremisjonen. Ei tid ansatt hos
Ødegård Karosseri i Puskhola.
Sonen Emil Normann Flisnes(3) (1900-1989) fekk 1942 skøyte på bruket frå tanta, diakonisse Anna
Eriksdotter Valderhaug(4), som hadde kjøpt plassen 1912 og bygsla den til foreldra til Emil. Anna
flytta hit frå Oslo, når ho måtte pensjonere seg om lag 61 år gammal på grunn av gikt. Emil vart
grunneigar saman med bror sin. Kjøpesummen på Skråvika var på 4000 kroner. Mora var den som
valde ut, for søstera si, kven som fekk dele på bruket, og kven som fekk hustomt med 10 mål
eigedom attåt. Jorda var tiltenkt dei av søskena som ikkje hadde noko jord frå før av. Ho tenkte at
Emil og Kristian ville passe best i lag. Emil gifta seg med Olga Marie Vegsund(3) (1902-1984). Dei
fekk ingen born, så broren Kristian vart etter kvart einaste grunneigar. Sjå meir om han nedanfor.
Mora vart tidleg enke, og familien sat i vanskeleg økonomiske kår. Stadig vekk måtte dei bed Gud
om hjelp til å klare seg. Dei hadde ikkje pengar til Emils konfirmasjonsdress, men så kom ein mann,
kalla «Kilde-Ole», dei i møte på ein byttur med bær for salg. Han sa at Gud hadde fortalt han at dei
trong hjelp, og han gav dei heile 100 kroner. Det var ein stor sum den gongen. Mora, Hansine, var så
glad at ho knapt visste kvar ho skulle gjere av seg. Livet vart langt lettare i Emil si tid som drivar.
broren Kristian Emil Olsen Flisnes (1912-1990), Flisnes(3) gifta seg med Valborg Skytterholm
(1926-2018). Han fekk 1942 skøyte på plassen frå tanta, diakonisse Anna Eriksdotter Valderhaug(4),
som hadde kjøpt plassen 1912 og bygsla den til foreldra til Kristian. Ho flytta hit frå Oslo, når ho
måtte pensjonere seg, om lag 61 år gammal, på grunn av gikt. Mellomkrigstida var ein hard periode
på garden. Mang ein gong hadde mora gått ut i løa for å be til Gud om hjelp til å få mat på bordet.
Etter krigen vart det enklare, når ein kunne ha eit arbeid i tillegg. Kristian og Emil fekk Skråvika,
fordi mora tenkte at dei ville passe best i hop til det. Valborg arbeidde på 1970- og 1980-talet for
«Ålesund folkehøgskule» (også kalla «Borg») på Hatlehol. Kjøpesummen på Skråvika var 4000
kroner. I deira tid byrja tomtesalget, som har fortsatt heilt fram til vår tid. Kristian var installatør hos
broren, Leonard, og styrte søndagsskulen på Hatlehol og Flisnes frå 1958 til 1963. Han var også
forkynnar og ei tid formann for Blindheim og Hatlehol Indremisjon.
a) Kjell-Vidar (f.1953) tok over bruket.
b) Hallgeir Ove (f.1954) tok over bruket.
c) Lindy Oddrun (f.1957) gifta seg i 1983 med Bjørn Trygve Nilsen, busett Sandefjord.
Sonen Kjell-Vidar Flisnes (f.1953) eig i dag restane av Skråvika, saman med bror sin. Dei fekk 1981
skøyte på kvar sin halvdel av Skråvika, som Emil og Kristian hadde eigd før dei. Kjell-Vidar er gift
med Liv Karin Myrvoll (f.1954) frå Spjelkavikneset. Dei er busett i Skråvika. Det aller meste er no
skild ut til bustadstomter i byggefeltet på Flisnes. Berre eit utmarkstykke i Eikenosbakkane, ovanfor
Laader Berg sin fabrikk, er att av den tidlegare husmannsplassen.
a) Ole Kristian (f.1979) gifta seg i 2011 med Silje Ødegård, busett i Skråvika. Ole fekk
overdrege ein eigedom frå far og onkelen i 2014.
b) Jhon Fredy (f.1991) er sambuar med Camilla, Busett Oslo.
Broren Hallgeir Ove Flisnes (f.1954) eig i dag restane av Skråvika saman med bror sin. Dei fekk
1981 skøyte på kvar sin halvdel av Skråvika, som Emil og Kristian hadde eigd før dei. Hallgeir er
gift med May-Britt Josefsen (f.1951), og er busett i Skråvika. Det aller meste er no skild ut til
bustadstomter i byggefeltet på Flisnes. Berre eit stykke i Eikenosbakkane, ovanfor Laader Berg sin
fabrikk, er att etter den tidlegare husmannsplassen.
a) Sindre (f.1988), busett Skråvika.
b) Terje (f.1988) er saman med Tina Vennatrø frå Stjørdal, busett Blindheim.