Gled seg
over framvoksteren i Gamlelandet og fortel om Sunnmørslaget i
Seattle, Washington
-Sidan
eg reiste til Amerika som syttenårs gut i 1925 har det vore ein stor
framvokster her heime. Skulle vi til Borgundkyrkja vi her inne på
Eimleim i mine gutedagar var det å stå opp klokka sju, gå til fots
ut i Eikenosvågen og so ta båt derifrå til Borgundgavelen. No gjer
vi samme turen med bil eller buss på nokre minutt.
Framvoksteren
har vore særleg stor i dei siste tiåra. Eg tenkjer ikkje minst på
dei moderne butikksentra som har grodd opp i byane og bygdebyane også
på Sunnmøre. Forretningar som det nye senteret på Moa og J.E.
Devold A/S må seiest vera moderne sjøl etter amerikanske tilhøve.
Eg trur at amerikanske interiørarkitektar hadde hatt gagn og glede
av ein tur til Sunnmøre. Dei kunne sikkert fått nye idear.
Dette
er fritt attfortalt noko av det norsk-amerikanaren, interiørarkitekt
John Akslen, sa då vi vitja han i huset til søstera og svogeren Leo
Emblemsvåg der Akslen med frue Hanna bur under Noregsopphaldet.
John
Akslen veit kva han snakkar om. Sidan 1955 har han hatt sin jobb i
det store firmaet Allied Stores Corporation (Sameint magasinselskap).
Han har nettopp stelt med innreidnad av kjedeforretningar kring om i
Statane. Akslen har planlagt, stått for samansetjing av komponentane
og siste året han var i firmaet særleg kontrollert andre sitt
arbeid med butikkinnreiing. Akslen fortel at den gongen han reiste
til USA, var det ikkje så svært bra økonomisk her heime.
Halvparten av ungdomen i Sykkylven var arbeidslause det meste av
året. Akslen var så heldig å ha ein farbror i Statane som han
reiste til.
Lenge
budde han i Minneapolis, men seinare har han budd i Seattle,
Washington, eit landområde som liknar svært mykje på Noreg. Om
vinteren kan ein køyre ein time med bil og koma ut i det finaste
skiterreng. I Seattle bur som kjent mange sunnmøringar.
-
I Seattle er det no bra tider og heller lett om arbeid. Men der var
ein låk periode då dei store Boing-fabrikkane droppa planane om å
bygge supersonisk fly. Ved flyfabrikkane vart mange oppsagde.
(red.
Anm. her mangler nokre linjer frå den avfotograferte avissida...)
Arbeidslause har kome i arbeid att. Helst vil Akslen fortelja om dei
norske foreiningane. Både Minneapolis og Seattle er kjende for sine
mange norske foreiningar og lag. I Minneapolis er organisasjonen
«Sønner av Norge» svært sterk. Dei har nyleg reist eit nytt,
stort kontorbygg.
I
Seattle, der Akslen har budd i 11 år, har dei eit sunnmørslag med
200 medlemmer. Laget har møter ein gong for månaden. Kvart år
skipa dei til ein stor «bankett». Juletrefesten til Sunnmørslaget
er årviss. Dessutan held dei alltid ein «Fiskernes fest» etter
avslutta fiskerisesong. Formannen i laget no er ei fru Strøm. Mannen
hennar er frå Straumgjerde i Sykkylven. Fleire norske lag og
forreiningar har gått saman og reist eit «Norway center». I dette
senteret er der m.a. seks større møtesalar. M.a. held også
Sunnmørslaget møta sine der.
Elles
så er i Seattle reist av nordmenn ein alders- eller kvileheim der
norskætta har førsteretten etter oppnådd pensjonsalder mot å
betale eit visst innskot. Norskdomskjennsla er trass i alt levande.
Kvar påskedag og kvar juledag vert det skipa til norsk gudstjeneste
i den lutherske kyrkja. Det vert halde norske gudstjenester av og til
elles også, når ein norsk eller norskætta prest kjem på vitjing
til Seattle.
-
Men til vanleg må også dei norske no nøye seg med engelsk
gudstjeneste.
-
Den evangelisk-lutherske norske kyrkja var lenge sjølvstendig, men
for nokre år sidan gjekk kyrkja saman med andre emigrantkyrkjer og
lutherske kyrkjesamfunn, m.a. den tyske lutherske kyrkja i Amerika
til ein større eining, ei amerikansk luthersk kyrkje.
Bladet
«Western Viking» har fått ei andletslyfting. Det er no både
vakkert og innhaldsrikt. I bladet finn ein eit og anna om Noreg som
sjølv nordmenn flest ikkje veit om. Men mykje er attgjeving av
meldingar i norsk presse. Vi såg elles eit stykke på nynorsk i
bladet, men sidan dei skriv for mange eldre utflytte er det bokmål
(red. Anm. her mangler nokre linjer frå den
avfotograferte avissida...)
sjå stod ei melding om at John
Akslen med frue Hanna skulle reise til Noreg 1. september og vere
borte i 12 månader. Kona er frå Kristiansund stod der. Ekteparet
skulle bu hos søstera og svogeren til John i ein tomannsbustad på
Emleim, skreiv bladet. Dei vona at John måtte få vera med på
torskefiske i Borgundfjoden og ynskte ekteparet hell og lukke på
reisa.
Korleis
går det med det norske målet i Statane? Spør vi.
-
Det let seg ikkje nekte at det går atters med norskdomen og norsk
språk. I byane er det no få norskamerikanarar som lærer borna sine
norsk. Men i somme bygder – der det bur mange norskætta ungdommar,
som er av tredje generasjon snakker flytande norsk, ja til og med
betre enn mange her heime. Likevelev lyt ein vel bøye seg for det
faktum at norskdomen i det lange løp må vike for amerikansk mål,
sed og skikk.
Vi
spør om der er norske varer å få kjøpt i Seattle.
-
Ja, vi får ganske mykje av norske varer der borte. Vi har ein butikk
dei kallar «Norskebutikken» der ein får kjøpa norsk kolonial av
mest alle slag. Ein pølsemakar frå stavangerkanten har lansert orsk
pølse som både amerikanarar og norske likar godt. Ein sunnmøring
som heiter Skarbø har ei stor møbelforretning.
-
Prisane i USA. I USA som i Noreg har vi hatt ei sterk prisstigning,
sameleis som i Noreg. Men eg kan ikkje seia at varene stort sett er
so mykje dyrare her enn i Amerika. Det skil seg litt for ymse
vareslag. Men ein dress t.d. Koster vanlegvis kring 125 dollars i
USA. Gangar vi dette med kursen på dollar i Noreg vert prisen mykje
godt den same i båe land. Men USA kan vi vel arbeida litt kortare
tid for ein dress enn i Noreg.
Vi
spør korleis det kjendest for norsk-amerikanarane då meldinga om
tysk åtak på Noreg vart kjent i 1940 - Det var syrgjeleg og
syntest i første omgagn utruleg. Første meldinga
(red.
Anm. her mangler nokre linjer frå den avfotograferte avissida...)
gjekk nordmenn i Seattle og andre norske byar saman og skipa ein
organisasjon for å hjelpa Noreg og førebu den attreisninga som
måtte koma so snart landet var fritt.
Her
kjem Akslen inn på noko som han helst ikkje vil snakke noko om. Men
etter kvart får vi lirke ut av han at han sat i direksjonen or den
norske hjelpeorganisasjonen som m.a. skaffapengar til den norske
flygarleiren «Little Norway» og til amerikapakkar og anna seinare.
For dette har John Akslen fått påskjøning frå høgste hald i
Noreg. Han er nemleg tildelt «Frihetskorset» av H.M. Kong Haakon
den VII for sin innsats. Det var eit høgdepunkt i hans liv i 1947 då
han var heime i Noreg ein tur og vitja Kong Haakon på Oslo Slott for
å takke for utmerkinga. Han hadde fått eit kvarter til audiensen,
men Kongen passa ikkje klokka og dei hadde mykje å snakke om. Hans
Majestet fortalde om ferdene sine kringom i landet etter frigjeringa.
Overalt hadde han fått inntrykk av at hjelpa frå utflytta nodmenn i
USA hadde kome vel med og vore til stor glede for mange.
Den
noverande Kongen, dåverande kromprins Olav, kom også tilstades,
ynskte til lukke med «Frihetskorset» og takka for innsatsen. Akslen
kjende kronprinsen frå før. Han hadde helsa på han under ferda
hans i USA i 1936. Samtalen med kronprinsen, nåverande Kong Olav den
V., kom derfor naturleg nok mykje til å arta seg som ei oppfrisking
av minne frå kronprinsen sitt møte med det norske Amerika. Vitjinga
på Slottet er Akslen storleg glad for.
Før
vi går bed han oss ikkje skryte opp hans innsats noko særleg... Men
noko skryt tykkjer vi at Akslen og andre norskætta som hjelpte Noreg
i ei lagnadstung tid verkeleg har krav på.
Kven var John Akslen: Han vart fødd John Leidulf Akslen (1908-2000) på garden Høla, i Emblemsbygda. Han var eldst og bror til Mauritz Akslen, som tok over garden, Lisa Olivia, som gifte seg med Leo castberg Emblemsvåg og busette seg på tomt frå Knutgarden i Emblemsvågen, og Jofrid Klara Mary som gifte seg med Karsten Ola Marvin Emblem frå Negarden. Dei bygde seg hus på tomt frå Negarden. John emigrerte til Amerika i 1925, og budde der resten av livet. Han nemner at han dro til onkelen. Det kan vere Ludvig Olaf Akslen frå Høla, som busette seg i Seattle.
Om teksten: Det er ei avskrift frå avisa "Borgundposten" 14.12.1973. Avisa vart utgjeve av Borgund Mållag i tidsrommet 1969-1974. Namnet
på jounalist og fotograf er ikkje oppført, men nokre av spørsmåla kan tyde på at det kan vere Ragnar Ulstein. Han engasjerte seg i dette arbeidet og var også bladstyrar. i 1971 hadde avisa eit opplag på 7000 eksemplar.