Magerholmvika vart også kalla Aksel-Haugen og Nygjerdet
Knut Martinus Knutson Magerholm(II) (dp.1807-1884) var bror til Ole Martinus Knutson Magerholm(II), som eigde Magerholm-vika, og var brukar på Ytrebøen/ Paraten, Magerholm(6). Den samme Ole delte også frå plassane Krissenplassen og Pe-haugen, som Knut fekk husmannskontrakt på. Ved giftermålet i 1848 vart Knut nemnd som enkemann. Han gifta seg om att med kårenka Anne Martha Larsdotter Akslen(1) (1802-1868) frå Øvste Aksla. Ho vart opphaveleg døypt Gjørva(3) i Geiranger. Dei fekk festebrev med Ole i kring 1850, mot ei årsavgift på 2 speciedaler og 2 arbeidsdagar. Pe-Haugen var dels gamal innmark frå Magerholmvika, som gjekk frå sjøen og heilt opp under hamrane i fjellsida mot nakkane. Anne døydde som fattiglem og Knut kan ha fått lov til å bu på plassen så lenge han levde.
Anders Axelsen Brandal (1818-1899) kom frå Ålesund, og først til Krissenplassen like ved i 1846.
Han gjerda inn plassen mot vest og sette opp ei stove, som han truleg flytta med seg vidare hit til Pe-haugen.
Han busette seg og dreiv eigen overnattingstad, med to etasjar på sjølve Magerholmen frå
1855. Magerholm har vore skysstasjon i lang tid. Stein frå grunnmuren til det to etasjers
gjestgjeveriet vart seinare nytta til grunnmur på kaféen, som framleis står på same stad ute på holmen.
Anders hadde berre eit auge. Han kunne sitte oppe om nettene for å fortelle skrøner til dei losjerande.
I kring 1860 fekk han husmanns-kontrakt på Pe-Haugen, og i 1867 starta han kalkbrenneri saman med
Kristen Olson Magerholm og
Claus Magerholm(1) på hovudbruket. Sakførar Ludvig Daae på
Solnør gard skaut inn kapitalen til to kalkomnar lager, kai og båt. Dette leigde han så ut til dei tre
drivarane. Det heile tok slutt etter ein orkan, før 1900, som raserte anlegget. Då flytte Anders til
Blindheimsnes, og starta nytt kalkverk, der like før han døydde. Han vart gift med Oline Thorsdotter
Frøysa(6) (dp.1811-1884). Det var etter han att plassen skifte namn til «Aksel-Haugen» på
folkemunne. Han vart nemleg kalla «Aksel-Anders».
a) Anna Birgitte (1843-1923) tok over bruket.
b) Anne Sofie (f.1846) gifta seg i 1875 med Johan Laurits Ananiasson Vågnes(16). Dei busette seg på
Buholmstranda i 1875. Ho er nemnd som fadder i Ålesund 1885.
c) Ole Andreas (f.1848) gifta seg i 1876 med Ane Randine Karlsdotter Sandvik(2) frå Sula. Ole kalla seg "
Akslen" i 1875, og flytte til Ålesund i 1876. Han arbeidde som
sjømann.
d) Thore Britanus
Johannes
1(853-1873) var ugift tenestedreng.
Svigersonen Peder Steffenson Mo(3) (1835-1906), frå Hjørund-fjorden, gifta seg i 1865 med Anna
Birgitte Andersdotter Magerholm(3) (1843-1923). Han bygsla Krissenplassen i 1865, og dreiv den til
1900. Peder gav kår til brukaren før han,
Anders Axelsen Brandal, og sette opp fjøs nord for
bygdevegen slik at krøtera ikkje skulle trakke utover når marka var freda. Han fekk rett til å sette opp
setergjerde der Magerholm og Magerholmvika hadde setrane sine. Plassen vart skyldsett i 1867 til 6
skilling, og deretter til 14 øre i 1890. Plassen vart kjøpt av Peder (1/6-del), den forrige brukaren
Anders Axelsen Brandal (2/6-del) og sakførar Ludvig Daae (3/6-del). Dae betalte for alle mot at dei
pantsette sine delar. Dette var ved oppstarten av kalkverket på bruket, der Daae i tillegg betalte for
bygging av to kalkomnar, utskipingskai, båt og lager. Kalkverksdrifta tok slutt då ein orkan raserte
omnane og senka fraktebåten. Årstalet er enno usikkert, men det er nemnd at verket var i drift i om lag
20 år, så det kan ha vore orkanen i 1885. I 1874 overtok Peder eigedomsretten til heile plassen.
a) Andreas Olaus
Johannes (
1866-1866) døydde 3 månad gamal i Magerholmvika.
b) Anne Pernille
Regine (
f.1867) gifta seg i 1901 med murarbeider Ole Johnsen Berg frå Hevne i
Trondheim. Familien budde i Øwregata i Kristiansund 1910.
c) Steffen Andreas
Martinus (
1869-1948) tok over bruket.
d) Olivie Henrikke
Johanne (
f.1871) gifta seg i 1905 med sjømann Hagbart Halfred Jakobsen (Gangsås?) frå
Harstad. Dei busette seg i Stavanger 1910. Ho fekk i 1894 dottera Anna Synnøve
Oline med Erik Nils. Kalvand(S,6).
e) Tore Peder Gustav (1874-1949) gifta seg i 1908 med Karen Oline Christophersrd. Eikenosvåg(1).
Han var fiskar, busett i Fjellgata. 7 i Ålesund 1910.
f) Nikoline Marta
Karoline (
1876-1949) gifta seg i1916 med Fritz Daniel Johnson, Sverige. Dei emigrerte til Seattle i
1910. Fritz flytte som enkemann attende til Norge og Kviltorp i Molde.
g) Martinus (1879-1879) døydde samme dag som han vart fødd.
h) Oline (Lina)
Severine (
1880-1948) gifta seg i 1908 med Ole Herlof Bernardsen Eidsøren (f.1878) frå Kristiansund. Ho f
ekk sonen,
Peder, med Ole Olsen Glindset, Strinden.
i) Karoline Petrine (1883-1965) gifta seg i 1910 med Johan Haram. Dei busette seg i Ålesund. Ho har også vore budeie i Steffågaren,
Emblem(6) i ung alder.
Sonen Steffen Andreas Martinus Pederson Magerholm (1869 1948) gifta seg i 1901 med Laura Marie
Knutsdotter Ytterberg Flåte (1879-1958) frå Skodje, og dreiv bruket frå 1900 til 1933. Han dreiv en
del med fiske, og reiste ikring som livs-forsikringsagent, men var også aktiv i politikken, som medlem
av herredstyret i Borgund Kommune. Dei fekk ingen born, men tok til seg nevøen Peder og hadde
også fleire tenestejenter til å hjelpe seg sjølve og mor til Steffen, etter at ho vart kårenke. Nabojenta,
Ragna Hansdotter Akslen, frå Akslagjerdet var ein av desse, og i teneste fleire år før ho vart
konfirmert.
a) Peder Andreas
Marius f. Glindset (
1903-1988) tok over bruket.
Peder Andreas Marius Glindset Magerholm(3) (1903-1988) er son til
Oline (Lina) Severine
Magerholm(3), og Ole Olsen Glindset frå «Strinden». Han vart fødd i Kristiansund. Mora, Oline,
gifta seg i 1908 med Ole Herlof Bernardsen Eidsøren (f.1878) i Kristiansund. Peder kom til
Magerholm som pleieson hos onkelen og tanta, som var bornlause. Peder tok også over bruket etter
dei, og gifta seg med Borghild Slagnes (1914-2009), frå Vanylven. Peder kjøpte Krissenplassen attåt
bruket i 1935. Han dreiv gartneri, og var mangeårig kasserar i Emblemsbygda Billag, ofte kalla
«Emblemsruta». I tillegg var han ein av dei høgast dekorerte i avhaldslosjen på Emblem, før den
andre verdskrigen, saman med lærar Lars Flydal og Steffen Nedregotten.
a) Solveig Johanne (f.1952) gifta seg i 1969 med Bjørn Harald Edvinsen Hjelme frå Flisnes. Dei er busett like ved tunet på den tidlegare
Krissenplassen. Sjå meir i albumen til
Krissenplassen. på denne nettstaden.
b) Per Borge (f.1955) tok over bruket.
Per Borge Magerholm(3) (f.1955) er dagens grunneigar. Han tok bruket i 1975.