Delt frå Magerholmvika, også kalla Vigedal og Joplassen.
Sonen til Ole Martinus Knutson Magerholm(II) (1803-1880) gifta seg 1829 med Christi
Halvorsdotter Magerholm(1) (1809-1887), frå bruk I på Magerholm. Han kan ha vore brukar ei tid i
Magerholmvika, Magerholm(2), og budde til slutt på Ytrebøen, Magerholm(6). Sjå meir om han der.
Ole oppretta fleire av husmannsplassane i Magerholmvika. Kona, Christi, fekk Magerholmvika i arv
etter far sin, så dei sat rimelig godt i det økonomisk. To av sønene vart husmenn på Magerholmneset
og Krissenplassen, medan tre av dei andre borna vart brukarar i Magerholmvika. Han dreiv neppe
Krissenplassen sjølv, men delte den frå Magerholmvika i 1840-åra. Han er mest kjend som «Parat-
Ole». Du kan også finne meir om borna hans under brukar
i Magerholmvika ovanfor. Sjå også
Ytrebøen/ Paraten på eiga underside til Magerholm i venstremenyen på denne nettstaden.
Anders Axelsen Brandal (1818-1899) vart døypt i Lom og budde nokre år i Ålesund, før han kom til
Krissenplassen 1846. Han gjerda inn plassen mot vest og sette opp den første stova. Den flytta han
truleg med seg til naboplassen Pe-haugen, nærare sjøen, like vest for Magerholmvika seinare. Det
vert fortalt at han også dreiv ein overnattingstad på sjølve Magerholmen frå 1855. Det kan vere i
tidsrommet mellom husmannskontraktene på Krissenplassen og Pe-haugen. Han hadde visst berre eit
auge, og kunne sitte oppe om nettene for å fortelle skrøner i timesvis til dei losjerande. I kring 1860
fekk han husmannskontrakt på Pe-haugen, og i 1867 starta han kalkbrenneri saman med den seinare
brukaren på denne plassen,
Kristen Olson Magerholm, og
Claus Magerholm(1) på
hovedbruket. Sakførar Ludvig Daae på Solnør gard skaut inn kapital til to omnar, lager, kai og båt.
Dette leigde han så ut til dei tre drivarane. Det vert fortald at drifta tok slutt etter ein orkan før 1900
som raserte heile anlegget. Då flytte han til Blindheimsneset og starta nytt kalkverk der, like før han
døydde. Anders vart gift med Oline Marthe Thorsdotter Frøysa(6) (dp.1811-1884). Det er mogeleg at
det kan ha vore orkanen i 1885 som øydela verksemda på Magerholm. Du kan lese litt meir om han
på Pe-haugen i eigen undermeny til Magerholm på venstre sida. Dei fekk fire born:
a) Anna Birgitte (1843-1923) tok over bnr. 3 Pe-haugen under Magerholmvika.
b) Anne Sofie (f.1846) gifta seg i 1875 med fiskar Johan Laurits Ananiass. Vågnes(16). Dei busette seg på
Buholmstranda i 1875. Ho er nemnd som fadder i Ålesund i 1885.
c) Ole Andreas (f.1848) gifta seg i 1876 med Ane Randine Karlsd. Sandvik(2), frå Sula. Han er nemnd som s
meddreng i Ålesund i 1865, og kalla seg Akslen i 1875.
d) Thore Britanus
Johannes (
1853-1873) var ugift tenestedreng.
Jon Jonson Brekke(3) (1820-1865) kom frå Innvik. Han gifta seg 1856 i Ørskog med Berte
Eliasdotter Myrset(2) (1820-1877), og dei dreiv plassen frå 1856 til 1865. Ho døydde som enke på
Østremsreiten. Jon sette opp stove og skulle, ifølge kontrakta, få lov til å ta ut tømmer for å bygge
resten av husa, mot at gardeigaren fekk eigedomsrett på dei. Då han døydde fekk Berte likevel husa
som sin eigedom, så neste brukar måtte bygge seg nye hus.
a) Anne Oline Marie (f.1858) drog til USA i 1877, som ei av dei første frå dette distriktet.
Endre Syvrin Pederson Riksheim(10) (1840-1884), frå Høgebakken på Riksheim i Sykkylven, gifta
seg i 1865 med Lovise Marie Carlsdotter Dypvig(9) (f.1841). Han dreiv plassen i berre eit år, frå 1865
til 1866. Familien flytta videre til Buholmstranda, der Endre vart nemnd som huseigar med
etternamnet Pedersen og var skibstømmermann i 1875. Familien flytte til Ålesund og tok opp att
etternamnet Riksheim. Lovise er nemnd som enke hos bror til Endre på Gåseid(9) i 1910. Ein veit av åtte born etter dei:
a) Petrine Caroline (f.1864) Endre var då enno ugift, og budde framleis heime.
b) Carl Johan (1867-1868) vart fødd på Buholmstranda, og døydde 1 1/2 år gamal.
c) Ingeborg Marie
Christine (
f.1869) vart fødd på Buholmstranda. Ho er nemnd i 1875.
d) Peder Gustav
Nikolai (
f.1872) vart fødd på Buholmstranda. Han er nemnd i 1875.
e) Emma Laurine
Andrea (
f.1874) vart fødd på Buholmstranda. Ho er kun nemnd i 1875.
f) Emil Ingeman (1877-1878) vart fødd i Ålesund.
g) Inga Elisa (f.1879) vart fødd i Ålesund.
h) Mariane Nikoline (f.1882) vart fødd i Ålesund.
Kristen Johan Olsson Magerholm(6) (1843-1932) er sonen til Ole Martinus Knutson Magerholm(II),
som er nemnd som brukar
i Magerholmvika, og
på Yterbøen/ Paraten, Magerholm(6). Ole var også den som skal ha oppretta denne husmannsplassen. Kristen er den som har gjeve dagens namn til plassen. Han gifta seg i Borgund i 1868 med enka Johanne Martha Olsdotter Nedre Skodje(3) (1822-1897). Husmannsplassen vart då kalla «Joplassen», og fekk no namnet «Vigedal». I 1898 gifta han seg om att med Marthe Nicoline Joachimsdotter Andestad(3) (1858-1926). Han slapp innfestingsavgift, mot å sette opp nye hus, men la kår til Berte og betalte 2 speciedaler så lenge ho levde. Deretter vart det 3 speciedaler per år. Kristen var aktivt på jakt etter mineral som kunne utnyttast til å tene pengar på. I 1867 starta han kalkbrenneri på Nygjerdet, saman med naboen Anders Axelsen Brandal, Claus Magerholm(1) og sakførar Ludvig Dae på Solnør gard. Dae kjøpte Nygjerdet, og kosta alle hus, infrastruktur med to kalkomnar, lager, kai og fraktebåt mot å leige det heile ut til dei tre drivarane for 200 kroner per år. Dei dreiv i om lag 20 år før ein orkan raserte alt og stogga drifta. Kristen arva ikkje denne plassen etter far sin. Både «Kristenplassen» og Magerholmvika vart seld på auksjon til Lars Straumgjerde frå Sykkylven. Du finn også ein eigen tekst med intervju med Kristen frå 1920-talet i venstremenyen til denne netstaden.
a) Johan Bastian
Andestad (
f.1882) var 1900 ugift matros på dampbåt. Han omkom. Det er Marthe sin son med
Johan Lars. Klokkerhaug(3).
1935 vart Krissenplassen skyldsett til 55 øre, fekk bruksnummer 9, og vart lagt inn under Pe-haugen
av brukaren der, Peder Magerholm. Plassen er i dag eigd av borna Solveig Johanne Magerholm
(f.1952) og Per Borge Magerholm (f.1955). Solveig gifta seg 1969 med Bjørn Harald Hjelme
(f.1950), frå Flisnes. Dei bygde hus omtrent der tunet i si tid låg.
a) Svein Børre (f.1969) vart gift i 2012 med Kai Wang, og bygde hus på plassen.
b) Frøydis Annette (f.1973) gifta seg i 2001 med Sindre Engeseth Olsen Hjelme. Dei bygde hus på
plassen.
c) Lennart (f.1975) gifta seg i 2006 med Lise Hjelme. Dei er busett ved Spjelkavik.