- av Svein Ove Østrem-
Namnet
«Røvastølen» vekker fantasien til live hos både unge og gamle.
Har der vore røvarar på ferde, eller har der skjedd noko spennande
i tidligare tider som har inspirert emblemsbygdarane til å gje den
no nedlagde setervollen eit slikt namn. På Emblemsfjellet kan ein óg
finne stadnamn som Bjørnanakken, Skallehammeren og Ormestuven, som
ber bod om både hendingar og former i naturen. Av dei hundretals
lokale stadnamn på Emblem er nokre få framleis i bruk, medan
mesteparten no er gløymde og ukjende for dei fleste. Vi skal no ta
for oss eit av desse.
I
våre dagar vert som regel internett brukt til det meste av
informasjonsinnhenting. Men eit søk på Google, som tidvis kan gje
millionar av treff, gjev i dette tilfellet berre to. Begge treffa
viser til tekst som eg sjølv har skrive, eller publisert tidlegare.
Ny kunnskap om dette stadnamnet er soleis skrint. Ein må derfor gå
grundigare til verks, om ein vil vite meir om denne setra til Vågane
(Eikenosvågen). Ei seter som nærmast umerkeleg endrar namn til
Eikenossetra etter nokre få steg i retning høgdedraget bak desse to
stølane , som i dag helst framstår som ein og samme setervoll med
einer og vegetasjon kring dei attståande sela. Eg skal kome attende
til litt meir historie om desse to setrane lenger ned i eksten.
Når
digitale søk ikkje nyttar, må hjernen og grundigare kjeldesøk
takast i bruk. Eg veit frå før at sambygdingen Johan Krogsæter
gjorde eit nitidig og grundig arbeid med dei lokale stadnamna på
1980- og 1990-talet. Han intervjua dei gamle, fekk hjelp til å
plassere namna korrekt på kartet, og laga eigne lister med meir
informasjon om både kjelde, opphav og nokre gongar tyding av namnet.
Oppdragsgjevar vart etter kvart Ålesund kommune. Dei nyttar framleis
denne kunnskapen ved mellom anna namnesaker, kart, namnsetting av nye
vegar og nye byggefelt. Krogsæter skreiv også ein populær serie
med artiklar for vekeavisa «Nytt i Uka», og gav ut boka: «Stadnamn
frå Sunnmøre – ei artikkelsamling» på Nytt i Uka Forlag i 1995.
Det innsamla materialet etter Johan har eg fått tak i, men særleg
klokare vart eg dessverre ikkje. Informanten var Reidar Arthur
Krogsæter (1917-1995) på Røssevollen, men han kunne berre fortelle
at det var eit gamalt namn for «Vågsetra». Det er kanskje ikkje så
underleg, for han kom først til bygda under andre verdskrigen og
gifte seg her. Kona, Thelma kunne derimot sjå slekta si på
Røssevollen attende til 1715, men eg er usikker på om ho vart
spurt, eller visste meir om akkurat dette namnet.
Eit
søk i band 2 av bygdeboka for Borgund og Giske, frå 1962, gjev
heller ingen resultat. Under garden «Eikenosa» har forfattar Ragnar
Øverlid notert seg at garden ikkje har hatt behov for seter, før
Iver Karlson Furseth frå Stranda kom hit og kjøpte garden. Han
dreiv mykje som slaktar og med feavl. Etter ei tid på
husmannsplassen Skorene, hadde han nok kapital til å kjøpe denne
høgast liggande garden i bygda. Derfrå bygde han den første
køyrevegen ned i Eikenosvågen, for eiga rekning, og han dyrka opp
stort fleire stader i bygda. 1900 oppretta han også Eikenossetra,
truleg for å utnytte fjellutmarka betre til beite. Med på laget
fekk han med seg brukarane på Hatlehol Indre, Torevågen og
Fureholmen. Ifølge bygdeboka så setra dei fleste her til 1960, og
Lundanesslekta, som seinare kjøpte Eikenosa, dreiv framleis setra i
1961. Ein veit dermed at setringa på Røvastølen og Eikenossetra
tok til 1900, og at dei første sela frå Vågane tilhøyrde
Torevågen og Furholmen. At Olevågen ikkje er nemnd, skuldast
kanskje at dei ikkje setra her. Drifta på dette bruket vart også
tidleg lagt ned, og Olevågen seld ut til tomter.
Ein
veit ikkje om stadnamnet «Røvastølen» er frå 1900, eller om det
kan ha samanheng med eldre stadnamn frå før setrane vart bygd ved
Skjelbruvatnet. Dette vatnet er no oppdemma og kalla
«Røssevollvatnet» av teknisk etat. Eg kjem i hug det som har vorte
skreve om dei tidlege brukarane på husmannsplassane ved
Eikenosvågen. Dei hadde svært lite å leve av. Fisket var
avgjerande for at dei skulle greie seg og fleire levde på krita, på
handelsmannens nåde. I Torevågen finn ein bygdas svar på «Gjest
Baardsen». Han heitte Knudt (f.1740) og arrestert for tjuveri to
gongar, men klarte å rømme begge gongane. Det vert fortalt at han
gøymde seg i utmarka på Emblemsfjellet med hesten sin, og at han
hadde tjuvgodset lagra i holer i utmarka. Ein veit ikkje korleis det
enda med han, og dødsåret er ikkje å finne i kyrkjeboka. Det er
nok ikkje så rart. Etter andre flukta skulle han «kagestryges» og
settast i jern på nærmaste festning på livstid. Faren hans var Ole
Pedersen Puskeset (1708-1770) frå Utigard. Han kom frå bruk nummer
1 på Eikenosøygarden i Puskhola, og er den første plassemannen ein
veit om i Torevågen, i nyare tid. Ole vart dømd for å ha hjelpt
sonen, Knudt. Han vart derfor dømd til å «miste sin hud» i
fengselet og «have sitt hovedlod forbrudt». Ole måtte derfor gje
frå seg alt han eigde til kongen i 1771. Historia om Gjest Baardsen
(1791-1849), som fleire gongar rømte frå fengselet, kjenner vi
framleis. Kan soleis «Røvastølen» ha noko med røvaren Knud på
Emblemsfjellet? Kan det kanskje ha samanheng med det heller tvilsame
ryktet, og den kristiske omtalen som fleire av dei første husmennene
i Vågane fekk av sognepresten i Borgund?
Ein
kan neppe påstå at der er ein samanheng mellom tjuveri og
stølsnamn. Det er då interessant å merke seg gardsnamnet
«Tykjegarden» på Røssevollen. I nyare språkdrakt høyres det alt
anna enn positivt ut, og ein veit at det også her var plassemenn og
småbrukarar som sleit med å halde svolten på ei armlengdes
avstand. Sjølv på første halvdelen av 1900-talet var det dei som
gjekk svoltne til sengs, og forsøkte å spe på med snarefangst.
Harry Akslen (f.1919) minnest framleis at dei bar matkorger opp på
Røssevollen i hans barndom. Men gardsnamnet har ingen samanheng med
naud eller ein «tykje» i tydinga «fantegut» å gjere. Gardsnamn i
bygda var helst nytta på folkemunne for å skilje dei frå kvarandre
på eit matrikkelbruk. Dei var også ofte namn på heidersfolk som
ein såg opp til. Soleis kunne nokre gardsnamn haldast ved i
generasjonar, sjølv om andre skifta oftare. I dette tilfellet er det
snakk om Tyche Knudson Røssevold (dp.1752-1827). Han dreiv garden
til 1813. Årsaka til at namnet vart halde i hevd så lenge er ikkje
lenger kjent dessverre. Tyche er dansk og er det same som Tyge. Dette
namnet er ikkje så mykje brukt lenger. Blandar ein namnet med lokal
dialekt, så kan ein ende med nettopp «Tykjegarden» med tid og
stunder.
Dette
bringer oss over på tydinga av ordet «Røva...». Då kan det vere
nyttig å tenke på dialekten i bygda på 1900-talet. Her gjev
nynorskmannen Johan Krogsæter oss eit spor. Han skreiv også ned
uttalen av namna med lydskrift. På Røssevollen finn vi staden
«Røvagjerdet» og det er ikkje den einaste staden vi finn eit slikt
stadnamn i Emblemsbygda. I Bergens Museum sin arkeologiske
tilvekstkatalog frå årskriftet i 1922-23, finn ein nemnd B7426 –
Pilespiss av kvarts frå Torevågen som vart funne i det som då var
del av revegjerdet til Nikolai Ekornåsvåg i Torevågen. På denne
tida var det ein rekke revefarmar i Emblemsbygda. Truleg var det
tidlegare nemnde Iver «Kjøt-Iver» Karlson Furseth på Eikenosa som
starta opp med sølvrev, og fleire følgde etter. Han hadde gjort det
så bra med andre forretningar, at ein kan tru at fleire vart freista
til å prøve seg. Mange av desse var like aktive på Bedehuset som
Iver, men særleg løn for strevet fekk dei neppe. Etter nokre år
hadde dei fleste gjeve opp, sjølv om revegarden vart ståande. Andre
forsøkte seg også på mink.
Så
kan ein saktens spørre seg kva dette har med stølsnamnet å gjere.
I eit handskrive notat frå 1935, fortel nettopp Nikolai Ekornåsvåg
om Torevågen, historia om bruket og korleis det var då han kom frå
Kvasneset for å kjøpe denne garden av «Kjøt Iver» i 1903.
Skriftet syner at brevstyrar Nikolai i Torevågen var interessert i
historie og at han hadde leita fram mykje kunnskap frå dei før han.
Brukaren før han var dermed gardeigaren på Eikenosa, og han hadde
allereie oppretta Eikenossetra med sel. Det vart stort sett tiltenkt
budeiene, for overnatting mellom kveldstell og morgonstell, før
mjølka skulle berast ned til smørmeieriet i elva ved Garsendhaugen,
før til 1906. Han hadde dermed ikkje behov for to sel, så det var
truleg Nikolai som først bygde selet til Torevågen på Røvastølen,
litt nærmare Skjellbruvatnet. Om Furholmen var tidlegare ute, er eg
usikker på, men Nikolai fortalde at han sette opp sel for Torevågen
i 1915, og så kjem opplysninga om at Vågane si seter vart kalla
«Røvastølen» fordi «der budde ein mikkel rev». Tydelegare kan
det vel ikkje forklarast. I dag ville vi vel heller kalla det
«Revestølen». Han fortalde ikkje om reven fortsette å bu der
etter at stølen var rydda. Ein kan kanskje tenke seg at brukarane på
Eikenossetra hadde observert reven før 1915? Soleis har ein for
eksempel stadnamnet «Bjønnahiet» ved Brunskarnakken og Koppen til
minne om den siste bjørnen som vart skoten på Emblemsfjellet.
Eit
kartsøk på «Revestølen», «reveseter» osv. gjev heller få
resultat på norgeskartet. Der finst i alle fall ein stad ved
Farsund, men det er heller ikkje mogeleg å få fram vår eigen
«Røvastøl» på kartet heller, så ein kan ikkje vere så sikker.
Nettsøk via Google og Nasjonalbiblioteket kan likevel gje eit
inntrykk av at eit slikt namn på ei seter er temmeleg unikt. Det kan
også støtte opp under det som Nikolai har fortalt. Det gjev derimot
ingen svar på kvifor der er to stølsnamn tett i tett i staden for
berre eitt. Noko heidersnamn til reven behøvde ein vel ikkje, samme
kor interesserte i reveavl dei alle skulle verte. Det er heller ikkje
sikkert at vi vil få noko eintydig svar på dette spørsmålet.
Utskiftingane av fjellutmarka har i alle fall ikkje påverka valget,
for der var samme bestemmelsane i både 1900 og 1915, og setrar i
nærleiken har hatt større utstrekking enn dette. Ein skal også
huske på at Eikenosvågen er det gamle sjøstykket til Eikenosa, og
ein finn fleire eksempel der desse to gardane framleis har felles
seter på 1900-talet. Der kan særleg Østremsetra nemnast. Feire av
sela til Østrem nokre av bruka frå sjøstykket, som fekk namnet
Nedregotten, er framleis samla. Dette er kanskje den setra som har
lagt lengst på samme stad. Før 1907 var også Emblem og
Emblemsvågen samla på «Gamle Emlemseter», og ikkje minst
«Høgstølen» før det. Etter den tid flytte Auregarden, Negarden
og Sjursgarden dei gamle sela sine nærmare bygda og etablerte
Auresetra, bak Rotanakken, ved dei gamle setreråsene frå Legane.
Steffågarden, Skillingen og Hatlebakken kom etter på 1930-talet,
men etablerte sin eigen støl litt næmare Kubbane, eit steinkast
unna. Det kan derfor vere verdt å spørre seg om behovet for samhald
vart mindre utover 1900-talet. No var også bjørnen borte og då
kunne ein kanskje velge plassering og tal på budeier litt friare.
Men det forklarar ikkje kvifor dei likevel bygde to stølar så tett
i tett.
Om
der er nokon som veit meir om dette, eller har historier frå
Røvastølen, så vil eg meir enn gjerne høyre meir om dett. Ta
gjerne kontakt med meg på
sveostrem@hotmail.com
Marit
Ekornåsvåg Alnes minnes at dei kalte området for «Røvabakken».
Ho trudde alltid at der budde rødrev inni den, når dei var i
Torevågselet som barn. Soleis endra namnet seg litt etter kvart. I
dag er der vel kanskje ikkje så mange som veit at dei passerar
Røvastølen og Røvabakken i det heile tatt. Kanskje går dei
setrevegen langs vatnet utan å vite at den vestlege delen før brua
og setra er Skjelbruvatnet. «Røssevollvatnet» er eit namn som er
dikta opp av utenforståande etter at demninga vart bygd på myrane
ved Røsevollsetra. Kanskje går du også over brua mot dei to
setrane og set deg ned, like etterpå, i ei lun krå med natursteinar
uvitande om at dette er murane frå den eldste Eikenossetra frå
1900. Etter oppdemminga kom bygningane for nær drikkevatnet og måtte
derfor flyttast ovanfor Røvastølen. På berre omlag 50 år, frå
oppstarten, har både setrane og geografiske namn endra seg temmeleg
mykje. På dei offisielle karta frå kartverket finn du derfor berre
Eikenossetra, men no veit du også meir enn som så. Det er viktig at
vi framleis tek vare på kunnskapen om det som ein gong har vore for
ettertida.
Kjelder:
Akslen,
Harry: Avskrift frå ein serie intervju 2016 og 2017.
Alnes,
Marit Ekornåsvåg: Minne om røvabakken, delt via Messenger
Bergen
Museum: Tilvekstliste i Bergen Museums årbok nr. 1 1922-23
Google:
Diverse namnesøk og kildesøk
Krogsæter,
Johan: Diverse dokument, kart og skjema med namnegransking av lokale
stadnamn i Ålesund kommune
Kvassnes,
Nikolai Ekornåsvåg: «Om Torevågen» frå 1935
Lokale
stadnamn frå Ålesund kommune på nett:
https://www.fylkesatlas.no/stadnamn_more_og_romsdal
Nasjonalbiblioteket:
www.nb.no
Rabbevåg,
Egil og Svein Ove Østrem: «Bygdebok for Emblemsbygda, gardsoge gnr.
1-14 og 190 i Ålesund kommune». Utkast til boka
Østrem,
Svein Ove: «Gamle Emblemseter» http://www.emblemsbygda.com/66931061
Øverlid
Ragnar: «Borgund og Giske II, Gardsoge, Gardsnr. 1-51» Borgund og
Giske Bygdeboknemnd 1961