DELT FRÅ BNR. 1 HATLEHOL INDRE I 1931
Jenny Emma Havnevik (1912-1971) var fosterdotter til Edvard Hatlehol(1), og tok over
bruket etter fosterforeldra sine. Ho gifta seg 1945 med Peder Elias Dimmen(Y,3) (1908-1990). Dei
budde først på Blindheim, før dei fekk garden utan vederlag i 1951. Jenny var eigentleg søsterdotter
til fostermora, Johanne Hatlehol. Foreldra var 1414 Gurine Marie Eline Melbø og Peter Havnevik i
Havnevika, Flisholm(2). Bruket vart verdsett til 2500 kroner, når Jenny tok over. Ho tok i seinare år
over huset til tanta, Andrine. Gamlehuset på garden vart kanskje lite tjenlig for Jenny og Peder. Salg
av hyttetomter og hustomter fortsette i Jenny og Peder si tid som brukara. Huset til Andrine vart
seinare arva av borna.
a) Perdy Oddrun (f.1946). Tidlegare g.m. Erling Martin
Lillerovde, busett Spjelkavik.
b) Per Gunnar (1947-1976)
c) Einar Johannes (1949-2019) var tidligere g.m. Kirsti
Pauline Dypvik, busett Hatlehol.
Borna Perdy Lillerovde, Per Gunnar Dimmen og Einar Dimmen fekk skøyte på eigedommen ved
arveskiftet etter mora i 1972. Eigarfordelinga vart endra i 1978, når borna til Perdy, Jan Ove Lillerovde
(f.1963) og Pål Morten Lillerovde (f.1971), fekk kvar sin sjettedel av garden. I 1979 fekk
søskena Perdy og Einar kvar sin halvpart frå broren, Per Gunnar, sitt dødsbo. Einar eigde no 3/6, og
Perdy vart på ny medeigar, med 1/6 av farsgarden. Dei er framleis grunneigarar, men det meste av
innmarka er no seld ut til hustomter og byggefelt. Med Einar sin bortgang i desember 2019, vart andelen overført til borna Bjørn Dimmen og Ellen Kristin, gift Loppnow. Utmarka kring Røssevollvatnet, og teigane mot
Geitnausa, er framleis i familiens eige.