Iver Ragnvald Johan Ødegaard (1881-1962) fekk delt frå ein part av bnr. 1 Utigard i 1907, etter
faren,
(Johan) Andreas Jensen, døydde. Broren, Jens Johan Ødegaard, tok over resten av
garden. Iver sin gardpart fekk namnet «Bjørkavollen» og bruksnummer 4. Han fekk ansvaret for mor
si, som fortsette å bu der. Det var Bestefar til Iver,
Jens Andreason Eikenosøydegard(1), som
hadde bygd seg ei kårstove her på byrjinga av 1870-talet. Bruket vart skyldsett til 1,19 skyldmark, og
Iver fekk skøyte på bruket i 1909. Han gifta seg 1910 med
Karen Marie Iverdotter Eikenos
(1879-1912). Ho var dotter til Iver
«Kjøt-Iver» Furseth, som hadde bygsla Skorene, kjøpt delar
av Steinsgarden, Østrem(4) og heile Eikenosa. Han kjøpte også det gamle meieriet på Emblem, som
vart nedlagt i 1906. Treverket gav han vidare til Iver, som brukte det til å bygge løa. Den står der
framleis. Ein kan enno sjå spor etter det gamle smørmeieriet i stallen og hønsehuset. Iver og Karen
fekk kort tid i lag. Ho døydde få veker etter at sonen deira vart fødd. Ho vart gravlagd, men først
jordfesta i byrjinga av juni. Det kan skuldast at Iver var på fiske. Slekta har framleis brevet, som han
fekk på Vigra, frå bror sin, om at Karen hadde fødd ein velskapt son. Sonen deira, Karl Iver, vaks
opp på Eikenosa og budde mykje hos besteforeldra sine dei første åra. Etter fem år som enkemann,
fekk Iver hushalderske på Bjørkavollen. Det var Marie Olsdotter Småge(5) (1885-1982) frå Aukra.
Ho hadde tidlegare arbeidd på butikk i Emblemsbygda, og truleg i butikken til Iver si svigerinne,
Johanne Petrine Furseth på Skorene, Emblem(10). Dette var forløperen til Hans Furseth sin
nybygde butikk, litt lenger inne på Magnusbakken. Den vart bygd tre år seinare. Iver og Marie gifta
seg 1920. Han var tidleg ute med grønnsak- og blomsterdyrking. Det bør også nemnast at Ivar
formelt vart poståpnar for Eikenosvågen brevhus i 1942, men det var Marie som dreiv brevhuset frå
kjøkkenbordet på Bjørkvollen. I ei skuff hadde ho både stempel og frimerke. Posten vart levert med
Emblemsruta og henta nede ved bilvegen. Brevhuset vart lagd ned i 1965. Iver var også aktiv
venstremann. Han hadde fleire kommunale verv, i tillegg til å vere vegvokter. Før 1912 var han også
med på å sette opp sjømerker på helgelandskysten.
a) Elisabeth 1909-1981 1931 g.m. Hans Gustav Vegsund(3), brukar Vegsund(3).
Marie si dotter frå før, med Knut Olaus.Kolseth, Gjemnes. Ho
vaks opp hos besteforeldra på Aukra, men flytta til
Bjørkavollen etter bryllupet i 1920.
b) Karl Iver (1912-2002) tok over bruket.
c) Palma (1920-2011) gifta seg i 1949 med Arthur Slotsvik(6), Ellingsøy.
d) Ruth Odlaug (1921-1965) gifta seg i 1945 med Leiv Larsen, brukar Spjelkavik(10).
e) Arne Johan (1922-1999) gifta seg i 1947 med Olga (Mosse) Bjørkavåg. Han fekk delt
frå hovudhuset på bruket og busette seg der. Arne var
englandsfarar, og seinare entreprenør. Han tok initiativ til å
etablere byggefeltet på garden, og vart leigd inn ved bygginga
av den første grasbana til Emblem IL, ved nybygde Emblem
skule, på slutten av 1970-talet. I dag er det Arne Ola
Bjørkavoll som har tatt over huset.
f) Lars Olaf (1923-1924) døydde av «krampe i kikhoste» ett år gamal.
g) Judith Anna (1925-1925) døydde av krampe, 2 månadar gamal.
h) Ingrid Mary (1928-2018) gifta seg i 1952 med Mathias Martin Hagen(M,1). Dei er brukara på Vegsund
(8+12).
Sonen Karl Iver Bjørkavoll (1912-2002) tok over bruket. Han miste mor si tre veker etter fødselen,
og vart amma opp av tanta,
Gurine Iverdotter Furseth Flydal. Ho hadde då gifta seg med
lærar Lars Flydal(1) og flytta til Ytrebø, Østrem(5). Ho amma framleis sonen, Peter Marius. Karl
budde mykje med besteforeldra oppe på Eikenosa, til han vart fem år gamal. Faren gifta seg nemlig
ikkje på nytt før 1920, men i 1917 fekk dei hushaldar. Det var den komande stemora til Karl, Marie.
Han vart med far sin på Borgundfjordfiske allereie som 15-åring. I samanheng med utdannelsen på
Gjermundnes Landbrukskule, fekk han interesse for birøkt. Dette dreiv han med i 60 år. Karl var
samfunnsengasjert, motstandsmann under krigen, og ikkje minst aktiv i indremisjonsarbeidet på
Blindheim og Hatlehol. Karl var domsmann og skjønnsmann, slik som faren hadde vore. I tillegg var
han oppsynsmann for skogen i Indre Borgund i mange år. Han bygde seg nytt hus på Bjørkavollen i
1949, og gifta seg i 1953 med Kirsten Klokk(4) (1924-2018), frå Ramstaddalen i Sykkylven. Kirsten
budde der heilt til ho flytte på sjukeheim. Eit område vest for gardshusa vart lagt ut til bustadfelt i
1982. Mellom dei som bur her er born av Karl,
Arne Bjørkavoll og
Edvin Vegsund.
a) Kari (f.1956) gifta seg i 1980 med Jakob Eitrheim. Dei er busett i Utne i Hardanger,
b) Berit Marion (f.1959) gifta seg i 1986 med Ragnar Thorsen. Dei er busett ved garden.
c) Lars Ivar (f.1962) tok over bruket.
Lars Ivar Bjørkavoll (f.1962) er dagens grunneigar på det no nedlagde bruket. Han gifta seg 1993
med Anne Perdis Høgstøyl (f.1967) frå Hessa. I deira tid er delar av blitt selt til bilforretning, og
delar av ein skogsteig er selt til byggefelt. Dei bygde seg nytt hus på garden i 1996. Gamlehuset, som
Arne Bjørkavoll eigde, er no eigd av Arne Olav Bjørkavoll. Dette er restaurert.
a) Kristine (f.1996) gifta seg i 2017 med Marius Nergård, busett i Bergen.
b) Andreas (f.1997) er busett i Ålesund.
c) Synnøve (f.2001) er busett i Ålesund.