Napoleonskrigane
var over, eidsvollmennene hadde drege heim att for lenge sidan, og
Noreg hadde no fått svensk overherredøme samt ei sjølvlaga
grunnlov. Folk flest bar enno preg av det som hadde vore. Dei var
truleg krigstrøytte og det var nok heller skrint for pengar på
kistebotnen hjå dei fleste. Handelsblokade, ekstraordinære
krigskattar og auka prisar på det aller nødvendigste hadde sørga
for det. Eg har likevel ikkje funne noko hald i at folk Emblemsbygda
svalt. Dei hadde fisken når kornet mangla og av dei få som døydde
i bygda frå 1802-1815 var stort sett alderdom eller dødfødslar
årsaka. Det fanst dei som måtte gå frå gard og grunn fordi dei
ikkje makta å betale for seg, medan andre såg moglegheiter, slik
som Jens Jensen Heltne (f. ca. 1770) som kom sørfrå og kjøpte
heile storgarden Magerholm med Magerholmvika attpå i 1814. Han
betalte også halve lånesummen attende året etterpå, og slikt var
sjølvsagt ikkje vanleg. Atle Døssland peikar på mogelegheita for
at det var dei som flytte frå Emblemsbygda og Sunnmøre i håp om
eit betre utkome. Nokre drog kanskje nordover til betre fiskehamner,
medan andre busette seg i Romsdalen og Nordmøre.
Folkeminnesamlaren
Peder Fylling gav i 1877 ut ei bok med folkesagn frå Sunnmøre. Der
fekk han plass til ein tekst om haustinget på Sørneset i 1816. Han
skreiv ei særs detaljert fortelling om hendingane som for ettertida
har vorte kjend som «Bondeopprøret i Borgund». Det er hovudsakleg
Fylling og historikar Atle Døssland eg støttar meg til i denne
teksten. Steffen Steffensen Emmelem har for ettertida fått ein
sentral plass i fortellinga om dette opprøret, og det er hovudsakleg
han eg vil fortelje litt meir om.
Det
tilspissar seg på hausttinget
Dei
frammøtte bøndene vart både sinte og hørøysta då dei fekk greie
på den nye forordninga med pålegg om brennevinskatt for alle, om
dei brende eller ei. Ved påbodet kunne futen heller ikkje forklare
tilstrekkeleg kor mykje dette utgjorde av den totale skatten som
skulle krevast inn. Året var 1816. No var det ein ny konge som
hadde vorte krona og det verka ikkje som om han viste noko meir omsut
for undersåttane sine. Bøndene ville rett og slett ikkje akseptere
dette påbodet, og det var her ein av dei frammøtte skal ha heva
røysta og sagt at den første mann som betalte brennevinskatt skulle
slåast ihel. Fortellinga skal ha det til at ein av futen sine
hjelpesmenn på tinget då hadde sagt seg villjug til å vere den
første betalande allereie. Det heile vart difor også sett på som
alvorleg trugsmål mot ein offentleg tenestemann.
Ser
ein på Fylling si beskrivelse av hendinga, så hadde postmeister P.
Tonning betalt sin del av brennevinskatten då Steffen skulle ha
uttalt desse truande orda. Det skal ha vorte
"en
stor tumult og støi"
både innandørs og blant dei frammøtte og ute på tunet der enno
fleire hadde møtt fram. Då hverken
"fogd
og skriver tillikemed flere almuesmenn ikke bestemt visste hvem som
uttalte disse formestelige ord. Retten måtte heves og forhør
fremmes straks i løpet av den 8. og 9. januar neste år, 1817, og
resultatet blev at angjeldende Steffen Emblem var mannen for hin
ublue tale"
Steffen
vart då lagt i fangejern og satt ifogderiet sitt arresthus i
Kolvika. Folk meinte at Steffen
"efter
deres anskuelser ikke alene var deres talsmann, men endog
uskyldig(..)"
Det var omtrent 30 av dei mest innflytelsesrike menn i Borgund som
engasjerte seg i denne saka.
Kva
var det eigentleg som skapte så mykje harme på hausttinget.
Ordninga med eige norske styresmakter og Grunnlova av 1814, hadde nok
gjeve forventningar og kanskje håp om betre tider. Mange vart skuffa
då dei nye styresmaktene gjekk i gang, mest med det same, med fleire
skattekrav og sterke oppmodingar om frivillige ytelsar oppå det
heile. Då dei fekk påbod om at dei gamle koparpengane skulle
inndragast for å skape bedre orden i pengestellet, vart
sunnmøringene temmeleg irriterte. Dei meinte og at futen hadde
underslått av dei innsamla pengane. Deretter kom
ei
sterk oppmoding om at ein skulle levere frivillige sølvinnskot til
den nystarta riksbanken. Dette vart ikkje særleg vellukka.
Oppfordringa vart dermed endra til tvangspålegg. Brennevinskatten
kom so på toppen av det heile.
Steffen
vert Fengsla
Futen
Landmark fann seinare ut at det skulle ha vore Steffen som var den
skuldige og sette han i fengselet i Kolvika. Futen fekk inga støtte
hjå almugen for denne handlinga. Mange av bøndene meinte at det var
feil mann som var fengsla og den 18.1.1817 sette dei i gong ein
protesteksjon. kring 3-400 menn møtte opp utanfor fengselet og tok
nøkklane frå arrestforvarar Johannes Olsen Koldvig med makt. Kor
viljug arrestforvararen var til å verne om nykkelen, det er ei anna
sak, men dei tok alle i nøkkelen slik at ikkje nokon enkeltperson
skulle kunne stillast til ansvar åleine. Det var med andre ord ei
nøye planlagd handling. Dei låste opp døra og henta Steffen ut or
fengselet
I
Peder Fylling sin tekst finn me enno fleire detaljar om hendinga. Dei
frammøtte først krevde at arrestforvarer Johannes Olsen Koldevig
skulle sleppe ut Steffen. Då han ikkje kunne imøtekomme kravet, så
ba dei om å få nøkkelen og fekk heller ikkje den. Då truga dei
han med vold og mishandling, turte han ikkje å st imot lenger. Alle
dei frammøtte tok så nøkkelen i si høgre hand etter tur før dei
låste opp arresten den 18.1.1817. dei løyste Steffen frå
fangejerna og ba han om å reise heimatt til Emblem. Dei frammøtte
beslutta så å sende muntlege og skriftlege bod til alle gardane i
distriktet om at dersom dei vart tiltalt, skulle alle saman hjelpe
kvarandre til det ytterste og ikkje verte skremd sjølv om det endte
med blodsutgytelse. Om alt dette stemmer, er eg ikkje heilt sikker
på. Det verkar som om Fylling kan ha tillagd Johannes litt meir
edlare tankar enn det som var realiteten. På den andre sida så var
også dette nødvendige argument i den påfølgande rettsaka.
Johannes vart i alle fall trudd av retten.
Futen
fekk høyre om desse opprørske planane, og at heile den sunnmørske
allmugen skulle sette seg opp mot han dersom aksjonsleiarane likevel
vart tiltalte. Landmark sende då bod til alle lensmennene og bad dei
finne ut om det gjekk nokon bodstikke mellom bøndene og å varsomt
tale til rette dei som hadde desse opprørstankane, utan å nemne
ordren som han hadde gjeve dei. Futen sende og eigne opprop til
tingallmugane og kyrkjelydane der han mante til samhald og
samfunnsånd.
Soldatar
vert sette inn
I
slutten av januar 1817 nådde truslane sit høgdepunkt ved at bøndene
i fleire tilgrensande distrikt ville, eller hadde allereie slutta seg
til borgundbøndene. Det utvikla seg til at 100 soldatar vart beordra
frå Major Lind sitt kompani på Ørskog og ytterlegare 100 mann frå
kaptein Rommelhof i Volda. Desse skulle sendast til Borgund etter
amtets ordre den 5. og 6. februar. Meininga var truleg å avskrekke
bøndene, etter at muntlige advarslar ikkje nytta. Lensmenn,
kirkebakken og sjølv preikestolen hadde vorte nytta til å roe
befolkninga frå videre opprør. Steffen vart så henta med militær
makt og på nytt satt i arresthuset, saman med Lars Olsen Holen, som
og skal ha sagt noko
i
samme lei på hausttinget. Arrestforvareren blei avsatt og fengsla.
Futen frykta nok for konsekvensane då han fekk vite at bønder
såpass langt sør som Stadt hadde støtta bøndene i Borgund. Han
drog så sørover for å sjekke om dette stemte.
I
eit brev til amtet 3. februar 1817 hadde Landmark uttalt bekymring
over at soldatene var i svogerskap og slektskap med folk i Borgund og
at en del av dei hadde hatt tjeneste der. Han stolte på befalet men
følte seg likevel usikker på korleis dei menige soldatane ville
reagere. Ei anna bekymring var at ei rettsak mot Steffen skulle
haldast når så mange frå distriktet og fjordane var
samla
i Borgund til vinterfiske. Amtsmannen hadde krevd rettsak mot Steffen
og Lars skulle rettast mot dei to åleine, mens futen peikte på at
dette var i slik ei nær tilknytting til sjølve opprøret.
Dommen
fell
Den
17. mars sendte futen brev til kompanisjefane Lind og Rommelhof, og
då var dei framleis ustasjonert på Sørneset, Nørve og i Kolvika.
Dei får vite at soldatane må vere der enda lenger sidan
forhørskommisjonen endo ikkje var ferdig med sitt arbeid og difor
ikkje klar til å avseie dommane. Det vart vidare rekvirert meir brød
til dei frå handelsmannen Mecklenburg i Vegsundet. Fogden godkjente
at fleire av dei arresterte fekk bu heime mot kausjon, og ta del i
vinterfisket 1818. Steffen var ein av desse, men N.N. Godø som vart
anklaga for å vere hovedmannen bak opprøret, fekk ikkje lov til å
forlate arresten, då ein venta på dom frå Høgsteretten. Den 2.
juli 1818 fekk Lensmannen i Borgund brev fra fogd Andreas Landmark,
som hadde hørt at N.N og N. Godø hadde tenkt seg til Bergen saman
med N. Djup. Dei hadde fått lov til å vere heime under fisket, men
drog dei avgårde lenger enn det, så vart dei arresterte igjen.
Så
14. august 1818 fekk Lensmann Otto Glomseth beskjed om å forkynne
høgsterettsdommane til hovudmennene bak opprøret. N. Godø vart
dømd til livslangt slaveri, N.N. Godø fekk 8 år. To andre fek frå
eit halvt til 1 1/2 år i fengsel, medan Steffen og Lars fekk 3 år
kvar. Den 24. august vart arrestantane henta i to seksringsbåtar
tilhøyrande Ole Nilsen Brandal og Gunder Paulsen Høvlid og ført
til Bergen. 9 andre vart dømt til 14 dagar på vann og brød medan
17 andre fekk 8 dagar. Dei fleste fekk i tilleg bøter og Steffen
måtte på si side betale 18 1/2 Spesidalere. Arrestforvararen
Johannes Koldevig var heldigare og rikjent. Han fekk også attende
stillinga si.
Dommane
vart sett på som milde den gongen, for oppvigleri var ikkje noko ein
tok lett på. For ettertida kan særleg dommen mot N. Godø framstå
som særleg hard.
Kven
var så Steffen Steffensen Emblem
I
1801-tellinga finn eg ein 30 år gamal Stephen Stephensen som
husbonde på det eine bruket i klengetunet på Emblem. Denne garden
skulle seinare få namnet Steffågarden etter han. Steffen var gift
med Anne Ellingsdotter på 27 år og dei var truleg nygifte. Det var
ikkje registrert nokon born enno, men dei hadde ei tenestejente på
52 år og ho hadde kanskje ansvar for kårkona og legdslem Ingeborg
Olesdotter som delte hus og heim med dei unge gardbrukarane.
Gardsoga
for Borgund fortel at han kom til Emblem frå Gjørva i Geiranger.
Søstra hans, Oline (1760-1834) som gifte seg i Knutgarden på
Blindheim br.nr. 6 står også oppført med etternamnet Gjørva. Når
eg leiter i kyrkjebøkene frå Geiranger, så finne eg ikkje Steffen,
men handskrifta er særs vanskeleg å tyde så det kan vera ei
medverkande årsak. Det eg derimot har funne, er dødsattesten frå
Borgundkyrkje og der er han registrert som 66 år i 1832. Det tyder
på at han vart født kring 1766. Det eg derimot kan sjå er at han
gifte seg med Anne Ellingsdatter Vestreås (1774-1825). Borgundboka
oppgjev og at ho døydde 50 år gamal i 1725, opplysningane kan
stemme brukbart. Truleg er det berre ein skrivefeil, men eg har og
påvist feil ved årstal ved andre høve. noko som kan tyde på at
ein ikkje bør stole blindt på alle opplysningane i gardsoga.
Steffen
og Anne fekk i alle fall 8 born. Av desse var ein dødfødd . Minst
tre andre døydde som born, og det er mogeleg at det var enno fleire
også. Borna Steffen (1803-1883) og Oline (f. 1812 og gift 1836)
busette seg i Knutgarden og Pegarden på Blindheim, medan Elling
(1806-1849) Tok over bruket. Det skal også ha vore Elling som bygde
den første høyvogna på Emblem. Han hadde vorte smitta med lepra av
ein legdslem på garden og reiste heilt til Bergen og Kristiania i
håp om å verte frisk. Då han gjekk heimatt hadde han god tid til å
sjå seg ikring. På austlandet fekk han då auge på gardsreiskap
med hjul. Dette var uavnleg på sunnmøre og han rakk å bygge seg
eit eksemplar før han døydde kort tid etterpå.
Peder
Fylling har i si fortelling om opprøret i Borgund lest temmeleg
grundig i sakspapira. Han fortel også at Steffen vart fødd på
garden Bjørstad i Norddalens Prestegjeld og at han var son av
Steffen Olsen og Synnøve Ellingsdotter. og Steffen "tok i 1810
gården Emblem i besiddelse", men eg finn han ikkje under
Bjørstad i bygdeboka for Norddal, eller Sunnylven for den saks
skuld. Peder Fylling var ein sjølvlærd historiekunnig med sans for
omskrivingar av kjeldematerialettil meir «korrekt norsk». Det er
difor grunn til ein viss skepsis kring delar av det han skreiv, men
det meste er det grunn til å feste lit til. Det var ikkje mange åra
atterpå at han skreiv ned det som hadde hendt og dette var truleg
eit samtaleemne i mange år etter hendingane også.
Kjelder:
Digitalarkivet:
Folketellingar og kyrkjebøker på nett.
Døssland,
Atle: «Folketal og næringstilgang på Sunnmøre 166o til 1815»
Skrift 10, Møre og Romsdal Distriktshøgskule, Volda 1984
Døssland,
Atle: «Med lengt mot havet: 1671-1835», Fylkeshistorie for Møre og
Romsdal. Samlaget 1990
Fylling,
Peder: «Folkessagn samlede paa Søndmør 2den Del», Aalesund 1877
Strømme,
Lars: «Bumerke frå Sunnmøre», Cammermeyer, Oslo 1943
Øverlid,
Ragnar: «Bygdebok for Borgund Band II, Gardsoge 1-51». Borgund og
Giske bygdeboknemnd. 1961.