Tru det eller ei, men dette er ikkje Flydalgarden (Ytrebø) der Asgeir Flydal bur i dag. Eg var særs sikker på nettopp dette, men Per Almar Steinnes og kona Gunvor (f. Flydal) har i lenger tid granska biletet nærare og kome til følgjande konklusjon: Dette er Vestrem, som er nabogarden mot aust. Eg har aldri sett stova på Vestrem slik som dette før. Dei studerte også bileter av Marka-Hans, Marte og dottera Karoline inngåande før dei med stor sikkerheit kunne fastsette at det var dei og at årstalet var kring 1912. Ta gjerne turen innom Fylkesfotoarkivet.no og sjå sjølv. Foto: ukjend