Bygda vår har vore ei feriegrend og ein draumestad for mange by-born frå Ålesund. Eg tenker då særleg på tidsrommet frå 1910 og fram mot 1960-åra. Det starta med at byfolket leigde
seg rom og kjøkken på gardane, medan gardsfolket flytta ned i kjellaren. Byborna skilde seg utmed leiker, kvite klede og fritid på ein heilt anna måte enn borna frå bygda. Emblemsanden vart ein plass for bading, kioskdrift og
seglbåtar, i staden for tømmerfløting.
Etter kvart vart det populært å bygge seg eiga hytte på Emblem. Det var i si tid ein heil skokk med slike små hytter og endå til eigne hyttegrender, slik
som ein enno kan oppleve dei nede i Løvika. Med tida har mange av desse hyttene vorte herja av forfall og hærverk, medan andre har vorte utvida til heilårshus. Kunnskapen om feriegrenda Emblem er både fragmentert og usammenhengende
sidan lite er nedskrive. Eg er no på jakt etter desse historiene og kunnskapen om det er nokon som kan hjelpa meg med å skrive ned det dei hugsar og veit. Dykk kan gjerne senda tekst på følgjande adresse: sveostrem@hotmail.com Bilder
er særs kjærkomne.