Kva skjer akkurat no

Korleis såg eigentleg huset i Sjursgarden ut. Eit gamalt slitt postkort sette meg på tanken. Akkurat der huset stend så var det ei uregelmessigheit i linseglaset til fotografen slik at det einaste som kunne tydast var at muren var omlag kvit, stova var mørk og at det var noko kvitt på venstre halvdel, truleg eit vindauge. Befaring syner at det truleg var to kjellardører og at den eine var dels dekt av trappetrinna mot vest. i sørveggen mot aust (høgre sida på dette biletet) var det eit luftehol. Utfordringa er om den eine kjellardøra kanskje var eit vindauge, men det er ikkje noko som tyder på det. Resten vert spekulasjonar med unntak av munnlege opplysningar om at der var minst eit småruta vindauge, Inngong midt på langveggen både foran og bak og i 1925 var det i alle fall dugnad på torvtaket. Truleg er dette svaret på kvifor huset datt så raskt saman, medan stabburet stend enno. Dette er kun ei rask grovskisse der breie glas er lagt til. Som du kan sjå så er vindauga plasserte litt ulikt for om mogeleg å hjelpa på husken til den som har sett dette i sin barndom. Er du ein av dei som hugsar noko så håpar eg at du tek kontakt med meg på ein av tre følgande måtar: sveostrem@homail.com, Svein Ove Østrem via facebook eller ved å ringje meg på telefonnummer 95801801 eller 71251983.

Under kjeldesøk kom eg over ein fenrik med Røssevold til etternamn. Han var ein av fleire omkomne under prøveskyting med beslaglagde kanoner frå okkupasjonsmaktene. Fenrik Sigurd A. K. Røssevold var ein av dei som deltok på den fatale skytetesten ved Husøya kystfort i Bjugn kommune 21. november 1945.

Spørsmålet er kven han var og kva slags forbinding han hadde med bygda vår. Det er vanskeleg å seie nok mevd sikkerheit sidan eg ikkje har fullstendig oversyn over alle fødslar fram til 1930-talet enno. Eit anna usikkerheitsmoment er om Sigurd fekk status som fenrik før eller under verdskrigen. Det vil også ha betydning for kva årskull som Sigurd tilhøyrde.

Tek ein utgangspunkt i tanken om at Sigurd vart fenrik før krigen så kan han ha vore den same som vart fødd den 3. desember 1907. Dette var Sigurd Adolf Knutson Røssevold og sonen til fiskaren Knud Britanus Røssevold (f. 1870) og Synnøve Larsine Andreasdotter Flaate (f. 1873) frå Volda. Under 1900-tellinga bodde familien i Latinskolegata 17 i Ålesund og i 1910 på kvisten i Kirkegata 41.

Knut Britanus Røssevold var sonen til Ole Berntsen Midtgard (1828-1920) og Anne Marie Samuelsdotter Storstein (1832-1892) som begge vart fødde i Sunnylven. I 1859 hadde dei vore gifte i omlag tre år kom til bygda vår. Der fekk dei feste og starta å rydde plassen Rognereiten på Røssevollen allereie det samme året. Det gjekk temmeleg bra med plassefolket og dei kunne kjøpe Rognereiten til sjølveige i 1889. Ole gav seg ikkje som gardbrukar før han var 74 år gamal i 1902 og på denne tida var altså den eine sonen, Knut, godt etablert som fisker i Ålesund i likheit med mange av dei jamnaldrande plassebrukar sønene frå Emblem.

Det er på sinn plass å påpeike at dette kun er ein Sigurd Røssevold med A og K som eg har funne so langt. Kanskje er det nokon som kan hjelpe med enten å avkrefte eller bekrefte hypotesen min?

Biletet syner Kåre Larsson Østrem ein gong tidleg på 1900-talet. Han vart fødd 15. august 1907 og var sonen til dampskip-skipper og fiskar Lars Britanus Larsen Østrem frå Larsgarden på Østrem og Lars si kone nummer to, Regine. i 1910 budde dei i tredje etasje i Hellegata 7, ein bygård som romma heile 36 personar dette året. Ti år tidlegare Hadde faren kun vore fiskar og då hadde den vesle familien på 4 berre råd til eit enkelt rom i første etasje i Lihauggata 1. Der delte dei hus med 19 andre.

 

Kåre var jamnaldring med Petter Petterson på Ystebøen og Karl O. Emblem i Steffågarden, men det var ein forskjell på dei. Lars var ingen odelsgut, og hadde han vore det, så måtte han uansett ha flytta frå farsgarden på Østrem. Larsgarden var nemleg bygsla grunn eller leigd. No var dette særs vanleg på 1800-talet så faren Lars Andreassen Engeset var ikkje uvanleg av den grunn. Slike bygselskontrakter kunne gå i arv frå far til son eller dotter og fleire bygselskontrakter endte også opp i kjøp av garden kring 1900. Problemet i dette tilfellet var at gardeigaren. Andreas Ole Knutsen Emblem, eller "Sjurs-Ole", ville det heile annleis. Garden ville han i staden gje til sin eigen son, Lars Olsen Emblem og då måtte dei som budde der vike.

 

Sjurs Ole var likevel en rimeleg omtenksom mann. I 1875 hadde han berga bygselsmannen sin frå fornedrelse ved å kjøpe husa som Lars A. Engeset sjølv åtte då han gjekk fallitt. I tillegg lot han Lars og Nille få fortsette å bu der på livstid og drive garden vidare. Lars Engeset døydde i 1885, og då kunne det ha vore på sin plass å la sin eigen son få overta mot å gje kår til enka Nille som levde heilt til 1898. Slik vart det ikkje for ho fekk fortsette å drive bruket, med god hjelp av borna sine som stort sett budde heime framleis. Eldstesonen, Knut Larsen Østrem hadde rett nok gifta seg med nabojenta i Steinsgarden og flytta dit i 1883, men dei andre var heimeverande enno. For søstrene så var det truleg ikkje så vanskeleg å verte gift, men brødrene behøvde enten å finna seg ei jordajente, eller eit gardsbruk av eit eller anna slag først.

 

Onkelen til Kåre, Kristian Larsen Østrem var heldig og fekk rydde seg ein husmannsplass på Vedhaugen slik at han kunne gifte seg i 1887, Onkelen Hans Larsen Østrem gifte seg med åleinemora Marthe frå Aksla og fekk hjelp av Sjurs-Ole til å rydda seg ein ny husmannsplass på bømarka til Larsgarden der han vaks opp. Han hadde rett nok gifta seg i 1899, men han måtte bo i Larsgarden heilt til han fekk denne handsrekninga i 1891. Problemet no var dei andre søskena. Karoline Ingeborg Larsdotter Østrem hadde rett nok gifta seg med Lauritz Humblen, men i vigselspapira så er det Østrem som var oppgjeve som bopel. Etter Hans og familien hadde flytt ut i marka, så var det ein ny liten familie som tok deira plass. No var det ikkje anna råd enn å gje opp tankane om gardsbruk for dei attboande. Det kan hende at Sjurs-Ole byrja å verte utålmodig på sonens vegne. Når yngstejenta i Larsgarden gifte seg i 1893, så var det med ein fiskar frå Selje som var busett i Ålesund. Faren til Kåre måtte finne same utveg, for i 1894 tok Lars Olsen Emblem frå Sjursgarden over bygselskontrakta på Larsgarden på Østrem. Anna Kristoffa Larsdotter Østrem heitte no Eide til etternamn og saman med ektemannen Nils Eide så flytte også dei til byen. Nils hadde fått seg arbeid som "Fyrbøder tilsøs" og dei busette seg i Steinvågveien med sonen Olaf som vart fødd i 1893.

 

Lars Olsen Emblem venta truleg til at alle ungane i Larsgarden hadde funne seg eigne heimar og noko å leve av før han flytte inn i 1894. Han tok seg då av Nille dei fire siste åra ho levde som kårkone. Først året etter at ho døde, i 1899, vart gåvebrevet på heile Larsgarden frå Sjurs-Ole til Lars Olsen Emblem tinglyst. Det må ha vore rart for ungar og borneborna til Nille å sjå at framande overtok barndomsheimen deira, men det var truleg inga anna råd. Lars og Nille sleit truleg etter fallitten for husa på garden var i dårleg forfatning då Lars Olsen Emblem overtok. Det vert fortalt at då "nyfolket" kokte mat i gamlehuset i forbinding med bygginga av eit nytt hus, så var veggen så dårleg at hesten stakk hovudet gjennom den for å få seg mat. Eg vil tru at det var andre gardsbruk som Lars kunne få med faren sin, men at det kanskje var økonomien som satte stoppar for at borna til Nille kunne ta over. Truleg vart mellom anna omkostningane med nye garsdshus for store. Det siste er berre spekulasjonar, men det er ikkje noko anna som kan tyde på at Sjurs-Ole utan videre hadde ynske om å kaste nokon på dør. Soleis verkar det litt rart dersom det ikkje samstundes var andre medverkande årsaker. Så langt eg kan sjå har bygdefolket visst å vise omsorg og hjelpe kvarandre i tunge stunder. Eg reknar likevel ikkje med at eg kjem til botn i dette, men resultatet kjenner me no.

 

 

 

Bygda vår har vore ei feriegrend og ein draumestad for mange by-born frå Ålesund. Eg tenker då særleg på tidsrommet frå 1910 og fram mot 1960-åra. Det starta med at byfolket leigde seg rom og kjøkken på gardane, medan gardsfolket flytta ned i kjellaren. Byborna skilde seg utmed leiker, kvite klede og fritid på ein heilt anna måte enn borna frå bygda. Emblemsanden vart ein plass for bading, kioskdrift og seglbåtar, i staden for tømmerfløting. 

Etter kvart vart det populært å bygge seg eiga hytte på Emblem. Det var i si tid ein heil skokk med slike små hytter og endå til eigne hyttegrender, slik som ein enno kan oppleve dei nede i Løvika. Med tida har mange av desse hyttene vorte herja av forfall og hærverk, medan andre har vorte utvida til heilårshus. Kunnskapen om feriegrenda Emblem er både fragmentert og usammenhengende sidan lite er nedskrive. Eg er no på jakt etter desse historiene og kunnskapen om det er nokon som kan hjelpa meg med å skrive ned det dei hugsar og veit. Dykk kan gjerne senda tekst på følgjande adresse: sveostrem@hotmail.com  Bilder er særs kjærkomne.

Då lysløype nr. 2 vart bygd i bygda vår, vart det også laga standplass og stativ for blinkar på utmarka til Larsgarden, men eg kan aldri hugse at den vart brukt til skiskyting nokon gong. Denne idrettsgreina fekk ikkje like stor oppsluttning som fotball og langrenn. Difor er det artig å ha fått låne eit bilete som syner nettopp skiskyting.

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett