Kva skjer akkurat no

I tilsynsprotokollen for Emblem skulekrets fann eg noko interessant. I 1908 vart tillatelse til å halde møter på Emblemskule gjeve til ungdomslaget, "Barnelogen Gjøa" og ein voksenloge som heitte "Heimat".  Eg har aldri før funne nokon opplysning om losjar i bygda vår, med unntak av eit par annonser for utflukt til Emblem og Flisneset på 1930-talet ein gong. Eg har trudd at desse turane har vore kun bylosjar på tur, men det kan faktisk ha vore arrangert av losjene på Emblem også.

Ein annan stad i skuleprotokollen finn eg at det der snakk om Godtemplar-losjene, eller I.O.G.T. Det er dermed sannsynlig at det er fråhaldsaka som har vore så sterk at den har ført til losjedanning også i vår eiga bygd. Eg er no på jakt etter meir informasjon om losjene på Emblem, om nokon veit noko. Namn hadde vore fint, men omfang, varighet og meir overordna informasjon er også kjærkomen. Eg har fått vite at Laura Ulvestad Akslen frå Hølå og truleg også Lisa Karoline Myklebust Akslen på Aksla var med i fråhaldslosje i bygda vår. Inge Emblem fortel at han var med i avhaldslosjen kring den tida han konfirmerte seg, men hugsar ikkje så mykje meir enn dette. Er det nokon som kan bidra til å bekrefte eller avkrefte desse opplysningane? Gartnar Øystein Eriksen, som leigde Mattisgarden på Østrem og bygde gartneriet der saman med kona Klara Eriksen, hadde sterk tilknytning til I.O.G.T. i Ålesund. Kor lenge losjearbeidet varte i bygda vår, er eg usikker på. Det er ein del som tyder på at losjearbeidet kan ha vorte avslutta før 1950, for eg har enno ikkje makta å finne ut noko meir enno.

Eg har alltid høyrt at telefonen kom til bygda i kring 1910, og alle årstal som eg tidlegare har funne støttar opp om tidsrommet 1910-11. I Bygdeboka for Borgund er årstalet 1910 stadfesta og ei av dei viktigaste muntlege kjeldene til nyare hendingar etter 1900 var nettopp Rese-Karl, som det vert hevda at han var den første telefonbestyraren i bygda. Karl vart fødd berre to år etter at dei to første telefonane kom til Europa og Ålesund by, så det skulle ikkje vere grunn til å mistru Karl som kjelde.

Likevel er det noko som ikkje stemmer. Leitar ein under bruket Myrvang på Nedregotten, så står følgande: "han har hatt telefonstasjon i Emblemsbygda i alle år, og har ein eineståande personalkunnskap som denne boka har drege nytte av." Men ved ei tilfeldigheit kom eg over ei bok som var utgjeven av Rigstelegrafen i Krisitania og gjeldende fra januar 1898. Her var alle telefonstasjoner, telegrafstasjoner og postkontor, som var i drift, registrerte alfabetisk. Postkontoret finn ein på garden Emlem, og det er ingen overraskelse, men ein finn også garden "Nedregoten" med forkortelsen "Ptf". Dette står for "Privat telefonstation med telegramexpedition". Kan dermed årstalet 1910 vere feil?

Det er ikkje grunn til å tvile på denne kjelda, og poståpneriet er korrekt nemnd under garden Emblem. Eg finn også opplysning om at det er telefonstasjon i Spjelkavika i 1898 og i Amtmannen sin "beretning om den økonomiske tilstand" i Romsdals Amt 1891-1895 vert det fortalt at det allereie då var telefonforbindelse til Borgund, Skodje, Ørskog, Stordalen og Valldalen, frå Ålesund. Utbygginga hadde gått raskt for Aalesund og Omegn Aktietelefonsamlag hadde fått konsesjon til telefondrift så seint som i 1894.

Det var enkelt å byggje ut ekstra manuelle telefonlinjer og det kan då vera grunn til å tvile på at emblemsbygdarane skulle vente så lenge. I 1911 var det allereie 136 telefonstasjonar i amtet og då veit vi med sikkerheit at vår eiga bygd var med. Ein kan stilla spørsmål ved det faktum at ingen på Nedregotten er omtalt som telefonstyrar i 1900-tellinga, men det er likeeins i 1910. Rese-Karl er kun omtala som skomakar i begge desse tellingane, men han var trass alt fødd i 1878 og 20 år i 1898, så han kan ha vore gamal nok til å starte tidlegare. Truleg så var aktietelefonsamlaget med på kostnaden saman med bygdefolket, så han var ikkje åleine om dette, og dei fleste såg nytten med telefonstasjon på denne tida. Spørsmålet er dermed kvar denne telefonstasjonen på Nedregotten låg i 1898. Rese-huset vart ikkje bygd før i 1910, og me veit at han heldt til i Guttormhuset før den tid. Men det er også mogeleg at han starta i huset til far sin, på Elvemyr, der han er folkeregistrert i 1900. Leige av plass i Guttormhuset er truleg eit resultat av at han kan ha hatt ei brukbar inntekt ei tid. Det er også sannsynleg at det ikkje var plass nok på Elvemyr til både skomakarverkstad og telefonstasjon, for i 1900 var det broren til Rese-Karl som hadde tatt over garden og fleire av brødrene budde då heime.

Kanskje har ikkje telefonstyrar-ansvaret vore så mykje å skryte av for ein mann, for sjølve jobben på sentralen var no ein gong kvinnfolkarbeid på den tida. Det kan vera grunn til å tru at årstalet 1910 ikkje stemmer heilt, men det er ikkje grunn til å tru at andre enn Karl har vore bestyrar. Årstalet er dessutan skriven i ein tekst lenger frame i Borgundboka, og ikkje under garden Nedregotten, så det kan vere feil. Fleire andre årstal om samferdsel og vegar stemmer heller ikkje, så her kan forfatteren ha tatt feil.

Me får truleg ikkje noko svar på spørsmålet om Elvemyr har vore telefonstasjon, men det er heller ikkje usannsynleg. Slike kjelder som eg no har funne, tvingar oss til å tenke nytt uansett.


Telefonhistoria i Emblemsbygda er noko som ikkje har vore særleg mykje fortald sidan Bygda Vår prosjektet i 1987. Dette er sopass ny historie at ein enno har tid til å samla personlege

opplevingar ved sidan av reine, kalde fakta. For meg er den gode historia minst like viktig som faktainformasjonen. Med den gode historia kan me gje dei som har levd før oss eit namn og noko som gjer at me kan forstå enda betre kven dei var som personar. Eg ønsker at Emblemsbygda.com skal bidra med til å vedlikehalde fortellertradisjonen i bygda, og sørge for å samle dei for ettertida. Håpet er at du som les dette ynskjer vere med. I telefonhistoria vil du etterkvart finne spor av utvalde minner frå sambygdingane. Håpet er at også dagens unge kan finne noko interessant i teksten og at den gjev meining for den som ikkje har opplevd dei gamle telefonene og sentralborda.

Det starta som et lite hobbyprosjekt, men er no i ferd med å bli litt større. I utgangspunktet starta eg med nokon få tekstar utan bilet, men no har eg oppgradert biletkapasiteten fleire gongar. No var det på tide å forsøke å endra på strukturen etter kvart som menyen var i ferd med å verte for stor og kronglete. Spørsmålet er dermed kva som er ei god og framtidsretta løsning.

Eg er ingen ekspert på dette, men eg fekk tips om å endre slik at dei fleste tekstane er sortert under gardar og at det finst enkle kart som syner kvar gardar og andre viktige hus har lagt før dei vart rivne eller endra til annan bruk. Eg er no i startgropa med dette og eg håpar at det ikkje vært vansklegare å finna fram. Eg har også vald å lage eiga underside for skule, næringsliv, idrett og lagsliv. No vil eg gjerne høyra kva du meinar. Har du andre forslag så vert dei mottekne med takk. Har du bilete og tekstar også så vil det bli satt stor pris på :-)

Eg må berre få sagt det, for det er rett og slett heilt utruleg kva ein kan finne om ein ser etter i skuffer og skap. Bygdehistoria vår er felles og det er kun ved å samstille kvar sine fragment at vi til slutt kan sjå det store puslespelet og glede oss over kva me har fått til saman.

Den siste tida har eg fått digitalisert mange flotte bidrag og fleire er i kjømda. I går fekk eg digitalisert lydopptak av Karl O. Emblem sitt foredrag på 35-års jubileumet til Emblem S-lag. Eg fekk også Sevrin Emblem sine skrivne ord om bygginga av Ungdomshuset og ei rekke store og små skrivne skattar over i den digitale verda. På søndagen kunne eg skrive av eit notat frå Karl O. Emblem, der alle elevane frå skulebiletet 1913 er nemnde. Takka vere Eli og Harald Reiten kan sambygdingane den dag i dag finne fram til slekta på dette flotte biletet og nyte alvor og skjemt frå ei rekkje Innaumnesingar etter kvart.

No har også ei vakker ustskoren biletramme frå han Berntsen inne på Magerholm dukka opp med bilete av både han og kona inni. Det er på sin plass å takke alle som tek del i denne dugnaden og leitar fram alle desse flotte gjenstandane, bileta, historiene og dokumenta. Utan desse bidraga ville denne sida vore temmeleg tom :-)

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett