Kva skjer akkurat no

Korleis kan ein dokumentere kvar gardar og hus har vore på best mogeleg måte? Eg har diverre ikkje noko godt svar på spørsmålet. Som den amatøren eg er, har eg forsøkt å plassere gardane i bygda på kartet. Nokre av utfordringane er størrelsen på kartet og størrelsen på teksten. Har du eit godt forslag på korleis karta kan verte tydeligare og betre så er det berre å seie frå.

Setrejenter fotografert på Emblemsfjellet. Eg er på jakt etter fleire bilete frå setring og Gamle Emblemseter. Er det nokon som kan hjelpe? Om det er nokon som kan bidra med meir informasjon om dette biletet så håpar eg at dykk tek kontakt med meg
Tru det eller ei, men dette er ikkje Flydalgarden (Ytrebø) der Asgeir Flydal bur i dag. Eg var særs sikker på nettopp dette, men Per Almar Steinnes og kona Gunvor (f. Flydal) har i lenger tid granska biletet nærare og kome til følgjande konklusjon: Dette er Vestrem, som er nabogarden mot aust. Eg har aldri sett stova på Vestrem slik som dette før. Dei studerte også bileter av Marka-Hans, Marte og dottera Karoline inngåande før dei med stor sikkerheit kunne fastsette at det var dei og at årstalet var kring 1912. Ta gjerne turen innom Fylkesfotoarkivet.no og sjå sjølv. Foto: ukjend

Det er mykje fin skrift å finne i gamle dokument og kontaktar, men det betyr ikkje at ein amatørhistorikar med sikkerheit kan seie kva som står skrive alle stadar. Det einaste som nyttar er ein god porsjon med tolmod og nøyaktige studiar av snirklar og trykk, for å finne fram til korleis opphavsmannen har skrive dei mest lesbare delane. Når ein med tid og stunder likevel klarer å finne meininga i orda, så opnar det seg ei verd av kunnskap som kan fortella særs mykje om farne tider og dei som har levd før oss. Ein bør likevel stilla seg kritisk til om tolkningane er rette og om det er ord som kan ha endra skrivemåte slik at ein kan klare å få oversette mest mogeleg korrekt. Diverre må ein tidvis gje seg og sette frå seg opne tekstfelt og meiningslause setningar.

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett