Kva skjer akkurat no

I 1980 tok Emblemsbygda fatt på det som kanskje er eit av dei største enkeltståande arrangementa på vinterstid. Som namnet på rennet fortel, gjekk løypa temmeleg langt til fjells. i tillegg til konkurranseklasse så var det eiga trimløype og barneløype som til samen krevde kring 4 mil med skispor. Eg har så vidt starta på ein tekst om Kubberennet og den er allereie publisert her på Emblemsbygda.com. Likevel treng eg meir informasjon, småhistorier og gjerne bilete. Vil du bidra?

Etter ei tids førjulstress er det no publisert ein liten tekst om husmannshistoria i bygda kring 1800. Her har eg tatt utgangspunkt i den store folketeljinga i 1801 og bygdeboka som dei to viktigaste kjeldene. Seinare håper eg å publisere ein tekst om husmennsplassar i bygda frå 1865-1910

Gravene på Ystebøen er eit av dei verkeleg store funna i Emblemsbygda. I Sunnmøre Historielag sitt tidskrift for åra 1920-22 fortel augevitnet, den arkeologiintresserte P. Stensager, om både funnet og utgravinga. Det fine er at du framleis kan kjøpa ei utgåve av tidskriftet for kun 50 kroner om du kontaktar Sunnmøre Historielag (http://www.sunnmore-historielag.no/?page_id=15). Eg har berre så vidt starta å leite gjennom innhaldsregisteret i desse tidskriftene i håp om å finna meir kildemateriale som omhandlar bygda vår.

Kven var eigentleg Røyse-Nille? er det snakk om Nille Klausdatter Emblem? Det er ikkje heilt enkelt å bli klok på kvar alle husmannsplassane låg i si tid, men ein ting er sikkert, det var mange husmannsplassar på Emblem kring 1865. For den som har lest om husmannsplassar lik den Alf Prøysen vaks opp på, skjønar at det kunne vera harde kår. Det ein ikkje tenkjer like mykje på er det faktum at det ikkje var like stor forskjell mellom småbrukar og husmann på denne tida, husmannen kunne at på til site godt i det reint økonomisk óg.

Eg arbeider for tida med ein tekst om husmannsvesenet og ynskjer å fortelle historia ved hjelp av forteljingar om verkelege personar frå bygda vår. vil du hjelpa meg med å finne fram til historiar om slike som Røyse-Nille på Østrem og Han Ludvik på Ludvikplassen i emblemsvågen? Då kan du ta kontakt med meg når juleroa har fått senka seg.

 

Når ein arbeider litt med bygdehistorie så er det mykje spennande som dukkar opp. Emblemsbygda-prosjektet er i sin spede barndom og tidvis føler ein at ein hoppar frå tre til tre slik som Nøtteliten. Den eine dagen arbeider eg med Oshaug-folket og den neste kvelden dukkar det opp informasjon som dreg ein mot Brennhaugen og slektslinene der. Eg tur at dette biletet kan ha ein forbindelse til nettop Brennhaugen. Stemmer teoriane mine så er det Brennhaug-Petra som er den minste jenta i midten på bilete og mor hennar, Berta Sellø Nilsen, som sit på stolen. Petra Anna Nilsen gifte seg med Andreas K Hesseberg og saman kjøpte dei Brennhaugen i 1927. Eg har ikkje greid å spore Berta vidare før 1910-tellinga for Ålesund by der ho står oppført saman med mannen Sivert Nilsen (med opphav i Borgund Kommune). Eg ser andre stadar at Sellø er ein eldre skrivemåte for Selje, men eg har ikkje funne ho att i tidlegare tellingar. Ein er ikkje berre Nøtteliten når ein driv med historiegransking, ein må vera detektiv óg. Å oppleva at ein finn nye spor og nye opplysningar, er langt på veg gleda og drivkrafta ein treng i dette arbeidet.

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett