Kva skjer akkurat no

Eg har arbeidd litt med krigshistoria og Emblemsbygda den siste tida. Takka vere Ragnar Ulstein sine unike lydbandopptak med Karl O. Emblem fekk eg ei betre innsikt. Det finst eit stort antal bøker om krigen sjølvsagt og eit stort materiale å leite i for ein som ser etter sambygdingar midt i desse handlingane.Eg visste at bestefar min var med i 1940 og at han skal ha opplevd krigshandlingane kring Lesja, men å finne ein eller få menneske at i kildetekstar er nestan umogeleg. Karl O. Emblem har gjeve meg opplysningar om kvar eg kan leite og fortellingane hans er både spanande og verdfulle for ettertida.

Medan eg leitte i tekstmaterialet så dukkar det opp ein som heitte Peder Emblemsvåg i mellom anna Gauldal historielag sine tekstar frå 1945. Andre knyttar ein mann med same namn til Kompani Linge og andre knyttar namnet til Herøy og båten Erkna som transporterte norske ungdomar over til England. I andre kildesøk finn eg Peder busatt i Elverum og seinare som Oberst i Forvaret. Kan dette vera same mannen? Han er i såfall født etter 1910 og då kan ikkje digitalarkivet nyttast. Peder er heller ikkje noko uvanleg namn så heilt sikker kan eg enno ikkje vere. Den eine teksten knyttar han til foreldra med både namn og fødselsår.  Her er gårdbrukar Lars Karl emblemsvåg (1872-1923) og Karen Marie Myhren (1878-1962) nemnd. Stemmer det så er Peder frå Knutgaren i Emblemsvågen, bror til Georg Emblemsvåg. Er det nokre som veit meir om Peder og kan avkrefte eller bekrefte opplysningane?

Leiting etter historisk materiale frå Emblemsbygda er ikkje gjordt i ei handvending akkurat. Kort sagt så er det lite å finne og det eg finn må eg stadig lengre av stad for å få sjå og lesa. Dette betyr at ein må reise til Bergen, Trondheim eller Ålesund for å få lese tekstane i enten riksarkiv, på bilbiotek som har eigne mikrofilmlesarar eller i Interkommunale arkiv. Det seier seg sjølv at det ikkje er lett å få gjordt dette når ein må på jobb kvar dag. På den andre sida kan ein vera trygg på at desse tekstane vert tekne hand om og at dei vil vera der også neste år. Det eg har vald å prioritere er dei levande kjeldene og historiene som dei har å fortelje meg. Det er klart at slike kjelder kan både hugse feil frå tid til anna eller kanskje det finst fleire variantar av den same historia. Det er like vel viktig å få tak på desse historiane så snart som råd er for dei kan læra oss mykje om bygda vår. Slike kjeldetekstar og livsminne let eg stå uimotsagt merka med namnet åt kjelda mi. Det er nemleg viktig å tenkja på at det sjølvsagt finst minst like mange oppfatningar om kva som har hendt som det finst vitner til hendinga. Vi må ikkje verta så kildekritiske at vi let vere å fortelje for desse historiene er sjølve grunnfjellet i det som er bygda vår, nemleg minna om det som ein gong var.

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett